Østfoldmål MEDLEMSBLAD FOR ØSTFOLD MÅLLAG NR. 2 - 2015 27. ÅRGANG Ei viktig støtte for laget: Nå er årboka klar for juletreet! Den ellevte årgangen av Aust i Vika, årbok for Østfold Mållag, er nå klar, og tingar du boka seinast 4. desember, har du ho i postkassa før jul. Som vanleg finn ein eit stort spekter av interesser og innspel i boka. Her er ei kort oppsummering av forfattarane og artiklane i år: Edvard Hoem, kjend forfattar, har ein artikkel om korleis Hans Nielsen Hauge skapte ein mentalitetsrevolusjon. Edvard Mogstad skriv om korleis lovtradisjonen frå norrøn tid framleis set sitt preg på det norske samfunnet. Eldbjørg Skaug har ein fyldig artikkel om historikken til lensene i Eidsberg. Marit Aasbrenn og Anne Sofie Øgar Svendsen skriv om livet rundt Kornsjø stasjon i mellomkrigstida. Benthe Kolberg Jansson ser på forholdet vårt til svensk og korleis kjennskapen til det språket har blitt dårlegare. Øyvind Bremer Karlsen fortel om barnefolklore i Østfold og deler med seg også ei novelle og to dikt. Magne Aasbrenn skriv eit historisk essay om sitt møte med Berlin. Gerard Doetjes gir ein introduksjon til frisisk. Merete Bratsberg Aae skriv om korleis folk i Latvia er betre enn oss til å ta vare på kulturen sin. Ragnhild Lier skriv om orda vi vel å bruke om flyktningar og innvandring. Erling Flote skriv om ein sunnmørings språklege og kulturelle møte med Østfold. Framsidefoto: Randi Larsen Rune Østhagen presenterer tre prosastykke frå naturmiljø. Morten Tutturen bidrar med skildringar frå Fjella i Indre Østfold og eit nytt, fint dikt på Eidsberg-mål. VER LYNRASK OM DU VIL HA BOKA TIL JUL! Bestill årbok/årbøker på tlf/sms 97970065 eller frå [email protected] Pris kr. 150,- per bok (med porto inkludert) Kr. 100,- per bok om du tingar 5 eller fleire. Vi må ha bestillinga seinast torsdag 4. desember om du vil ha levering før jul! Hausten 2015 Her er nokre glimt frå ymse hendingar denne hausten. Øvst eit bilde av tribunesituasjonen under kampen FFK-Hødd 18. oktober. K-rekneskap frå Ørsta sponsa FFK, og Hødd-supporterane heia på seg sjølv - dermed var det nynorske banner for begge lag på ein østfoldsk fotballarena. Kven har trudd at det skulle skje i vår tid? Under. Wenche Mortensen og Knut Sandmo les Karius og Baktus på færøysk under haustfesten til Fredrikstad Mållag 14. november. Nede til venstre: Mange fann vegen til Spydeberg prestegard 6. september for å ha omvising i hagen etter J. N. Wilse. Nede til høgre ser vi leiar i Målungdommen Synnøve Marie Sætre og skrivar Kirsti Lunde på sykkel-misjonsferd etter Målungdommens konferanse i Spydeberg. Dei sykla (nesten heilt) til Fredrikstad for å møte skoleklassar på Frederik II vidaregåande skole. Styremøtet i Østfold Mållag 10.09.2015 Styret for laget: Magne Aasbrenn, leiar, Ragnhild Lier, skrivar og styremedlemmene Kjetil Aasen, Edvard Mogstad og Morten Tutturen hadde møte i Fredrikstad 10. september. Det blei blant anna utveksla informasjon om ymse arrangement denne hausten, gjort vedtak om at det var stoff nok til årbok også i år og løyvd 2000 kroner til Målungdommens seminar i Spydeberg. Så var det eftasverd med sterke innslag av matvarer med nynorsk teksting på emballasjen Aktuelle adresser: Indre Østfold Mållag Eldbjørg Skaug, Skjørshammerlia 24, 1880 Eidsberg, Sarpsborg Mållag: Ragnhild Lier, Veslemyrvn. 11, 1715 YVEN Fredrikstad Mållag: Marit Aasbrenn, Bjørndalsvn. 47,1605 Fredrikstad Østfold Mållags nettsider: http://ostfold.nynorsk.no/ Søk også opp "Østfold Mållag" og "Østfold dialekt- og målungdom" på Facebook! Østfoldmål Meldingsblad for Østfold Mållag Adresse: Bjørndalsvn.47, 1605 Fredrikstad Tel. 97970065 E-post: [email protected] Østfold Mållag ønsker "gamle" og nye medlemmer ei god jul og eit godt, nytt år!
© Copyright 2024