- Tenesta i kyrkja gjer meg audmjuk

126210 Kyrkjeliv 5-07
22-11-07
13:27
Side 16
Bestemora har prega truslivet til klokkar Åge Fleskheller
- Tenesta i kyrkja
gjer meg audmjuk
EIGIL STEINSFJORD
Kjøpmann, står det kort og greitt på
kortet han gjev meg, Åge Fleskheller. Mange vil veta at han driv Kiwibutikken i Aurdal. Årsaka til at Kyrkjeliv ønskjer å intervjue han, kjem
av at han vart tilsett som klokkar i
Aurdalskyrkja i mai.
Det er naturleg å spørje kor det
noko spesielle namnet hans kjem
frå.
- Namnet kjem av fleskje, ei slags
kagge der ein oppbevarte mat.
Desse fleskjene sette dei tilreisande under ei heller, for der var
det kaldt. Det kom mange tilreisande til Lærdal for å byte og
levere varer i gamle dagar.
Søndagsopen butikk
Viktig påfyll
- Du er frå Lærdal?
- Eg er oppvaksen i strandkanten i
Lærdal. Fødd utanfor ekteskap,
oppvaksen i ein syskenflokk på 12,
der mor mi var den eldste av syskena. Besteforeldra mine hadde
ansvar for oss ungane. Bestemor
mi har nok prega truslivet mitt, ho
lever framleis, er 97 år gamal, ein
from kristen som har delteke mykje
i misjonsarbeid.
- Så du har vore med i kristent
arbeid gjennom tidene?
- Eg har ikkje vore nokon kyrkjeslitar. Eg er interessert i kyrkjearkitektur og ritual, det er dette som har
fenga meg ved kyrkja. Når eg sa ja
til å bli klokkar, var det ikkje fordi eg
trudde eg hadde så mykje å tilføre
kyrkjelyden, eg var meir ute etter å
få noko sjølv. I ein hektisk kvardag
er det viktig å få påfyll. I kyrkja finn
eg fred og harmoni. Det var stort
fyrste gongen eg fekk lesa trusvedkjenninga under gudstenesta, og å
få vera med å dele ut nattverden.
Det gjer noko med meg. Det gjer
meg ydmyk.
16
hengje trua mi på. Døden er Kristus
underlagt. Det gjev tryggleik å veta
at det er noko på den andre sida.
Påska er nok langt viktigare for
meg enn jula om ein tenkjer på
bodskapen.
- Ber du?
- Ja, eg fin styrke i bøn og har eit
aktivt bøneliv.
- Har du fått eit nærare forhold til
kyrkja etter at du vart klokkar?
- Definitivt! Eg synast det er lettare
å identifisera seg med kyrkja no.
Kyrkja er ein del av meg, og eg har
fått mange positive tilbakemeldingar frå folk, seier 53-åringen som er
gift med Astrid som er medlem av
menighetsrådet.
- Eg treng Guds tilgjeving kvar
dag, og eg finn styrke i bøn, seier Åge Fleskheller som tok til
som klokkar i Aurdal i mai.
(Foto Terje Eklund)
Tilgjeving det viktigaste
- Kva er det viktigaste ved kristendomen for deg?
- Det viktigaste må vera tilgjevinga. Eg er ingen finkristen, eg er
eit vanleg menneske som har fot i
mange leirar. Eg treng Guds tilgjeving kvar dag. Eg vonar at eg som
klokkar kan signalisere noko av
dette – ein treng ikkje ha sterk tru
for å arbeide i kyrkja.
- Betyr det at du tvilar på mykje?
Kva meiner du til dømes om oppstoda?
- Viss ikkje oppstoda og tilgjevinga
hadde vore der, hadde eg hatt lite å
- Ein kjem ikkje utanom spørsmålet
om søndagsopne butikkar. Det er
ingen løyndom at du var den fyrste
som lanserte søndagsopen butikk i
Aurdal Korleis vil du som kristen
forsvare det?
- Årsaka til søndagsopninga er at
me ønskjer å ta vare på feriebuarane (ja, dei fastbuande òg sjølvsagt). Reiser ein til utlandet, ser ein
at søndagsopne butikkar er noko
heilt naturleg.
- Men folk har då både fredag og
laurdag å handle på?
- Klart dei har. Eg ser på søndagsopninga som eit tilbod. Så får dei
nytte det dei som vil.
- Men tilbod skapar etterspørsel og
dermed meir mas.
- Utan tvil. Eg kjenner det synet
der. Langt på veg kan du seie eg
møter meg sjølv i døra, eg som set
fred og harmoni høgt. Men eg har
fått oppleve at butikken er noko
meir enn ein rein handelsstad, hit
kjem det folk som ønskjer å slå av
ein prat. Det er folk som har kome
til meg og bede om ei samtale. Og
det har hendt at folk har ringt meg
privat. Som kjøpmann kjem eg tett
inn på mange. Eg vil seie eg er
glad i menneske, eg likar å bli kjend
med dei.
KYRKJELIV I NORD-AURDAL