Lavende-Saker-2015-web-1

LÅVENDE
SAKER 2015
KARI SVENDSEN,KARI STOKKE OG KARI DIESEN
BJØRN EIDSVÅG / BAKSIA / STEIN P AASHEIM
OLE PAUS / TRONDHEIMSOLISTENE
Iren Reppen & Ingar Sletten Kolloen // Tom Willy Rustad // Sjur Dagestad
Mari Midtli // Svein Tindberg // Svein Tore Kleppan // Odde og Nilsen
Gudbrandsdalsspelemenn // Ole J Bekkemellem & The Kingsmen
Oddgeir Bruaset // Det Fronske Kompani // Jo Asgeir Lie
Einar Olav og Gjermund Larsen // Heimelaga julebord
Sheep o Høy med Belfast Lads // Julemarked
www.rudigard.no
Velkome til Rudi Gard
og Låvende saker 2015
Å skape gode opplevingar er ei hovudmålsetting på Rudi
Gard. Vi opnar tunet for 16. året med ein mangfaldig kulturmeny, og vi gjer det med takk til alle som er med og skaper
denne møteplassen.
Lokale og tilreisande artistar er våre beste venner og medspelarar. Bygdafolk frå ulike lag trør til, saman med meir
enn 40 blide og trivelege tilsette. Saman legg vi sjela vår i
å skape ei usnobbete og inkluderande atmosfære, med
kvalitet i høgsetet. Vi er stolte over å presentere
Trondheimsolistene, Bjørn Eidsvåg, Baksia, Delwin Jones,
ja alle artistar og kunstnarar som kjem! Dei høver i Rudilåven – i kvar sin setting!
Så ønskjer vi eit talrikt publikum velkome på ny! Til maten,
til praten, til opplevinga og til fellesskapet i varme sommarkveldar og i mørke haustkveldar like til jul!
Beste helsing
Nina og Øystein Rudi
Vertskap
n
Torsdag 7. mai
Kl 09.00–16.00
Næringslivets dag
Inspirasjonsdag for privat næringsliv, offentleg tilsette,
politikarar og andre som er opptekne av vekst og utvikling
i Gudbrandsdalen. Spennande foredrag, erfaringsutveksling, nye bekjentskap, raus servering og gode
diskusjonar.
Ein av foredragshaldarane er Christian Brosstad, informasjonsdirektør i SpareBank 1 gruppen, og nominert som
årets foredragsholder innan sosiale medier.
Meir info, program og påmelding:
www.lkp.no – Lillehammer og Gudbrandsdal Kunnskapspark.
– Gode fellesarenaer blir stadig viktigere – på Rudi er det gode felles opplevelser
på rekke og rad!
Adm. direktør Bjarne Slapgard, Gudbrandsdal Energi
l
Meny
RAUS RUDI-LUNSJ
Låvende saker 2015
3
l
Eit godt måltid før forestilling
Før alle konsertar og forestillingar byr vi på middag,
og dette er eit populært tilbod for privatpersonar, bedrifter
og vennelag. Til alle rettar serverer vi kaffe og dessert av
det beste årstida byr på.
