14-05-15-6713-Stryneloeva mai 2015

Stryneløva
Charterdato 18. april 1966
Ansvarleg for utgåva: Rasmus Guddal
April– 2015
Telefon: 992 72 557 E-post: [email protected]
Årgong 13- Nr. 09
Maimøte på Innvik Fruktlager og Innvik Fjordhotell
I denne
utgåva
Maimøte
LC Stryn 12.05.15
1-2
Styret i Lions Club Stryn
2014-2015
 President:
Svanhild Valvik
Telefon: 915 71 331
E-post: [email protected]
 Visepresident:
Kolbein Fridtun
Telefon: 913 19 472
E-post: [email protected]
 Past president:
Rasmus Guddal
Telefon: 992 72 557
E-post: [email protected]
 Sekretær:
Andreas Solvik
Telefon: 917 73 123
E-post: [email protected]
 Kasserer:
Lorentz Hjelle
Telefon: 911 57 008
E-post: [email protected]
 Styremedlem:
Rolf Knutsen
Telefon: 909 71 281
Presis klokka halv åtte var 25 medlemer
samla i kantina på Innvik Fruktlager til
orientering om ei bedrift alle har høyrt
om, men som viste seg å vere meir enn
vi hadde trudd. Tidlegare leiar Svein
Kvame gav oss ei grundig orientering
om bedrifta frå den spede start då Gartnerhallen trekte seg ut og det
nordlegaste fruktlageret i verda skulle stå på eigne bein. I tillegg til
pakking av bær og frukt frå produsentar i Nordfjord leverer og bedrifta kraftfor, kalk og gjødsel til bøndene i distriktet og skaffar plantar til produsentar av bær og frukt. Bedrifta dreg og i gong prosjekt
for å auke produksjon og kvalitet hos leverandørane.
Omsetninga har auka jamt dei siste åra, og målet for 2015 er 38 millionar kroner. Prognosane for 2015 for frukt og bær er følgjande:
Bringebær 420 t, 60% til industri, jordbær 6 t, 50% til industri, auke
for plomme, 100 t i 2014, auke for eple, 186 t i 2014. 2014 var eit godt
år for eple med særleg god kvalitet på Raud Aroma. Som prognosane viser er det auke i alt med unnatak av jordbær. Dyrkinga treng
nytt land.
Innvik Fruktlager er og heilt på topp når det gjeld pakka produkt
som går til grossist/butikkar.
Svein Kvame fekk stor applaus for orienteringa og
Ragnhild overrekte boka om Skåla som velfortent takk
for eit lærerikt besøk på Innvik Fruktlager.
Det seier seg sjølv at etter å ha innhenta så mykje
kunnskap om bær– og fruktdyrking i distriktet var
løvene svoltne og såg fram til klubb og skjør på Innvik Fjordhotell.
Side 2
Klubbmøte
Etter eit godt måltid med klubb/kompar
(kjært barn har mange nemn) vart det sjølvsagt klubbmøte, eller var det komparmøte?
Vi ser her president Svanhild og sekretær
Andreas i djup konsentrasjon for å leggje til
rette for eit vellukka møte.
Tulipanaksjonen. Leiar i komiteen, Kaare
Jørgensen, gav ei oppsummering av
aksjonen i år. Det vart eit godt resultat, 3400
tulipanar fekk nye eigarar og klubben sit att med godt over 20000 kr til Mitt Val. Det skal i løpet av året arrangerast kurs for personalet ved Hornindal barnehage så pengane kjem vel
med.
Rekneskap. Kasserar Lorentz la fram rekneskap for 2 år. Det har teke si tid før alle brikkene
kom på plass etter riksmøtet i 2013, men no er alt kome med med unnatak av ein sum som
kjem på rekneskapet i år. Vi kan slå fast at den økonomiske stoda i klubben er svært god
både når det gjeld aktivitetskasse og klubbkasse.
Blomster i hovudgata. Svanhild kunne no melde at alt er klart for utplassering av blomsterkasser på lyktestolpane i ein del av gata. Vegvesenet har vore litt tilbakehaldne til
prosjektet, men når dei får sjå kor fint det blir kjem der nok kasser i heile gata neste år. Medlemene vilbli kalla inntil dugnad når blomstrane skal opp i kassene, 2,5 m over gatenivå.
Dugnad ved Stryn Kyrkje. Fleire melde seg til målingsarbeid av eit gjerde ved kyrkja.
Løvehola. Oddvin og Rolf K. får
hjelp av fleire medlemer med å få
taket som har dotte ned på plass
Ola Are har runda dei 70 og får
her Skålaboka som ei gåve frå
klubben. Det blir nok mange turar
på Ytrehornsnakken og Skåla til
sommaren. Stryneløva ønskjer
lukke til!
Junimøtet blir i Hornindal, etter
Stryneløva sin kalender
den10.juni. Alt ligg til rette for ei
triveleg stund med god mat og kulturinnslag av beste kvalitet.
Med Lionshelsing
Rasmus