Tyssedalsstølen

Tyssedal
TYSSEDALSSTØLEN
Stølsbolet ligg på austsida av Tyssedalsvatnet i ca. 630 m høgd, og var sommarstøl
til nokre bruk på Oppheim, Solbjørgo og
Hjelmavoll m.a. Både dalen og stølen har
namnet etter elva Tysso. Det kan vera fleire
tydingar av dette namnet, men det vanlege
er å gå ut frå at det kjem frå tvis, tve, dvs.
todelt. Det vil altså seia elva som deler seg.
Stølsvegen frå gardane nede i bygda er
den same som vart nytta til Sotnos, så
vidare inn Tyssedalen, forbi Øyane, Oddmundshaug og opp til vatnet og fram til
stølen. Denne vegen held fram til Fessavatnet, opp Fadlet og over høgda og ned
til Vesete og vidare til Mjølfjell. Når ein er
komen opp Fadlet, går det også ein veg
oppover til høgre til Slondal. Dette var i
gammal tid ein viktig ferdsleveg (saltveg)
mellom dei ytste gardane i Raundalen og
Ulvik (sjøen). Vegen har òg vore nytta som
kyrkjeveg for bruka øvst i Raundalen, då
kyrkja i Ulvik låg laglegare til enn kyrkja på
Vossevangen. Eit prov på dette hopehavet
er at det ved den gamle kyrkja på Hakestad
var ein «Raundalsallmenning», der raundølene hadde rett til å binda hestane sine.
Dette er mellom anna stadfesta i ei rettssak
i 1726.
Ulvik sogelag
SOTENOS
STØLSTRIMMEN
Ulvik
20
15
Tyssedal
GPS:
6723108/ 384694