– Felles utfordringar og interesser Frustrert over tiår med «snakk

8
Tysdag 12. mai 2015
Tysdag 12. mai 2015
9
Frustrert over tiår med «snakk», men glad for nye signal
Generalsekretær i Norges
jeger- og fiskerforbund
(NJJF), Espen Søilen, likte
det han fekk høyra frå konsernsjefen i Marine Harvest
Norway AS på Hardangerfjordseminaret i helga.
Men han åtvara mot meir
”snakk” og uthaling av tid.
og i båtar, som fiskar sjøaure. Det
er masse sjøaure i fjorden, og ingen oppdrettsanlegg, fortalde Søilen.
– Redd for saldering
–Havbruksmeldinga er ei melding
om vekst. Me får i utgangspunktet
frysningar på ryggen når ein snakkar om vekst slik situasjonen er i
dag, med stormen Nina og bilder
av rømd oppdrettslaks og regnbogeaure friskt i minnet. Men me er
positive til ei melding som signaliserer krav om berekraftig vekst.
Samstundes er me litt redde for
vekstretorikken, for det går fort
troll i ord. Ein får kjapp vekst, og
så salderer ein på berekrafta. Det
politikarane må ta stilling til no,
er kva økologisk fotavtrykk denne
næringa skal få lov til å setja i Noreg i åra som kjem. Her treng me
tydelege og modige politikarar, sa
han.
Lars Arvid Oma
[email protected]
– Me er glade for det me høyrer,
men dette har me også høyrt før.
Me føler me er blitt opphaldne
med ”godt snakk” i to tiår, minst,
når det gjeld oppdrettsnæringa si
innverknad på dei ville laksestammene. Det har skapt frustrasjon, sa
Søilen til seminardeltakarane på
Thon Sandeven hotel fredag.
Han undra seg til dømes over at
ikkje merking av laks for lengst er
blitt innført i oppdrettsnæringa.
– Ein treng ikkje rakettforsking
for å gjera rømd laks sporbar.
Dette er kjend teknologi, og han er
billig, sa han.
Glad for ny politisk situasjon
Samstundes gav Søilen klart uttrykk for glede over å vera i ein
ny politisk situasjon, der ein får
signal om at næringa deler oppfatninga til villfiskinteressene når
det gjeld lakselus, og at næringsaktørar sjølv ynskjer regulering på
På talefot: Konsernsjef Alf Helge Aarskog i Marine Harvest Norway AS (t.v.) og generalsekretær i Norges jeger- og fiskerforbund (NJJF), Espen Søilen,
fann tonen på Hardangerfjordseminaret på Thon Hotel Sandven i helga. Begge føredragshaldarane håpar at det nye oppdrettsregimet vil vera med
og fjerna lakselusproblemet frå både oppdrettsnæringa og villfisken.
dette området når det skal opnast
for vekst.
– Me har blitt skuffa over vekslande politiske regime, som har
late seg føra bak lyset av ei næring
som har vore mot alle former for
inngrep og regulering. Difor er det
ei ny verkelegheit når me no høyrer Marine Harvest seier at næringa vil har regulering, sa han.
Søilen set si lit til modige politikarar, som har vilje, mot og
styrke til å utvikla og handheva
det nye havbruksregimet som er
på trappene.
Vekst krev regulering
– Kunnskapsbasert forvalting har
alltid vore utgangspunktet vårt.
Me er ikkje mot oppdrettsnæringa.
Dette er ei stor og viktig næring
som er kommen for å bli, og som
kjem til å bli ein berebjelke i framtida når det gjeld matproduksjon.
Og det er samstundes opplagt at
havbruksnæringa må vera berekraftig dersom ho skal lukkast.
Dette er vårt utgangspunkt og vår
”inngang” til havbruksnæringa:
Det er ikkje mogleg med vekst
utan at næringa er berekraftig,
både i forhold til marknaden og
naturen si toleevne, sa Søilen.
Han fortalde mellom anna om
situasjonen i Oslofjorden, der bekkar og elvar rundt fjorden er restaurerte og «pussa opp».
– Det er blitt eit fiskeparadis
når det gjeld sjøaure i Oslofjorden.
Det står folk over alt langs land,
Positiv, men avventande
Søilen er positiv til signala i havbruksmeldinga, men meiner det
står att å sjå om det i praksis lèt
seg gjera å styra etter dei prinsippa som kjem fram i trafikklysmodellen. Han er oppteken av kor
den økologiske tolegrensa skal
liggja for grønt, gult eller raudt lys
for vidare vekst. Utgangspunktet
for politikken må vera omsynet til
villfisken, og påvirkninga på miljøet.
