Innkalling til møte i BREMNES SOKNERÅD

DEN NORSKE KYRKJA
Bremnes sokneråd
Innkalling til møte i
BREMNES SOKNERÅD
Medlemmer: Berit Hallaråker, Karl Mæland, Odd Kåre Sakseid, Magnar Økland, Målfrid Stautland,
Asbjørn Gundersen, Bjarte Aartun, Leif Røyrøy, Kari Hellen.1.vara: Elin Nesse Jordal
Innkallinga gjeld medlemmer og 1.varamedlem.
Møtestad:
Tid:
Bremnes kyrkje
Onsdag 25.03.2015 kl 19.15
Sak 04-21-15: Godkjenning av innkalling
Sak 04-22-15: Godkjenning av møtebok frå soknerådsmøtet 17.02.15
Sak 04-23-15: Referatsaker
Møtebok frå AU 09.03.15
Møtebok frå diakoniutvalet 19.02.2015
Sak 04-24-15: Orienteringssaker.
 Estlandskomitéen. Samarbeidsavtale mellom kyrkjelydane på Bømlo og Det
Norske Misjonsselskap
Sjå vedlegg.
 Betalingsterminal i kyrkja
Sak 04-25-15: Representantar til Ungdomstinget i Bjørgvin bispedømme
Bremnes sokneråd kan senda 3 representantar ( 15-30 år) til Ungdomstinget i
Bjørgvin bispedømme 17.-19. april. Bed om at medlemmene i soknerådet har
framlegg til gode kandidatar.
Sak 04-26-15: Videooverføring til institusjonar.
Bebuarar, personale og pårørande på Bømlo Sjukeheim / BBR etterlyser
videooverføring frå kyrkja. Bremnes sokneråd må tenkja gjennom og ta ei avgjerd
om korleis denne utfordringa skal løysast, både praktisk og økonomisk.
Jarle Havn har henta inn tilbod på overføringsutstyr. Sjå vedlegg.
Sak 04-27-15: Plan for plassering av betalingsterminal, bord, stolar, hyller mm.
Kyrkjeskipet har nå mange flyttbare møblar. Dette fordi det er ønskje om at kyrkja
skal vera tenleg til ulike arrangement. Mange ulike brukarar har då som oppgåve å
rydde rommet etter bruk. I den samanheng må det utarbeidast ei skisse over korleis
alt flyttbart inventar til vanleg skal vera plassert. Skissa må hengjast opp i kyrkja.
Sak 04-28-15: Praktisk plan for konfirmasjonsgudstenestene 2015.
I samband med konfirmasjonane er det behov for nokre personar til ein del praktiske
oppgåver.
Oppgåver
Gjere klar kappane for utdeling til
konfirmantane før
Vere med å dele ut kappar til
konfirmantane i samband med
fotografering april kl.
Hjelp i kyrkja konfirmasjonsdagen
2. mai kl. 10.30
Hjelp i kyrkja konfirmasjonsdagen
2. mai kl. 12.30
Hjelp i kyrkja konfirmasjonsdagen
3. mai kl. 11.00
Hjelp i kyrkja konfirmasjonsdagen
9. mai kl. 11.00
Personar
2
2
1
1
1
1
Sak 04-28-15: Evaluering av gudstenestereforma
Då gudstenestereforma vart innført, vart det vedteke at reforma skulle evaluerast i
inneverande valperiode for soknerådet. Viser til vedlagt notat frå staben.
Med utgangspunkt i dette og tilbakemeldinga frå GU som vert lagt fram i møtet,
drøftar soknerådet saka.
Dersom du ikkje kan møta, ver snill å gi beskjed til Berit Hallaråker [email protected]
Berit Hallaråker
leiar
Målfrid Stautland
sekretær
2