Side 1 av 3 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Merete Farstad E-post: [email protected] Tlf.: 97742381 Jfr. adresseliste Vår ref. Sak nr.: 15/8589-4 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 41645/15 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 22.09.2015 Høve til å gje innspel til miljømål i regulerte vassdrag Vassforvaltningsplan og tiltaksprogram for Sogn og Fjordane vassregion har vore på høyring 01.10.2014 – 31.03.2015. I høyringa er det spelt inn endra miljømål for vassdrag som er sterkt modifiserte (SMVF) grunna regulering. Arbeidsutvalet til Sogn og Fjordane vassregionutval ønskjer å gi ulike interessentar og sektorstyresmaktar høve til å uttale seg om framlegg til endra miljømål for desse vassførekomstane før saka vert lagt fram for vassregionutvalet 14. oktober 2015. Miljødirektoratet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og NVE vert oppmoda om å samarbeide om miljømål for aktuelle vassførekomstane i vassdrag omtalt i revisjonsrapporten 49-2013 (kategori 1.1 og 1.2). Andre interessentar har og høve til å komme med innspel. Bakgrunn Fylkesmannen har kome med framlegg om å endre miljømål for reguleringsmagasin og for lakse- og sjøaureførande strekningar (anadrom strekning) i regulerte vassdrag. Det er og kome inn eit revidert framlegg til miljømål på anadrom strekning frå Fylkesmannen og Miljødirektoratet. Vi ønskjer å gi ulike aktørar høve til å kome med merknadar til innspel om konkrete miljømål og endra miljømål før vidare formell handsaming av forvaltningsplanen. Konkrete miljømål for sterkt modifiserte vassførekomstar bør formulerast utifrå venta samla effekt av tiltaka som er planlagt gjennomført. Oversikt over føreslegne tiltak i planperioden 2016-2021 er lagt inn i Vann-nett. Framlegg til nye miljømål er i samsvar med ny inndeling av miljømål i vann-nett. Oversikt over ulike konkrete miljømål som kan veljast i Vann-nett er gitt i vedlegg 2. Konkrete miljømål for sterkt modifiserte vassførekomstar (SMVF) Fylkesmannen har føreslege å endre konkrete miljømål for sterkt modifiserte vassførekomstar (SMVF) for mange av vassførekomstane. Fylkesmannen har ikkje gjort framlegg om nye tiltak i vassførekomstane. Endring av miljømåla vil ikkje føre til at det er trong for å endre tiltaka som er føreslege i tiltaksprogrammet. Miljømåla er meir ei presisering av kva vi når/vil nå med dagens praksis eller gjennomføring av tiltak omtalt i tiltaksprogrammet (høyringsutgåva). Framlegget inneber ikkje vesentlege endringar for tiltakshavar. Miljømålet for vassførekomstar med anadrome fiskebestander (laks, sjøaure) er føreslege til "Styrke fiskebestanden". Miljømålet "Styrke fiskebestanden" er vurdert som ei justering av miljømålet føreslege i høyringsutgåva av forvaltningsplanen. Det er Fylkeshuset | Askedalen 2 | 6863 LEIKANGER | Tlf.: 57 65 61 00 | Bankgiro: 4212 02 02000 [email protected] | www.sfj.no | Org.nr.: NO 941 388 841 MVA Side 2 av 3 meir ei nærare presisering av at tiltaka i tiltaksprogrammet skal gjennomførast for å styrke fiskebestanden. For mange av vassførekomstane var det i høyringsutgåva føreslege miljømål: Levedyktig bestand av laks /aure, sikre habitatforhold for gyting og oppvekst. Miljømålet for reguleringsmagasin der det i dag er pålegg om utsetting av fisk er føreslege til "haustbar fiskebestand", medan reguleringsmagasin utan pålegg om fiskeutsettingar er miljømålet føreslege til "sjølvreproduserande fiskebestand". Ved å vidareføre dagens praksis i reguleringsmagasina, vurderer Fylkesmannen miljømåla som allereie nådd. Dei fleste sterkt modifiserte vassførekomstar (SMVF) har i høyringsutgåve fått miljømålet «fungerande økosystem» (89 % av dei). Dette er minstekravet til godt økologisk potensiale (GØP) som sterkt modifiserte vassførekomstar kan ha. Noko lågare miljømål er det ikkje høve til å gi for SMVF. Mange SMVF er det ikkje knytt tiltak til i planperioden. Miljømålet for SMVF skal setjast med bakgrunn i venta samla effekt av tiltak i planperioden. Når ingen tiltak er satt, skal miljømålet for SMVF vere lik dagens tilstand. Det er ikkje høve til å sette «dagens tilstand» som miljømål i Vann-net. Framlegg om å endre miljømålet på lakse- og sjøaureførande strekning Miljødirektoratet og Fylkesmannen har kome med innspel om at utvalde vassførekomstar i Aurlandsvassdraget, Jostedøla, Årøyelva, Vetlefjordelvi, Bøfjordelva, Hopra, Vikja, Nærøysdalselvi, Dalselvi i Arnafjordvassdraget