Bygdebladet mai 2015

Tørvikbygd
BLADET
3. UTGÅVE: MAI 2015
Foto: Nils Kjetil Torvik
Over 100 på Nuten
Leiarskifte
s. 2-4
Traktortreff
s. 5
Ny varde
s. 8-9
www.torvikbygd.no
Trakk og snakk
s. 11
Intervju
s. 12-13
Leiarskifte
i Coop Marked
Tørvikbygd
Fredag 28. februar hadde Dag Terje Stølen-Ness sin siste arbeidsdag som butikksjef på
Coop Marked Tørvikbygd. Ny butikksjef er Diana Anna Szymanska, og fredagen vart
nytta både til å ta avskjed med Dag Terje og ynskja Diana velkomen. I samband med
ei ny utgåva av grendautvalet sitt blad, har me gjennomført eit skriftleg intervju for å
læra dei begge betre å kjenna, og hausta av erfaringane med butikken og bygda så
langt.
Intervju med Dag Terje Stølen-Ness – tidlegare
butikksjef på Coop Marked Tørvikbygd (CMT):
1. Kvar er du fødd og oppvaksen?
Eg er fødd i Haugesund, men var ikkje der så
lenge. Elles budde eg mine første 16 år i Skånevik.
2. Kvifor valde du å busetja deg i Tørvikbygd?
Har alltid drømt om å bu i Tørvikbygd. Nei da,
det var veldig tilfeldig. Margrethe fekk seg jobb i
Kvam og me trengte ein plass å bu. Eg likte meg
ikkje i Norheimsund eller Øystese, så då fant me
et fantastisk fin plass i Tørvikbygd
3. Kvifor søkte du stillinga som butikksjef på CMT?
Eg trengte ein utfordring. Hadde irritert meg over
butikken ei stund, så då må ein berre prøva å sjå
om ein kan gjera det bedre sjølv.
4. Kva tenkjer du er CMT sine største fortrinn?
Det er ein god lojal kundemasse, som gir et godt
fundament. Dette gjer at ein har ein stabil
omsetning. God atmosfære og muligheten til å «sjå»
kunden, i ein større butikk har ein nesten ikkje tid
til å snakka med folk.
6. Kva tenkjer du er Tørvikbygd sine største
fortrinn?
Først og fremst folka som bur der, det er mange
flotte folk i Tørvikbygd. Det er og plass til mange
fleire hus.
7. Kva er Tørvikbygd sine største utfordringar?
Det er nok at bygda blir for liten mot dei andre
store, og at det geografisk ligger for nære
Norheimsund. Føler og at bygda blir «glømt» av
politikarane i Kvam. Det har nok mykje med den
økonomiske situasjonen å gjera.
8. Kva er dine beste minne frå Tørvikbygd?
Det er mange, me har kost oss veldig i Tørvikbygd.
Hadde jo mange gode naboar.
9. Kva er dine framtidsplanar no?
Sei det. Eg må finna meg ein jobb. Har bestemt
meg for å ta ein pause frå dagligvare bransjen, så
det er litt spennande kva eg finner på. Elles er det
jo å få seg førerkort, kjøpa hus o.s.v
Fakta om CMT:
CMT høyrer til Kvam krets i Coop Hordaland, som igjen
5. Kva er CMT sine største utfordringar?
Det er dessverre mange utfordringer. Største er jo
sjølvsagt andre butikker, som kan tilby breiare
sortiment til ein billigare pris. Det å kunne tilby
kundene et stort vareutvalg med det kundegrunnlaget er jo også et problem, for det blir mykje
svinn. Så det blir vanskelig å få overskudd på
driften, utan at det går på bekostning av kunden.
Det er også et problem med alt det gamle utstyret.
Hadde vert flott med fleire folk til bygda…
er del av Coop Norge. Coop er ikkje eit aksjeselskap, men
eigd av alle som har eit medlemsskap. I staden for
aksjeutbytte, betalar Coop ut kjøpsutbytte som ein prosent
av registrert kjøp for det enkelte medlem.
Coop Kvam har 1 utsending til årsmøtet i Coop Hordaland.
I 2013 hadde CMT ein omsetnad på 10,4 mill.kr og eit
underskot på 0,2 mill.kr. Det er 6 tilsette, fordelt på ein
100 % stilling (styrar), ein 70 % og resten deltidsstillingar.
I 2013 vart opningstidene utvida til 09-19 på kvardagar
og 09-18 på laurdagar.
