Notat Kommunikasjonstrategi prosessen

Hemsedal 5.11.2015
Notat: Prosessen kring kommunikasjonsstrategien
Nedanfor følgjar informasjon og dokumentasjon på kvifor ein ynskje å leggja opp arbeide med
prosessen kring kommunikasjonsstrategien på den måten ein har valt.
Kommunestyret 18.6.2015
«Strategisk næringsplan for Hemsedal 2016-2022» ble vedteken og legg føringar for
næringsutviklinga med 27 tiltak for reiseliv, landbruk, næringsliv og kultur og samfunn.
Handlingsdelen skal rullerast kvart år og prioriteringar må gjerast.
Formannskapet 29.9.2015
Hemsedal kommune var positive til gjennomføringa av dialogkonferansen for å få på plass dei ulike
tiltaka som vert prioritert i handlingsplanen til «Strategisk næringsplan for Hemsedal 2016-22». Ein
ynskjer at det blir sett ned ei arbeidsgruppe for å førebu konferansen med ulike næringsaktørar.
Arbeidsgruppa ble som følgjar:
Richard Taraldsen (HTTL); Andreas Smith-Erichsen (Skistar); Maria Jartmann (Liten bedrift)
Gunn Eliassen (Hemsedal kommune - Næring); Viel Ribberud (Hemsedal kommune - Landbruk)
Olav Huso(Bondelaget); Knut Fauso(Kultur); Gunn Eidhamar (Idrettslaget)
Terje Kirkebøen (Næringsliv utenfor sentrum)
Ein har satt saman gruppa ut i frå arbeidssted og posisjon og ikkje tilhøyret politisk.
Møte i arbeidsgruppa for kommunikasjonsstrategien og dialogkonferansen 21.10.2015
Ein blei einige om å utsetja dialogkonferansen da ein ynskjer å prioritera arbeidet ved fyrst å setja i
gang ein prosess kring kommunikasjonsstrategi. (Som er eit tiltak under kultur & samfunn i
næringsplanen.) Det ble vidare bestemt at ein ynskja ein mindre arbeidsgruppe for
kommunikasjonsstrategiprosessen enn den tidligare arbeidsgruppa som vart satt ned, da det synast
meir effektivt med ein mindre gruppe.
Den nye arbeidsgruppa som vart valt er: Richard Taraldsen (HTTL), Andreas Smith-Erichsen (Skistar),
Maria Jartmann (Næring), Olav Huso (Bondelaget) Gunn Eliassen (Hemsedal kommune).
Referansegruppe: Den tidligare arbeidsgruppa (9 pers) blir nå referansegruppe for den nye og
mindre arbeidsgruppa og blir kaldt inn til møter med jamne mellomrom. Formannskapet blir
informert underveis og tar del i prosessen der det er naturlig.
Kvifor ein kommunikasjonsstrategi?
Hemsedal som destinasjon manglar en klar og overordna kommunikasjonsstrategi for alt næringsliv
i Hemsedal som tar omsyn til alle næringar; landbruk, lokale innbyggarar, framtidig tilflytting og
fritidshemsedølen. Den tenkte kommunikasjonsstrategien skal ikkje ta for seg samfunnsdelen i
kommunen.(Skule, barnehage, eldreomsorg mm.)
Kommunikasjonsstrategien skal ta for seg:
Kva skal næringslivet i Hemsedal vere for kven?
Kva for historie skal ein fortelja?
Korleis skal bodskapen deretter kommuniserast?
Ein må fortelja ein historie, fortalt gjennom mange små, i alt ein seier og gjør. Det betyr at strategien
må kommunisere, og at alle (interne og eksterne) som har eit forhold til Hemsedal eig og delar den
sama historia.
Ein ynskje og ta utgangspunkt i følgjande :
- «Strategisk næringsplan for Hemsedal 2016-22» juni 2016
- Spørja undersøkinga «Kva No Hemsedal?» Oktober 2016
- Reiselivsstrategien for HTTL
I tillegg vil ein sjå gjennom tidligare arbeid som:
- « Hemsedal 2010»
- Landbruksplan (Næringsplanen har overtatt for denne)
Ein ser for seg at det vil vere hensiktsmessig og få inn eit byrå utafrå for å få hjelp til å gjennomføre
prosessen. Eit slikt byrå vil kunne ta utgangspunkt i alt materialet som nå er utarbeidet og
gjennomføre fokusgrupper og ulike workshop.
Ein ser for seg at prosessen tar mellom 2-4 måneder frå ein startar opp.
Ein vil invitere til eit nytt Dialogmøte når kommunikasjonsstrategi prosessen er gjennomført.
Resultata frå spørjeundersøkinga «Kva no Hemsedal?» vil presentarast på Møteplassen onsdag den
2.12.2015.
Ein ser frem til ein spanande og konstruktiv prosess.
Med vennleg helsing frå
Arbeidsgruppa for kommunikasjonsstrategi prosessen
Andreas Smith-Erichsen
(Skistar)
Richard Taraldesen
(Hemsedal turistrafikklag)
Olav Huso
(Bondelaget)
Gunn Eliassen
(Næringskonsulent)
Maria Jartman
(Elmas Kafe)