Matbord frå Rudi-grillen
Saftig grillstykker av gris og okse krydra med eigne marinader og urteoljer, grilla laksefilèt med kryddersmør, lammepølser fra Annis pølsemakeri, potetsalat med rømmedressing & sennepsdressing med urter frå
Aukrust, tomatsalat med betaost fra Avdem gardsysteri, heimbåkå brød
frå eige kjøken
kr 390,-
Trancherbiff på Rudi-vis
Heilgrilla entrecote og saftige filetar krydra med eigne marinader
og tranchert slik du ønskjer ved servering
Med bakte poteter, soppstuing, laukkompott, grilla grønsaker
og himmelsk saus
kr 390,-
Grilla Dølafe
Ur-gener og godt beite gjev kjøtt med fin struktur
Med saltbakt tomat og Tromsnespoteter, sommarens
grønsaker og langtidskokt raudvinssaus
kr 390,-
Grilla lammeskank
Heimeprodusert lammeskank av lam frå eigen produksjon
– direkte frå beite i Peer Gynts rike
Serveres med potetmos, gudbrandsdalske rotgrønsaker og saus
kr 370,-
Kulturgris
Den beste svinefileten som finst innrulla i spekeskinke. Med tomatisert
bernaisessaus, ovnsbakte poteter og sesongens grønsaker
kr 350,-
Peer på bukken
Reinsdyrfilet servert med blåbærsaus, ovnsbakte mandelpoteter,
sellerirotmos og grønsaker
kr 490,-
Rudi-Kål
Namnet «Kål» kjem av «å gjera kål på» restane frå vinteren. Dette er
ekte og god tradisjonsmat frå Gudbrandsdalen. Kokt på ferskt og vellagra
kjøtt, skanker, byggryn, gulrot, kålrot og erter
kr 290,-
Reservasjon av bord:
[email protected] – 913 85 388
– Eit måltid på Rudi skal væra raust, smakfullt og gjerne nyskapande.
Samtidig er det bygd på tradisjon og ferske norske kvalitetsråvarer
– gjerne frå dyktige produsentar omkring oss.
Wenche Kvebu, kjøkensjef
4
Låvende saker 2014
n
Onsdag 20. mai
Kl 19.00. Ope gard frå kl 18.00
Utstillingsopning med
Svein-Tore Kleppan
Kleppan er busett i Sør-Fron og er bilethoggar og teiknar
av nasjonalt format. Han har utdanninga si frå Statens
Kunstakademi, samt ei rekkje studieopphald. Han er innkjøpt over heile landet. Svein-Tore har nå portrettert ei
rekkje av Gudbrandsdalenes kjente spelemenn, og viser
desse for første gong i Gudbrandsdalen her på Rudi.
Gratis inngang!
l
Meny
GARDSKAFÉ
Låvende saker 2015
5
n
Onsdag 20. mai
Kl 20.30. Ope gard frå kl 18.00
PØBBKONSERT
Tom Willy Rustad
– «Himmelturen»
Tom Willy Rustad kjem med rykande fersk CD; «Himmelturen». Både tradisjonsmusikk og nye komposisjonar blir
framført på akustisk gitar. Han har hovudfag frå Musikkhøgskulen, og er lærar ved landslinja i folkemusikk på
Vinstra. Med ei rekkje oppdrag som solist og komponist
er Tom Willy ein av landets mest meritterte og allsidige
folkemusikarar.
Billett kr 190,- / 100,- under 18 år.
l
6
Meny
GARDSKAFÉ
Låvende saker 2015
n
Laurdag 6. juni
Frå kl 16.00. Dans frå kl 21.00
Spelmannstemne og
Gudbrandsdalskappleik
Gudbrandsdalen har ei mengde framifrå spelemenn, gode
grupper og dyktige spelmannslag. Gudbrandsdal Folkemusikklag inviterer til venskapeleg kappspel, dans og
glede til langt på natt. Det blir kappleik for barn og unge,
tevlingskonsert med solistar, grupper og lag, dansetevling
og fest og dans på fleire golv.
Billett kr 200,- / gratis under 18 år.
l
Meny
GODT FRÅ RUDI-GRILLEN
Låvende saker 2015
7
n
Fredag 12 . juni
Kl 20.30. Ope gard frå kl 18.00
HUMORISTISK FOREDRAG
Professor Sjur Dagestad;
innovasjon og nyskaping
Innovasjon skaper vekst – både for bedrifter og i det
offentlege. Innovasjon bidreg til optimisme og framtidstru.
Kom for ein kveld med humor og inspirerande historier
om nyskaping i praksis.
– Jeg har som mål å være Norges beste foredragsholder. Jeg
får av og til spørsmål om jeg er stand-up komiker, men det
er jeg ikke. Jeg er derimot professoren som snakker slik
andre professorer ikke snakker. Humor og hedmarksdialekt
er ikke noe jeg legger på bestilling. Det er slik jeg er. Det gjør
jobben mye enklere, sier Innovasjonsprofessor Sjur
Dagestad.