2
Tørvikbygdbladet
Foto: Nils Kjetil Torvik
Gamal og ny butikksjef i samtale med engasjert kunde.
Intervju med Diana Anna Szymanska – noverande
butikksjef på Coop Marked Tørvikbygd (CMT):
snakke med kundane. I CMT er det fleire gode og
lojale kundar som gjer stabil omsetning.
1. Kvar er du fødd og oppvaksen?
Eg er fødd i ein liten byen i Polen og eg flytta til
Norge då eg var 21 år.
5. Kva er CMT sine største utfordringar?
Det er masse utfordringar. Den første er større
butikkar med breidare sortiment og lavare prisar.
Den andre er at me har ikkje stort vareutvalg kva
folk vil ha i butikken, men når me prøver breiare
sortiment vil ikkje kundane kjøpa desse varene og
me har veldig høgt svinn. Eit anna problemet er at
myke av utstyret i butikken er gamalt. Det siste er
at ikkje alle folk frå Tørvikbygd handlar i
nærbutikken.
2. Kvifor valde du å busetja deg i Kvam, og når
kom du til kommunen?
Eg hadde ikkje valg korhen eg skal bu. Mannen
min har fått jobb som mekanikar i Øystese og me
kom til Kvam i 2007.
3. Kvifor søkte du stillinga som butikksjef på CMT?
Eg har alltid drøymt om jobb som butikksjef. I
desember 2013 eg fekk beskjed frå sjefen min i
Øystese at det er ledig stilling i Tørvikbygd. Eg
søkte jobben – og fekk den.
4. Kva tenkjer du er CMT sine største fortrinn?
Eg synst at det er veldig fin og søt liten butikk med
god atmosfere og moglegheit til å sjå kundar. Då
eg jobba på Mega i Øystese hadde eg ikkje tid å
6. Kva tenkjer du er Tørvikbygd sine største
fortrinn?
Eg tenkjer at folka som bur i Tørvikbygd er flotte
og snille. Det er god plass til mange fleire hus.
Der er veldig fint utsikt.
7. Kva er Tørvikbygd sine største utfordringar?
Eg kjener ikkje så mykje til Tørvikbygd enno.
Tørvikbygdbladet
3
8. Korleis ser omsetnadstala ut for 2014?
2,8 mill.kr. til og med påske, litt over 2013.
9. Kva er omsetnadsmålet for 2014?
Eg er ny butikksjef ved CMT, men har ikkje fått
konkrete mål for 2014 dessverre.
10. Kva er fokus for butikken framover?
Eg har lyst å få nye kunder og at folk som bur i
Tørvikbygd brukar nærbutikken sin - CMT. Passa
på omsetning og svinn (eg har ikkje så stor erfaring
med den endå). Eg skal prøva å få meir hjelp frå
Coopen enn Dag-Terje hadde. Laga plass i
butikken for ungdomar og turistar.
Underteikna vart utfordra til å halda ein avskjedtala på vegne av grendautvalet, idrettslaget og pensjonistlaget.
I tillegg fekk Dag Terje overrekt ei felles gåve frå desse laga: ei stor og ei lita keramikklykt laga av Linda Lid og
liljer frå Berge Gard og gartneri. Her er eit utdrag frå talen:
For vel 3 år sidan la Grendautvalet ut ein artikkel på sidene sine om at Coop Marked Tørvikbygd søkte
etter ny butikksjef. Som undertittel la me til vårt eige ynskje: «Kremmarsjel med hjarta for Tørvikbygd».
Og det fekk me verkeleg!
Det tok ikkje lang tid før me kunne sjå endringar i butikken, og det viste snart igjen på omsetninga og.
Men ikkje fort nok for Coop Hordaland. Etter berre eit år med drift, kom sjokkmeldinga om at dei ville
leggja ned butikken. Men Dag Terje, hans medarbeidarar og me i bygda klarte å få overtydd dei om at
me fortente ein sjanse til – og butikken har halde fram med den gode utviklinga, og krav til omsetninga
vart nådd. Og så kom resultata i Coop-systemet og. Innanfor fleire av satsingsområda som «Frukt og
grønt» og «bakevarer» har det vanka gode plasseringar og premiar. Så ingen tvil om at me fekk ei
kremmarsjel.
