Invitasjon innskriving Eid 15-16

Kjære 8. klassing
og foreldre/føresette!
Invitasjon
Innskriving av konfirmantar 2015/2016
Eid kyrkje torsdag 11. juni kl. 18.00
2 16
R
I
F
ON
K
T
N
MA
Kjære deg!
For nokre veker sidan
fekk du heftet Konfirmant 2016 i posten.
Dette heftet handlar om å vera konfirmant.
No vil kyrkjelyden din invitera deg
til å verta med oss i konfirmasjonstida 2015/2016.
Konfirmasjonstida er ein viktig del av trusopplæringa i kyrkja vår,
så vi reknar med at de som er døypte og medlem av Den Norske Kyrkja
vert med på konfirmasjonsopplegget. Skulle nokon likevel finna ut at dei ikkje
ynskjer å vera med på konfirmasjonsdagen, kan vi koma tilbake til det seinare.
Dersom du ikkje er døypt, kan du vera med i konfirmasjonstida,
bli kjend med trua og velje om du vil bli døypt undervegs.
Konfirmasjonsdagen er for dei som er døypte.
Konfirmasjonstida
i Fjelberg og Eid sokn har fylgjande opplegg:
- Samling for konfirmantar og foreldre/føresette
på Zoar bedehus onsdag 19. august kl. 18.00.
På denne samlinga vert det orientering om konfirmantåret og vi prøver
å organisere kveldsmat til gruppesamlingane slik som tidlegare.
Ei tilsvarande samling har vi i starten av januar.
- 8 gudstenester, inkludert presentasjonsgudsteneste,
samtalegudsteneste og konfirmasjonsgudsteneste.
- Undervisning på Zoar bedehus med kveldsmat onsdagar 17.15-19.00 Om lag 7 samlingar før jul og 5 etter jul
+ ein laurdag med øving til samtalegudst. og konfirmasjon.
- Tenesteoppgåve med innsamling til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon.
- Konf. camp i Etne (laurdag før palmesøndag til onsdag)
for dei som melder seg på. Forutset at nokon foreldre kan vere med
som leiarar/nattevakt. Arrangør av leiren har ansvar for programmet.
Innskriving skjer i
Eid kyrkje, torsdag 11. juni kl. 18.00
På denne samlinga reknar vi med at ein av foreldra/føresette vert med.
Fyll ut og ta med innmeldingsskjemaet! Det vert ein kort informasjon
og så leverer éin og éin skjemaet sitt og vert kryssa av på lista.
Vi ynskjer å få alle innmeldingane før skuleslutt.
Så dersom det ikkje høver å møte denne dagen,
kan de sende innmelding til:
Kyrkjekontoret, Klubbavikjo 9, 5451 Valen.
Kostnader:
Konfirmantane betalar ingen ting for undervisningsmateriellet.
Men alle betalar kr. 500,- til dekking av utgifter til kveldsmat m.m.
Dei som melder seg på til Conf.camp. betalar påmeldingspengar
og for leiropphald.
Presentasjonsgudsteneste:
Søndag 23. august kl.11.00 i Eid kyrkje.
Søndag 30. august kl. 11.00 i Fjelberg kyrkje.
Det er fint om de som foreldre/føresette er med på dei gudstenestene
som konfirmanten deltek på i løpet av konfirmasjonstida.
Konfirmasjon 2016:
Fjelberg kyrkje søndag 24. april kl. 11.00
Eid kyrkje laurdag 7. mai kl.11.00
og søndag 8. mai kl. 11.00 (ikkje konfirmasjon 1. mai).
Vi ynskjer at konfirmasjonstida skal bli ei fin tid for kvar einskild.
Då er det viktig at alle gjer sitt til at det skal lukkast,
og vi har sett opp nokre ordensreglar:
1) Møt presis til alle samvær (helst nokre minutt før).
2) Fråvær.
Har du god grunn til å vera borte frå eit samvær, må føresette be deg fri på førehand.
Er du borte frå undervisningssamvær p.g.a. sjukdom, må konfirmantlærar/prest
få melding. Det er fint om foreldre/føresette sender melding på sms til 90 80 52 81.
3) Ta med til kvart undervisningssamvær:
Konfirmanthefte og skrivesaker.
4)
Ro og orden. I alle samvær skal det vera ro og orden som gjev høve til
konsentrasjon og arbeid. Slik kan utbytte av samværa verta best mogeleg.
Om nokon skaper uro i ein time, kan han/ho verte bortvist frå timen
og må evt. møta til ekstratime. Foreldre/føresette vil verta informert.
5) Det er ikkje tillate å bruka mobiltelefon i undervisningssamvær.
Så ynskjer vi vel møtt
og vonar det vert ei fin konfirmasjonstid med gode opplevingar!
Med venleg helsing
Jan Ove Anders Høines Totland
Sokneprest i Fjelberg og Eid sokn
Ei
levande
kyrkje
trusopplæring i den norske kyrkja
Husnes kyrkjekontor i Valen kyrkje
Klubbavikjo 9 - 5451 Valen
Tlf.: 53 48 27 40
www.kyrkja-kvinnherad.no
- i Kvinnherad
trusopplæring i den norske kyrkja