Handtering av akutt landbruksforureining i

Sakshandsamar, innvalstelefon
Øyvind Vatshelle, 55572178
Vår dato
18.5.2015
Vår referanse
Kommunane i Hordaland
Notat om handtering av akutt landbruksforureining i
kommunane – utkast per 18.5.2015
Hordaland er eit fylke med mykje aktivitet innan landbruket, og akutte utslepp frå
landbruket skjer med ujamne mellomrom. Utslepp frå landbruk vert handtert på lik linje med
anna utslepp frå landbasert verksemd. Med akutt forureining meiner ein forureining av
betyding, som skjer plutseleg, og som ikkje er tillate.
Dette notatet gir råd om korleis kommunane kan handtere melding om akutt forureining.
Notatet er ikkje å sjå på som retningslinjer som skal følgjast i alle saker. Kommunen står fritt
til å leggje opp arbeidet etter eigne rutinar. Det er viktig i slike saker å vise handlekraft og få
slutt på skadeleg utslepp og å unngå gjentaking av utslepp.
Akutt fase
Forureinaren skal gjere det som er mogleg for å stoppe utslippet, og minske
skadeverknadane. Ein må varsle kommunen med det same skaden blir oppdaga. I mindre
saker er det ofte landbrukskontoret i kommunen som har myndigheit til å følgje opp akutt
forureining frå landbruket.
Alle plikter å varsle om akutt forureining til nødsentralen (brannvesenet) ved å ringe 110.
Nødsentralen vurderer skadeomfang, og vil aktivisere brannvesen og kommunens
beredskapsvakt dersom forureinar sjølv ikkje kan handtere skaden. Beredskapsvakta til
kommunen vil normalt rykke ut.
Oppfølging av hendinga
Kommunen har ansvar for oppfylging av hending med akutt landbruksforureining.
Landbruksforvaltninga i kommunen må vere underretta. Reaksjonar kan vere:
 Gi pålegg om kva som konkret må gjerast av retting og utbetring innan ei satt frist for
å kunne drive i samsvar med gjeldane forskrifter.
 Knytte eit tvangsgebyr til pålegget, for å få det gjennomført.
 Gi trekk i produksjonstilskot når føretaket har brote regelverk for jordbruksverksemd.
 Melde tilhøva til politiet, som vil vurdere straffeansvar og mogleg bot.
Statens hus
Kaigaten 9, 5020 Bergen
Telefon: 55 57 20 00
Telefaks: 55 57 20 09
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefaks:
Org.nr: 974760665
E-post:
[email protected]
Internett:
www.fylkesmannen.no/hordaland
Synfaring med kartlegging
Melding om ureining kjem vanlegvis inn som telefon med klage, brev eller avisinnlegg.
Tilrådd rutine for kommunane ved meldingar om landbruksureining, både hendelege uhell
og anna påvist ureining:
1. I slike saker rår vi til at kommunen straks tek eit besøk på staden og kartlegg
følgjande:
a. Kva har skjedd? Kva er slept ut og volum?
b. Kor går utsleppet? Går det til vassdrag? Kva skade kan det gi?
c. Er det behov for varsling lengre ned i vassdraget?
Ta mange bilete for seinare bruk, hendinga skal dokumenterast med foto av årsak
og skade. Ta eventuelt også vassprøver. Ved større hendingar må det bli laga
notat som beskriver kva som har skjedd.
2. Legg arbeid i, der og då, å få på plass ein munnleg avtale med brukaren om kva som
må gjerast og kva tid det skal vera ferdig (tidsfrist).
3. Tilbake på kontoret er det viktig at den munnlege avtalen straks blir nedfelt i eit
skriftleg notat som skal vere stadfesting av den felles forståinga av problemet.
Notatet skal bli levert / sendt til bonden, evt med bilete vedlagt. NB! Notatet må vere
utforma slik at det samstundes er eit varsel om mogleg pålegg, med eller utan
tvangsgebyr. Varselet må vere konkret og inkludere sum for evt. tvangsgebyr.
4. Sjekk ut at arbeidet kjem i gang slik ein var samde om. Ved kontakt med brukaren:
noter kvar gong både tidspunkt og kva som er gjort for å utbetre svikten.
Pålegg om tiltak og tvangsgebyr
Kommunen har myndighet til å gi pålegg om kva som konkret må gjerast av retting og
utbetring innan ei satt frist for å kunne drive i samsvar med gjeldane forskrifter. Kommunen
kan knytte eit konkret tvangsgebyr til pålegget. Vedtak med pålegg om retting og om
tvangsgebyr er enkeltvedtak det kan klagast på. Kommunen er pålagt å varsle om pålegg
som kan koma før slike vert gitt. Det må òg gis eit varsel på førehand om at tvangsgebyr i
saka er under vurdering og pårekneleg. Tvangsgebyr er ikkje ein straff, men eit virkemiddel
for å få gjennomført krav. Tvangsgebyr er ikkje til hinder for eventuell straffeforfølging.