og Lærdalselvi kan nå god økologisk tilstand innan 2021. Det vil seie at dei ikkje lenger skal vere sterkt modifiserte (SMVF), men naturlege vassførekomstar. Oversikt over aktuelle vassførekomstar er gitt i vedlegg 1. Endringsframlegget gjeld for anadrom strekning (laks- og sjøaureførande strekning). For å nå god økologisk tilstand er det aktuelt med m.a. vasslepp som tiltak som kjem den lakseførande strekninga til gode. Vassregionmynda ønskjer grunngjevne kommentarar om kva som skal til for å nå god økologisk tilstand eller godt økologisk potensiale for dei aktuelle vassførekomstane innan 2021/2027. Vi ber Miljødirektoratet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og NVE om å samarbeide og om mogleg sameinast om miljømål for dei aktuelle vassførekomstane i vedlegg 2. Det er og høve for andre aktørar til å gje grunngjevne kommentar til miljømål for dei aktuelle vassførekomstane. Vi ber om at tilbakemelding frå sektorstyresmaktane og ev. andre aktørar er i samsvar med tiltaksmetoden i rettleiaren for Sterkt modifiserte vassførekomstar når det vert grunngjeve om vassførekomstane bør ha godt økologisk potensiale innan 2021/2027 eller god økologisk tilstand i 2021/2027. Mindre strenge miljømål Vassførekomstar med mindre strenge miljømål , jf. § 10 i vassforskrifta, skal ikkje ha konkrete miljømål. Dette gjeld i utgangspunktet berre tørrlagde elvestrekningar. Frist for å kome med tilbakemelding Eit revidert framlegg til miljømål vart lagt fram for arbeidsutvalet 17.09.15. Arbeidsutvalet ønskjer å gi aktuelle partar høve til å kommentere innspel om reviderte miljømål før eit framlegg til reviderte miljømål vert lagt fram for vassregionutvalet 14. oktober. Framlegg til reviderte miljømål på anadrom strekning går fram av vedlegg 1. Tidlegare høyringsinnspel og kommentarar til reviderte miljømål som har kom inn til vassregionmynda før 5. oktober 2015, vert lagt til grunn for revidert framlegg til miljømål til vassregionutvalet. Med helsing Svein Arne Skuggen Hoff Merete Farstad Side 3 av 3 fylkesdirektør seniorrådgjevar Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift Vedlegg: Mottakar (ar) Miljødirektoratet Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIM Askvoll kommune Postboks 174 6988 ASKVOLL Aurland kommune Vangen 1 5745 AURLAND Balestrand kommune Kong Beles veg 20 Rådhuset 6899 BALESTRAND Bremanger kommune Postboks 104 6723 SVELGEN Eid kommune Rådhusvegen 11 6770 NORDFJORDEID Fjaler kommune Postboks 54 6961 DALE I SUNNFJORD Flora kommune Postboks 264 6900 FLORØ Førde kommune Postboks 338 6802 FØRDE Gaular kommune Vadheimsvegen 15 6973 SANDE I SUNNFJORD Gloppen kommune Grandavegen 9 6823 SANDANE Gulen kommune Eivindvikvegen 1119 5966 EIVINDVIK Hornindal kommune Kommunehuset Smia 6761 HORNINDAL Hyllestad kommune Kommunehuset 6957 HYLLESTAD Høyanger kommune August Gunnarskogsgt. 1 6993 HØYANGER Jølster kommune 6843 SKEI I JØLSTER Leikanger kommune Skrivarvegen 7 6863 LEIKANGER Luster kommune Rådhuset 6868 GAUPNE Lærdal kommune Postboks 83 6886 LÆRDAL Naustdal kommune Postboks 43 6806 NAUSTDAL Selje kommune 6740 SELJE Sogndal Kommune Postboks 153 6856 SOGNDAL Solund kommune 6924 HARDBAKKE Stryn kommune Tonningsgata 4 6783 STRYN Vik kommune Postboks 134 6891 VIK I SOGN Vågsøy kommune Postboks 294 6701 MÅLØY Årdal kommune Statsråd Evensensveg 4 6885 ÅRDALSTANGEN Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER Eco Vannkraft Vassbygdi 1 5745 AURLAND Elkem Energi Bremanger postboks 57 6721 SVELGEN Energi Norge Postboks 7184 Majorstua 0307 OSLO Fiskeri- og havbruksnæringsen landsforening Sandviksbodene 1E 5035 BERGEN FNF (Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane Sognefjordvegen 40 6863 LEIKANGER FRIFO Friluftslivets fellesorganisasjon Nedre Slottsgate 25 0157 OSLO Hydro Postboks 114 6993 HØYANGER Luster Energi Gaupnegrandane 6868 GAUPNE Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane Trolladalen 3 G 6856 SOGNDAL Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane Rygg 6823 SANDANE Norske lakseelver Postboks 9354 Grønland 0135 OSLO Småkraftforeninga Lilleakerveien 31 0283 OSLO Sogn og Fjordane energi v/Ragna Flatla Haugland Bukta 6823 SANDANE Sogn og Fjordane Turlag v/ Astrid Kalstveit Pb. 10 6801 FØRDE Sogn Villaksråd v/ Bjarne Mel Sognekraft AS Røysavegen 1 6893 VIK I SOGN Statkraft Gaupnegrandane 6868 GAUPNE Sunnfjord Energi v/Olav Osvoll Østfold Energi 6888 BORGUND Kopi til:
© Copyright 2024