Billett kr 330,-. Nummererte plasser!
l
8
Meny
TRANCHERBIFF
Låvende saker 2015
n
Onsdag 29. juli
Kl 20.30. Ope gard frå kl 18.00
Bjørn Eidsvåg med band
Sidan starten i 1971 har den folkekjære artisten
Bjørn Eidsvåg skrive seg grundig inn i den norske
musikkhistoria. Han har eit sterkt ønske om å
kommunisere med publikum om alle sider av det å
vera eit tenkjande menneske. Det handlar om tru,
tvil, kjærleik og anger.
Bjørn Eidsvåg har gjeve ut 25 plater som samla
har seld over 1,7 millioner eksemplar. Det er andre
gong han vitjar Rudi Gard, og vi gler oss til ein
stemningsfull kveld, med musikalske og verbale
perler til glede og ettertanke!
Billett kr 450,-. Nummererte plasser!
l
Meny
MATBORD FRÅ RUDI-GRILLEN
Låvende saker 2015
9
Peer Gynt ved
Gålåvatnet og
overnatting på Rudisetra
Rudisetra ligg nær Gålåvatnet og er perfekt overnatting
for teatergjester som også vil ha ein smak av seterlivet.
Kom til fjells midt på dagen. Slapp av i setermiljøet, ta ein
dukkert i Valsvatnet eller ein tur opp på Valsfjellet.
Frå setra er det ein hyggeleg rusletur til teaterscena ved
Gålåvatnet. Vi tek imot inntil 20 personar til sjølvhushald
og overnatting delt på to tun med seterhus og anneks.
Setra er til leige heile året og vi lager gjerne spennande
pakker saman med arrangement på Rudi Gard, eller med
mat- og naturopplevingar. Opplev eit triveleg setermiljø,
dyr på beite og eit velstelt landskap med fantastiske
moglegheitar for fotturar, sykling, skiturar og friluftsliv.
For bestilling: [email protected] / 913 85 388
10
Låvende saker 2014
n
Kvar dag frå laurdag 1. august til søndag 9. august
Kl 12.00–16.00
Ope gard, utstilling og
gardskafé
Ope kafe med servering av kaffe og te, «takk-kaku»,
mineralvatn og is. I fjoset og siloen har vi salsutstillinger
med anerkjente kunstnarar. Det er gode turstigar i landskapet omkring garden, og pilgrimsleia til Nidaros går rett
gjennom gardstunet.
Vegard Stalsberg, Per Rosenberg og Ståle Blæsterdalen er
anerkjente Gudbrandsdalskunstnarar som stiller ut bilder
på Rudi Gard gjennom heile 2015. Frå 29. juli kan du også
oppleva skinnarbeid frå Berit Sundsli og måleri med lokale
motiv av Jorunn Krag Dahle.
Jorunn Krag Dahle er oppvaksen i Sør-Fron. Ho måler ofte med motiv frå heimbygda, og frå 29. juli kjem ho med salsutstilling til Rudi Gard.
Låvende saker 2015
11
n
Søndag 2. august
Kl 19.00. Ope gard frå kl 17.00
«Som skrevet står»
med Svein Tindberg
Skodespelar Svein Tindberg les, fortel og leiker med
tekster frå Bibelen. «Som skrevet står» er ei forestilling
der publikum på ein fasinerande måte blir teke med bak
kulissene på Markusevangeliet, Apostlenes Gjerninger og
Abrahams Barn.
– Jeg foreslo tre matinéer på Scene 2, det endte med 220
forestillinger på store scener over hele landet. Nesten åttitusen mennesker så Evangeliet etter Markus. I kirken får du
høre noen få linjer, skal du høre resten må du på teater, sier
Tindberg med glimt i øyet.