Men kanskje mest av alt fekk me ein med hjarta for Tørvikbygd. Som butikksjef på ein lokalbutikk som
dette, er ein òg ein sosial institusjon. Og måten du har bidrege og stilt opp både som privatperson og
som butikksjef for lag og personar i bygda, viser både hjarta og engasjement. Fotballtrenar, sponsor
og seljar på Traktortreff. Hyppige kakebidrag andre bidrag ved møter og tunnelopning - ja dette er
berre
nokre få eksempel. Og det er slike folk som deg og Margrethe med slikt hjartelag som me i
Tørvikbygd er så glad for å få, og som me er så utruleg lei oss for å mista. Me håpar inderleg at det
byr seg høve der de kjem til Tørvikbygd igjen.
Anita Hesthamar
«Tur-vik-bygd»
Aktiv dugnadsgjeng.
4
Tørvikbygdbladet
I Prosjekt «Tur-vik-bygd» jobbar vi med fase 2 som
er å lage turkart for informasjonstavler og kart med
turbeskriving til å laste ned frå nettet. Vi samarbeider med Innstranda for å få eit felles turkart.
Tørvikbygd grendautval har fått tildelt 40 000 kr i
støtte til denne fasen.
Kart og informasjon skal beskriva turane med
gradering etter nasjonal merkestandard. Nye
revisjonar vil koma med fleire språk.
Johannes Øverland
Traktor + Tørvikbygd =
Fulltreffar!
Foto: Nils Kjetil Torvik
Osvald Heimdal vann veteranklassen.
Sundag 27. mai 2012 vart det arrangert Traktortreff i
Tørvikbygd for fyrste gong. I strålande solskin vart det
eit flott treff mellom traktorentusiastar, generasjonar
og vener.
Oddbjørn Måge var primus motor, og saman med
fleire lag og andre dugnadsfolk i bygda, kunne treffet
skilta med eit kort, men rikhaldig program:
traktorutstilling, open idrettshall, loppemarknad,
musikk, loddutsal og traktorløp for dei minste. I tillegg
til hovudgjestane, gamle og nye traktorar, kom òg ATVar og andre slektningar. Totalt vart det registert 77
«traktordeltakarar». Vinnaren i veteranklassen vart
Osvald Heimdal, medan Sverre Måkestad vann klassen
for nye traktorar.
Opplevinga og dei mange gode tilbakemeldingane har
gjort at dugnadsgjengen prøver igjen. I pinsehelga,
sundag 8. juni 2014, vert det nytt Traktortreff. Som
sist vert det musikk, loddsal, trøtraktorkøyring og open
hall for barn. Nytt av året er at noverande NM-meister
i pløying for 2-hjulstraktor, Svein Simenstad, kjem og
demonstrerer teknikken sin.
Foto: Morten Kolltveit
Grusbanen på skulen vart nytta som
oppstillingsplass for traktorane.
Sjølve treffet vert òg denne gongen avslutta med ein
«Traktorkortesje», men for dei som ikkje har fått nok,
vert det «Traktorpub» i Bygdatun om kvelden. Bilete
frå sist treff er lagt ut på ei Facebook-sida som heiter
«Traktortreff 27 mai 2012». Det er laga ei ny side for
2014 som heiter «Traktortreff Tørvikbygd». Her vert
det nok lagt ut meir informasjon og bilete frå treffet i
2014, og forhåpentlegvis for nye treff i komande år.
Anita Hesthamar
Tørvikbygdbladet
5
Ballbinge ved Tørvikbygd skule
Foto: Ingunn Ø. Straumstein
Som sikkert mange fekk med seg, var det stor
aktivitet nedanfor skulen i siste del av skuleferien.
Graving og muring, og ikkje minst forskaling stod
på tapetet. Leidulv Brattli hadde fått oppdraget å
gjera grunnarbeidet til ballbingen, og forskaling
skulle me gjera på dugnad. Dette vart ein del meir
arbeid enn me hadde rekna på, men takka væra
flinke dugnadsfolk vart me ferdige 15 minuttar etter
montøren frå PST var ankommen.
Værgudane var på vår sida, og me sette igang å
montera grasmatte fredags ettermiddag. Laurdag
var det på an igjen klokka ni om morgonen, og
klokka ni om kvelden var me ferdige. Ballbingen
var montert. Både store og små var med å bidrog
med det dei kunne, så dugnadsinnsatsen var
upåklageleg.
Ungane hadde vore heim å henta fotballsko, så
den laurdagskvelden var dei ikkje enkle å få heim.
