Håkonarminnet - Hordaland fylkeskommune

HÅKONARPARKEN
SLAGET PÅ FITJAR / THE BATTLE OF FITJAR / DIE SCHLACHT AUF FITJAR
N
I Håkonarparken står statuen av Håkon den gode som fall i
slaget på Fitjar i 961. Statuen vart avduka av Kong Olav V 18.
juni 1961 under stor festivitas.
Håkon den gode var son til Harald Hårfagre og Tora
Mostrastong, og vart rekna som ein god konge for landet. Han
overtok som konge i 934-935. Sagaen fortel at Håkon den
gode var på gjesting på kongsgarden på Fitjar då Eiriksønene
uventa kom siglande nordetter. Hærane rauk saman i området
der parken ligg. Kongen sine menn jaga Eiriksønene i båtane.
Håkon den gode fekk ei pil i armen, og på veg nordetter
døydde han av blodtapet. Han vart gravlagd på Seim i
Nordhordland.
HÅKON DEN GODE
Du står no i Håkonarparken, i området kor slaget mellom Håkon den gode Adalsteinsfostre og
Eirikssønene vart utkjempa år 961.
Soga om Håkon den gode finn me i ”Heimskringla”, også kalla ”Noregs kongesoger”, skrive
av den islandske hovdingen, skalden, politikaren og historikaren Snorri Sturluson. Håkon den
gode var Noregs konge frå ca. 934 til han fekk banesår i slaget mot Eirikssønene her på Fitjar i år
961. Far til Håkon, Harald Hårfagre, sende sonen til oppfostring hos den kristne kong Adalstein
i England. Her fekk Håkon innsyn i korleis eit moderne samfunn skulle styrast, og han fekk ei
kristen oppseding. I Glastonbury kloster kom han i samband med lærde munkar, og han fekk møta
keltisk kunst og kultur.
I 1920-åra prøvde ein å realisera eit minnesmerke. Først i
1950-åra kom det fart i arbeidet med Håkonarminnet noko
som resulterte i statue og parkanlegg i 1961.
GB
“Hald fram som du stemmer!” Håkon den gode leier sine menn til kamp i slaget på Fitjar. Teikning av Christian
Krogh.
A statue of Håkon the Good, who died during the Battle of
Fitjar in 961 A.D. stands in Håkonsparken. The statue was
unveiled by King Olav V on 18 June 1961 to great fanfare.
Håkon the Good was the son of Harald Fairhair and Tora
Mostrastong, and he was considered a good king of Norway.
He became king in 934-935. According to the saga, Håkon
the Good was visiting the royal estate on Fitjar when Eirik
Bloodaxe’s sons unexpectedly came sailing north. The armies
clashed in the area where the park is situated today. The king’s
men forced Eirik’s sons back to their boats. An arrow struck
Håkon the Good’s arm, and, having lost a lot of blood, he died
on his way north. He was buried at Seim in Nordhordland.
People first started talking about erecting a memorial to
Håkon in the 1920s. It was not until the 1950s, however, that
work on erecting a memorial really got underway, resulting in
a statue and park that opened in 1961.
muskelen nedanfor aksla. Det er mange som fortel at skosveinen til Gunnhild,som heitte Kisping, sprang fram i dette ståket og
ropte: ”Gje rom for kongens banemann!” og skaut fleinen mot kong Håkon...”
”Kong Håkon gjekk om bord på skipet sitt og let dei binda om såret sitt; men det rann så mykje blod ut at dei ikkje fekk stilt
det, og då det leid på dagen, veikna kongen. Han sa då at han ville fara nord til garden sin på Ålrekstad. Men då dei kom nord til
Håkonshella, la dei til der, og då var kongen nær på død...”
Håkon den gode og bøndene ved blotet på Mære. Maleri av Per Nicolai Arbo, 1860.
Då det vart kjent at Harald Hårfagre var død, drog Håkon til Noreg, og han vart vel mottatt av
Sigurd ladejarl. På ting etter ting vart han hylla som Noregs konge.
For å verna landet mot Eirikssønene som herja langs kysten, fekk kong Håkon bygd vardar som
utgjorde eit samla varslingssystem, og Rimsvarden på Fitjar var ein lekk i denne varslingskjeda. Her
ifrå er det godt utsyn nord,vest og søretter, der skip kan koma fram til Fitjar. Veglengda frå varden
til kongsgarden er kort, så det var snøgt å varsla om noko kom på.
Det var her på kongsgarden på Fitjar Håkon oppheldt seg då han møtte lagnaden sin i det
avgjerande slaget mot Eirikssønene.
D
Im Håkonarpark steht das Denkmal über Håkon den Guten,
der bei der Schlacht auf Fitjar im Jahre 961 fiel. Die Statue
wurde am 18. Juni 1961 vom damaligen norwegischen König
Olav V. feierlich enthüllt.
Håkon der Gute war Sohn von Harald Hårfagre und Tora
Mostrastong und galt als ein guter König für das Land.
Um 934-935 wurde er eingesetzt. Die Legende berichtet,
dass Håkon der Gute sich gerade auf dem Königshof auf
Fitjar aufhielt, als die Söhne des Eirik unerwartet von
Süden herbeisegelten. Die beiden Heere trafen in etwa dort
aufeinander, wo sich heute der Park befindet. Die Männer des
Königs jagten die Eirk-Söhne in ihre Schiffe zurück. Ein Pfeil
traf Håkon den Guten im Arm, und auf dem Weg nach Norden
starb er am Blutverlust. Er wurde in Seim in der Region
Nordhordland beerdigt.
