Kommune- strukturen og Harald Hårfagre

nn Debatt nn
2
Onsdag 14. januar 2015 • SOGN AVIS
Brøyting og
rørslehemma
SOGN AVIS SIN OMTALE av brøytinga
i Sogndal har tydleg skapt oppstyr i
korridorane på heradshuset.
DET ER BRA, for då kan det kanskje vera von
om at det vil skje noko?
Vonde tunger vil ha det
til at dette
skjer fordi
kommunen
uansett ikkje
får inntekter
på parkeringsplassane for
funksjonshemma.
LIKEVEL, NÅR ORDFØRAR Jarle
Aarvoll og rådmann Jostein Aanestad,
i staden for å ta eit einaste lite fnugg
av sjølvkritikk, brukar mykje tid
og krefter på å skulda Sogn Avis for
faktiske feil, så lurer me litt.
Nyttårsforsett;
gjer landet vårt
mindre giftig!
DET ER I eit lesarinnlegg, på
trykk laurdag 10. januar, at dei to
kommunetoppane går laus på Sogn
Avis, for innhald både i reportasjar og
i ein leiarartikkel.
DET ER LITT vanskeleg for oss å ta
stilling til den første faktafeilen som
blir ramsa opp, sidan dette har med
ein dialog mellom Edin Fortun og
kommunen å gjera.
Lyspæra som gjekk i gangen,
det halvtomme malingspannet i boden, batteria i kjøkkenskuffa og iPaden som
knuste – lista er lang over
produkt me har rundt oss
som kan innehalde miljøgifter. Mange veit ikkje at desse
miljøgiftene kan føre til store
skader på menneske, dyr og
natur om dei ikkje vert levert
til godkjent behandling når
dei skal kastast.
Nokre av dei miljøgiftige
stoffa kan til dømes vera
kreft-, astma- og allergiframkallande, eller føre til fosterskadar. Difor er det ekstra
viktig at miljøfarleg avfall
vert kjeldesortert rett.
På våre miljøstasjonar kan
du levera miljøfarleg avfall,
og det beste av alt – det er
gratis for hushaldningar. Me
i SIMAS sørgjer for at det
miljøfarlege avfallet blir
teke hand om på best mogleg
måte. Dei farlege stoffa vert
fjerna, slik at dei ikkje kjem
ut i naturen. Det som kan
vinnast att av til dømes plast,
redaksjon
sognavis.no
MEN ELLES KAN me gjerne ta sjølvkritikk
for at me, til liks med eit varamedlem til
formannskapet i Sogndal, ikkje visste kven
som har brøyteansvar på Fjordstien ved
Sjøkanten og i Gravensteinsgata.
NÅR DET GJELD spørsmåla me stilte til
ordføraren, så var me sjølvsagt ikkje kritiske
til at han svara, men snarare at det var
meir naturleg at nokon som sit nærmare
brøytebilen kanskje burde ha uttalt seg om
kvaliteten på brøytinga.
SJØLV OM KOMMUNETOPPANE openbert
er meir opptekne av at lokalavisa har vore
upresis med nokre fakta om brøytinga,
enn sjølve brøytinga, så kan dei kanskje
svara på kvifor det – i minst to veker – heilt
systematisk, (og dermed planlagt?) er lagra
snø på parkeringsplassar som er skilta for
rørslehemma på Fossetunet midt i sentrum?
SOGN AVIS HAR bilete som dokumenterer
at det minst sidan 2. januar ikkje har vore
mogleg å parkera på denne pareringsplassen.
VONDE TUNGER VIL ha det til at dette skjer
fordi kommunen uansett ikkje får inntekter
på parkeringsplassane for funksjonshemma.
er ei partipolitisk
uavhengig avis for Indre
Sogn. Avisa blir trykt
hjå Sogn og Fjordane
Avistrykk as, Førde,
REDAKTØR:
Jan Inge Fardal
DAGLEG LEIAR:
Leif Johannes Lunde
www.sognavis.no
FYLKESLEIAR ARVE MJØMEN i Høgre
har laga sitt eige medierekneskap, der
konklusjonen er at media i fylket har
ei raudgrøn slagside, og at stakkars
stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå
Hornindal har vore og er ein hakkekylling
som journalistane alltid er stygge med.
Snakk om å gjera nokon ei bjørneteneste ...
Sei meininga di om leiaren på sognatreff.no
ME HAR SVÆRT vanskeleg for å tru at
kommunen kan vera så kynisk og reknar
med at kommunetoppane, ordførar Jarle
Aarvoll og rådmann Jostein Aanestad kan
forklara korleis det har seg slik at snøen,
heilt systematisk blir lagra på denne
parkeringsplassen for rørslehemma ?
Ei heilt ekte
bjørneteneste
TENK MILJØ: Tenk før du kastar batteri og liknande giftig avfall i bosset, oppmodar Tone Mykebust.
metall og glas vert til nye
ting. Elektriske og elektroniske produkt kan også leveras i
butikkar som sel tilsvarande
produkt. Innlevering er gratis, og du treng ikkje kjøpe
nytt. Det er med andre ord
enkelt å levere rett!
Er du usikker på om noko
er miljøfarleg avfall eller
ikkje, lever det til godkjent
behandling for å vere på den
sikre sida. Våre medarbeidarar på miljøstasjonane er glade for å hjelpa deg om du har
spørsmål. Du kan også sjekke
forbrukarportalen sortere.
no. Her får du svar på korleis
avfall skal sorterast og kvar
det kan leverast.
Korleis du bruker produkta
dine er opp til deg, men kvar
du kastar dei angår oss alle.
Takk for at du hjelper oss til
å gjere landet vårt mindre
giftig. Me ynskjer dykk alle
eit godt nytt miljøvennleg år!
Tone Myklebust
SIMAS IKS
Kaupanger
Kommunestrukturen og
Harald
Hårfagre
Mange takk til Christoffer
Knagenhjelm for den spenstige kronikken i Sogn Avis
no 10. januar. Det Harald
Hårfagre stod for kan gjerne
brukast i dagens ordskifte
om kommunesamanslåingar.
Han var halvt sogning av ætt
og i tillegg levde han grunnleggjande ungdomsår her i
Sogn. Dette bør sogningane
ta til seg, i større grad enn
det som er tilfellet så langt.
Eit steg i same lei som
Knagenhjelm tek til orde for,
er å gjere Harald Hårfagre
synleg i dagens Sogn, t.d. i
turistbrosjyrar. Ved eit søk
på internett finn eg Harald
Hårfagres gate/veg/plass i ei
lang rekkje byar, over heile
landet. Er det meir naturleg at Harald Hårfagre skal
knytast til Sandnessjøen
enn Leikanger? Dersom
Leikanger ikkje bryr seg
vil Sogndal vere det beste
alternativet.
Steinar Velle