Her skulle det spelas fotball. Og slik har det fortsett.
Ballbingen har vorte utruleg populær både hos
ungar og ungdomane i bygda. Det har vore utruleg
stor aktivitet der om ettermiddagane, og skulen let
også vel over den nye bingen.
Det er idrettslaget som har stått for prosjektet. Me
har søkt midlar, og var så heldige at Kvam
næringsråd ville støtta oss med pengar. Då vart alt
enklare, og både Kvam herad og Sparebanken
Vest har sponsa oss. Kostnadene vart som
6
Tørvikbygdbladet
budsjettert vel ein halv million. Slike investeringar
kan me søkja om tippemidlar til, og me er innvilga
kr 200 000,- til dette prosjektet.
Me har snakka med kommunen om å få montert
lys over bingen, og at dei rustar opp dei gamle
doene, så me kan få bruke det eine til lagring av
utstyr. Dette ser dei positivt på, og me er lova
både lys og lagringsrom.
Planen er at me i ein periode om vinteren skal
kunne legge is på bana, og bruke den til
skeisebane. Dette blir spennande om me får til,
men me vil prøva. Det er mange vintere det ikkje
er is på vatna rundt i bygda, og då kan dette væra
eit trygt og godt alternativ for å få prøva ferdighetene med skeiser på.
Me i idrettslaget er veldig glad for at me har fått
ballbinge i bygda, då målet vårt er å få folk i
aktivitet. Veldig viktig at barn og unge har eit
alternativ til dei meir stillesitjande aktivitetane, der
dei i rein glede møtes her til fysisk aktivitet.
Vil med dette få takke alle involverte for god
dugnadsinnsats, og håpar ennå fleire vil vera med
når me startar vårt neste prosjekt, som er utviding
av fotballbana før me skal leggja kunstgras.
Leiar Tørvikbygd idrettslag
Ingunn Ø. Straumstein
Ny båthamn i Skutevik
Tørvikbygd båtlag blei danna i
1998 av ein del båtinteresserte
personar som hadde problem
med å få lagt båten sin frå seg
på ein trygg måte. Dei møttest i
Skutevik for å diskutere kor det
gjekk an å lage båt-hamn og
korleis det skulle gjerast.
Etter å ha tråla strandlina i frå
Staumstein til Vangdalsberget
fleire gonger falt valet på
ferjekaien i Skutevik.
På grunn av at me ligg så tett til
ferjeanløpet har Statens Vegvesen forlangd steinmolo.
Den er planlagd ca 80 meter med
hovudbryggjer og det vil gje oss
ca 23 båtplassar på kvar sida av
hovedbryggja med ei snittbreidde
på 3,5 meter pr.båt.
Skisse: Elisabeth Djupevåg Handegård
På grunn av at båtlaget ville ha
vesentleg endring frå teikninga
av båthamna som låg i
kommuneplanen frå 1985 måtte
me venta på den nye kommuneplanen. Der blei den tilpassa den
nye planen til Statens Vegvesen
for ferjekai. Etter ein del
justeringar blei den godkjent i
Heradstyret i juni 2012.
resultat av undersøkinga og ferdig
prosjektering.
Har nokon bruk for båtplass kan
de ta kontakt med
Tørvikbygd båtlag pr. mail:
[email protected]
Olav Arne Økland
Til parkering har me fått leiga
areal av Kommunen og håper at
me kan laga noko i lag med
Fylkeskommunen som sårt treng
meir parkering til ferjekaien.
Som sikkert nokon har sett har
vi hatt botnundersøkingar i
Skutevik no i vinter. Det er
Multiconsult som prosjekterer
moloen. Me ventar no på
Tørvikbygdbladet
7
OVER
230 PÅ NUTEN
Sundag 16. september starta ein gjeng frå “Tveitå” via Finnheller og ein frå Augastadstølen via
Skårsete. Alderen var frå 4 til 77 år! For mange var dette fyrste turen til Tørviknuten. Det var ein
varm fønvind i lufta, men på toppen vart det kaldt viss ein ikkje hadde med ekstra kle. Så talen
vart ikkje så lang, men her får du lesa han sjølv:
Tekst: Siri Moripen Øverland. Foto: Nils Kjetil Torvik
Talen som vart tatt av vinden
På vegne av Idresstlaget og Grendautvalet ønska
Johannes Øverland velkomen til Tørviknuten til
dei godt over 200 som hadde teke turen opp
sundag 16.september. Resten av talen vart tatt av
vinden. Så her kjem innhaldet i han:
Fyrste turen gjekk i fjor 2012. Då var 140 personar
på veg opp, men måtte snu på grunn av dårleg
ver.
