“Thea må øve på jenterommet” Bergens Tidene

2
Bergens Tidende Torsdag 11. juli 2013
kultur og medier
Nyhetsleder kultur
Guro Istad
tlf. 55 21 45 22 – epost: [email protected]
Thea må øve
på jenterommet
Kapasiteten på
øvingsrom er sprengt for
bergensmusikarane.
Thea Hjelmeland er ei av
dei som sit heime og
øver.
Sondre Åkervik
Hanna Huglen revHeim
[email protected]
Enkelte stader i Bergen er det
lange ventelister på øvings­
lokale for artistar og band.
– Vi treng fleire faste øvings­
lokale slik at det blir mindre
press på dei plassane som alle­
reie eksisterer, seier Karen Sofie
Sørensen, dagleg leiar i Brak,
interesserorganisjonen
for
rytmisk musikkmiljø i Horda­
land og Sogn og Fjordane.
Brak har lenge påpeika beho­
vet for fleire øvingslokale. Fem
år etter brannen i Skuteviks­
bodene, der over 50 band
tapte sine lokale, merkar mil­
jøet framleis følgjene, fortel
Sørensen.
– Ein mista eit kreativt miljø
og ein sosial møteplass der
band kunne utvikle seg musi­
kalsk. Når så mange forskjellige
musikarar var samla på ein stad,
fekk ein gode synergieffektar av
fellesskapet, seier Sørensen, og
legg til at brannen synte kor
sterk energien og samhaldet i
musikkmiljøet er.
Komponerar album heime
fakta
zBrak
n Brak er ein interesseorganisasjon for musikkmiljøet i Hordaland og sogn og Fjordane,
grunnlagd i 1997.
n Braks målsetjing er å skape betre og meir stabile rammevilkår
for alle som driv med musikk.
n Mellom anna hjelp til å øvingslokale, eller søkje pengar og få
platekontrakt.
– For dyrt
Palanca og Hjelmeland er
begge soloartistar, og merkar at
det også er for dyrt å leige faste
øvingslokale.
– Dei fleste har prisar som
favoriserer band, fordi dei er
fleire personar som kan dele lei­
geutgifta mellom seg. Det er eit
konkurransenivå vi soloartistar
ikkje kan hamle opp med, seier
Hjelmeland.
Palanca stemmer i:
– Eg har ikkje råd til å bruke
fleire tusen kroner i månaden
på leige av øvingslokale. Eit
band kan dele eit slikt beløp,
men åleine har i alle fall ikkje
eg høve til det, seier Palanca.
Stor venteliste
– Det er veldig hemmande i
den tekniske øvinga. Eg meiner
eg hadde blitt ein betre musikar
om eg hadde hatt høve til å øve
utan å plage naboane.
– Og sjølvsagt at eg kunne
ha ein stad som passar time­
planen min. No er den avgrensa
til nokre timar om dagen, når
naboane er på jobb. Dessutan er
det godt for disiplinen å ha ein
arbeidsplass å gå til, legg ho til.
I barndomsheimen i Førde sit
Thea Hjelmeland og klimprar
på gitaren. Ho er heime i sam­
band med ein jobb på Førdefest. Fryktar naboklagar
Hjelmeland er musikar på heil­
Ein annan artist som deler lag­
tid, og bur til dagleg i Bergen. naden til Hjelmeland, er Tatiana
Ho fortel om ein musikkvar­ Palanca. Ho er meir kjent under
dag der tilhøva rundt øving er namnet Miss Tati, og i som­
vanskeleg.
mar og utover hausten skal ho
– Eg har ikkje eit fast øvings­ arbeide med det som blir debut­
lokale, og det gjer at eg må albumet. Grunnarbeidet gjer
jobbe
mykje
ho heime, anten
heime.
Eg
er
på kveldstid eller i
songar, og må
helgane.
synge høgt. Men
– Eg skulle gjerne
heime har buretts­
hatt eit fast øvings­
laget stilletid, så
rom der eg kunne
etter eit visst tids­
utvikla meg. No er
punkt kan eg ikkje
eg i staden heime,
øve meir, seier
og det gjer at foku­
Hjelmeland.
set fort skiftar frå
Denne
måna­
musikk til andre
den
arbeider
gjeremål,
seier
THea HjelMeland
Hjelmeland med
Palanca, og utdjupar:
sitt andre album.
