Årsrapport 2014

ÅRSMØTE 19. MARS 2015, for Leve, Sogn og Fjordane Fylkeslag.
Orger 998 920 612
Thon Hotels Jølster kl 18.00
AGENDA:
1) Velkomst v/leiar
2) Val av dirigent og sekretær
3) Godkjenning av agenda
4) Årsmelding for 2014 v/leiar
5) Økonomi/reknekap v/økonomisjef
6) Val av styremedlemmer og valnemnd
7)
Avslutning
ÅRSMELDING for 2014
1. Fylkesstyret; struktur og organisering.
STYRESAMANSETTING:
Sigurd Wahl Sande, Straumsnes, leiar ,
Nils-Petter Hauge, Stryn, kasserar
Hildegunn Støve, Stryn, sekretær
Anne-Len Vågane, Eikefjord
Eva Marie Pleym Lund, Raudeberg
Ingemund Holen, Førde
Vara:
Rasmus Felde, Dale
Eli Vikøren, Førde
Mette Elin Standal Sæter, Vevring
Ann Kristin Sæbø, Leikanger
Valnemnd:
Mette Elin Standal Sæter og Rasmus Felde
Årsmelding for 2014
1. FYLKESSTYRET
er på fleire måtar representativt: Medlemmer av begge kjønn (6 kvinner og 4 menn), bra fordeling
mellom etterlatne og fagfolk, og representantar både frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Eit
vedvarande problem er store avstandar, dårleg vegstandard og mangelfulle off. transporttilbod. Det
er i alle fall noko av forklaringa på varierande frammøte på styremøta. Vi kan kanskje lære av tiltak
hos andre med tilsvarande problem; ha ein del telefon- eller video-møte. Det som derimot ikkje
er problematisk, er styremedlemmenes engasjement, god stemning og gode relasjonar mellom
medlemmene. Fleire av styremedlemmene har vore med og trufast stilt opp gjennom (veldig) mange
år. Vi har ofte kjent på at det var godt å møtast.
Dei fleste styremøta har vi på Skei Hotell i Jølster; dvs. den mest sentrale samlingsstaden for dei
fleste ( men ikkje for dei som bur ytst på kysten). Vi hadde i fjor 7 styremøte i Fylkeslaget –noko
meir enn dei siste åra. I seg sjølv eit signal om at vi har hatt noko større aktivitet enn tidlegare.
2.Lokallag. Vi har ikkje lokallag i Sogn og Fjordane. Det er neppe praktisk muleg her.
3.Økonomi og finansiering.
Økonomien vår har fått eit oppsving og blitt betydeleg betra i løpet av 2014. Dette har direkte
samanheng med den store media-eksponeringa vi fekk, som utløyste merksemd og gåver frå mange
hald –også frå uventa hald. Eit lite døme: Ei dame i Førde skulle feire 50-årsdagen sin og hadde på
førehand informert gjestane om at ho hadde alt ho trengde, men ønskte at dei heller skulle gje ei
gåve til Leve i Sogn og Fjordane. Dama er verken etterlatt eller fagperson i vår samanheng og hadde
nyleg fått kjennskap til Leve gjennom NRK og lokalaviser. Veka etter fekk vi tilsendt vel 13000.kroner!
Vi viser elles til den vedlagde økonomirapporten frå økonomisjefen vår (sjå merknader vedlegg 1
nedst i dokumentet)
4. Aktivitetar
Ulike arrangement i samband med markering av Verdsdagen 2014 utgjer ein viktig del av
aktivitetane i fjor. På sjølve dagen hadde vi stand i Førde sentrum ved to av våre syremedlemmer;
Ingemund og Rasmus pluss Jorunn Fosse. God pr. for Leve sitt arbeid.
I oktober hadde vi dagsseminar på Høgskulen i Sogn og Fjordane, avd. Førde –obligatorisk for
avgangs-studentane. Glimrande føredragshaldar var Kari Dyregrov. To av styremedlemmene våre;
Nils-Petter og Hildegunn, hadde også innlegg og undervisning under seminaret.
Siste arrangement knytt til Verdsdagen var medlemssamling på Sandane i Nordfjord.
Føredragshaldar og inspirator Henning Herrestad. Vi vart ikkje så mange, berre 15, men vi trur
samlinga betydde mykje for dei som deltok, ikkje minst for 4 nye Leve-medlemmer. På samtlege tre
arrangement har vi berre fått positive tilbakemeldingar.
I 2014 prøve vi å få i gang to nye sorggrupper; ei i Vik i Sogn (i samarbeid med Vik kommune) og ei i
Nordfjord, leia av to styremedlemmer. Vi hadde fått klare meldingar om behovet, men då vi skulle
starte opp, viste det seg at berre to etterlatne ville eller vågde vere med i kvar gruppe. Tiltaka står
difor på vent. Derimot har vi nedlagt ein del arbeid i kontakt med tidlegare sorggruppe-medlemmer:
Ein fjelltur, ei kulturvandring, telefonsamtaler og tre gruppemøter. Då var det snakk om uttrykte og
ønske frå dei desse eks-gruppemedlemmene.
Fylkeslaget deltok på Landsmøtet i Son i slutten av mai –ved Anne-Len og Sigurd og leiaren på
fylkessamlinga i Oslo i november. Begge var lærerike og inspirerande samlingar. Opplevinga av å
høyre til og komme saman –pluss gjensynsglede- har betydd mykje for oss som var med.