Oppe på Nuten har me eit fugleperspektiv over
Kvam, Jondal og Hardanger.
8
Tørvikbygdbladet
Over 230 på Tørviknuten var over 130 fleir enn «100 på
Nuten», kanskje vert det 300 neste år???!!! Med alkoholfri
champagne, hornmusikk og song vart det i alle fall ei verdig
opning av varden! Takk for oppmøte og velkomen att neste år!
Me markerer ein ny varde på Nuten. Eit byggverk
på 2,2 meter i diameter og som er 3,4 meter høgt.
Rune Aarekol og Oddbjørn Borge har vore primus
motorar for dette arbeidet. Dette er eit byggverk
på line med andre byggverk som krev planlegging
og ulike eigenskapar. Nokon er flinke på å starta,
andre gjennomfører og nokon avsluttar. Mange
har vore med og lagt stein på stein! Dette må
framsnakkast!
lag og foreiningar. Traktortreff er eit utmerka
eksempel på eit slikt samarbeid der ungdomslaget
også var med. Me gler oss og håpar på eit nytt
treff i pinsen 2014!
Det gjekk eit lys opp for oss då me måtte redda
butikken vår, og lys i tunnelen fekk me! Me har
ein engasjert butikksjef som har løfta butikken, og
no er i ferd med å få til ein kaffikrok! Visjonen til
Johannes om tapasbar er no snart realisert!
Varden på Tørviknuten er eit symbol, ein totempele, for engasjement og samarbeid i Tørvikbygd
og bygdene rundt!
Me i Tørvikbygd har kjempa for barnehagen som
me får behalda. Og me skal bli best på barnehage
ved å visa at me satsar på verdiane me har i bygda
som er mangfald, openheit og toleranse.
Barnehagen er no plassert slik at skulen ligg i god
og trygg avstand, slik at læringsløpet i Tørvikbygd
er lagt ut barneskulen. Mangfaldet i bygda har me
nytta til måling av skulen og fått ein flott ballbinge
i haust. Samarbeid med FAU, pensjonistlag og
idrettslaget har vore godt i desse prosjekta. Det er
slik me må tenkja framover, samarbeid på tvers av
Trafikksikring i samband med ferjekai og auka
trafikk på grunn av Jondalstunnelen har skapt nye
utfordringar i bygda. Trygg ferdsel for gåande, og
spesielt skuleborna våre, har vore satsningsområde
for oss i grendautvalet. Dette har også vore ein
del av arbeidet med ny arealplan. Der det har
vore naudsynt å få fleire bustadtomter i bygda.
Me har eit fantastisk friluftsområde som me har
nytta til 7 stølstur. Prosjektet «Tur-vik-bygd» som
merker turstiger og stupebrett som er sett opp i
Ståvika. Alle desse tinga hadde ikkje vore gjort
utan frivillig innsats.
Oddbjørn Borge høgg til stein som skal vera
topploket på varden.
Oddbjørn Borge og Geir Drage Berentsen ber stein til varden.
Det har vore mange tunge tak.
Tørvikbygdbladet
9
Samandrag av Årsmelding for
Tørvikbygd Grendautval 2012
(Årsmeldinga vart godkjend på årsmøtet 28.april 2014)
2012 har vore eit særs aktivt år for grendautvalet med
mykje møteaktivitet, innspel og aktivitet både i og for
bygda.
- Orientering om status for barnehage og båtlag på årets
fyste møte.
- Møte med indremisjonen for å be om forlenga leige av
bedehuset.
- Presentasjon i NPB med orientering om reguleringssaker.
- Innspel til trafikksikringsplan.
- Lysfest i Vangdalsberget, med servering, talar og musikk
og godt oppmøte.
- Årsmøte. Barnehageplassering var meldt inn som eiga
sak.
- Brev til kommunen om framdrift av barnehage.
- Coop Tørvikbygd vart omtalt i Coop-bladet. - Positivt
for både butikken og bygda.
- Diverse høyringsuttalar, ma. om hyttebygging i
Ramsjona og småbåthavna.
- Bygdablad nr. 2 kjem ut denne våren.
- Anita Hesthamar seier frå seg leiarvervet grunna ny
jobb. Johannes Øverland overtek.