Billett kr 330,- / 100,- under 18 år.
l
12
Meny
GRILLA DØLAFE
Låvende saker 2015
n
Tysdag 4. august
Kl 16.00
Peer Gynt middag
og kyrkjevandring
Kjøkensjef Wenche Kvebu ønskjer velkome til eit godt måltid før Peer Gynt sin årlege konsert i Sør-Fron kyrkje.
Meny
Reinsdyrfilet med blåbærsaus, ovnsbakte mandelpoteter
og godt tilbehør.
Ved bordet får vil følge av forfattar Ingar Sletten Kolloen
og kunsnerisk leiar Iren Reppen. Her kan det bli både
spennande historier frå ein forfattars liv og arbeid, frå
kulissene ved Gålåvatnet og allmenn refleksjon rundt
Ibsen, Peer og om at intet menneske er ei øde øy.
Det er om lag 30 minutt felles og frivillig gåtur langs gangvegen til Sør-Fron kyrkje. Der ventar reserverte plasser
til konserten som tek til kl 20.00. Her vil Åse Kleveland,
Catharina Chen og Frode Haltli krysse grenser mellom
ulike musikalske sjangere i konserten «Intet menneske er
en øy».
Peer Gynt meny og kyrkjevandring kr 490,-.
Bordbestilling seinast dagen før. Eigen billett til konserten:
www.peergynt.no
l
Meny
«PEER PÅ BUKKEN»
Låvende saker 2015
13
n
Onsdag 5. august
Kl 20.30. Ope gard frå kl 18.00
Ole
Paus
Ole Paus - artist, poet, forfatter og formidlar i meir
enn førti år. Kjent og folkekjær i eige person og
for perler i andre artistar sitt repoertoar. Om det
handler om «Mærsjer og Pårsjer» eller mødre som
er «ei ku» er ikkje hovudpoenget med ein heilaften
med Ole Paus. Poenget er at vi vil høyre han synge,
formidle og reflektere slik berre Ole Paus kan!
Billett kr 350,-. Nummererte plasser!
l
14
Meny
KULTURGRIS
Låvende saker 2015
n
Laurdag 8. august
Kl 21.00. Ope gard frå kl 19.00
Dølarock med Baksia
Det Fronske Kompani, trubadurer og spelemenn
Kultbandet BAKSIA feirer 40 år, og nye og gamle fans er
med på jubelropet når dei nok ein gong fyller Rudilåven
med danseglade festfolk. «Det Fronske Kompani» kjem
også på scena, og i tunet er det yrande folkeliv med trubadurar og spelemenn. Start gjerne kvelden med eit godt
måltid frå kjøkensjefen!
Billett kr 330,-. Aldersgrense 18 år.
– Hi! My name is Christina, I live in New York State, USA. My mother is from
Norway and we visit family every summer. We came to Rudi Gard with my aunt
and cousins and saw Odd Nordstoga. It was one of the BEST concerts I have ever
been to.
l
Meny
KULTURGRIS
Låvende saker 2015
15
n
Laurdag 22. august
Kl 19.00. Ope gard frå kl 16.00
TrondheimSolistene
med Mari Midtli, Einar Olav
og Gjermund Larsen
Trondheimsolistene er eit kvalitetsomgrep i musikk-Norge.
Kjent gjennom samarbeid med stjerner som Anne-Sophie
Mutter og Leif Ove Andsnes, nominert til heile 6 Grammyprisar og internasjonalt skatta frå konsertscener i alle
verdsdelar.
Solistane Einar Olav og Gjermund Larsen er fantombrørne
frå Verdal, grossistar i Spellemannsprisar og med tallause
musikalske samarbeid på øvste hylle. Ungjenta Mari Midtli
frå Sel er alt vel etablert som folkesongar. Ho har henta
heim fleire gjeve prisar, og gler stadig publikum med si
klokkeklare røyst og gode formidling.
Ein musikalsk festkveld! Billett kr 390,- / 100,- under 18 år.
Nummererte plasser!
– Tusen takk for et helt fantastisk opphold på Rudi Gard! Konsert, forberedelser,
gården og omgivelsene som ramme og det kulinariske, ja hele opplevelsen totalt
sett var rett og slett makeløs for alle oss i NRK-flokken. Alt godt fra alle oss!
