Fjelletcowboys

FERIE
RIKSMEKLAREN DANSAREN BERGAR LIV SØTE BÆR BUBILDRAUMEN
Fjellet
Cowboys
2014
13
FJELLET COWBOYS
PÅ DRIFT LANGS
SLEPA
Ein kan framleis følge spora til dei gamle fehandlarane som skapte drifteslepene
frå aust til vest. Også her i Hallingdal.
Tekst og foto: Line Sandvik
PÅ SEINHAUSTEN eller rett etter jul gjekk
I lag med ein yngre hestekar, Knut Halvor
fehandlarane i Hallingdal på ski over til
Krusedokken, har Rustand sett fokus på
Vestlandet for å kjøpe krøtter. Kanskje
brukshest. I august planlegg dei kløvtur
med hest langs delar av den gamle drifhadde dei også med seg varer i skreppene
teslepa knytt til Hallingdal.
som dei selde på andre sida av fjellet. Smør,
fine tørkle eller glas og porselen dei hadde
kjøpt i Drammen.
DEI GAMLE RUTENE ligg framleis som djupe
På Vestlandet var dei innom garsøkk i terrenget. Men mange stader
er dei nok grodd att av vier og
dane og betalte førehandspengar på kvart einaste dyr dei
kratt. Ein kan berre ane korLANGE VEGAR:
Drifteslepa frå vest
leis det var då hallingane
kjøpte. Austlandet hadde
til aust var mange og lange
for forbi med store krøtstrenge vintrar og vandagar. Ingen lett jobb for fehandlaskar med å skaffe nok
terflokkar og flotte hestar
rane. Harald Rustand og Knut Halvor
mat til feet sitt. På Vestdei skulle selja. I tillegg
Krusedokken tek gjerne turen til fjells
landet hadde dei milde
til kløvhestar. Kanskje
med kløvhest langs gamle drifteslepu.
også ein hingst eller to,
vintrar og nok med mat
Her har dei unghingsten Linus og dei to
til å ale opp dyr for sal.
som dei fekk selt i Halkøyre- og kløvhestane Skogblåen og
Løysinga vart fehandlalingdal. Skinn frå fangstMenka med seg. 3. august arranrar som ferda imellom.
menn dei møtte på fjellet
gerer heste-karane fjelltur med
kløvhest langs delar av den
Attende frå Vestlandet
lasta dei oppå kløvhesten.
gamle drifteslepa
hadde dei gjerne med seg
Turen tok nok fleire veker
i Nes.
salt, talg til smøring og lys,
og gjekk sakte. Dyra beita seg
frametter. Frå fjellet og ned til Ål.
samt tørrfisk som dei selde. Mellom anna i Hallingdal. Tørrfisken vart
Her måtte dei betale bompengar over
privat bruer. Fem øre kyra og ni øre per hest.
lutefisk til juleftan.
Då var det greitt å ha småpengar. Så gjekk
– Dei reiste over og handla inn kyr og
ferda til Tunhovd, Rukkedalen, Hallingnathestar. La nokre kroner innpå til kvart dyr.
ten, Flatvollen, Gråfjell og Norefjell. Det døgSå henta dei dyra til St. Hans, fortel Harald
Rustand. Bromma-bonden gjekk sjølv glipp
net driftekarane var i Jordeslie, kom det både
av fedrifta på gamlemåten, men hestekar
kjøparar og seljarar frå Hallingdal. Slik vart
har han vore all sin dag.
hallingfeet innblanda vestlandsfe.
HALLINGDØLEN
FERIEMAGASINET 2014
Om sommaren vart følgjet liggjande
innpå fjella for å feite opp dyra før dei skulle
seljast utpå hausten nede i Kongsberg, på
Branes (Drammen) eller via Lierdalen over
Krokskogen til hovudstaden og gardane i
Lommedalen, Sørkedalen og Maridalen.
Nokre fehandlarar kom seg heilt til Nittedal
før dei vart kvitt dei siste kyrne. Også bønder
i jordbruksbygdene i Krødsherad, Modum
og Sigdal kjøpte dyr vestfrå.