- Ferjekaien: Stor aktivitet med møter/innspel til arbeidet
med vidare planar for kaien.
- Det vart arrangert traktortreff i bygda og det var
braksuksess! Grendautvalet var medarrangør.
- Høg aktivitet i barnehagesaka: Indremisjonen godtok
vidare utleige av bedehuset.
Engasjerte bygdafolk har ved to høve demonstrert ved
heradshuset, Medlemmene i grendautvalet har vore på
gruppemøte hos alle/fleste parti.
- Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som såg på ulike
plasseringsalternativ, kostnadar og modellar for
organisering. Ferdig innspel vart sendt rådmannen.
- Det vart lagt ut spørjeundersøking om bustadbehov i
bygda.
- «100 på Nuten» vart arrangert for fyrste gong i
samarbeid med Idrettslaget. I kraftig ruskevær vart det
godt over «100 nesten på nuten»
- Arbeidsgruppa Tur-vikbygd har arbeidd mykje i år,
arbeidet viser igjen og me takkar for flott innsats!
- Grendautvalet hadde ansvar for TV – aksjonen
21.10.12
- Grendautvalet arrangerar folkemøte 15.11.12 om
Bustadbygging. Innlegg ved Jon Nedkvitne - Kvam
Herad, Arne Lunestad – Kvammabygg og Lars Kristian
Vikøy – DNB.
- Suppleringsval: Eivind Måge vert vald inn i styret i
staden for Anita Hesthamar.
- Coop’en: Dag Terje informerte om situasjonen og han
har også gjort ein fantastisk innsats!
10
Tørvikbygdbladet
Ved slutten av året var styret i Grendautvalet slik:
Leiar: Johannes Øverland
Nestleiar:
Kasserar: Randi Økland
Skrivar: Anne Grete Berge
Medlem: Ingvard Teigland
Medlem: Eivind Måge
Samandrag av Årsmelding for
Tørvikbygd Grendautval 2013
(Årsmeldinga vart godkjend på årsmøtet 28. april 2014)
Styret i grendautvalet har i 2013 hatt 7 styremøter.
- I januar hadde vi synfaring med representanter fra
Statens Vegvesen og Politiet angående trafikksikring i
Skutevik. Temaet var nedsatt fartsgrense, fartsdumper
og fotgjengerfelt.
- Prosjekt «Tur-vik-bygd» har mottatt kr. 40.000,- i støtte
til fase 2 for kart og turbeskrivelser.
- I mai sendte vi sammen med ansatte i barnehagen og
Su innspill til barnehageplanen.
- Grendautvalet var med å arrangere “Trakk og snakk”
9. juni. Dette var et samarbeid med ungdomslaget,
idrettslaget, pensjonistlaget og Coop. Ca 100 frammøtte.
Vi gikk en rundtur fra skolen via Lund til Stekka. Videre
gjennom skogen til Dalheim-feltet. Nedom kaien til
Ståvkja og Haugland og tilbake til skolen. Der ble det
servert pølser sponset av Voss Kjøtt ute og kaker, kaffi
og frukt inne. Johannes viste bilder og fortalte om
Tørvikbygd. En vellykket dag.
- I august ble det sendt inn forslag til planprogram til
bustadplan og forslag til planprogram til næring og
kompetanse.
“100 på Nuten” ble for andre gang arrangert 8.
september. Dette i samarbeid med idrettslaget.
Ca 230 skrev seg i bøkene. En flott dag med kjempefint
vær.
- I september var det infomøte vedr rullering av
kommuneplan i ungdomshuset. Jon Nedkvitne
informerte. I ettertid sendte grendautvalet inn sine
innspill.
- Årets TV-aksjon gikk til Amnesty International. I år fikk
vi hjelp av Skytterlaget
–
Ved slutten av året var styret i Grendautvalet slik:
Leder - Johannes Øverland
Skriver - Anne Grete Berge
Kasserer - Randi Økland (på val)
Medlem - Ingvard Teigland (på val)
Nestleder - Eivind Måge (på val)
* * * *
Etter årsmøtet 28.april 2014 er desse med i
Tørvikbygd grendautval:Johannes Øverland
Anne Grete Berge
Tina Ruud Olsen
Per Øyvind Tveiten
Torgeir Augestad
«Trakk og snakk»
9. juni 2013 var det blitt Tørvikbygd sin tur til å arrangere “Trakk og snakk”. Grendautvalet var
i et samarbeid med ungdomslaget, idrettslaget, pensjonistlaget og Coop med på å arrangere
dette. Det var ca 100 frammøtte.
