Den kulturelle skolesekken i Nord

© Bente Haarstad
© Reidulv Lyngstad
Avdeling for videregående opplæring
Den kulturelle skolesekken
for vidaregåande skule
© Bente Haarstad
© Geir Moen
Skuleåret 2015-2016
© Joachim Brodin
Forsideillustrasjonar: Frå produksjonar presentert i denne katalogen.
Innhald:
Side 1
For elevar med særskilde behov: «Et blikk på hverandre» v/Gisle Haaland
& Thomas Winje Øijord
Kunstartar i samspel: «Peer Gynt -Tegneserieroman» v/Geir Moen
Side 2
Kunstartar i samspel: «Nok en same» v/Håkon Mathias Vassvik
Kunstartar i samspel: «Minnenes Museum» v/Teater NIE
Side 3
Musikk: «Riff!» v/Riff
Musikk: «Orkesterprøve» v/Trondheim Symfoniorkester
Side 4
Visuell kunst: «Frå knips til kunst» v/Reidulv Lyngstad
Visuell kunst: «Hermit’s Kingdom - Et møte med en totalinstallasjon» v/Trøndelag
Senter for Samtidskunst
Side 5
Film: «Belle Gunness - En seriemorder fra Selbu» v/Anne Berit Vestby
Film: «Drone» v/Tonje Hessen Schei
Side 6
Film: «Flink Pike» v/Solveig Melkeraaen
Kulturarv: «Malerfaglige grunnteknikker og bygningsvern» v/Malersvenneriet
Side 7
Kulturarv: «Bruk og misbruk av historien» v/Stiklestad Nasjonale Kultursenter
Kulturarv: «SS Strafgefangenenlager Falstad - minner og memoarer»
v/Falstadsenteret
Side 8
Litteratur: «Camilla Collett, født Wergeland» v/Line Baugstø
Litteratur: «Bullshittfilteret» v/Oda Faremo Lindholm
Side 9
Litteratur: «Evolusjon - Naturens kulturhistorie» v/Markus Lindholm
Scenekunst: «Face yrkesfag with comedy» v/Alan Drop
Side 10
Scenekunst: «We are still. In love» v/Dans i Nord-Trøndelag
Scenekunst: «The Uncanny Valley» v/Superbolt Theatre
Side 11
Scenekunst: «Julie + Romeo» v/Katja Brita Lindeberg
Scenekunst: «Juvikfolke» v/Nord-Trøndelag teater
Side 12
Scenekunst: «Västmannen» v/Nord-Trøndelag teater
Scenekunst: Riksteatret sitt program for skuleåret 2015-2016
Tilbodet frå Den kulturelle skolesekken for skuleåret 2015-2016
Tilbodet for neste skuleår er blitt til gjennom møter med kulturkontaktane ved den
enkelte skule, samt elevrepresentantar og representantar frå skuleleiinga Tilbodet
omfattar scenekunst, film, litteratur, musikk, visuell kunst og kulturarv. I denne katalogen blir tilbodet presentert innan desse seks kategoriane, samt ein kategori kalla
kunstartar i samspel, kor produksjonane er ein symbiose av fleire forskjellige kunstuttrykk. I tillegg har vi også tilbod som er spesielt tilpassa elevar med særskilde behov.
Vi vonar at den enkelte tek seg god tid til gjennomgang av programtilbodet, og melder sine produksjonsynskjer til kulturkontakten i god tid før bestillingsfristen. På denne måten kan kvar enkelt av dykk sikre at de får besøk av dei produksjonane de
opplever som mest relevante og interessante det komande skuleåret.
Meir utfyllande informasjon om tilbodet kan de finne på nettsidene våre
www.dksnordtrondelag.no. Klikk på fana merka «videregående» nedst til venstre, og
du vil få opp ei oversikt over programmet. Det meste av tilbodet blir også presentert
på Møteplassen på Stiklestad, slik at lærarar og elevar får eit godt grunnlag for å
gjere sine val for komande skuleår. Det er viktig at skulane gjer val og prioriteringar
som medfører at kvar enkelt elev får minimum ei oppleving i løpet av skuleåret.