– Må ha haustbare overskot
– Me er redde for diskusjonen om
kva nivå me skal tola når det gjeld
påverknad på miljøet. Når skal det
vera grønt, når skal det vera gult
og når skal det vera raudt for vidare vekst? Dersom ein ikkje sørgjer for eit berekraftig nivå som
gjev grunnlag til å hausta overskot
i elvane, kva skjer då? Villaksen
som art kan nok bergast, i tråd
med internasjonale forpliktingar,
på kort sikt. Men utan haustbare
overskot i elvane, ramlar interessa
for å vareta laksen i stor grad frå
kvarandre, åtvara han.
Arbeidet som vert gjort for å
hjelpa villaksen i elvane vert i stor
grad utført på dugnad, i samarbeid
med grunneigarar og forvalting.
Dersom det vert mindre høve til
fiske, vil interessa minke, fryktar
Søilen.
– Me er nøydde til å ha eit system som gjev haustbart overskot
i lakseelvane, elles blir det heilt
meiningslaust. Det er ei urovekkjande utvikling på dette feltet.
Me må ikkje gå inn i ei utvikling
der dagens nivå blir sett på som
grei. Me må ha langt høgare ambisjonar enn det, understreka han.
– Næringa bed om regulering
– Signala frå Marine Harvest er
veldig gode. Næringa bed om
regulering, sjølv. Då kan det vel
ikkje vera så vanskeleg å få dette
gjennom i Stortinget? sa han.
Overskot: – Me er heilt avhengige av ei regulering som gjev haustbare overskot av laks og sjøaure i elvane, sa
Generalsekretær i Norges jeger- og fiskerforbund (NJJF), Espen Søilen.
Ifølgje Søilen går det eit «tog» no.
NJJF arbeider knallhardt inn mot
Stortinget, og har nesten daglege
møter med stortingsrepresentantar
frå ulike regionar og parti.
– Dette er ein svært viktig for oss.
Får me ikkje til dei varsla mekanismane i reguleringa, vert me sett
langt tilbake. Då vert det dagens
situasjon som får halda fram, åtvara han.
– Må tetta smotthol
Søilen er oppteken av at alle
smotthol må tettast i det nye havbruksregimet, slik at det kan bli eit
reelt verktøy i arbeidet med å sikra berekrafta i oppdrettsveksten.
Sportsfiskegeneralen oppmodar styresmaktene til også å sjå
nærare på andre miljøindikatorar
enn lakselus.
– Ein må sørgja for at ta i bruk
reguleringar før skaden skjer, sa
han.
Søilen trekte også fram moglegheitene for nye norske industrielle eventyr og innovativ utvikling
med utgangspunkt i ei framtidsretta havbruksnæring.
dringane knytt til fôrtilgangen til
den veksande næringa.
– Villfisken i verdshava er
maksimalt belasta allereie, så oppdrettsnæringa må sjå på alternativ
som samstundes kan halda oppe
omega-3-faktoren i fisken. Det
vert til dømes drive spennande
forsking på produksjon av mikroalgar til bruk i fôr, fortalde han.
Aarskog peika på at det er eit
stort ansvar å sørgja for auka matproduksjon, ikkje minst i havet
– der potensialet ifølgje Aarskog
er størst og som har den mest
energiøkonomiske, miljøvenlege
og effektive produksjonen av næringsrik og sunn mat.
Marine Harvest Norway, som
er Noregs største oppdrettsselskap
og matprodusent (protein), produserte åleine 3,8 millionar måltid
laks kvar dag. Det meste blir eksportert.
opp til gratis konsesjonar for lukka anlegg på land, men han la inn
eit «tips» til styresmaktene om å
tilby det same for lukka anlegg i
sjø. Det vil ifølgje Aarskog gje eit
viktig «skyv» i det vidare arbeidet
med lukka og semilukka sjøanlegg.
– Utprøving av lukka anlegg
i sjø har vore ein delvis suksess.
Dette er eit spennande arbeid,
men det står framleis att utviklingsarbeid og utprøving av ulike
prinsipp, forklarte konsernsjefen.
Gode diskusjonar
– Korleis er det å vera på Hardangerfjordseminaret?
– Det er veldig kjekt og interessant. Eg likar gode diskusjonar
og det viser seg at oppdrettsnæringa og villfiskinteressene har
samanfallande interesser, og felles
utfordringar som må løysast, seier
Aarskog til HF.
– Kva gjer Marine Harvest vidare når det gjeld lukka anlegg?
– Dette er framleis forskingsarbeid og innovasjon. Det står att
utviklingsarbeid før teknologien
er klar til bruk i full skala. Me skal
mellom anna vurdera fleire nye
prinsipp for lukka anlegg, seier
han.
– Når vil ein oppnå ei tiltaksgrense på null kjønnsmogen holus?
– Dette må ein ta gradvis. Resultata våre i Agder tyder på at det
er mogleg å oppnå gode resultat.
Me må gå i ei retning mot null lus,
seier han.
– Felles utfordringar og interesser
Ifølgje konsernsjef Alf
Helge Aarskog i Marine
Harvest Norway AS har
villfiskinteressene og oppdrettsnæringa samanfallande interesser i kampen
mot lakselus.
Lars Arvid Oma
[email protected]
– Lakselus er kanskje eit problem for villfisken, men det er eit
minimalt problem for villfisken
samanlikna med kva dette problemet inneber for oppdrettsnæringa.
Globalt brukar næringa minst fem
milliardar kroner i kampen mot
parasitten. Dersom me ikkje ser på
dette som ei utfordring, har me eit
anna problem – at ein ikkje innser
at ein har eit problem, sa Aarskog
på Hardangerfjordseminaret fredag.
Strekkjer ut ei hand
Det var knytt stor interesse til be-
søket av konsernsjefen i Noregs
største oppdrettsselskap, og kva
han hadde med seg i kofferten om
temaet: Våre forslag og tankar
rundt utvikling av havbruksnæringa.
Han starta med å strekkja ut
ei hand til villfiskforkjemparane i
salen.
– Villaksen er viktig for oss, og
det er mykje å henta i ein god dialog og eit godt samarbeid basert
på kunnskap. Me må alle gå inn i
oss sjølve og bidra i ei kompleks
sak. Eg takkar for invitasjonen og
vil svært gjerne koma tilbake til
Hardangerfjordseminaret ved eit
seinare høve. Då vil eg gjerne få
snakka om villaksforvalting, sa
han.
Aarskog har hovudfag i dette
emnet.
Samanfallande interesser
Signala frå Aarskog tyder på at
Marine Harvest ynskjer å ta miljøutfordringane på alvor. Selskapet
ser ikkje for seg vekst i næringa
utan at ein får bukt med lakselusa.
– Hovudutfordringane for næringa er lakselus, rømming, omega-3 feittsyrene EPA/DHA i fôret
og manglande arealtilgang. Dette
er utfordringar som må løysast, sa
han.
Aarskog oppmoda til ein offensiv kamp mot lakselus, og ynskjer
fleire av krava i den nye havbruksmeldinga velkommen.
Dette kan bety at den som ikkje
taklar tiltaksgrensa for lakselus
går glipp av veksten og i verste
fall må avslutta produksjonen,
dersom miljøkrava i den nye havbruksmeldinga vert handheva –
slik villfiskforkjemparane reknar
med.
– Retning mot null lus
Aarskog er offensiv og går inn for
å senka tiltaksgrensa mot kjønnsmogen holus på lang sikt.
– Me bør ha ei retning mot ei
tiltaksgrense på null, sa han.
Aarskog støttar signala i den
nye meldinga om eit strengare re-
Møteleiar Bjarte Erstad (t.h.) delte ut både sydvestar og t-skjorter til
føredragshaldarane. Konsernsjef i Marine Harvest Norway AS, Alf Helge
Aarskog, slapp ikkje unna t-skjorte med lakselus-motiv.
gime i møte med «lusefabrikkar».
Han viste til eit konkret døme frå
Agder, der hans eige selskap oppnådde tilnærma null lus etter at ein
tok tak i luseproblemet. God bruk
av leppefisk, koordinert drift og
reine nøter gav resultat. På denne
lokaliteten brukar selskapet berre
33–34 øre per kilo i avlusinga.
– Eg kjenner ingen artar som
vert resistente mot å bli etne. Leppefisk er eit godt våpen mot lakselus, sa han.
Berekraftig vekst
Marine Harvest ynskjer vekst,
men veksten må vera berekraftig.
Ifølgje Aarskog fungerer lakselus
bra som miljøindikator, og at det
fornuftig å venta med vidare vekst
Spørsmål frå salen: Klaus Rasmussen frå Naturvernforbundet i Kvam
gav ros til Marine Harvest for retninga selskapet tek i miljøsakene knytt
til oppdrettsnæringa, men utfordra Aarskog når det gjeld ynsket frå ei
pengesterk næring om gratis konsesjonar for lukka anlegg i sjø.
til ein har løyst lakselusproblemet.
– Dersom me ikkje klarar å
drifta bra, som ved ein av lokalitetane våre i Nord-Trøndelag, er det
betre å ta ned produksjonen eller
avvikle lokaliteten, sa han.
Aarskog ser på regulering som
heilt naudsynt dersom ein skal få
bukt med problema.
– Selskapet ville truleg gjort
det annleis dersom me hadde starta med oppdrett i dag, vedgjekk
han.
Nytt maritimt fôr?
Konsernsjefen tok også opp utfor-
Gratis konsesjonar
Aarskog tykkjer det er positivt at
den nye havbruksmeldinga legg
Sertifisering
Marine Harvest er allereie i gang
med å bli ein del av sertifiseringssystemet The aquaculture stewardship council (ASC). Dette er
ein standard for sertifisering og
merking av berekraftig lakseoppdrett, utvikla av World Wildlife
Fund (WWF) og Dutch Sustainable Trade Initiative (IDH).
Innan 2020 skal alle anlegga til
Marine Harvest vera sertifisert.
»