Halsnøy kloster - Hordaland fylkeskommune

HALSNØY KLOSTER
FREDA KULTURMINNE / PRESERVED CULTURAL HERITAGE
N
GB
Klosteret på Halsnøy var eitt av fem
augustinaranlegg i Noreg i mellomalderen, bygd kring 1300, men det har
vore klosterdrift her heilt sidan 1100talet. Tradisjonen seier at det første klosteret
vart bygt av Erling Skakke i 1164, då den
fem år gamle sonen hans, Magnus, skulle
kronast til konge av Noreg.
Halsnøy abbey was one of five Augustinian monasteries in medieval Norway. It
was built around 1300, but there had been
a monastic presence here since the 12th
century.
According to legend, the first monastery
was built by Erling Skakke (1115–79) in
1164 to mark the coronation of his fiveyear-old son, Magnus, as king of Norway.
Immediately prior to the Reformation,
Halsnøy abbey possessed the largest estate
of any Norwegian monastery. As such, it
was a powerful economic force and conducted extensive trade.
skålgropsteinen
Bergbileta på denne steinen
er dei einaste helleristningane på Halsnøy og Fjelbergøyane, og dei er truleg frå
bronsealder – altså minst
2500 år gamle. Motiva på
steinen er skålgroper og
fotsolar. Av Hordaland sine
Skålgropsteinen ligg no i Klosterbrygga.
171 kjende helleristningar
Kor den låg opprinneleg, er ikkje kjend.
finst det skålgroper på
139 av dei, noko som gjer gropene til det vanlegaste og samstundes mest gåtefulle motivet. Ristningane har truleg vore del
av ein fruktbarheitsreligion, og desse motiva er funne over
heile Skandinavia. Dette tyder på at dei truleg har hatt ei felles
tyding, og at dei er uttrykk for eit nokså einsarta kulturfellesskap.
tolking
Den mest utbreidde tolkinga er at gropene var offerskåler, der mat,
drikke eller kanskje blod blei ofra under religiøse ritual. Kanskje
symboliserer dei elden, då dei liknar gropene ein laga i trestykke når
ein laga eld med bogedrill i førhistorisk tid? Dei er også tolka som eit
symbol på fruktbarheit og som symbol på eigarskap og bruksrett.
fotsolar
Fotsolar i kontur eller med markerte tær finst ofte parvis som
her. Dei har vore tolka som gudane, eller kanskje forfedrane sine
fotavtrykk – eit symbol på deira nærvær.
KLOSTERET
Det første klosteret brann ned etter om
lag 100 år. Det nye klosteret blei bygt i
kleberstein i gotisk stil. Halsnøy kloster
fekk i løpet av mellomalderen store jordeigedomar, og ved inngangen til reformasjonen hadde Halsnøy kloster det største
jordegodset av alle norske kloster. Klosteret
vart såleis ein stor økonomisk maktfaktor og dreiv
med utstrakt handel i inn- og utland.
Dei første munkane kom truleg frå Wellowklosteret utanfor Grimsby i Nord-England. Dei var
”kannikar”, som tyder prestelærde. Dei heldt tidebøner og gudstenester og sytte for kyrkjelyden si
sjelesorg. Med seg frå England tok dei ny kunnskap
om byggjeskikk og kalkbrenning, noko
som etter kvart gav klosteret og bygdene
omkring gode inntekter.
Dei må ha vore dyktige handelsfolk,
sidan klosteret etter kvart la under
seg store landeigedomar. Frå desse
eigedomane fekk klosteret inntekter i form av naturalia; t.d. smør,
skinn, fisk, never og frukt. Varene
blei selde vidare både i Noreg og til
utlandet.
Halsnøy kloster hadde eigne båtar til frakt av varene,
og eigne handelsbuer og bygardar i Bergen. Mykje
av inntektene blei investert i dei store bygningsanlegga.
indre klosteranlegget og kyrkjeruinen rive av løytnant Andreas Juel, og nytt våningshus blei bygd av
steinen. I 1956 kjøpte Sunnhordland Folkemuseum
klostertunet, som omfattar klosterruinane, våningshuset frå 1841, hageanlegg, naust og bryggje.
