K Aktørane i oktober 2015 K Stig Ulv (gitar) Deltakarar på improvisasjonsseminaret Morten Bollerud (trekkspel, piano) Arild Andenes (trompet) Øystein Egset (streng, perkussjon) Julie Sofie Reite (drama) Solveig Othilie Skare (drama) Sigurd Eide Ovesen (drama) Constanze Lindner (forteljing) Rundhild Hånes Aksnes (forteljing) Benedicte Maurseth (fele) Knut Hamre (fele) Martin Schiessler (fiolin) Kai Evensen (cello) Bert Handrick (piano, dirigent) K Volda kyrkjekor Volda sokneråd Kyrkjemusikalsk råd i Volda Kantor i Volda Rådhusgata 6a 6102 Volda Telefon: 48894180 eller 91353050 E-post: [email protected] PROGRAM 22. — 25. oktober 2015 Program Torsdag 22. oktober 2015 DUR - konsert med Stig Ulv Lokalt plateslepp Volda kyrkje kl. 19.30, billett 200,- kr Fredag 23. oktober 2015 Seminar i improvisasjon ved Stig Ulv Volda kyrkje kl. 18.00 - 20.00, deltakaravgift 150,- kr Konsert med seminardeltakarane Volda kyrkje kl. 21.00, kollekt Laurdag 24. oktober 2015 Musikalsk skattejakt for tenåringane Volda kyrkje kl. 13.00 - 14.00 ”Å vera ingenting” - konsert og samtale med Benedicte Maurseth og Knut Hamre Austefjord kyrkje kl. 19.00, billett 200.– kr Søndag 25. oktober 2015 Familiegudsteneste Med musikarane frå skattejakta, Prest er Kjell-Roger Isene Volda kyrkje kl. 11.00 ”Ein musikalsk kveldsbøn” Avsluttingskonsert v/ Volda kyrkjekor, Martin Schiessler (fiolin), Kai Evensen (cello) og Bert Handrick (piano) Volda kyrkje kl. 19.30, billett 200,- kr DUR - konsert med Stig Ulv Kyrkjemusikkdagane i Volda får æra av å lansere Stig si nye plata, DUR, her lokalt. Dette er artisten sitt tredje studioalbum og innheld 10 melodiar i kjent Stig Ulv - stil, der gitarane står for all musikken. Stig Ulv spelar ikkje på gitarar, han får dei til å snakke. På nynorsk sjølvsagt. Med utsøkt gitarteknikk, ei reinskåren kjensle for harmoni og melodi, og ein lyd som ber tonar over hav. - Dette er ikkje akkurat festmusikk, seier Stig Ulv sjølv. Og det takkar vi for. Det finst nok av slikt. Nei, Stig Ulv er noko heilt anna: Ro og pusterom. Høgst nødvendig i ei samtid prega av stadig aukande krav til tempo og effektivitet. Sjølv kallar han det stemningsfull instrumentalmusikk. Men det er berre fordi han er beskjeden. Stig Ulv står for noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldant som eit friminutt frå stress og mas. Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, intet mindre. Seminar i improvisasjon + konsert ”Med utgangspunkt i nokre tradisjonelle salmar: Korleis lage ny musikk ved hjelp av improvisasjon. Utan notar, utan reglar og utan å ha øvd ilag .” Det er den korte beskrivinga gjeven frå Stig Ulv. Han inviterer spesielt musikantar i kulturskulen, vidaregåande skule og høgskulen, men sjølvsagt også alle andre interesserte til å bli med å improvisere i lag. Han spelar sjølv gitar, men ønskjer alle typar instrument og også songarar velkomne til seminaret. Seminaret vert avslutta med ein uformell konsert fredag kveld kl.21.00. Musikalsk skattejakt Laurdag 24. oktober kl. 13.00 i Volda kyrkje. Born og familiar får vere med på ei vandring der biletkunst, musikk, teater og forteljing formidlar bibelhistorier til oss. Alle aldrar og familiar er varmt velkomne. Alle 10-åringar i Volda kommune er særskilt invitert. Etter arrangementet i kyrkja er det Laurdagsgraut på Uppheim med mykje kjekt på programmet og sjølvsagt graut til ein rimeleg penge. Opplegget er ein del av trusopplæringa for born og unge, og kyrkjemusikkdagane i Volda 2015. Søndag 25. oktober kl. 11.00 er det gudsteneste i Volda kyrkje. Her vil alle 10-åringar få utdelt ei bibelbok, og det vert utdrag frå skattejakta. Å vera ingenting - konsert og samtale med Benedicte Maurseth og Knut Hamre Når Benedicte ser attende, er det samtalane med Knut som har vore det viktigaste i opplæringa. Desse samtalane skreiv ho ned, og ho kjende eit sterkt ynskje om at fleire skulle få del i denne visdommen. Slik vart boka, - Å vera ingenting - Samtalar med spelemannen Knut Hamre, til. I konserten Å vera ingenting", vil ein få høyra utdrag frå boka, hardingfeleslåttar frå heimtraktene deira i Hardanger. Samtale der og då mellom meister og elev om endelege tema som: Kva er kunst? Korleis får ein fram svevet i spelet? Kva gjer ein meister til ein god meister? Familiegudsteneste i Volda kyrkje Under denne gudstenesta får 10-åringane utdelt ei bibelbok, og vi vil få sjå utdrag frå skattejakta. Prest er Kjell-Roger Isene. Ein musikalsk kveldsbøn - Avsluttingskonsert Volda kyrkjekor og instrumentalistane Martin Schiessler, Kai Evensen og Bert Handrick byr på ein konsert av det meir intime og meditative slaget. Det gir rom for ettertanke og stille bøn medan musikken fyller kyrkjeromet med varme tonar og harmoniar. På same tid blir det ei reise gjennom tidene: Starten er i renessansen, går så vidare gjennom barokk og romantikken fram mot 1930 – talet. Publikum får høyre verk av kjende , og kanskje litt mindre kjende, komponistar – Orlando di Lasso, Johann Sebastian Bach, Anton Bruckner, Max Bruch, Sergej Rachmaninov og Maurice Duruflè. Konserten sluttar med «Ubi caritas et amor» av den franske komponisten Maurice Duruflè. Dette stykket er inspirert av gregoriansk musikk som er den eldste typen kyrkjemusikk i vår kultur. Her samlast alle bøner og tankar i kjærleik, frå Gud til oss og frå oss til Gud. K Volda sokneråd Kyrkjemusikalsk råd i Volda Kantor i Volda Rådhusgata 6a Telefon: 48894180 eller 91353050 E-post: [email protected]
© Copyright 2024