– Den
kreative
Det meste av den kreative job­ prosessen blir veldig avgrensa av
ben gjer ho på jenterommet.
å sitje heime. Hadde eg vore i eit
Eg hadde
blitt ein betre
musikar om eg
hadde hatt høve
til å øve utan å
plage naboane
Øvingslokale
i Bergen:
øvingsrom hadde eg vore meir
effektiv, og kunne jobba meir
målretta frå start til slutt.
I likskap med Hjelmeland,
påpeikar Palanca at heile situa­
sjonen er lite gunstig.
– Ofte er det på kvelden eg blir
kreativ. Men det er veldig lydt i
leilegheita mi, så dersom eg
ikkje vil ha naboklagar, må eg
vere ganske stille, seier ho.
Bergen Kjøtt i Sandviken er ein
av stadene som leiger ut øvings­
lokale. Det billigaste rommet
på huset kostar 4000 kroner
i månaden. Det synest både
Hjelmeland og Palanca blir for
dyrt. Dagleg leiar ved Bergen
Kjøtt, Anine Birkeland, meiner
derimot det er eit rimeleg til­
bod.
– Vi har sett prisen i forhold
til det huseigaren krev frå oss.
Og med tanke på at vi tilbyr
lydtette veggar og fullt utstyr,
er ikkje dette spesielt dyrt, hel­
ler ikkje for enkeltartistar, seier
Birkeland
Ho fortel at kapasiteten på
huset er heilt sprengt, og at
ventelista er lang for dei som
ønskjer å leige eit lokale i bygget
som husar 300 musikarar.
– Det er eit veldig press, vi
kunne hatt dobbelt så mange
i våre lokale. Vi har prøvd å få
fleire til å slå seg saman om eitt
rom, men dessverre har vi ikkje
større plass. Presset har auka dei
siste månadane, seier Birkeland,
som opplyser at dei kvar veke
får nye søknader.
Tungt utstyr
Musikkorganisasjonsen AKKS
har fem øvingslokale på USF
Verftet. Fire av desse romma
kan musikarar leige på øktba­
STOVA MED DET RARE I: Thea Hjelmeland har mange instrument å bære på før ho skal øve.
sis, det vil seie tre timar per
gang. Hjelmeland nyttar seg av
dette tilbodet, men synest det er
slitsomt å måtte ta med seg alt
utstyret fram og tilbake.
– Tilbodet er bra, men eg
saknar ein fast plass der eg kan
setje att instrument og øve når
det passar timeplanen min best.
Eg har veldig mange instrument
og diverse tunge utstyr, så det
blir ekstra arbeid å ta med seg
fram og tilbake kvar gong.
Mista øvingsrom
Då USF Verftet pussa opp, tapte AKKS eitt av øvingsromma
dei disponerer på huset.
Musikkorganisasjonen
AKKS
held til på Verftet der dei no har
fem øvingsrom tilgjengelege.
Før ombygginga, hadde dei seks.
– I utgangspunktet har vi alt­
for få rom. Det optimale hadde
Marineholmen
AKKS
Bergen Kjøtt
Bak VilVite og Høyteknologisenteret
blei 16 musikkbingar opna i 2010.
Kvar binge er på 25 m² og er tilrettelagt for elektrisk forsterka musikk.
Lokala er utleigde, men det er ledig
kapasitet på enkeltøkter.
Disponerer fem øvingsrom på USF Verftet.
Dei hadde seks rom før ombygginga. Eit av
romma er reservert til kurs, og fire av
romma blir leigde ut til økter. Her kan musikarar anten skrive seg opp på ei bestemt tid i
ein bestemt periode, eller booke drop-inøving. For tida er det framleis ledig kapasitet.
Har fleire faste lokale som blir leigde
av to til fire band pr. rom. Totalt er om
lag 300 musikarar knytt til huset. For
tida er det lange ventelister for dei
som ønskjer øvingslokale der.