Møtebok SR - Hemsedal kyrkjelege fellesråd

Leiar: Toril Venås Sørensen
Torgunn Grøndalen Huso
Kari Bjerkheim
Jan-Fredrik Raastad
Felix Lenning
Sekretær: Kjetil Th. Storebråten
Sokneprest: Camilla Osnes
Fråverande:
Astrid Løvehaug
Sølvi Larsen Aalrust
Stian Møllerplass
Hemsedal 09.09.15
MØTEBOK FOR HEMSEDAL SOKNERÅD
Tysdag 8. september 2015
Soknerådssaker
Godkjenning av møtebok frå møte 11. august 2015.
Ingen merknadar.
Sak: 51/15. Kyrkjevalet 2015.
Manntallsføring av førehandsrøyster:
Fredag 11. september kl. 15.00-15.30 på Kyrkjekontoret:
Kari Bjerkheim, Jan Fredrik Raastad, Toril Venås Sørensen.
Opning av Valtinget 14. september kl. 09.00- 09.30:
Camilla Osnes, Torgunn Grøndalen Huso,
Kjetil Th. Storebråten
Valstyre-opptelling: 14. september: kl. 21.00 til 24.00:
Torgunn Grøndalen Huso, Toril Venås Sørensen.
Sak: SR. 52/15. Besøk bispevisitasen i Hemsedal november 2015.
Framlegg til program for dagen ved Soknepresten.
Vedtak:
Kl. 09.00 -11.30: Stabsmøte
Kl.11.30-13.30: Besøke Ope Hus, Eldrelaget mfl.
Jan-Fredrik Raastad informerar styret i Ope Hus.
Kjetil tek kontakt med Eldrelaget (Ola Hustad), Frivilligheiten (Karin
Skadengaard) og Kjetil + ordførar. Ope Hus arrangementet vil annonseras i
kommuneposten. Kjetil ordnar dette. Ope for alle som ynskjer å kome.
Lunsj: kl. 12.00 (i samband med Ope Hus)
Kl.14.00-15.00: Møte på prestekontoret med Ordførar og Rådmann i
Hemsedal kommune.
Kl. 15.00 til 16.00: Syne fram den nye kultursalen på Kommunehuset.
Kulturskolen (Kirsten Lund) inviteras til å laga eit program saman med
Hemsedal Soul Children og Hanna Smørvik.
Camilla Osnes leier programmet for visitasen denne dagen.
Mat til kl. 16.00 til 17.00: Ikkje bestemt kva og kvar enno.
Sak: 53/15. Framlegg til kontrakt/samarbeidsavtale med Eritrearar frå
den koptiske kyrkja om bruk av Hemsedal Kyrkje.
Sokneprest og kyrkjeverje har vore i dialog med Eritrearane v/Nigsti Berhane
og deira pastor om utforming av avtale, og datoar for bruk av Hemsedal
kyrkje.
Vedtak: Kontrakten vart vedteke med fylgjande tilføyingar:
Understreke at orgel og kyrkjeklokker ikkje skal brukas, og at det ikkje er
høve til å laga mat i kyrkja. Det er lov å servera mat bakarst i kyrkja der det
brukar å vera kyrkjekaffi.
Sølvi Larsen Aalrust blir med på fyrste samling på Kyrkjestugo laurdag 12.
september ca. kl. 10.00. for å sjå korleis ei koptisk messe blir praktisert.
Sak: 54/15. Framføring av stykket Ørkenbrevet i Hemsedal fredag 20.
november kl. 19.00.
E-post frå prosten med anbefaling og løyving frå prostirådet på 10.000 kr til
førestellinga.
Vedtak: Teaterstykket Ørkenbrevet blir flytta til Kyrkjestugo sidan dette
lokalet høver betre.
Soknerådet ynskjer det teologiske innhaldet i Ørkenbrevet vurdert av nokon
som har fyrstehandskjennskap til stykket ( har sett det eller lese boka)
Sokneprest Camilla Osnes innhentar dette, og kvalitetssikrar dette i samarbeid
med Prosten i Ål.
Det blir laga eit pedagogisk opplegg av Camilla Osnes i samband med
framføringa av stykket.
Arrangementskomité for forestillinga:
Hanna Smørvik, Camilla Osnes, Vigdis Moen Storhaug.
Eventuelt 1.
NB: Neste møte i Hemsedal Sokneråd blir flytta til tysdag 27. oktober
Eventuelt 2.
Andakter på Bygdaheimen i Hemsedal.
Vedtak: Soknepresten tek kontakt med Bygdaheimen ved Kirsten Brenno og
avd. leiar Hege Føynum for å avtala tid.
Eventuelt 3.
Oppretting av eit Gudstenesteutval.
Vedtak: Saka blir teken opp att når nytt Sokneråd er på plass.
NB: Endra dato:
NESTE MØTE I SOKNERÅDET ER TYSDAG 27. OKTOBER
Hemsedal, 09.09 – 2015
Leiar: Toril Venås Sørensen
sign.
Sekretær
Kjetil Th. Storebråten