Samarbeidsavtalen med RVTS har ikkje vore «aktivert» i 2014, for eit planlagt møte i oktober måtte
utsettast til febr. 2015. Men vi har konkrete planar om å aktivere samarbeidet.
Vi har inga registrert oversikt over kor mange henvendelsar styremedlemmene har fått frå
etterlatne eller andre som ønsker å få informasjon om Leve sitt arbeid, men vi veit at det blir ein god
del.l
Også dette året har vi i styret utgitt to nummer av vårt lokale Leve-Nytt, før sommarferien og før jul,
og desse blir utsende til alle våre medlemmer. Tidlegare leiar i fylkestyret, Eva, står for lay-out og
produksjon, medan Sigurd hovudsakleg står ansvarleg for innhaldet.
I 2014 fekk vi oppretta eiga Face-book side. Hildegunn og Eva administrerer sida. Og den blir brukt!
5. UNGDOM
Vi har diverre ikkje eige Unge Leve-arbeid i vårt fylke. Men den yngste i fylkesstyret, Anne-Len, har
god kontakt med leiinga der, og vi har planar om eit aktivt samarbeid.
6. MEDIA/EKSPONERING og POLITISK ARBEID.
Også i 2014 har vi i fleire høve vore synlege i media. Dei to mest profilerte tilfella skjedde i samband
med den før omtala saka med Fylkesmannen. Eit intervju i lokalavisa Fjordingen (sjå vedlegg) la
grunnlaget for eit enormt lokalt engasjement i Stryn. Fylkeslaget opplevde då eit konkret bevis på at
folk verkeleg bryr seg om dei som har det vanskeleg. Mellom anna fekk styret fleire telefonar frå folk
som ville bistå i LEVE-arbeidet.
Det andre arrangementet som gjorde mange merksame på LEVE sitt arbeide i fylket, var det NRK
Sogn og Fjordane som stod for (juni 2014). NRK sette av ei heil ettermiddagssending til dette temaet;
mellom anna blei Kari Dyregrov intervjua, Fylkesordføraren, Helseministeren osv. Journalisten i NRK
fortener stor ros for måten ho behandle tematikken på, og korleis ho møtte den einskilde ho snakka
med. Ho fekk «reklamert» for den nye handlingsplanen på ein god måte, samstundes som det blei
stilt ein del utfordrande spørsmål bla til Helseministeren. Også LEVE hadde ein sentral rolle i
programmet. Dette medførte at organisasjonen fekk meir økonomisk støtte frå heile fylket.
Oppsummerande ser vi at når sjølvmord blir handert på ein seriøs og heilskapleg måte, etablerer det
engasjement blant lyttarane. I praksis vil dette seie at programmet må vare så lenge at lyttaren får
tid til å tenke, tid til å forstå. Det fekk dei og gjennom NRK sitt program. Så takk til journalist Tone
Merete Lilllesvangstu.
Sluttord: Takk for informasjon og positiv kontakt, tolmod og oppmuntring frå Leves sekretariat. Takk
for innsats, omtanke og godt samarbeid i styret også dette året. Og takk til alle våre medlemmer som
gjennom dykkar medlemskap begrunnar og gir utgangspunkt for arbeidet vårt. Ei særskilt takk til alle
som har støtta oss økonomisk.
Straumsnes den 20. februar 2015, Sigurd W. Sande, leiar i fylkeslaget.
---
Vedlegg 1: Sidan regnskapsrapport ikkje ligg ved her, viser ein til merknader frå kasserar:
1. Fylkeslaget arbeider målretta med å knyte sine kostnader til laget si primæroppgåve
(omsorg for etterlatne: sorggrupper, krisehandtering, verdsdagen ol, samt oppgåver relatert
til sentralt nivå i organisasjonen). Alle desse tiltaka har også eit førebyggande element i seg.
2. Fylkeslaget fekk i 2014 inn gåver frå ei rekke verksemder, organisasjonar, Den Norske
Statskyrkja, kommunar, Høgskulen i Sogn og Fjordane og privatpersonar. Styret ønskjer å
takke kvar og ein for den viktige støtta som skal gå uavkorta til forebyggjande og
oppfølgande arbeid.:
Verksemder: Miljø Service AS, Fluor Lux, Høgskulen i Sogn og Fjordane, avd Førde.
Organisasjonar/Den Norske Kyrkja: Bulandet Sanitetslag, Kvinne- og Familieforbundet Nedstryn,
Mental Helse Stryn, Nedstryn Sokn, Stryn Redd Barna, Nordsida Sokn, Innvik Sokn, Oppstryn Sokn,
Stryn Ping Pong, Leikanger Sokn , Fagfoprbundet Eid, Røde Kors Besøkstjeneste Stryn, Luster
kommune, Aurland Kommune, IOGT Stryn
Det må kommenterast at Miljø Service AS i Stryn har skrive ein avtale som sikrar LEVE kr 20.000,over 3 år. LEVE ønskjer å takke denne verksemda særskilt for det store bidraget.
I tillegg gav 15 einskildpersonar si støtte til foreininga. Desse vert ikkje nemnde her av omsyn til
personvernet. Kvar gåve sikrar organisasjonen grunnlag for å oppretthalde aktiviteten.