Kulturavdelinga Sakshandsamar: Berit Gjerland E-post: [email protected] Tlf.: 41530987 Kinn Arkitekter AS Postboks 531 Vår ref. Sak nr.: 14/8159-6 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 18780/15 Dykkar ref. 6903 FLORØ Dato FØRDE, 21.05.2015 Gulen - Detaljregulering gbnr. 91/1, Mjømna - tilbakemelding etter kulturminneregistrering Viser til tidlegare korrespondanse og kontakt i denne saka. Som tidlegare opplyst er kulturminneregistreringa gjennomført, og ved registreringa vart det påvist ein lokalitet frå steinalder. Funnstaden ligg ved Nesvika, like nedanfor vegen. Den har ID 212736. Det vart funne gjenstandar i flint og kvartsitt. Det er ein reiskap, eit bor som var knekt, og eit avslag i flint. Erfaringsmessig vil det vere endå fleire gjenstandar i dette arealet. Det synest likevel å vere ei avgrensa funnmengde, noko som indikerer korttidsbruk og dermed ein kronologisk rein lokalitet. Funnstaden viser seg å ligge svært sentralt i planområdet. Vi vil tilrå at arealet blir nærare undersøkt ved ei utgraving. Når den er gjennomført, kan arealet takast i bruk i samsvar med arealføremålet i planen. Reint konkret no kan utstrekninga av funnførande areal kan leggast inn i detaljplanen. Formelt sett inneber det ein søknad om oppheving av det automatisk freda kulturminnet når planen kjem på offentleg høyring. Når planen er på høyring, vidareformidlar fylkeskommunen ein søknad overfor Riksantikvaren om oppheving av fredinga. Vedtaket frå Riksantikvaren blir lagt inn som føresegn i planen. Utstrekninga av lokaliteten er vist nedanfor. Den lyse sona er sikringssona på fem meter som her blir genererert automatisk. Lokaliteten si utstrekning er også tilgjengeleg i shape og i sosiformalt, sjå vedlagte lenker. I shape: Dataeksporten fra Askeladden var vellykket. Klikk her for å laste ned resultatet: http://fme.ra.no/fmedatadownload/results/FME_101C4422_1432237698965_96.zip I sosi: Dataeksporten fra Askeladden var vellykket. Klikk her for å laste ned resultatet: http://fme.ra.no/fmedatadownload/results/FME_101C4422_1432240598416_2928.zip Storehagen 1B | Pb. 173 | 6801 FØRDE | Tlf.: 57638000 | Bankgiro: 4212 02 02000 [email protected] | www.sfj.no | Org.nr.: NO 941 388 841 MVA Side Vi vonar dette er tilstrekkelege opplysningar for dykk slik at de kan gå vidare med planen. Med helsing Ingebjørg Erikstad fylkesdirektør Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift Berit Gjerland seniorrådgjevar
© Copyright 2024