12-04-15-7485-Stryneloeva april 2015

Stryneløva
Charterdato 18. april 1966
Ansvarleg for utgåva: Rasmus Guddal
April– 2015
Telefon: 992 72 557 E-post: [email protected]
Årgong 13- Nr. 08
Nordfjordsamling 9. april for klubbane i sona på Gloppen
Hotell
I denne
utgåva
Møtet vart opna med kulturinnslag av elevar frå 2. klasse på
musikklinja ved Firda v.g.s. Dei
framførde songar frå m.a Les
Miserables og Madrugada til
velfortent applaus frå dei frammøtte, mellom dei og 11 medlemer frå Stryn.
Aprilmøte
LC Stryn 09.04.15
1-2
Styret i Lions Club Stryn
2014-2015
 President:
Svanhild Valvik
Telefon: 915 71 331
E-post: [email protected]
 Visepresident:
Kolbein Fridtun
Telefon: 913 19 472
E-post: [email protected]
 Past president:
Rasmus Guddal
Telefon: 992 72 557
E-post: [email protected]
 Sekretær:
Andreas Solvik
Telefon: 917 73 123
E-post: [email protected]
 Kasserer:
Lorentz Hjelle
Telefon: 911 57 008
E-post: [email protected]
 Styremedlem:
Rolf Knutsen
Telefon: 909 71 281
Etter opning av møtet av presidenten i LC Sandane, Jon Gimmestad, fekk Frode Fagerli ordet til ei minnemarkering av 9.
april 1940. ”Aldri meir 9. april”
vart det sagt etter krigen, men i
dag brukar vi prosentvis mindre
av BNP til forsvar enn i åra før
krigen. Frode las og diktet 17.
mai 1940 av Nordahl Grieg.
Så var det Nordfjordingen då, er han framleis oppegåande? Georg Arnestad, sørstrending frå Gloppen, kulturforskar, amanuensis ved Høgskulen i Sogndal, redaktør og utdanna siviløkonom ved N.H.H. gav oss svaret. I følgje no avlidne Per Sandal, studiekamerat til redaktøren av Stryneløva, amanuensis i Sogndal og bror
til tidlegare fylkesordførar Nils Sandal er
”Nordfjordingen seig som hesten”. Men i følgje Arnestad har også Nordfjordingen endra seg med tida.
Side 2
Han peika og på at der er store skilnader mellom ytre og indre strok med omsyn til lynne,
mentalitet og veremåte. Identiteten er mest knytt til bygda. Vi vert likare dei andre, men
Arnestad kunne slå fast at Nordfjordingen lever i beste velgåande. Han kom og med nokre
artige samanlikningar mellom glopparar, stryningar, eidarar og ”folk ut i fjorda”. Etter redaktøren si meining kom stryningane svært godt ut av denne samanlikninga, utan å kommentere dette vidare.
Så var det som vanleg matøkt. Det vart servert hjortegryte m. tilbehør, heimelaga karamellpudding og kaffi. Det smakte godt og dei fleste vart meir
enn mette!
Så var det DG Kari Skuthe Smestad sin tur. ”When I meet
you face to face” song elevane ved starten på møtet, og
Kari gjorde desse orda til sine. Det er godt å møte dei ein
får rapportar frå og møter på nettet ansikt til ansikt. Kari
er fødd på Helgeland med foreldre frå Nøtterø, er gift
med ein sauebonde i Gudbrandsdalen og har møtt ulike
skikkar, men og lært seg respekt for andre som er ulike.
Alle må behandlast likeverdig. Verdiane gjorde at ho
kjende seg heime i Lions. Lionsklubben er ein stad der
ein kan vere seg sjølv og vere med på å hjelpe dei som treng det både i lokalsamfunnet og
ute i verda. Kari song og eigne songar om Lionsarbeidet.
Det har vore lite med eigenproduserte songar i LC Stryn etter at Asbjørn Havnen la inn årane. Stryneløva kjem her med ein klubbsong fritt etter Kari Skuthe Smestad. Kanskje kan denne nyttast på klubbmøta?
Klubbsong
Melodi : Aux Champs Elycee
Lions Stryn sin stolte flokk
med mot og optimisme nok
til innsats i vårt samfunn
der vi lever og bur
Vi er ein trufast, blanda gjeng
som ynskjer å gje litt igjen
til fellesskap lokalt, globalt og nasjonalt
Refreng:
Vår etiske norm
pregar åtferd og form
Vi pyntar oss med ”Røde Fjær”
og vil at alle, kvar især
skal gje av evner, krefter, tid og eigedom.
Då vil Stryneløva ønskje lukke til med Tulipanaksjonen og så møtest vi i mai.
Rasmus