Drifteslepene gav namn til bekkar og vatn,
fjellknausar og vollar. Slepene gjekk gjerne
langs bekkar der grasveksten var god. Då
vart det mat til dyra på vegen.
Å VERE FEHANDLAR var eit tøft yrke. Sjølv om
kløvhestane bar mykje av lasset, vart det
lange dagar i fjellet. Det kunne vera lite mat
og dårlege klede. Og ikkje hadde dei telt,
men kanskje var dei så heldige å ha ein bit
av ein seglduk å krype innunder når det
storma som verst. Eller kanskje lykka stod
dei bi og dei nådde fram til ei steinhelle dei
visste om. Då kunne dei krype inn og ha det
tørt og saktens fyre bål og få varme i kaffikjelen med.
Kjeft kunne dei også få. Fleire grunneigarar såg seg lei på fehandlarane og dyra deira
som tok seg til rette i fjellet sommarstid. Det
var nok ein av grunnane til at fehandlarane
flytta buskapen frå stad til stad.
FERIEMAGASINET 2014
HALLINGDØLEN
15
ked
a
Ruk
Jordeslie
Flåm
Myrdal
2
Ål
Myking
Nesbyen
Rukkedalen
Reinsjøen
Haglebu
Norefjell
Noresund
1,7 km
Veme
Driftevasshøgda, 1025 m.o.h.
Hønefoss
Kongsberg
Driftevasstjern
Nittedal
3
3 km
Kvilingsfurua
Oslo
4 km
Drammen
Kvilingsberget
p
sle
.no
5,2 km
a
Harald Rustand om fehandlarane
Lærdal
fte
Dei måtte vere pene i
tøyet og gode til å juge.
VIDEO PÅ
1
Sogndal
Dri
I DAG ER DET OM LAG 100 år sidan fehandlarane drifta langs slepa. Men nokre hesteentusiastar vil halde tradisjonen ved like
med kløvhest og arrangerer 100-års markering 3. august med kløvtur til Dyna i Ål.
På Nes har dei eit aktivt miljø med fokus
på brukshest. I vinter har dei hatt kurs i
tømmerkøyring med hest, samt kløvkurs.
Og til vinteren planlegg dei køyrekurs.
Kanskje blir det pløyekurs med hest til
hausten. Gamle teknikkar ein treng gamle
hestekarar for å syne fram. Karar som
ikkje har antydning til sveitte i luebremmen der dei balanserer mange hundre
kilo med hest gjennom taumane i tømmerskogen.
– Me vil gjerne få opp hesteinteressa og
syne fram hestar i bruk. Mykje er gamle tradisjonar me gjerne vil ta vare på og formidle
vidare, seier Krusedokken. Han kjøpte sin
første hest for konfirmasjonspengane. I dag
køyrer han tospann med dølahestane sine.
Det same gjorde Rustand. Han køyrde mellom anna brudeparet Mikkelsplass då dei
gifta seg. Sjølv voks han opp med hest på
garden.
– Det var før traktoren kom, det. For ein
småfant var det ingen hokuspokus å køyre
mjølk med hest. Me hadde ein gamal og stødig hest. Hesten hadde meir vet enn køyraren, veit du, ler Rustand og stryk unghingsten på nakken.
– Så lenge ikkje hesten er «kvemen» går
alt greitt. Hest. Det er terapi det, seier han
og blunkar. Rettar litt på vesten med skalleknappar i ekte 1700-talsmynt. Den yngre
generasjonen nikkar samd. No håpar dei
fleire får hesten ut av hamna og blir med.
a
EI HISTORIE HANDLAR om eit driftefølge på starten av 1900-talet som kom ut for eit forferdeleg uvêr på fjellet. Dei drifta dyr til Oslo og
hadde med seg ungdom til hjelp. Desse skulle
til byen for å arbeide. Ved Reinsjøen, mellom
Myking og Haglebu, kom dei opp i ein forrykande snøstorm. Då følgjet endeleg klarte
kome seg ned frå fjellet, oppdaga dei at det
mangla folk. Ein av ungdommane vart borte
på vegen. Vêret var så dårleg at det ikkje var
noko alternativ å snu og gå opp att. Resultatet
vart at den omkomne ungdommen vart liggjande i fjellet over vinteren. Resten av følgjet
måtte reise vidare med dyra mot flatbygdene.
