Programmet - Helse Førde

Lærings og meistringssenteret i Helse Førde HF arrangerar i samarbeid med Røde
kors Haugland Rehabiliteringssenter og United World College (UWC) kurs om
Migrasjonshelse 26. og 27. januar 2016.
Nasjonal Kompetansetjeneste for Migrasjonshelse (NAKMI) kjem til Førde for å gje
deltakarane ei innføring i mellom anna
•
•
•
•
helseutfordringar knytt til migrasjon
migrasjonshelse i klinisk praksis
bruk av tolk, kommunikasjon og språkbarrierar
psykisk helse hos innvandrarar
Stad:
Førde Sentralsjukehus, Auditoriet 2. etg.
Pris:
2 dagar kr 1000,1 dag kr 600,Inkludert kaffi/te, frukt og enkel
lunsj
Påmeldingsfrist 18. desember
2015
Påmelding skjer elektronisk via
Helse Førde sine internettsider:
http://www.laeringsportalen.no
Tysdag 26. januar
08.45 – 09.00 Velkomen!
v/Anette Wolff, Haugland internasjonale forskings- og utviklingssenter
09.00 – 09.45 Migrasjon til Norge – ei kort innføring
Kven migrerer til Norge- og kvifor
Levevilkår blant innvandrarar
v/Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse (NAKMI)
10.00 – 10.45 Migrasjon og helse
Kva skjer med helsa ved migrasjon
Ulike sjukdomsmønster i ulike grupper
v/ Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse (NAKMI)
11.00 – 11.45 Migrasjonens psykologi
Flukt, eksil og tilpassing
v/psykolog Mehdi Farshbaf
11.45 – 12.30 Lunsj
12.30 – 13.15 Ulik forståing av helse, sjukdom og behandling
Korleis kan ulik forståing påverke den einskilde?
Korleis kan vi best tilrettelegge for likeverdige helsetenester for alle
v/ Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse (NAKMI)
13.30 – 14.15 Fordomar
v/ Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse (NAKMI)
14.30 – 15-00 Å arbeide i eit fleirkulturelt miljø
Erfaring frå United World College (UWC)/internasjonal vidaregåande skule
v/helsesøster Hilary Hamper
15.00 – 15.30 Arbeid med born og familiar med flyktningbakgrunn
v/helsesøster Ann Kristin Førde
Onsdag 27. januar
Leiar for dagen: Arne Osland, United World College (UWC)
08.30 – 09.00 Kulturelt innslag
Studentar frå United World College
09.00 – 09.45 “Ei reisande historie”
v/lærar Daniel Toa Kwapong
10.00 – 11.00 Kommunikasjon og språkbarrierer (inkl. pause)
Korleis tilrettelegge for god kommunikasjon når pasienten snakkar lite norsk?
Strategiar for felles forståing
v/ Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse (NAKMI)
11.45 – 12.30 Lunsj
12.30 – 13.15 Kommunikasjon via tolk
Kvifor, korleis og kor tid skal ein bruke tolk
Bruk av kvalifisert tolk i helsetenesta
v/ Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse (NAKMI)
13.30 – 14.15 Arbeidsinnvandring – utfordringar og muligheiter for (kommune)helsetenesta
v/sjukepleiar Joanna Galek
14.30 – 15.15 Barrierar i helsevesenet og likeverdige helsetenester
Migrasjon og helse i klinisk praksis
Oppsummering og evaluering
v/ Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse (NAKMI)
Bidragsytarar:
Warsame Ali
Tittel: M.sc Applied Psychological Research
Stilling: Rådgjevar hos Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse NAKMI
Warsame Ali studerte Psykologi på Roehampton University i London. Master
i «Applied Psychological Research» 2010, med fokus på «Social Interaction».
Har tidlegare arbeidd som Trainee hos OMOD (Organisasjon mot Offentlig
Diskriminering) frå 2010-2011. Skal fyrst og fremst arbeide med metodeutvikling av eit
forebyggingsprosjekt mot rus retta mot ungdom med innvandrarbakgrunn. I tillegg jobbar han
som ein del av arbeidsgruppe til prosjektet «oppfølging etter 22/7».
Arild Aambø
Tittel: Lege, tidlegare spesialist i allmennmedisin, Veileder DNLF
Stilling: Seniorrådgjevar hos Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse
(NAKMI)
Arild Aambø er lege, utdanna i Bergen og godkjent spesialist i
allmennmedisin og veileiar i DNL i 1989. Etter ei lang periode som allmennpraktikar oppretta
han i 1994, i forbindelse med ein nasjonal satsing på Oslo indre aust, Primærmedisinsk
verksted – eit prosjekt for å utvikle metodar for helsefremmande arbeid i ei fleirkulturell
befolkning. Med base i dette prosjektet blei det utvikla metodar for helsefremmande arbeid i ei
fleirkulturell befolkning. Med base i dette prosjektet blei det utvikla og gjennomført ei rekke
andre prosjekt innan smittevern, helsestasjonsarbeid, helseinformasjon, skadelege tradisjonar,
sosial isolasjon osv.
Mehdi Farshbaf
Tittel: Psykolog og dr. gradsstepiendiat.
Stilling: Jobbar klinisk på Nordfjord Psykiatrisenter og forsker på kompleks
traumatisering og psykoterapi.
Mehdi Farshbaf har tidlegare jobba sju år med traumatiserte flyktningar ved Lovisenberg DPS i
Oslo. Har klinisk- og forskningsinteresse innan psykoanalyse, traumatisering, psykoterapi, rus
og politisk psykologi.
Hilary Hamper
Tittel: Sjukepleiar/jordmor/helsesøster.
Stilling: Helsesøster i Gaular og Fjaler kommune
Hilary Hamper er i frå Storbritannia. Ho kom til Fjaler og begynte å jobbe
som sjukepleiar ved United World College i 1995. Etter 2009 jobba ho som
helsesøster i Gaular og Fjaler kommune. Ho har erfaring frå arbeid med
flyktningar.
Daniel Toa-Kwapong
Tittel: Lærar ved UWC
Daniel Toa-Kwapong frå Ghana. Han studerte og jobba ved Universitet i
Ghana og International Institute for Aerospace Survey and Earth Sciences in
Nederland før han kom til Norge i 1988 for å studere Ressursgeografi og
Landskapsøkologi ved universitetet i Oslo. Seinare tok han Masters i Energy
Management ved BI. Daniel kom til UWC Red Cross Nordic i 1995. Han er i
ferd med å ta Doktorgradstudiet i Leadership and Management ved School of Advanced
Studies ved Universitetet i Phoenix.
Han og kona, Barbara og elever frå UWC Red Cross Nordic har danna ein organisasjon, Do
Remember Other People (DROP), som jobbar med renovering av skular i utlandet. Han er
også høgt interessert i tverrkulturell forståing, kommunikasjon og integrering.
Joanna Galek
Tittel: Sjukepleiar
Stilling: Høgskulelektor ved HiSF
Joanna Galek er sjukepleiar frå Polen. Ho kom til Norge i 2002. Ho har sidan
2009 vore høgskulelektor ved Avdeling for helsefag HiSF, Førde. Ho brenn
for verdig eldreomsorg, miljøterapi og velferdsteknologi.
Ann-Kristin Førde
Tittel: Helsesøster
Stilling: Helsesøster
Ann-Kristin Førde har vore helsesøster sidan 1996. Ho har jobba med
flyktningar og asylsøkjarar sidan 1999 på Flora Helsestasjon.