Halsnøy livet i strandsona

LIVET I STRANDSONA
LIFE IN THE SHORELINE
N
Strandsona er eit av dei rikaste og
mest mangfaldige dyre og plantemiljøa ein finn i naturen. I dette
området mellom sjø og land finn
du ei stor mengd med ulike artar. Her lever fuglar, fisk, krepsdyr,
insektar, skjell, sniglar, mark, tang
og tare og monge andre skapningar, planter og alger. Her på tavla er
nokon av dei presentert.
1
Sildemåke
Tjeld
3
2
5
Gå gjerne på opplevingsferd og sjå
kor mange du finn.
GB
The seashore is home to some of
nature’s richest and most diverse
animal and plant life. Here, in the
strip that separates dry land from
the sea, you’ll find a wealth of different
species: birds, fish, crustaceans, insects,
shellfish, snails, worms, seaweed,
kelp, and many other creatures,
plants and algae. Some of them are
shown here.
Sildemåke
4B
Hegre
Blåskjel
Sjøstjerne
Blodsjøstjerne
1
2
3
STRANDVOLL OG GRASBAKKAR
Dette er ei overgangssone
mellom land og sjø, som
påverkast av saltsprøyt og
næring fra tang og tare
som blir skylt i land. Her
fint ein eit rikt dyreliv av
ulike insekt og tanglopper.
Dette er eit beiteområde for
fuglar som måsar, ender,
gjess, spove, vipe og andre
trekkande vadefuglar.
STRAND
Bølgjer som slår inn over
stranda når det bles, rullar steinane og skapar eit
krevjande miljø for artane
som lever her. Her finn me
få, men spesialiserte arter
som sniglar, sjøanemonar,
eremittkreps, strandkrabber og små krepsdyr som
tanglopper. Godt beskytta
nede i sanden lever sandmark og hjerteskjel. På dei
store steinane som ikkje
rullar finn ein grisetang og
andre algar
FJØREPYTTAR
Er små skjerma oasar, men
kan ofte ha eit svært vekslande saltinnhald. Når det
regnar mykje kan vatnet
verta nesten ferskt, og når
sola tørkar ut dammane blir
pyttane veldig salte. Difor
er det få algar som likar
seg her, berre litt brunsli,
vorterugl og ulike grønalgar. I den store fjørepytten finn ein strandreker,
sandkutlingar, eremittkreps
og strandkrabbar.
Why not go exploring and see how
many you can find?
Hjerteskjel
Sjøanemone
Strandkrabbe
4
Berggylte
a
HARDBOTN, FJØRESONE
Artane som lever her må
kunne finna feste på berget
for å ikkje bli tatt av straum
og bøljeslag. I fjøresona må
òg artane tåle å bli tørrlagt
to gonger om dagen når
det er fjøre sjø. Tangartane
veks her i ulike belte bestemt av kor mykje dei ulike artane tåler av tørrlegging. Øvst finn ein sauetang
og spiraltang over blæretang
og grisetang, nedst finn ein
sagtanga som veks i det vi
kallar sjøsona. Innimellom
tanga kan ein finne småalgar
som grønndusk, vorteflik og
krusflik. I fjøresona lever
albuesnegl, strandsnegl,
purpursnegl og rur på
berget.
Blæretang
Let alltid att grinder.
Hund skal haldes i band.
Trakk ikkje på dyrka mark.
Far varsamt i høve kulturminne.
Takk for at du tek med deg alt boss.
4A
4
HARDBOTN, SJØSONE
Her dannar sagtang, fingertare, sukkertare og stortare
eit tredimensjonalt habitat
for små krepsdyr og fisk.
Her søm myriadar av tangkutlingar og stimar med
leppefisk som grøngylt,
grasgylt, bergnebb og
berggylte. I tareskogen er
det ein tett undervegetasjon av fine raudalgar og
brunalgar. På berget nedover finn ein mange ulike
pigghuder som blodsjøstjerne, rød kråkebolle, rød
sjøpølse, sypute, piggsjøstjerne, kamsjøstjerne og
vanlig korstroll.
Strandkrabbe
Eremittkreps
Rur
5
b
SANDVIKA
I vika er det vekslande botn Albueskjel
med skjelsand og finare (snegl)
sand. På 3-4 meters djup
veks det ålegras og nedover
sandslettene til tretti meters
djup finn ein kjerringhår,
sukkertare, små stortare og
raudalgar festa til mindre
steinar. Nedi den mjuke Blodsjøstjerne
sandbotn lever tusenvis av
børstemakk som filtrerer
opp små sandhaugar på
botnen. I bukta er det også
masse kuskjel, nokre østers
og eit og anna kamskjel.
Strandreke
Albueskjel
(snegl)
Blåskjel
Strandsnegl
Tekst og illustrasjoner. Havforskningsinstituttet
Redaksjon: Arkikon og Hordaland fylkeskommune
Grafisk formgjeving: Arkikon / Geir Goosen
s t ø t t a av s p a re b a n k e n v e s t , h o r d a l a n d f y l k e s k o m m u n e , f j e l l b e rg k ra f t l a g o g g j e n s i d i g e s t i f t i n g a