Informasjon før studiestart

Velkommen til masterstudiet i organisasjon og leiing
Studiestart er fredag 21. august kl 13 i høgskulen sine lokale på Vie i Førde (ved Førde
Sentralsjukehus).
Samlingsplan for hausten 2015 og studieplan finn du her. Det er viktig at du set deg inn i
begge deler før første samling. På sida for samlingsplan kan du også finne informasjon om
aktuelle overnattingsalternativ. Vedlagt kan du finne timeplan for første samling og pensum.
Lyst til å starte lesinga?
Då kan du starte med boka til Dag Ingvar Jacobsen og Jan Thorsvik: Hvordan organisasjoner
fungerer, 4. Utgave, Fagbokforlaget 2013. Vedlagt finn du timeplan for første samling og
informasjon om pensum.
Fronter
Høgskulen nyttar e-læringssystemet Fronter aktivt i kommunikasjon og informasjon til
studentane. Her finn du administrativ og fagleg informasjon om studiet, plan for samlinga
PowerPoint presentasjonar og relevante meldingar, t.d. frå emneansvarlege og faglærarar.
Vi lagar ikkje kompendium, men legg korte artiklar og kapittel ut i Fronter i PDF-format for
nedlasting. Du vil få ei orientering om bruk av Fronter på første samlinga. Du kan også finne
brukarrettleiing her.
Bibliotek
Høgskulen sine bibliotek både i Førde, Sogndal og på Sandane er opne for sjølvbetjening, og
har grupperom, arbeidsplassar og pc'ar som er tilgjengelege heile døgnet. Les meir om kva
biblioteket kan tilby.
Brukarnamn, passord og semesteravgift
Innan 7. august vil du få ein sms frå høgskulen med informasjon om semesterregistrering.
Når du registrerer deg, får du tildelt brukarnamn, og du lagar ditt eige passord til Fronter og
høgskulen sine nettverk. I studentweb finn du faktura for semesteravgift (kr 600,-). Det vil
også vere høve til å registrere seg på første samling, dersom du ikkje har fått gjort dette på
førehand. Første dagen vil vi også ta bilde til studentkort.
Har du spørsmål til registreringa, kan du sende ein epost til [email protected]
Du vil få nettilgang i Høgskulen sine lokale når du har registrert deg. Det vil vere ein fordel å
ha med seg eigen PC på første samling.
Sosial samling
Vi legg opp til at dei som vil, kan bli med ut og ete middag saman etter samlinga fredag 21.
august kl 19 på restaurant Pikant, som ligg ved elva i Førde Sentrum. På Pikant tilbyr dei
tapasbuffet til kr 275,- pr person. Påmelding innan 13. august her.
Har du spørsmål?
For faglege spørsmål; ta kontakt med emneansvarleg Kjersti Halvorsen, e-post
[email protected], telefon 57 67 61 73
For praktiske spørsmål; ta kontakt med Bente K. Walaker, e-post [email protected],
telefon 57 72 25 12 (tilbake frå ferie 3. august)
Dersom du blir forhindra frå å møte til oppstart, ber vi deg ta kontakt med Bente K. Walaker
så fort som råd.
Velkommen til studiestart!
Vi ser fram til å møte deg i august!
Beste helsing
Grete Netteland (Instituttleiar) og Olina Kolbotn (programansvarleg)