- Fremme helse og livskvalitet Stord kommune Postboks 304 5402 STORD Att. Prosjektleder Kjell Nesbø Dykkar ref: Vår ref: 2011/222532028/2014 Leif Terje Alvestad, tlf 52732955 Haugesund, 13.01.2015 Lokalisering av legevakt og snøgghjelps døgntilbod Helse Fonna syner til møte mellom representantar i frå Stord, Bømlo og Fitjar kommune røyrande etablering av ei framtidig legevakt og snøgghjelps døgntilbod i nærleiken av Stord sjukehus. I møtet ble partane einige om at Helse Fonna skulle gje innspel til spesielle høve som må takast omsyn til i det vidare arbeidet. Helse Fonna føreset at prosjektleiar vidareformidlar desse moment til aktuelt arkitektfirma. Føretaket føreset vidare at ein legg til grunn at eit framtidig bygg blir plassert på noverande parkeringsplass (i tråd med opphavleg plan) alternativt mellom K-blokka og car-port. Føretaket ønskjer at følgjande forhold blir teke omsyn til i det vidare arbeidet: 1) Pasientbussen – denne må ha naudsynt tilgang for å hente pasientar ved Stord sjukehus. Dersom det vert tak mellom bygga, vil bussen kunna kjøra som i dag. Dersom ein skulle velje ei løysing med innebygd korridor, må vegen leggast på utsida av nytt bygg. 2) Vurdere moglegheit for å etablere eit venteområde/sone for personar/pasientar som skal med pasientbussen til Bergen. 3) Komprimator – dagens plassering av komprimator er svært gunstig. Dersom det vert naudsynt å omplassere denne må dette gjerast slik at den blir lett tilgjengelig for tilsette og for firmaet som er ansvarlig for henting/tømming (HMS aspektet for tilsette må ivaretakast). 4) Parkeringsplassar – føretaket forventar at tal på parkeringsplassar aukar tilsvarande den meirtrafikken som blir på området etter at legevakt/ snøgghjelps døgntilbod er etablert. Det vil være ein fordel om ein får til ein netto auka i tal på parkeringsplassar. 5) Riksantikvar – Arkitektfirma må utarbeide naudsynt søknadsgrunnlag til Riksantikvar. Føretaket skal gjennomgå/godkjenne søknaden før den blir sendt til Riksantikvaren. Helse Fonna P.Boks: 2170 5504 Haugesund Foret.nr: 983 974 694 Bank. 5082.08.47218 Kontaktinfo: Sentralbord: 05253 Telefaks: 52 73 20 02 [email protected] www.helse-fonna.no Fakturaadresse: Helse Fonna HF Rekneskap, Postboks 2170 5504 Haugesund Tlf: 05253 6) Tilkomst til helikopterlandingsplass – framtidig løysing må være slik at ambulansekjøretøy har god tilkomst til dagens landingsplass når ein skal hente/levere pasientar. 7) Tilkomst til K-blokk og noverande bustadar må takast omsyn til i ei framtidig løysing. . Helse Fonna HF _____________________ Leif Terje Alvestad Direktør Intern service Intern kopi: Reidun Rasmussen Mjør Vidar Støyva Robert Eddie Holmstrøm Side 2 av 2
© Copyright 2024