Ennå tid til å få årbok til jul! - Østfold Mållag

Østfoldmål
MEDLEMSBLAD FOR
ØSTFOLD MÅLLAG
NR. 3 - 2014
26. ÅRGANG
Ein god tradisjon:
Ennå tid til å få
årbok til jul!
Den tiande årgangen av Aust i Vika, årbok for
Østfold Mållag, er nå klar, og tingar du boka
seinast 4. desember, har du ho i postkassa før
jul.
Som vanleg finn ein eit stort spekter av interesser
og innspel i boka.
Her er ei kort oppsummering av forfattarane og
artiklane i år:
Gunnar Ottne, lektor med hovudfag i norsk, har
ein 20 sider lang artikkel om dialekta i Sarpsborg,
dette er ein heil liten grammatikk med bøyingsmønster og ei lita lydlære.
Ragnhild Lier, lektor ved Greåker vgs i ei årrekke, har skrive om kommandant Nils Christian
Frederik Hals, som var mannen som kapitulerte
med Fredrikstad festning i 1814.
Av Litteraturuka i Sarpsborg har Magne
Aasbrenn fått i oppdrag å sette om delar av
Grunnloven til Nedre Glomma-mål. Ein introduksjon og nokre eksempel på paragrafar er
innlemma i årboka.
Stefan Andreas Sture skriv om paradigmeskiftet
i 1890-åra i norsk litteratur.
Morten Tutturen bidrar med det fine diktet
"Tida kommer ældri att".
Hild Haaheim har eit skråblikk på kva det
eigentleg er vi kallar forsking.
Kari Mørk har to bidrag. Det eine er ein artikkel
om dialekt og språkleg identitet og det andre er
bokstaveleg tala "Ei bilhistorie".
May Grethe Lerum, kjend forfattar frå Sogndal,
nå busett i Fredrikstad, bidrar med eit dikt.
Marit Øgar Aasbrenn skriv om Gunhild
Kværness' bok "Leve dialekten".
Forfattar Øyvind Bremer Karlsen bidrar med tre
dikt og novella "Ein handfull galningar".
VER LYNRASK OM DU VIL HA
BOKA TIL JUL!
Bestill årbok/årbøker
på tlf/sms 97970065
eller frå [email protected]
Pris kr. 150,- per bok
(med porto inkludert)
Kr. 100,- per bok om du tingar 5 eller
fleire.
Vi må ha bestillinga seinast torsdag 4.
desember om du vil ha levering før jul!
Glimt frå ein aktiv haust
Østfold Mållag og "kretsen rundt oss" har hatt mykje
artig på gang hausten 2014. Tysdag 14. oktober blei
Egil "Drillo" Olsen og Gunhild Kværness intervjua på
Litteraturhuset i Fredrikstad. Onsdag 15. oktober var
det dialektarrangement i Askim med Øyvind Bremer
Karlsen (bildet), Kari Mørk, Morten Tutturen og Karin
Kirkeby. Begge møta fekk god mediedekking.
Laurdag 8. august var det grunnlovskonsert i
Sarpsborg kyrkje, og til den var Magne Aasbrenn bedt
om å lese frå ei omsetting av Grunnloven til Nedre
Glommamål. Litteraturveka spanderte til og med
bunad-utleige.
Det nedste bildet er frå den tradisjonelle haustfesten i Plankebyen, der medlemmer, venner og
sympatisørar med Fredrikstad Mållag i år feira under
vignetten "Snakkelitt med akkevitt". Arne Kvernhusvik kåserer, og det var ikkje det einaste
Prisutdelinga til Ragnhild blei lagt til Litteraturhuset i Frekulturinnslaget denne kvelden.
drikstad, der laget gjorde lanseringa av Aust i Vika 2013.
På bildet held ho opp det handfaste beviset på prisen, eit
trykk av Odd Skullerud.
Det høyrer til historia at Ragnhild var totalt uvitande om
at ho skulle få pris da ho kom til møtet denne kvelden.
"Østfoldmål" går over til e-post
Ikkje landsmøte i Noregs Mållag i Østfold neste år - men nesten!
Frå og med 2015 skal Noregs Mållag berre ha
landsmøte kvart andre år. I mellomåra skal dei ha eit
"vårseminar" dit ein reknar med at folk reiser frå heile
landet. Ei gledeleg nyheit er at dei nå har plukka ut
Fredrikstad til å vere første stad for dette arrangementet, og det skjer helga 14.-15. mars. Hald av desse
datoane, da vil det skje både instruktive og underhaldande saker og ting.
Aktuelle adresser:
Indre Østfold Mållag Eldbjørg Skaug, Skjørshammerlia 24, 1880 Eidsberg,
Sarpsborg Mållag: Ragnhild Lier, Veslemyrvn. 11, 1715 YVEN
Fredrikstad Mållag: Marit Aasbrenn, Bjørndalsvn. 47,1605 Fredrikstad
Østfold Mållags nettsider: http://ostfold.nynorsk.no/
Fredrikstad Mållags nettsider: http://home.online.no/~j-heien/framsida.htm
Østfoldmål
Meldingsblad for Østfold Mållag
Adresse: Bjørndalsvn.47, 1605
Fredrikstad
Tel. 97970065
E-post: [email protected]
Søk også opp "Østfold Mållag" på Facebook!
Østfold Mållag ønsker "gamle" og nye medlemmer ei god jul og eit godt, nytt år!