Tekstutdrag Til tittelen: Ta 100 steg og få ein venn : 14 forteljingar

Om denne boka
Brage møter ei jente i djupet.
Trond møter munnen til Maja-Mari.
Mens Hanna møter Håvard utan å sjå han!
Når to møter kvarandre, begynner ting å skje. Her er 14
forteljingar om nett det.
Fleire av forteljingane er korte, andre er litt lengre. Men
alle handlar om kor fint det er å få ein venn.
© Det Norske Samlaget 2015
www.samlaget.no
Omslag og illustrasjonar: Torill Stranger
Tilrettelagd for eBok av
BookPartnerMedia, København 2015
ISBN: 978-82-521-8878-3
ERNA OSLAND
TA 100 STEG OG
FÅ EIN VENN
14 forteljingar
Oslo 2015
DEI SOM MØTEST
Emil og Kaja Det hemmelege
Yue-Yan og delfinane Delfindulting
Fatima og Sara eller Siri Regnbogen
Hanna og Håvard Hjartejenta
Trond og Maja-Mari Trond tenkjer
Sigurd og Sigurd Spesial
Jonas og jenta med slør Stilt
Sara og Klara 1 + 1 = 2
Brage og jenta i djupet Eit nikk er nok
Sandra og han som smilte i skjegget Kongemål!
Susanna og jenta i spegelen Bestevenn
Isak og jenta med hjelmen Piggsvin
Eva og Alexander Og så kan sommaren begynne
Tina og guten som talde Trappetrinn
Det hemmelege
Emil bur i femte.
Kaja bur i sjette.
Dei bur i same blokk. Dei går i same klasse.
Og dei har same skoleveg.
Straks dei ser kvarandre, seier dei hei.
– Hei! seier Kaja.
– Hei igjen! seier Emil.
Dei går vidare.
Men ikkje side om side. Emil går først. Han går alltid
først, litt framfor Kaja.
Kaja går alltid bak.
Eit stykke bak Emil kjem ho i jamn, fin fart.
Det er langt å gå. Skolevegen er lang. Dei går og går.
Men så snur Emil seg.
Han smiler til Kaja.
– Hei igjen, igjen! seier han.
Og ho svarer: – Hei igjen, igjen, igjen!
Han har alt stansa.
Så ho stansar ho òg. Og set leppene fram, dei blir ein
trutmunn.
– Kysse-Kaja, du fangar ikkje meg! roper han og set på
sprang.
Han fer av garde.
Ho kjem etter i same fart.
Emil spring.
Han spring, han spring.
Men ikkje alt han kan! Ikkje så fort han kan!
Det berre ser slik ut.
Det berre ser slik ut for oss andre, som ikkje veit om
det hemmelege som snart skal skje.
Delfindulting
Yue-Yan liker å svømme. Bukta som ho svømmer i, er
lang og djup.
Veldig djup.
Men Yue-Yan er flink til å svømme. Ho svømmer fort.
Ho svømmer djupt. Ho kan dukke og halde pusten lenge.
Veldig lenge.
Ho er som ein fisk. Ho glir langs botnen, nesten
usynleg nede i djupet.
Kvar kveld er Yue-Yan i badebukta. For da er det ein
gutegjeng der.
Dei lagar lydar. Som ein flokk delfinar fer dei gjennom
vatnet.
Yue-Yan må smile. Fort dukkar ho under og svømmer
langt utan å puste.
Yue-Yan svømmer djupt under gutane, som plaskar og
ler.
Så begynner ho å stige.
Roleg.
Roleg, roleg stig ho mot dei plaskande gutane.
Og enda litt til.
Ho lar seg flyte opp rett under dei lange føtene, dei
ivrige armane og gutemagane som glir over henne.