John Fullmann, KORK
l
16
Meny
TRANCHERBIFF
Låvende saker 2015
n
Søndag 23. august
Kl 19.00. Ope gard frå kl 18.00
PØBBKONSERT
Tett på Jo Asgeir Lie
Jo Asgeir Lie er ein av våre aller mest allsidige trekkspelarar. Han er er rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss,
og her vil han ta oss med gjennom trekkspelet si fasinerande historie. Med musikk, historier og anekdoter frå
ulike epoker. Oddvar Nygaard frå Hundorp var tema for
hovudfagsoppgåva til Jo Asgeir, og slik har programmet
også lokal tilknyting.
Billett kr 190,- / 100 under 18 år.
l
Meny
GARDSKAFÉ
Låvende saker 2015
17
n
Onsdag 26. august
Kl 19.00. Ope gard frå kl 17.00
«Revy, revy og atter revy»
med Kari Svendsen, Kari
Stokke og Kari Diesen
Desse tre nestorane i norsk musikkliv har funne saman
i ei forrykande forestilling, der dei møtast i gamle og
populære revyviser.
Kari Diesen syng viser som mora gjorde, Kari Svendsen
er innom både Arne Svendsen, Lalla Carlsen, Sønstevold,
Prøysen Bøe og Hauger. Kari Stokke er stødig ved pianoet,
og frå repertoaret: «Trostens melodi», «Ei hel ei, ei
halv ei», «Marsjkonkurransen», «En herre med bart»,
«Hovedøn», «Jacobsen», og mange, mange fleire.
Billett kr 250,-.
l
18
Meny
RUDI-KÅL
Låvende saker 2015
n
Torsdag 10. sept
Kl 19.00. Ope gard frå kl 18.00
Lysbildeforedrag med
Stein P Aasheim
Knapt nokon har større turerfaring enn Stein P Aasheim.
Klatring i Himalaya, sykkel gjennom Sahara, Ny Guinea,
med hest i Mongolia, ski og fangst på Svalbard, Grønland,
Sibir og Gobi, kano i Tasmania, rundt Svalbard og på
Nahanni River i Yukon, og jubileumstur til Sørpolen er
berre eit lite utval. Han er pionerforfattar og fotograf, og vil
gje innblikk i drivet som skaper ekspedisjonar, og i muntre
og alvorlege situasjonar på tur. Samarbeid med DNT
Gudbrandsdal.
Billett kr 250,- / 100,- under 18 år.
l
Meny
GARDSKAFÉ
Låvende saker 2015
19
n
Laurdag 19. september
Kl 20.30. Ope gard frå kl 18.00
Sheep o Høy
– bondeaction på sitt beste!
Ein stor festkveld med fartsfylt bondeaction, stor taugtrekkingskonkurranse, dans og moro. I Klyppeshowet
kjempar verdas beste sauklypparar kjemper mot Delwin
Jones frå New Zealand sin fantastiske rekord frå 2014 på
20,10 sekund. Med storskjerm, musikk, Bjørnar Bakken
som speaker, og horder av engasjerte sauebønder, hyttefolk, bygdafolk og tilreisande er dette ei festforestilling!
Kl 18.00
Kl 20.00
Kl 21.00
Kl 22.00
Ope gard og servering av heilgrilla lam
Stor konkurranse i taugtrekking
Speedklypping med verdas beste klypparar
Fest med The Belfast Lads
Billettett kr 590,- inkl heilgrilla lam / 290,- utan servering.
18 års aldersgrense etter klyppeshowet.
–Jeg vil bare si at Sheep o Høy var fantastisk bra! Maten var glimrende, klippinga
var utrolig moro og Belfast Lads var geniale. Vi storkoste oss rett og slett,
og kommer definitivt tilbake!
