AKSEPT AV KVA DET ER Å VERE MENNESKE

Pressemelding
Dato: 4. september 2015
AKSEPT AV KVA DET ER Å VERE MENNESKE
Verdensdagen for sjølvmordsførebygging 10. september 2015
10. september blir Verdensdagen for sjølvmordsførebygging markert. LEVE – Landsforeningen for
etterlatte ved selvmord, er nasjonal arrangør. LEVE sitt bodskap er at større aksept av oss sjølv og
andre - av kva det vil seie å vere menneske med både tap, kjensler av nederlag, sigrar og
opplevelse av mestring – har ein sjølvmordsførebyggende funksjon.
I Sogn og Fjordane vil dagen bli markert gjennom tre arrangement:
1) 7. september.
På Sogndal vgs møte LEVE 3. klassingane frå kl 12:00 – 15:30. Ein reprsentant frå Unge Leve Marthe Mathiesen, vil snakke mykje omkring eigne erfaringar som etterlatt, men også om
det å meistre livet i motgang – eit viktig bodskap til unge.
2) 10. september
Verdsdagen for sjølvmordsførebygging blir markert med lystenning og informasjon om LEVE
sitt arbeid i Førde sentrum. Det vil bli tent lys til minne for alle dei som sjølv har enda livet
sitt i fylket.
3) 24-25. oktober
Samling for etterlatne ved sjølvmord. Gloppen Hotel / Sandane. LEVE arrangerer ei helg med
stort rom for samtaler, kultur og god mat.
For mer informasjon om markering av Verdensdagen i (fylkeslag), ta kontakt med styreleiar i LEVE,
Sogn og Fjordane Nils-Petter Hauge ([email protected]. Sjå også www.leve.no
Helsing
LEVE, Sogn og Fjordane fylkeslag