24 SPORT SUNNMØRSPOSTEN Fredag 27. februar 2015 650 aktive til Ulsteinvik • 150 funksjonærar skal bidra under norgesmeisterskapen neste helg FRIIDRETT I dag er det ei veke til den store hendinga i lokal friidrett i 2015; Ungdomsmeisterskapen i Ulsteinvik. – Då fristen for påmelding gjekk ut onsdag hadde vi fått påmelding frå 650 deltakarar. Vi har kapasitet til 750-800, men deltakartalet er vi godt nøgde med. Det er over dobbelt så mange samanlikna med med seniorNM i Steinkjer, seier Trond Berg. Han er leiar av hovudkomiteen for U-NM i den nye Ulsteinhallen 6., 7. og 8. mars. – Heile landet er representert under eit slikt meisterskap, seier Berg vidare. For Dimna IL er sjølvsagt eit meisterskap av ein slik storleik eit gigantisk løft. Men det har også store fordelar for idrettslaget som har heile 150 aktive av ein medlemsmasse på 300. – Det vil vere 150 funksjonærar i UM og vi nyttar dette høvet til å bygge vår organisasjon. Eit meisterskap aukar kompetansen i klubben, men vi kjem også til å få hjelp av naboklubbane, ikkje minst på dommarsida, seier Berg. Dei har allereie eit samarbeid med klubbar som Fiskå, Hareid, Ørsta og Ålesund FIK i høve til treningar i Ulsteinhallen. Til UM vil nokre av desse klubbane samt Midsund og Molde stille med dommarar. – Har overnattingsplassar vore den største utfordringa? Toppkamp i volleyball VOLLEYBALL Lørdag blir sannsynligvis 2. divisjon menn for Møre og Romsdal avgjort. De to dominerende klubbene, Blindheim og KFUM Volda, skal møtes for siste gang denne sesongen i Voldahallen. Før runden leder Blindheim serien med tre poeng. Dette betyr at Blindheim i praksis vil avgjøre serien om de vinner kampen. Poengreglene i volleyball er slik at dersom en kamp ender 3-2 vil vinnerlaget få to poeng, mens taperlaget får ett. Dermed vil også 3-2 til Volda være et tålelig resultat for Blindheim. Om Volda derimot vinner 3-1 eller 3-0 kan vi gå en spennende serieavslutning i møte. Ved 3-1 til Volda vil Blindheim beholde ledelsen på bedre settforskjell, mens 3-0 til Volda vil sende voldingene forbi på bedre settforskjell. Senere på lørdag, etter toppkampen, skal begge lag møte IL Frode, en antatt svakere motstander. FAKTA • Norgesmeisterskapen i friidrett for ungdom; 15–22 år vert arrangert i den nye Ulsteinhallen neste helg. Første stemnedag er fredag 6. mars. • 650 aktive gutar og jenter er påmeldt til UM. • Dimna IL er arrangør og dei stiller med 26 aktive utøvarar. • 150 funksjonærar er engasjert for å lose NM trygt i land. HER VERT DET FULLT NESTE HELG: Den nye Ulsteinhallen er arena for 650 aktive under norgesmeisterskapen i friidrett for ungdom neste helg. Det vil vere plass til 1100 tilskodarar på tribuneplass. Og det vert gratis å komme inn. FOTO: STAALE WATTØ SJEFEN: Trond Berg er leiar for hovudkomiteen i U-NM. FOTO: JARLE MORDAL – Deltakartalet er vi godt nøgde med TROND BERG – Vi har fylt opp alle hotell på søre Sunnmøre, og enkelte deltakarar kjem også til å ta inn på hotell i Ålesund. Vårt ynskje var å leige eit hurtigruteskip til Ulsteinvik. Då kunne vi ha tilbydd 600 senger, men den avtalen glapp, seier hovudleiaren for UM. Det er berre nokre få ledige rom på hotell som ligg i nærleiken av Ulsteinvik. – Vi er glade for at frivillige frå klubbar som Hødd og sykleklubben stiller opp for å hjelpe oss, seier Berg. Gratis. – Kor mange tilskodarar vert det plass til? – Det er 900 faste plassar i hallen. Med provisoriske løysingar i tillegg vil få plass til rundt 1100. Og det vert gratis å komme inn for å sjå meisterskapen, kan Trond Berg fortelje. Dei aktive er sjølvsagt i fokus under NM. Dimna IL skal sjøl stille med 26 aktive med verdsmeister i mangekamp; Karsten Warholm i spissen. Høgskulen i Volda stiller med 30 studentar som skal sende «live» frå heile NM, samt at dei skal lage eigne intervju undervegs. JARLE MORDAL [email protected] Ung Volda-duo deltek i senior-NM BORDTENNIS Mina Molnes Driveklepp og Sunniva Sjøholt er dei sunnmørske deltakarane under NM for senior. Duoen frå Volda og Ørsta Bordtennisklubb er begge fødd i 2001 og sjølvsagt av dei yngste som er med i eit norgesmeisterskap for seniorar. – Det er ikkje heilt umogeleg at Mina og Sunniva kan ta ei medalje i lag fredag. Det spelast med tomannslag i eit NM, og er våre jenter heldige med trekninga kan dei lukte på ein tredjeplass, trur Tor Hallaråker i Volda og Ørsta Bordtennisklubb. Han skal sjølv ikkje til NM som vert arrangert i Hokksund. – Våre lagleiarar og trenarar er slitne etter mykje reising. Difor leiger vi inn Jan Berner som lagleiar under NM for Mina og Sunniva. Han er tilsett i bordtennisforbundet og kjenner jentene frå stemner når dei har I NM: Sunniva Sjøholt får bryne seg på dei beste seniorane i landet i helga. FOTO: PER MORTEN HALVORSEN – Jentene kan lukte på lagmedalje med heldig trekning TOR HALLARÅKER I NM: Mina Molnes Driveklepp (14) er av dei mest lovande bordtennisspelarane i landet, i dag spelar ho lagkonkurransen under senior-NM i Hokksund. FOTO: PER MORTEN HALVORSEN vore med på kadettlandslaget, seier Hallaråker. Det er 70. gong at norgesmeisterskapen i bordtennis vert avvikla og favoritt i dameklassa er Marte Grutle Aasebø, Fokus, saman med vinnaren frå i fjor; 15-årige Rebecca Karlsen, B-72. I herreklassa er det venta å bli ein kamp mellom tysklandsproffen Geir Erlandsen og ex. Volda-spelar Espen Rønneberg, som no spelar for bergensklubben Laksevåg BTK. Lovande Fredrik Meringdal, Hjelset/Fram (15) kan ha sjansar for å hamne i ein kvartfinale. Han er av dei største talenta i landet på gutesida. JARLE MORDAL [email protected]
© Copyright 2024