Foto: Nils Kjetil Torvik
“Trakk og snakk” i vakkert landskap i Stekka.
Vi møttes på skolen kl.10.00. Ordførar Asbjørn
Tolo, rådmann Arild M. Steine, ass.rådmann Astrid
L. Fjærestad var blant politikarane/administrasjonen
som møtte.
Vi gikk en rundtur frå skolen via Lund til Stekka.
Vidare gjennom skogen til Dalheim-feltet. Nedom
kaien til Ståvkja og Haugland og tilbake til skolen.
På turen fikk alle anledning til å diskutere med
politikarane og folk fra administrasjonen. Det var
fleire stopp for å informere. Mellom anna på kaien
der trafikksikring og planane til vegvesen blei tatt
opp. Og i Ståvikja blei sjølvsagt barnehagen og
toalettanlegg tatt opp.
Vel tilbake til skulen blei me møtt at nystekte pølser
sponsa av Voss Kjøtt. Coop’en v/ Dag Terje sto
for dette.
Inne viste leiar i Tørvikbygd Grendautval, Johannes
Øverland, bilder og fortalde om Tørvikbygd.
Det ble servert kaker, kaffi og frukt inne som
avslutning.
Dette var en kjekk og vellykka dag i strålande sol
Takk til alle som hjelpte til i forberedelser og
gjennomføring.
Randi S. Økland
Foto: Nils Kjetil Torvik
Rune Henriksen serverer pølser.
Foto: Nils Kjetil Torvik
Asbjørn Tolo talar til forsamlinga i gymsalen.
Tørvikbygdbladet
11
Intervju med nokre lærarar
ved Tørvikbygd skule
Elevar i 6. og 7. klasse på Tørvikbygd skule har intervjua tre av lærarane sine.
Kor mange søsken har du?
Eg har 3 sysken det er 2 gutar og 1 jente
Kva heiter søkene dine?
Dei heiter Sindri og Alex, Selma
Lena
Tekst: Veronika, Isabella,
Vebjørn, Tobias, Håvard
Kva heiter du ?
Lena Døgg Davídsdóttir.
Kor gammel er du?
29 år gammal.
Kvifor flytta du til Tørvikbygd ?
Fordi det er veldig koseleg her, og det var eit ledig
hus.
Kvifor begynte du og jobba på Tørvikbygd skule?
Fordi dei trengte lærarar, og eg ville prøva noko
nytt.
Kvifor blei du lærar ?
Eg blei lærar fordi eg hadde lyst og synst det er
veldig kjekt.
Favoritt film?
Favorittfilmen min er den lille havfruen
Kva klasse jobbar du i?
1-7
Favoritt fag?
Engelsk og kunst og handverk
Er du populær i 1 og 2 klasse?
Hos nokon er eg populær
Har du nokon hobbyar?
Ja, det er mange ting eg liker
Favoritt årstid?
Sommar
Favoritt klassen din?
Alle
Når har du bursdag?
23. oktober 1984
Favoritt plass?
Island, Reykjavik
Kva fag har du ?
Eg har engelsk, kunst og handverk, gym, matte,
og litt norsk
Har du dyr ?
Ja eg har ein hund som er ein italiensk mynde.
Kva heiter han ?
Han heiter Dino.
Kor budde du før du flytta til Tørvikbygd ?
Eg budde i Steinsdalen før eg flytta til Tørvikbygd.
Hilde
Tekst: Anna, Marcus,
Steinar, Ingebrigt, Fredrik
Yndlingsfargen din?
Yndlingsfargen min er rosa og lilla
Yndlingsdyret?
Yndlingsdyret mitt er hund
12
12
Tørvikbygd
Tørvikbygdbladet
Bladet
Kva heiter du?
Hilde Klyve
Kvar bur du?
I Øystese.
Kvifor blei du lærar?
Arbeida med ungar.
Kor gammal er du?
24 år.
Kortid er du født?
27.12.1989
Hege
Tekst: Ingeborg, Olav,
Kristian, Joakim, Sindre
Har du kjærast?
Ja, Hallgeir
Har du unger?
Nei
Favoritt farge?
Lilla
Er det kjekt å jobbe på Tørvikbygd skule?
Ja, veldig!