Hege, tilfreds gjest
l
20
Meny
HEILGRILLA LAM
Låvende saker 2015
n
Onsdag 14. oktober
Kl 19.00. Ope gard frå kl 18.00
Lysbildeforedrag
Oddgeir Bruaset «Der ingen
skulle tru at nokon kunne bu»
Møt mannen bak ein av NRK sine største suksessar.
Gjennom ord og bilder let Oddgeir Bruaset oss få eit innblikk i kva som kjenneteiknar dei som lev liva sine på
stader utanom allfarveg. Og vi blir nærare kjent med
nokre av dei han har vore innom på sine eventyrlege
reportasjeferder. Sal av bøker etter foredraget.
I samarbeid med Midt-Gudbrandsdal Folkeakademi.
Billett kr 190,- / 100,- under 18 år.
– Rudi Gard står for kvalitet og verdier som er i tråd med våre verdier, og bidrar til
et imponerende mangfold av kultur, mattradisjoner og gode opplevelser til glede
for både døler og tilreisende. Derfor samarbeider vi aktivt med Rudi Gard.
Sparebank 1 Gudbrandsdal, adm banksjef Per Ivar Kleiven
l
Meny
GARDSKAFÉ
Låvende saker 2015
21
n
Laurdag 17. oktober
Kl 20.30. Ope gard frå kl 18.00
Ole J Bekkemellem & The Kingsmen
«Elvis – Mystery Train,
Heidal – Graceland»
Vælkome åt ei ohøgtidele konsertupplevels, som lettbeint
tek døkk mæ på ei musikalsk tidsreise gjennom The King
Of Rock’n Rolls liv og levnad. Essensielle låte gjennom
karriera hass, ihopbonde tå meir heill mindre interessante
anekdoto og betraktningo rondt Kongen.
Billett kr 290,- / 100,- under 18 år.
«Saman med musikarane Tor Arne Tofte, Vidar Hoel, Morten
Graff og Ole Erik Bjørnstadhaugen, sette Ole Jonny Bekkemellem ny standard i eit fullsett kulturhus denne kvelden.»
Fjuken
l
22
Meny
TRANCHERBIFF
Låvende saker 2015
n
Søndag 18. oktober
kl 12.00–16.00
Haustmartna med 4H
– for heile familien
«Kampen for tradisjonene» er navnet på eit prosjekt 4H
klubbane i Midt-Gudbrandsdal arbeider med i 2015. Meir
enn 200 ungdommar får gjennom 4H-året kjennskap til
tradisjonar, håndverk, dyrehald, jordbruk og foredling av
råvarer.
Denne dagen vil dei syne seg fram, selja varer og treffe
publikum.
Det blir kafe og servering, smaksprøver, utstilling,
demonstrasjon og ei rekkje aktivitetar som høver for heile
familien.
Inngang 50 kr/gratis under 18 år.
l
Meny
GARDSKAFÉ OG SMAKSPRØVER
Låvende saker 2015
23
n
Laurdag 28. november
Kl 19.00
Heimgjort julebord på Rudi Gard
Julebordet på Rudi byr på ekte, heimelaga julemat slik
det var på gardane i Gudbrandsdalen før i tida. Vår varme
velkomstdrink blir servert når feststemte gjester kjem til
gards. I låven får små og store grupper sine eigne bord,
og stemninga er sett for ein god kveld. På julebordet byr vi
på heimelaga godsaker som ekte sylte, juleskinke, rakfisk,
lutefisk, lammerull, hermetiserte kjøttkaker og alt tilbehør
som høyrer med. Maten er gjort i stand på gamaldags vis
av kjøkenfolka og gardens folk dei siste vekene. Når kalde
og varme rettar vel er servert blir det tradisjonelle
dessertar, kaffe og sju slag julekaker.
Mellom serveringene blir det musikk og underhaldning
som krydrar maten slik det høver ein Gudbrandsdalsk
førjulskveld, og etter maten blir det variert dansemusikk.
Velkomstdrink, heimgjort julebord, underhalding
og fest kr 790,-.
Vi tek også imot større grupper til eigne førjulsarrangement – ta gjerne kontakt!