Seit den 20er Jahren des letzten Jahrhunderts gab es Pläne,
Håkon dem Guten ein Denkmal zu setzen. Erst in den 50er
Jahren nahmen die Pläne konkretere Formen an, und im Jahre
1961 wurden Denkmal und Park fertiggestellt.
Men før han døydde der om natta, gav han frå seg kongedømet til Eirikssønene. Han hadde ingen son,
berre ei dotter, Tora, som var oppkalla etter mor si, Tora Mostrastong. Mange sørgde tungt over tapet
av kong Håkon.
ARVEN ETTER HÅKON DEN GODE
Innføringa av kristendomen i Noreg
Det er mest truleg at Håkon blei døypt under opphaldet i England, og me veit at han hadde prestar
med attende til Noreg. Det blir og fortalt at han bygde kyrkjer og fekk prestar til desse. Men han blir
i ettertida framstilt som om han gjekk attende til heidendomen på grunn av blotinga han måtte vera
med på.
Utviklinga av rettsvesen og lovgjeving
Ved hjelp av Torleiv spake, gav han Gulatinget ei støare form enn før, og det vart eit sterkt lagting som
omfatta fire fylke: Rygjafylke, Hordafylke, Sognafylke og Firdafylke. Kongen sine årmenn peika ut dei
som skulle møta på tinget, og som skulle halda lov og rett i landet. Han gjorde Noreg til ein juridisk
rettsstat og kvar mann til ein ansvarleg borgar.
SLAGET PÅ FITJAR
I boka ”Ågrip” ( = utdrag) or norske
kongesoger’’ står det: ”Dei heldt slag med
Håkon ved Biskopsstein på Fitjar på Stord. Der
var det fire om ein imot Håkon”. ”Dei” er
her Eirikssønene, og ”Biskopsstein”
var ifølgje andre kjelder ein stor stein
som låg like vest for parkeringsplassen
framfor Fitjar rådhus.
Innføringa av leidangen
Håkon den gode blei konge i forståing med bøndene, og dei kunne kjenna seg trygge for han.
Slaget på Fitjar er dramatisk skildra
av Øyvind Skaldespille i kvadet
”Håkonarmål”. Kongen var lett kjennande
med den lysande hjelmen, og Øyvind
Finnsson sette ei hette over hjelmen.
Dette fekk Øyvind Skrøya til å ropa:
”Gøymer nordmannakongen seg, eller kvar er
no gullhjelmen?” Kongen svarar med dei
vidgjetne orda: ”Hald fram som du stemner,
om du vil finna nordmannakongen !”
Den harde motstanden får Eirikssønene
til å flykta mot skipa sine, men
kongshæren forfølgde dei, og kongen
var fremst i fylkinga si. Men så skjer
det: ”Då flaug det ei pil, av det slaget dei kallar
flein, og kom i armen på kong Håkon opp i
Ordførar Peder Nilsen Aga talar i Håkonarparken 1961.
Militærmakta, dvs. kystflåten, blei organisert med tanke på fiendar utanfrå. Bøndene i kvar
geografisk eining skulle utrusta og bemanna kvart sitt leidangsskip, og kysten vart delt inn i
skipreider.
REISINGA AV HÅKONARMINNET
I 1953 gjekk det ut eit rundskriv
til lag og einskildpersonar i heile
Sunnhordland med overskrifta:
”Minnesmerke for Håkon den gode”. Der stod
det mellom anna: ”I 1920 vart det gjort
opptak til reising av eit Håkonarminne på Fitjar.
Arbeidet førde ikkje fram den gongen, og pengane
som vart innsamla, står framleis på bok i Fitjar
sparebank”.
I samband med 50-årshøgtida for
kong Håkon 7 i 1955, vart det sendt
ei helsing til kongen, der tankane
om å reisa eit Håkonarminne til
tusenårsfeiringa igjen vart lufta. I
1961 stod riksmonumentet ferdig,
laga av bilethoggaren Anne Grimdalen
og avduka i samband med ein stor
Håkonarfest. Kong Olav V kom med
kongeskipet til Fitjar 18. juni, og
høgtida starta med gudsteneste i Fitjarkyrkja, der biskop Ragnvald Indrebø
forretta. Kl. 12.20 starta høgtida i
parken, og Håkonarminnet vart avduka
av kongen. Ordførar Peder Nilsen Aga
overtok monumentet på vegner av
Fitjar kommune, og etter fleire songog musikkinnslag, bar det til middag
på Fitjar husmorskule. Kl. 18.15 var
høgtida slutt, og kongen gjekk om
bord i kongeskipet att.
Håkonarparken er blitt ein naturleg samlingsstad for store høgtider i Fitjar. Her samlar folk seg kvar
17. mai etter gudstenesta, og her blei dei første ”Håkonar-spela” eller ”Kongen med gullhjelmen”
framført.
“Kong Haakon I”, etter rit av bilethoggar Agdestein (frå Gamle
Fitjarboka).
Håkonarparken 1961 - kongeskipet i bakgrunnen.
Tekst og redaksjon: Foto og teikning: Grafisk formgjeving: HÅKONARMINNET ER EIT KULTURMINNE AV HØG VERDI
VIS RESPEKT OG OMTANKE FOR VÅR FELLES NATUR- OG KULTURARV
HORDALAND FYLKESKOMMUNE OG FITJAR KOMMUNE
Kong Olav V avdukar Håkonarminnet 18. juni 1961.
Karvel Strømme (tekst), Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga
Fitjar kommune (foto), Snorres kongesoger (teikning), Gamle Fitjarboka (teikning)
Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga