Konfirmant i kyrkja

Konfirmant i kyrkja
- Noko for deg?
Kyrkja i Suldal inviterer deg til å bli konfirmert.
Nå er valet ditt.
Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig,
er du velkommen til konfirmasjonstid i kyrkja.
Kva er konfirmasjon?
Sjølve ordet konfirmasjon betyr stadfesting.
Dåpen er eit synleg teikn på Guds kjærleik
til oss og at den døypte høyrer til i kyrkja.
Dette vert stadfesta i konfirmasjonen.
Konfirmasjonstida leier fram mot sjølve
konfirmasjonsgudstenesta der kvar enkelt
konfirmant blir bedt for.
For å bli konfirmert må du vera døypt.
Dersom du ikkje er døypt,
kan du bli det i løpet av konfirmasjonstida.
Kva gjer me i konfirmasjonstida?
Konfirmasjonstida i kyrkja i Suldal har
stikkordet «litt av alt».
Me ynskjer at du gjennom året skal
læra meir og tenkja over tema knytt til
m.a. tru/tvil, Bibelen, sjølvbilde, korleis
ta gode val, plassen vår i verda og
andre tema knytt til Gud og kristen tru.
Du treng ikkje å ha tenkt igjennom alt
på førehand, men i løpet av året vil du
få høve til å gjera deg opp eigne tankar
og meiningar knytt til dette. Nokre
gonger løyser me gruppeoppgåver,
andre gonger ser me film, har drama
eller undervisning, griller pølser og
diskuterer store og små
spørsmål.Uansett: Det viktigaste er at
du er villig til å delta i opplegget.
Frå pilegrimstur til Mokleiv april 2015
Konfirmantåret varer frå august til mai
og inneheld 60 klokketimar.
Kva forpliktar konfirmantane
seg til?
Dei som melder seg som konfirmantar
må møta på alle samlingane og vera
villig til å delta på opplegget.
Frå weekend Gullingen hausten 2014
Dei må igjennom året delta på 8
gudstenester og dei får enkle oppgåver
på nokre av desse gudstenestene.
Alle konfirmantane i kommunen deltek
før påske i Kirkens nødhjelp sin
fasteaksjon i si bygd, der me samlar inn
pengar til Kirkens nødhjelp.
Alle har rett til ei god konfirmasjonstid
Som kyrkje ynskjer me å møta alle konfirmantar og familien deira på
ein god måte i deira livssituasjon. Treng du ekstra støtte i samlingane
eller tilrettelegging på andre måtar så ta kontakt med oss på førehand.
Skriv det i påmeldinga eller ta kontakt direkte med kyrkjekontoret.
Skriv og om det er viktige forhold me treng å vite om, til dømes forhold
heime, mat- og andre allergiar, dysleksi etc.
Me legg opp til at onsdag etter skuletid kl. 15 - 17.15.
vert dag og tid for dei fleste undervisningssamlingane
i Sand kyrkje/ bedehus, men og med samlingar i Jelsa- eller
Erfjord kyrkjer.
Me prøver å få til små grupper der konfirmantane møtes i heimane i sitt sokn.
Grupper i heimane kan bli på ein annan dag.
Det kan og bli ei samling i haust felles for alle konfirmantane i kommunen på Sand
bedehus etter skulen .
Detaljert semesterplan kjem i august.
Første undervisningssamling vert onsdag 2. september kl 15 på Sand bedehus
Passer ikkje undervisningsdag og tidspunkt for deg, eller har du
andre kommentarar til dette, skriv det i påmeldinga.
Viktige datoar og praktisk informasjon:
Presentasjonsgudstenester for konfirmantane med påfølgande foreldremøte:
23.august kl. 11 i Jelsa kyrkje
30.august kl. 11 i Marvik kapell
6. september kl.11 i Erfjord kyrkje
Konfirmasjonsgudstenester:
Laurdag: 23.april 2016 kl. 11 Marvik kapell
Søndag : 24.april 2016 kl. 11 Jelsa kyrkje
Laurdag: 7.mai 2016 kl. 11 Erfjord kyrkje
Konfirmant-weekend vert på Gullingen leirskule 18-20 september.
Varer fredag ettermiddag til søndag føremiddag.
Ein eigenandel på kr 1000,- går til å dekka kostnadar knytte til weekenden. Faktura vil bli
sendt.
Blir du med?
Påmelding på heimesida vår innan 20.juni: www.suldal.kyrkja.no
Viktig at konfirmant og foreldre/føresette fyller ut påmeldinga ilag, då me treng
opplysningar frå begge under påmeldinga.
Er du døypt i eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, så må du levera ein kopi av dåpsattesten.
Ta den med på første samling, eller lever den på kyrkjekontoret på Garaneset på førehand.
Fint om du kan lasta opp eit bilete under påmeldinga som me vil nytte til klassekart for å læra namn.
Det er soknepresten Erfjord og Jelsa som har ansvaret for planlegging og gjennomføring av
konfirmantopplegget på vegner av sokneråda, så ta kontakt med meg eller kyrkjekontoret for spørsmål!
Med vennleg helsing
………………………………………………
Margit Strandenæs Haver
Sokneprest i Erfjord og Jelsa sokn
og
sokneråda i Erfjord og Jelsa
Spørsmål?
Suldal kyrkjekontor: 52790200
Sokneprest direkte: 52790208/ mobil 41289165
e-post: [email protected]
Den norske kyrkja