Kvinneklinikken Kontaktinformasjon Føde-barselavdeling Kristiansund sykehus (3. etg.): 71 12 18 05 Molde sykehus (4. etg.): 71 12 17 60 Volda sjukehus (3. etg.): 70 05 83 61 Ålesund sjukehus (8. etg.): 70 10 59 40 / 70 10 59 28 Velkommen til Føde-barselavdelingane i Møre og Romsdal Informasjon til deg som er gravid Det er besøksparkering mot betaling på tilviste områder ved alle fire sjukehus. Det å bli foreldre er eit stort mirakel! Barnet treng foreldra si fulle merksemd den første tida. Vi tilrår difor vi å minimalisere mobilbruken under opphaldet i føde- og barselavdelinga For meir informasjon om oss sjå internett: www.helse-mr.no Revidert: Mars 2015 www.helse-mr.no Etter fødselen Ved innlegging Det er viktig at du ringer fødeavdelinga før du kjem til sjukehuset. Telefonnummer finn du på siste side. Du er velkommen til å ha med barnefar/partner eller ein annan støtteperson under fødselen. Du møter direkte i fødeavdelinga der jordmor vil ta hand om deg gjennom fødselen. Ved behov samarbeider jordmor og lege/gynekolog om oppfølging. Ta med: Helsekort for gravide Svar på blodprøver tatt i svangerskapet Toalettsaker, klede og sko til innebruk Dersom du brukar medisinar tar du også dei med Tubetopp eller beresjal er ein fin måte å legge til rette for hud-til-hud kontakt mellom barn og foreldre og samtidig gunstig for amminga. Les meir om bruk av tubetopp her: http://www.nrk.no/livsstil/anbefaler-alle-a-putte-babyen-i-en-_tube_1.12165643%20.%20 Pengar og verdisaker tek du med på eige ansvar. Sjukehuset er i dei fleste høve ikkje ansvarleg for pasientar sine verdisaker/pengar. Overflytting frå fødeavdelinga til barseleininga skjer få timar etter fødselen. Barnefar/ledsagar og barnets søsken velkommen i avdelinga. Du har høve til å ta i mot besøk av barnets besteforeldre i tida kl 18.00 – 19.00. Avdelinga er ikkje open for andre besøkande. Om forholda ligg til rette er det er høve for barnefar/ledsagar å vere tilstades heile døgnet. Målet er at alle som ønskjer det får tilbodet. Søsken er velkommen på besøk, men det er ikkje rom for dei til overnatting. Opphald i familierom for far/ partner inkluderer måltid og har ein døgnpris p.t. på kr 350,-. Giro blir sendt i etterkant av opphaldet. Nytt tida i barselavdelinga til å bli godt kjent med barnet. Du/dykk vil få støtte og veiledning til amming, råd om stell og tolking av barnets signal og samtale om fødselen og tida etter heimkomst. I brosjyren ”Velkomen til barselopphald…” kan du lese meir om den første tida – husk å ta den med når du reiser heim. Som førstegongsfødande reiser du vanlegvis heim 3. dag etter fødselen, som fleirgongsfødande 2. dag, og etter planlagd keisarsnitt 3. dag. Det vil likevel bli gjort individuell vurdering i samarbeid med lege/jordmor. Dersom helsestasjonen ikkje er open har du dei 2 første vekene etter fødselen høve til å kontakte barselavdelinga/ammepoliklinikken. Telefonnummer finn du på siste side i brosjyren. Det er ikkje høve til å ta bilde/film av personalet utan først å be om løyve. OBS! Har du dei siste 12 månadane vore i kontakt med helseteneste i utlandet kan det vere risiko for at du har blitt utsett for MRSA-smitte, eller annan multiresistent bakterie-smitte. Før du kjem til sjukehuset må du då teste deg hos fastlege/jordmor. www.helse-mr.no Det er nyttig for deg å kjenne til Ammehjelpen: sjå Ammehjelpen.no for meir informasjon www.helse-mr.no
© Copyright 2024