– Dette var utvilsomt toppen på turen vår. Og jeg skal love deg at flere av oss vil
komme igjen, kanskje alle?. Jeg sprer det «gode budskap» til alle jeg treffer!
Bioforsk, Tingvoll
l
24
Meny
HEIMELAGA JULEBORD
Låvende saker 2015
n
Søndag 6. desember
Kl 12.00–16.00
Julemarked med håndverk, kunst,
mat og trivleg førjulsstemning
Med mangfoldige utstillarar, servering, musikk og godlukt
i låven er dette av årets trivlegaste dagar. Eit godt høve til
å skaffe dei siste julegavene er det også.
Blant utvalget er julekaker, handarbeid av dei fleste slag,
knivar, gudbrandsdalsmat, tresløyd, ullprodukt, kornband
og jultre med mykje meire.
Gratis inngang!
l
Meny
GARDSKAFÉ
Låvende saker 2015
25
l
Bedriftsarrangement, jubileum
og gjestebod på Rudi Gard
Grupper kan leige Rudi Gard til eigne arrangement.
Vi byr på spennande mat frå vårt gode kjøken. Vi tek imot
frå 10 til 500 gjester, og saman med gode medhjelparar
tilbyr vi spennande aktivitetar.
Servering av eit godt måltid for grupper før forestillingar
er også eit populært tilbod. Ta gjerne kontakt slik at vi
saman kan starte planlegginga av ditt arrangement.
Tlf 913 85 388 / [email protected]
– Takk for fantastisk mat og underholdning, dere bidro sterkt til at Det norske
fikk en kjempefin opplevelse :-)
Jeanette Tinholt, Administrasjonsleder i Det norske oljeselskap
26
Låvende saker 2015
Litt av det ungdommelege
personalet på Rudi Gard
Mange er delaktige i utforminga av såmmårprogrammet Låvende saker. Både publikum og artistar
kjem med mange forslag, og programmet blir sydd saman
av vertskapet, med kreativ medarbeider Vegard Moshagen
og kjøkensjef Wenche Kvebu som viktige bidragsytere.
Takk for godt samarbeid!
Nina og Øystein Rudi
Hovudsamarbeidsbedrifter
Samarbeidsbedrifter
Offentlege medspelarar
Dialecta
Billettar
www.billettservice.no
tlf 815 33133
www.rudigard.no
tlf 913 85 388
Billettar blir seld ved inngangen så lenge det er plass. Til større
forestillingar med stoloppsett er det nummererte plassar i
Rudilåven, og du kan sikre deg kremplass ved å vera tidleg ute.
Med atterhald om programendringar.
RONDABLIKK
OTTA
E6
SYGARD GRYTTING
Rudi Gard
VINSTRA
VENABU
HUNDORP
Rv 255
HARPEFOSS
SKÅBU
GÅLÅ
RINGEBU
FEFOR
PEER GYNT VEGEN
KVITFJELL
PEER GYNT VEGEN
RUTEN
SIKKILSDALEN
WADAHL
DALSETER
SKEI
JOTUNHEIMVEGEN
ESPEDALEN
FJELLKIRKE
E6
JETTEGRYTENE
«HELVETE»
BYGDIN
HUNDERFOSSEN
Rv 255
Samarbeidsbedrifter
med overnatting
HAFJELL
SEGALSTAD
BRU
FÅBERG
LILLEHAMMER
Overnatting
Sygard Grytting
Øvre Rudi
Wadahl Høgfjellshotell
Fefor Høyfjellshotell
Dale-Gudbrands Gard
OSLO
61 29 85 88
930 54 466
61 29 75 00
61 29 00 99
911 58 938
www.grytting.com
www.rudiovernatting.no
www.wadahl.no
www.fefor.no
www.dalegudbrands-gard.no
Rudi gard ligg langs E6, 70 km nord for Lillehammer
Koordinater: N: 68 27 190 Ø: 54 82 00
[email protected] - Mob 913 85 388
Rudivegen 40, 2647 Sør-fron