Halsnøy Steinring og heilagplass

STEINRING/HEILAGPLASS
FREDA KULTURMINNE / PRESERVED CULTURAL HERITAGE
N
Steinringen som ein kan sjå restar av her,
har vore tolka som tingplass, kampplass
eller ein heilag stad (horg). Steinringen har
eit tverrmål på 17–20 meter, og slike steinringar har òg blitt tolka som gravminne
utan lik (såkalla kenotaf) frå eldre jarnalder.
Utsyn frå steinsirkelen før gjengroinga. Lokalt heiter området Breidablikk. Norrøn mytologi fortel at Balder budde på Breidablikk, i følgje lokale segner er steinringen på Halsnøy Balder sitt gudesete.
GB
The stone circle you see here is often described by local people as an assembly
place or a pre-Christian place of worship.
This type of stone circle is very rare and
is found in only a few other locations in
Norway. Originally the circle consisted of
64 standing stones and was 17–20 metres
(55–65 feet) in diameter, but many of the
stones are now gone.
Stone circles of this kind are often believed
to be cenotaphs – monuments to people
buried elsewhere. An archaeological excavation in 1942 found no traces of burials.
The stone circle was most likely a sacred
site for pre-Christian rituals.
Kanskje representerer desse steinringane livshjulet, verdsaltet eller sola sin gang, på ein stad
der ein kommuniserte med gudane og/eller forfedrane? Og kanskje er nettopp dette anlegget her
eit slikt horg?
STEINRINGEN
Lokalt er slike steinringar ofte omtala som tingplassar eller kampplassar. Denne typen steinringar
er svært sjeldne, og finst berre nokre få andre
stader her i landet.
Då steinringen først blei dokumentert og omtala
på 1800-talet, blei han skildra som sirkelrund
og beståande av 64 steinar som stakk opp ca. 30
cm over marka. I nordenden var det ei opning, og
om lag fem meter frå opninga låg tre store steinar
med den flate sida opp, lagde i ein trekant. Trass i
den liggjande posisjonen var desse steinane
høgare enn dei i ringen. Steinringen blei undersøkt arkeologisk i 1942 utan at det blei funne noka
grav inni den.
KULTPLASS
Tolkinga som lokal tingplass har som nemnt vore
vanleg for slike steinringar. Lokaliseringa på
toppen av ei høgd med vidt utsyn kan ha vore
viktig for staden som eit mogeleg lokalt samlingspunkt.
I Eddadiktet Hyndleljod seier gudinna Frøya om sin yndling Ottar:
Han bygde meg ein horg
stabla av steinar
nå alle steinar
glinsar som glas.
Han raudfarga det på nytt
med blod frå naut.
Ottar har alltid trudd
på gudinner.
W. F. K. Christies teikning av steinsirkelen frå 1824.
På same måten som kyrkjebakken var eit felles
samlingspunkt for lokalsamfunna i seinare tider,
har truleg offerstader, hov eller horg vore det i førkristen tid.
Hov føregjekk då også gjerne i gildehallen på
garden til den lokale stormannen. Her blei både
makta og kulten utøvd, under leiing og overoppsyn av den lokale høvdingen.
Det norrøne ordet ”horgr” tyder steinsetjing, ein
haug eller ei røys, noko som igjen tyder på ein
kultstad utomhus. På same måten er ”hov” språkleg
det same som ”hof” – bondegard.
Det er mogeleg at horga utomhus representerte
ein felles kultstad som var utanfor den lokale
leiaren sin kontroll. Truleg har slike steinringar
med opphøgde steinar fungert som eit altar
eller ein offerstad for den lokale kulten.
Ifølgje skriftlege kjelder var det gjerne sett opp
gudefigurar på slike horg, og enkelte stader kunne
det òg vere reist ein enkel kultbygning. Det som
blei ofra på slike stader, var etter alt å døma matog slaktoffer. Kjelda fortel at horga blei farga raude
av blodet frå ofringa. Om ein også ofra menneske,
er omdiskutert.
På 17–1800-talet blei mange av steinane her fjerna
for å byggja steingjerde. Allereie i 1824 var det
berre svake spor att etter steinringen, og det kan i
dag vera vanskeleg å sjå steinringen i terrenget.
Germansk tingsamling avbilda på Trajansøyla i Rom.
Den romerske historikaren
Publius Cornelius Tacitus (ca.
56–177 e.Kr) skreiv korleis
dei nordeuropeiske germanske
stammene organiserte slike offisielle almannamøte i det første århundret:
”Mindre saker er det opp til høvdingane å avgjera, men for
viktige saker med meir alvorlege konsekvensar er det opp til
folket å avgjera. Dei samlar seg på fastlagde dagar, enten når
månefasen endrar seg, eller er full, då dei reknar dette for å vera
det mest gunstige tidspunktet for å starta forhandlingar. (...)
Dei set seg ned uorganisert, alle er væpna, og prestane sørgjer
for ro. Så talar kongen og deretter dei andre etter alder, rang,
dugleik i krig eller talegåver. Kvar talar sin innverknad kviler
på evna hans til å overtyda, og ikkje på leiarautoriteten hans.
Dersom forslaget ikkje fell i smak, blir det avvist med
uartikulert mumling, og dersom forslaget er populært, lyfter
dei spjuta sine som stadfesting. Den mest ærerike måten å visa
samtykket sitt på, er å applaudera ved å rasla med våpna.
På tinget kan ein seia fram skuldingar og fella dom i alvorlege brotsverk. Straffene varierer etter kor alvorleg brotsverket
er. Svikarar og desertørar blir hengde i trer. Feigingar,
unnasluntrarar og slike som driv med unaturleg utukt, blir
kvelte under vidjer i myr eller gjørme. (...) Ved mindre misferd
er straffa knytt til kor alvorleg misferda er, og den skuldige blir
dømd til å betala ei viss mengd hestar eller kyr i vederlag. Delar
av vederlaget tilkjem kongen eller samfunnet, og delar til han
som er offer eller dei næraste slektningane hans.
På desse møta vel ein også høvdingar og leiarar som er dei som
avgjer rettstvistar i sine landsbyar og lokale sokner.Til kvar av
desse leiarane blir det valt hundre personar frå folket som skal
følgja han og gje autoritet, og hjelpa til med råd. ”
Tingsystemet her i landet var etter alt å døma
ein arv frå dei germanske stammene sin måte å
ordna opp i rettstvistar på. Truleg er Tacitus sine
skildringar ikkje så langt unna slik tingsamlingane
også gjekk føre seg her heime i førkristen tid.
Om steinringen her på Halsnøy faktisk har vore
ein del av eit slikt system, veit vi derimot ikkje.
KULTURMINNE:
DETTE ER EIT VERNEVERDIG KULTURMINNE: EIN DEL AV VÅR FELLES KULTURARV.
KULTURMINNE ER FREDA AV LOV OM KULTURMINNE. VIS RESPEKT OG OMTANKE.
KVINNHERAD KOMMUNE, HORDALAND FYLKESKOMMUNE
Let alltid att grinder.
Hund skal haldes i band.
Trakk ikkje på dyrka mark.
Far varsamt i høve kulturminne.
Takk for at du tek med deg alt boss.
Tekst, bilder og kart: Arkikon
Redaksjon: Arkikon og Hordaland fylkeskommune
Grafisk formgjeving: Arkikon / Geir Goosen
s t ø t t a av s p a re b a n k e n v e s t , h o r d a l a n d f y l k e s k o m m u n e , f j e l l b e rg k ra f t l a g o g g j e n s i d i g e s t i f t i n g a