Tvangsgebyr bør bli gitt som eit konkret eingongsbeløp som kjem til betaling dersom skaden
ikkje blir utbetra, og forureininga stoppa slik det er gitt pålegg om. Storleiken på gebyret skal
vere slik at det ikkje lønar seg å la vere å rydde opp. Det må vera truverdig og pårekneleg i
den forstand at forureinar må rekne med at tvangsgebyret blir innkravd, dersom det ikkje
blir ordna opp på ein skikkeleg måte innan den fastsette fristen. Forureinar må òg vite at
tvangsgebyret ikkje blir kravd inn dersom utbetringa vert gjort på ein tilfredstillande måte
innan den avtalte/fastsette fristen.
Ved større hendingar kan det vere aktuelt å påleggje forureinar å utføre miljøundersøkingar.
Ved utslepp til vassdrag bør ein t.d. vurdera å ta vassprøvar eller søk etter daud fisk.
2
Produksjonstilskot – avkorting og motrekning
Kommunen skal i tillegg vurdere avkorting av produksjonstilskot. Søkjarar av
produksjonstilskot som bryt/har brote anna regelverk for jordbruksverksemd, kan få heile
eller deler av produksjonstilskotet avkorta, (jf § 11 i forskrift om produksjonstilskudd og
avløsertilskudd i jordbruket av 19. desember 2014). Det er berre regelverksbrot som er knytt
til jordbruksdrifta som kan føre til avkorting i tilskotet.
Det er viktig at kommunen vurderer og brukar avkorting av tilskot. Formålet med å avkorte
tilskot, er å påverke føretaket til å leggje om til ei lovleg drift, samt å hindre at samfunnet
sine fellesmiddel blir brukt til å støtte ulovleg drift. Avkorting av produksjonstilskot er ikkje
ein straff, men konsekvens av drift i strid med regelverk. Avkorting kjem i tillegg til eit
eventuelt tvangsgebyr.
Når særlovsmyndigheita har fatta vedtak om regelverksbrot, kan kommunen fatte vedtak
om avkorting i samsvar med § 11. Det har ikkje noko å seie om vedtaket om regelverksbrotet
er eit pålegg om oppretting for første gong eller om det fatta fleire vedtak i saka tidlegare.
Det kan avkortast i det samla tilskotet til føretaket, det vil seie i tilskot til alle typar
produksjonar som føretaket har. Når ein avgjer storleiken av avkortinga, skal ein først og
fremst vurdere graden av skuld, men òg kor lenge lovbrotet har skjedd. Det er nok å ha vore
uaktsom for å bli avkorta i tilskot. Sjå meir utfyllande i rundskriv 2014-29.
Det er òg mogleg å motrekne offentlege krav i produksjonstilskotet, jf § 13 i forskrifta. Ved
motrekning går delar av tilskotet direkte til forvaltar av særregelverket, for å dekke dei krava
dei har sett til føretaket. Merk at dette gjeld krav som er knytt til føretaket si
jordbruksverksemd, noko kommunen må kontrollere før kravet om motrekning blir
registrert.
Melding av forureininga til politiet
Kommunen bør som hovudregel bruke sine eigne verkemiddel (som t.d. pålegg og
tvangsgebyr) for å få rydda opp. I saker av særleg alvorleg karakter, eller der ein ikkje får
ordna opp i situasjonen på annan måte, kan kommunen melde hendinga til Politiet.
Forurensingslovens § 78 gjer høve til å krevja påtale. Kommunen må då vurdere grad av
skade, presedens og subjektiv skyld.
I slike høve vil det vera naturleg at kommunen:
- Gir ei grundig utgreiing av fakta i saka så langt ein kjenner dei
- Opplyser om kva ein såg og opplevde under synfaringa
- Viser til dei lovar og forskrifter som er brotne.
- Dokumentarar så godt ein kan samanhengen mellom forureininga og skadane ein
observerer.
- Legg ved dei bileta som vart tekne under synfaringa som bevis, og gir ei orientering
om kva som er gjort etter synfaringa.
3
Lovmessig grunnlag
Forskrift om varsling av akutt forureining
Plikt til å varsle om akutt forureining er heimla i § 3.. Her heiter det: ‘Den ansvarlige for akutt
forurensning plikter straks å varsle i samsvar med denne forskrift. Denne varslingsplikten påhviler
også oppdragstaker som utfører arbeid på vegne av den ansvarlige for forurensningen. Enhver
annen enn den ansvarlige for forurensningen har varslingsplikt, med mindre det er åpenbart
unødvendig. … Varslingsplikten gjelder også ved fare for akutt forurensning.’ Jamfør § 4 er det
brannvesenet som skal varslast når det gjeld landbasert verksemd.
Forurensingslova
Det heiter etter forureiningslova § 7: ‘Ingen må ha, gjøre eller sette i verk noe som kan
medføre fare for forurensing (…)’. Kommunen har ansvar og lovheimel når det gjeld
forureining frå landbruket. Same lov gjer kommunane heimel til å gje pålegg om tiltak for å
unngå utslepp (§ 7), krevje opplysningar (§ 49), foreta gransking (§ 50), gje pålegg om
undersøking(§ 51), gje tvangsmulkt (§ 73), gjera tiltak for å stanse utslepp (§ 74) og å nytta
annan manns grunn (§ 75). Kommunen må vurdere om forholdet er såpass grovt at
straffeforfølging er aktuelt (§78), og i så fall melde saka til politiet.
