Side 1 av 3 Fylkesrådmannen Sakshandsamar: Anne-Kjersti Stenehjem E-post: [email protected] Tlf.: 95725658 Vår ref. Sak nr.: 16/7148-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Frantz as Postboks 365 Internt l.nr. 31134/16 Dykkar ref. 8001 BODØ Dato LEIKANGER, 19.09.2016 Til utlysing - Prosjektleiar for hydrogen-satsing - 2 årig engasjement Frå side 2 og utover fylgjer stillingsutlysing for ei stilling som prosjektleiar for hydrogen-satsing, som er eit 2-årig engasjement. Fullstendig versjon av utlysinga ynskjer vi på heimesida vår, Framtidsfylket.no og nav.no. Vi ynskjer at den fullstendige versjonen av utlysingsteksten vert publisert snarast. Det skal ikkje vere utlysing i papirmedia. Søknadsfristen for stillinga er 30. september 2016. Med helsing Anne-Kjersti Stenehjem rådgjevar Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift Vedlegg: Kopi til: Endre Høgalmen, NKA Jan Heggheim, NKA Besøksadresse: Postadresse: Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER E-post: [email protected] Heimeside: www.sfj.no Telefon: 57638000 Bankgiro: 4212 02 02000 Org.nr : NO 941 388 841 MVA Side 2 av 3 Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, samferdsle, fylkesvegar, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner. Vi er ein aktiv utviklingsaktør som saman med kommunane, statlege etatar, næringslivet og ulike organisasjonar arbeider med utviklingstiltak i heile fylket. Nærings- og kulturavdelinga har ansvar for både næringsutvikling og fylkeskommunen sin kulturinnsats. Vi har allsidige og utadretta oppgåver, der fellesnemnaren er å legge til rette for utvikling i Sogn og Fjordane. Med god støtte frå Sparebankstiftinga set fylkeskommunen no i gong eit prosjekt som skal stimulere til auka bruk av hydrogen-løysingar, og til produksjon og effektiv distribusjon av hydrogen. Prosjektsleiar for hydrogen-satsing – 2-årig engasjement Nærings- og kulturavdelinga treng ein drivande prosjektleiar til å koordinere og drive fram hydrogen-prosjektet. To-årig engasjementstilling i 50 % stilling. Det er venta at etterspurnaden etter hydrogen vil auke, ikkje minst fordi hydrogen vil redusere behovet for fossil energi. Gjennom hydrogen-prosjektet vil fylkeskommunen saman med ulike samarbeidspartnarar stimulere til auka bruk av hydrogenløysingar. Dette både med tanke på næringsverksemd og miljøvenlege løysingar. Prosjektet femnar m.a. om - Transportmiddel som nyttar hydrogen, der vi vil stimulere til hydrogendrivne løysingar Hydrogenstasjonar, der vi vil legge til rette for eit nettverk av hydrogenstasjonar Hydrogendrivne brenselsceller til andre føremål, m.a. naudstraum til bygg/anlegg Produksjon av hydrogen Vi kan tilby allsidige arbeidsoppgåver med mykje utadretta kontakt, og tilhøva ligg godt til rette for fagleg utvikling. Du må ha: Høgare utdanning på minimum bachelor innan naturvitenskaplege fag, miljøfag, samfunnsfag eller tilsvarande Vi vektlegg: Driv og evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk, og du er løysingsorientert Gode evner til å samarbeide med andre, både internt og ut mot næringsliv og samarbeidspartnarar – og du er kontaktskapande Legning for å møte andre på ein god måte – lære av andre og dele kunnskap God skriftleg og munnleg framstillingsevne – flink til å kommunisere Kjennskap til næringsretta arbeid og god evne til å koordinere og drive fram prosjekt Vi kan tilby: Løn etter avtale Gode forsikrings- og pensjonsvilkår Fleksibel arbeidstid Nærmare opplysningar får du hjå ass. fylkesdirektør Endre Høgalmen (tlf. 95207789) eller fylkesdirektør Jan Heggheim (tlf. 90566623). Fylkeskommunen nyttar nynorsk. Arbeidsstaden er fylkeshuset i Leikanger. På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen. Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema som du finn i søknadsbildet på www.sjf.no Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju. Side 3 av 3 Søknadsfrist 30.september 2016
© Copyright 2024