Har du ein hemmelighet?
Nei
Gjekk du på sport når du var liten?
Fotball, håndball og volleyball
Nyaste innkjøp?
Lørdags pynt
Kva er hårfargen din?
Mørk blond
Favoritt fag?
Mange
Kor mange gongar har du vert i utlandet?
11
Kva land?
Danmark, Sverige, England, Tsjekkia, Kroatia,
Albania, Montenegro, Hellas og Indonesia
Kva synst du om deg sjølv?
Blid og snill
Kjekkaste musikk sjanger?
Alt likande
Favoritt song?
God måren
Kva er ditt fulle navn?
Hege Brattabø.
Kva er det kjekkaste med å vere lærar?
Når ho skal prøve å lære nokon og dei skjøna da.
Kvar blei du født?
I Bergen
Kva heiter mammo og pappen din å brørene dine?
Lars, Hildegunn, Berge, Øyvind og Kåre.
Kvifor ville du bli lærar?
Hadde lyst å jobba med ungar.
Har du ein hobby?
Jakt, gå tur i fjellet, strikka, vere med venner.
Kva frykter du mest?
Slangar.
Kvar stammar familien din fra?
Krossdalen i Jondal
Når har du bursdag?
7. desember.
Kva er den lykkligaste tingen i verden for deg?
God jobb, plass å bu, bil, gode venner.
Kva er yndlings TV-showet ditt?
Home and away.
Kva er din drøm om å leve?
Bu i Jondal, venner, god jobb.
Er du gift?
Nei
Har du ungar?
Nei
Kven er din favorittelev?
Alle i 6. og 7. klasse
Ditt ynglingsfag?
Mattematikk
Tørvikbygdbladet
13
9 - 19
9 - 18
Mandag - fredag
Laurdag
Leidulv Brattli
Mobil 951 18 434
5600 Norheimsund
Tlf. 56 55 15 80
Tlf. 56 55 28 70 - Mob.: 950 59 910
Fax: 56 55 28 71 - E-post: [email protected]
Asbjørn Eide
SNIKKARVERKSTAD
Tørvikbygdv. 701
5620 Tørvikbygd
LINGALAKS AS
Hardanger - Norway
Mobil: 970 39 585
E-post:
[email protected]
VELKOMMEN INNOM!
Føl oss facebook:
Berge Gard & Gartneri
Tlf. 56 55 84 00
TRENG DU
ELEKTRIKAR?
Ring til:
AUGESTAD MASKIN
Øystese Elektriske AS
TLF. 90 60 88 85
Sjusetevegen 20
5610 Øystese
Tlf. 56 55 04 40
Mobil: 90 68 66 33
[email protected]
Treng du graving, eller kanskje noko
som skal heisast og transporterast?
Alt innan kommunikasjons- og betalingsløysningar
Tlf. 4747 2727 www.vsp.no
Mandag - fredag 10-19
Laurdag
10-16
Ring til Atle Tjosås
Tlf. 99 55 12 32
Tlf. 56 55 13 33
Nøgd med
bladet?
Betal kr 50 til konto
3530.07.04342.
Me treng di støtte!
Ynskjer du annonseplass
i neste utgåve?
Kontakt Norheimsund Trykkeri AS
for informasjon og pristilbod.
HEI!
NORHEIMSUND FARGEHANDEL AS
Tlf. 56 55 17 33
Har du/de tenkt å få laga nokre
trykksaker eller kanskje ein fin reklame
på ein bil? Eg kan hjelpa med
Asle Skogly
ALT I TRYKKSAKER
BILDEKOR - SKILT m.m.
Kom innom for ein prat
(held til ved sida av Rema 1000)
eller ring 56 55 27 88
* Salg av gravmonument
Alle steinsortar / modellar
Lysevegen 40 - 5620 Tørvikbygd
Tlf. 951 16 560
* Navnetilføying
* Oppfrisking av navn
mvh Anne Berit Lysen Tjosås
Lakk eller gull
[email protected]
www.hardangermonumentservice.no
Hardangerfjordvegen 95 - 5600 Norheimsund
Mobil: 97 59 24 88 - E-mail: [email protected]
* Reingjering / Oppretting
Faste prisar.
Varden på Tørviknuten er eit symbol,
ein totempele, for engasjement og samarbeid
Trykk og layout: Norheimsund Trykkeri as.
i Tørvikbygd og bygdene rundt!
Foto: Nils Kjetil Torvik