Gjødselvareforskrifta
Lagring og bruk av husdyrgjødsel og silofôr er omfatta av forskrift om gjødselvarer m.v. av
organisk opphav nr 951 av 4. juli 2003. Kommunane har etter § 29 tilsyn for at del III, lagring
og bruk, i forskrifta blir etterlevd. Dette gjeld også verksemd utanfor produksjonstilskot, til
dømes hestesenter. Kommunane kan etter § 32 gi pålegg om retting av forhold som er i strid
med forskrifta eller vedtak gitt i medhald av forskrifta. Det kan også bli gitt tvangsgebyr.
Anna regelverk er til dømes:
 Naturmangfoldlova
 Vannressurslova
 Forskrift om nydyrking (etter jordlova)
 Forskrift om landbruksveg (etter jordlova)
 Forskrift om bakkeplanering (etter forurensingslova)
Førebygging
Alle føretak i landbruket har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at utstyr og bygningar er i slik
stand at dei ikkje utgjer ein fare for forureining. Dette er også ein del av KSL –standarden i
landbruket. Føretaka skal jamleg kontrollere at gjødselanlegg fungerer som føresett, og at
det er fritt for lekkasjar. Silopressaft skal samlast opp, lagrast og brukast slik at ho ikkje
forureinar. Kommunane bør vere særleg merksame på at gjødselportar og tappelukar er
sårbare punkt som må kontrollerast.
I samband med oppfølging av saker der det har vore akutt forureining kan kommunen setje
vilkår om gjennomføring og innsending av internkontroll for handtering av hsudyrgjødsel,
silosaft og vaskevatn frå mjølkerom. Dette gir også kommunen grunnlag til å vurdere om
lagerkapasitet og spreieareal for føretaket er tilstrekkeleg.
Kommunen skal informere om korleis landbruksføretaka skal varsle ved akutte hendingar.
4
Anna kontroll av potensiell landbruksureining
Kommunen skal føre tilsyn med forureiningssituasjonen i kommunen. Fylkesmannen vil frå
no føre tilsyn med korleis kommunane forvaltar regelverk knytt til forureining, inkludert
forureining frå landbruket. Fylkesmannen fekk denne rolla i juni 2014 ved innføring av § 48a i
forurensingsloven.
Forskrift om organisk gjødsel
Aktuelle tema for tilsyn og , etter Forskrift om organisk gjødsel:
- Lagring av hestegjødsel, utforming av lager generelt (§ 19)
- Kapasitet gjødsellager (§20)
- Spreietidspunkt (§23, samt evt. kommunal forskrift)
- Gjødsling i utmark, bruk av spreieareal mm (§ 24)
Aktuelle tema når kommunen gir byggjeløyve:
- Plassering og utforming av lager for husdyrgjødsel og silopressaft (§§ 18, 20, 21)
Produksjonstilskot
- Gjødslingsplan (§11 også Forskrift om gjødslingsplanlegging)
- Sprøytejournal (§11 også Forskrift om plantevernmidler)
- Inngrep i kulturlandskapet (§ 4), inkludert mindre tiltak langs vassdrag, og etter
vurderingar i Naturmangfoldlova.
- Vegetasjon / ikkje jordarbeiding langs vassdrag (§ 4)
Dersom føretaket manglar gjødselplan eller sprøytejournal når det skulle hatt det, skal
tilskotet bli avkorta. Dersom føretaket har krav om gjødselplan, men har kryssa «nei» på
spørsmålet om dette i tilskotssøknaden, skal tilskotet blir avkorta. Dersom føretaket har
kryssa «ja», men det blir avdekka på kontroll av føretaket manglar eller har mangelfull
gjødselplan/sprøytejournal, skal tilskotet avkortast. I tillegg er dette ein feilopplysning, som
kan føre til meir avkorting, jf § 12.
Føretak som gjer inngrep som forringar kulturlandskapet, utan å ha fått løyve frå
kommunen, har ikkje rett på arealtilskot. Ein har heller ikkje rett på arealtilskot dersom det
ikkje er etablert minimum 2 meter breie vegetasjonssoner mot vassdrag med årssikker
vassføring. Jf § 4, tredje og fjerde ledd.
Vassressurslova
- Bredde på naturleg vegetasjonsbelte (§ 11). Fylkesmannen kan i særlige tilfelle gi
fritak for kravet om å ikkje fjerne naturleg vegetasjonsbelte.
Dyrking og flytting på jord
Sjå til at tiltak som inneber dyrking, planering og bruk av tilkøyrde massar blir utført i
samsvar med løyve og på ein slik måte at det ikkje gir fare for forureining. Sjølve reine
jordmassar som kjem i vassdrag er skadeleg. Tiltaka kan vere heimla i reguleringsplan, planog bygningsloven, forskrift om nydykring, forskrift om bakkeplanering eller forskrift om
produksjonstilskudd og avløsertilskudd.
5