– Det var nok tøffe tankar for dei som
drog vidare. På den staden ungdommen
vart funnen oppe i fjellet året etter, voks det
ikkje gras på 30 år. Det var heilt svart, fortel
Harald Rustand. Her vart det også sett opp
eit steinkors – som no mest sannsynleg er
grodd att.
I Kongsberg trong dei mykje fe. Her var
det folksamt med sølvsmier, sagbruk og
våpenfabrikk. Der var det fleire som kjøpte
mjølkekyr. Dei mjølka kua til den vart turr
utpå vinteren. Då vart kua slakta, og noko av
kjøtet selt. Det andre åt dei sjølve. Så kjøpte
dei ny ku att utpå hausten.
Historia fortel at hallingane var store på
fedrift. I Øvre Hallingdal var det faktisk ein
fehandlar per 99 innbyggjar.
Det seiest at fleire hallingar la seg opp
store pengar og faktisk kjøpte seg storgardar kring Drammen etter dei la opp som
driftekarar.
Drifteslep
Pene i tøyet måtte dei også vere, når dei
skulle innom gardar å handle. Då var det
beint ut viktig å vere frampå med bordbøna
fyrst. Ein ville jo stå fram som ein heiderleg kar.
– Dei måtte vere pene i tøyet og gode til å
juge, ler Rustand og held eit godt tak i unghingsten til Knut Halvor Krusedokken. Den
får bli med på ferda oppover skogen. Bak
kjem dei to dølahestane til Krusedokken
med fullasta kløv.
– Når kløvhestar blir eldre, lærer dei seg å
luske framover. Då ligg kløven beint, fortel
Rustand og syner med gyngande bein korleis gangen blir.
len
14
1
I bygdene på Vestlandet var
det eit overskot av ungfe.
Hit kom handelskarar frå
Hallingdal og kjøpte dyr.
2
Fjella i Hallingdal var
gode beiteområde.
Her feita dyra seg opp
i løpet av sommaren.
3
FAKTA


Driftekarane drog til sentrale delar på Austlandet
for å selja dyra der. Det
skjedde på hausten.
DRIFTESLEPA I NESNINGSFJELLA
Del av den gamle drifteslepa frå Aurland og
Lærdal i Sogn til Drammen, Kongsbergområdet og
heilt til Oslo. Nes Historielag rydda denne delen av
slepa, kalla Driftevassvegen, frå 2001 til 2003.
Slepa kryssa opphavleg Hallingdal ved Sundre
i Ål og gjekk gjennom Nes forbi Skålsrudstølen,
til Rukke og opp til Jordeslia. Så gjekk den vidare
langs Driftevassbekken og til Kvilingsberget. Her
er det flott utsikt mot Hemsedalsfjella og mot
Reineskarvet. Hallingskarvet kan ein også sjå litt
av. Den rydda slepevegen startar ved Jordeslia og
endar der den møter stigen som går til Åkrefjell.
Men slepa gjekk vidare innover fjellet forbi Brynhildstjern, Hallingnatten, Reinsjøen og vidare til
Norefjell og helt til Branes/Drammen og Kongsbergområdet.
Korleis kome seg dit: Frå Nesbyen: køyr i
retning Tunhovd, ta av til Jordesli etter ca. 15
kilometer. Slepa startar litt ovanfor Jordeslia.
Turen tek om lag ein time og er 5,3 kilometer lang.
Det er fire infoskilt langs vegen. Ein kan kvile ved
Kvilingsfuro, ei diger, gamal furu som er over 500
år gamal, eller ved Kvilingsberget.
Turkart kan kjøpast på turistkontoret, bokhandelen, turistbedrifter og bensinstasjonar
Turen har lett stigning i 900–1000 moh og er
godt merkt. Noko myrete etter fire kilometer.
COWBOYLIV: Fehandlarane var på eit vis
norske cowboyar. Her er Knut Halvor
Krusedokken på veg heim med reinslakt.
(FOTO: PRIVAT)
HALLINGDØLEN
FERIEMAGASINET 2014
FERIEMAGASINET 2014
HALLINGDØLEN