BYGGA
Klosteret blei som nemnt bygt i kleberstein, med
såkalla kistemurar bundne saman av, og dekte med
kvit kalkmørtel. Utvinning av kalkstein og kalkbrenning er kjend i Sunnhordland frå mellomalderen. Den første gongen kalkbrenning er nemnt i
skriftlege kjelder, er faktisk i samband med klosteret.
Kyrkja, som var den dominerande bygningen, har
truleg vorte skadd tidleg. I dag står berre ein liten rest
att frå det sør-austre hjørne. Det er det ytre klosteranlegget som er best bevart. Vestfløyen står under
tak og inneheld restar etter bakaromnar, malttørke
og røykomn.
Murrestar i det sør-vestre hjørne har vore årsak til
mange spekulasjonar. Kanskje har det vore badstove,
eller kanskje kisterom, eller kanskje noko heilt anna?
Nordfløyen har òg tak og inneheld fire mindre rom
som var nytta fram til nyare tid.
REFORMASJONEN
Ved reformasjonen i 1536 blei klosteret lagt ned og
gjekk då over til å vera krongods, på same måten
DAGENS ANLEGG
Ruinane utan tak er dels prega av restaurering på
1930-talet. Fleire av dei var truleg grunnhøgd i
våningshuset som vart rive kring 1841, då det nye
bustadhuset vart teke i bruk. Dette siste bygget er
sentrum i museumsområdet Halsnøy kloster, som
elles består av ruinar, park med store edellauvtre,
bryggje og naust. Det er òg laga til kulturløype i
nærområdet.
Plan over klosteret (etter H.E.Lidén)
som mange andre klostereigedomar i Noreg. Frå
1539–1659 blei Halsnøy kloster organisert som eit
len med eigen lensherre og fengsel. Gjest Baardsen
sat her i 1814, men rømde ved å grave seg ut under
døra. I 1664 gjekk klosteret inn under Bergenhus
stiftamt og blei drive som futedistrikt saman med
Hardanger og Voss.
JUEL FAMILIEN
Futen, kammerråd Andreas Juel fekk i 1758 kjøpt
futegarden Kloster, og frå 1758 og fram til 1956
har garden Kloster blitt driven som storgard/herregard av Juel-familien. Kring 1840 blei restane av det
Sunnhordland Museum har eigd museumsområdet
sidan 1955 og nyttar det som ein kulturell arena
med omvising for turistar, skulebesøk, foredrag,
konsertar, utstillingar og ulike aktivitetar.
Museet skipar årleg til arrangementet Klosterdagen,
med god hjelp frå eit aktivt venelag. Venelaget vart
stifta i 1986 og driv med dugnad og syter for praktisk organisering og hjelp til ei rekkje av dei kulturelle tilskipingane ved Halsnøy kloster.
Følgjer du kulturløypa rundt i området, kan du
oppleva eit rikt kulturlandskap og fleire ulike skilta
kulturminne.
Augustinarmunk
KULTURMINNE:
KLOSTERET ER EIT VERNEVERDIG KULTURMINNE: EIN DEL AV VÅR FELLES
KULTURARV. KULTURMINNE ER FREDA AV LOV OM KULTURMINNE. VIS RESPEKT
OG OMTANKE. KVINNHERAD KOMMUNE, HORDALAND FYLKESKOMMUNE
Let alltid att grinder.
Hund skal haldes i band.
Trakk ikkje på dyrka mark.
Far varsamt i høve kulturminne.
Takk for at du tek med deg alt boss.
Tekst, bilder og kart: Arkikon
Redaksjon: Arkikon og Hordaland fylkeskommune
Grafisk formgjeving: Arkikon / Geir Goosen
s t ø t t a av s p a re b a n k e n v e s t , h o r d a l a n d f y l k e s k o m m u n e , f j e l l b e rg k ra f t l a g o g g j e n s i d i g e s t i f t i n g a