Alle produksjonar i denne katalogen kjem med tips til relevante fag, som er meint å
skulle vegleie skulane i utveljinga. Ver også merksam på at fleire av produksjonane
finst i ulike, valbare versjonar. Dette ligg inne for at den enkelte skulen skal kunne
skreddarsy tilbodet til sin elevmasse. Når kulturkontakt leverer bestilling frå tilbodet,
bør de difor passe på at det også er notert kva versjon av produksjonen som er
ynskja ved dykkar skule. I årets katalog gjeld dette følgjande produksjonar: Orkesterprøve (s.3), Frå knips til kunst (s.4), Belle Gunness (s.5), Drone (s.5), Flink Pike
(s.6), Face yrkesfag with comedy (s.9) og We are still. In love (s.10), samt kveldsframsyningane til Riksteatret (s.12).
Programmet famnar vidt, her skal vere noko for ein kvar smak, representert både
gjennom skulebesøk og besøk på eksterne arenaer som kulturhus, kino og museum.
Elevane får møte kunsten gjennom framsyningar, verkstadar, museumsbesøk, samtalar og foredrag. Om det likevel skulle vere noko du saknar, har DKS NordTrøndelag også ein liten pott midlar som den enkelte vidaregåande skulen kan søkje
om tildeling frå. Denne ordninga finn du meir informasjon om på nettsidene våre.
Viktige datoar:
Møteplassen VGS:
15. og 16.april
Frist for bestilling frå tilbodet:
13.mai
Eventuelle spørsmål rettast koordinator:
Anne Lena Underland
Tlf. 74 11 49 44 / 954 07 784
E-post: [email protected]
Workshopen vektlegg gleda i å skape eit
kunstnarleg produkt som umiddelbart blir presentert for eit publikum. I tillegg er dette eit
produkt som i høg grad er personleg, og som
betyr mykje både for den som blir portrettert,
og den som portretterer.
Eigne notatar:
Alle som deltek blir portrettert og skal sjølv
portrettere ein medelev. Måten dette blir gjort
på, kan i stor grad tilpassast den enkelte sine
fysiske og psykiske utfordringar. Med utgangspunkt i to sansar, hørsel og syn, vil vi
vektlegge det som betyr mest for den som
portretterer og blir portrettert.
Av omsyn til målgruppa og det kunstnarlege
resultatet er tekst og tale utelukka frå dei ferdige produksjonane. Vi vil også kunne tilretteleggje prosjektet for barn og unge som er
døve og/eller blinde.
Uttrykk: Kunstartar i samspel, for elevar med
særskilde behov (musikk, visuell kunst)
Ekstra relevant for m.a. elevar med særskilde
behov
Medverkande: Gisle Haaland og Thomas
Winje Øijord
Produsent: Gisle Haaland og Thomas Winje
Øijord
Arena: 2 klasserom
Tid: 2 skuledagar
Maks deltakartal: 6
Aktuelle lenkjer:
www.etblikk.no
Ill.: Geir Moen
Geir Moen: Peer Gynt-Tegneserieroman
Eigne notatar:
KUNSTARTAR I SAMSPEL
Gisle Haaland & Thomas Winje Øijord: Et blikk på hverandre
FOR ELEVAR MED SÆRSKILDE BEHOV
Foto: Thomas Winje Øijord / etblikk.no
”Et blikk på hverandre” skal, ved hjelp av enkelt
forarbeid og to skuledagar, skape eit personleg,
venleg og nært portrett av den enkelte elev som
deltek på
workshopen. Portretta består av
ein serie
fotografi,
i tillegg til skildrande lydlandskap og musikk redigert i ei sjølvstendig videofil.
Stormannsgal, egoistisk, hyklersk og amoralsk er berre nokre av karakteristikkane av
Peer Gynt. Bondeguten og verdsborgaren
som er seg sjølv nok sluttar aldri å fascinere nordmenn. No er historia tilgjengeleggjort for ein ny generasjon i ein kritikarrost
teikneserieroman.
Teikneserieromanen om Peer Gynt er skapt av
Geir Moen, som har jobba som serieskapar og
illustratør i 20 år. I denne produksjonen besøkjer han skulen for å fortelje om eigen forfattarskap og om prosessen bak produksjonen av
ein teikneserieroman.
Moen gjev også ein spanande gjennomgang av
stykket Peer Gynt, med eigne illustrasjonar, i
tillegg til å snakke om livet til Henrik Ibsen, det
politiske og kulturelle klimaet på hans tid, og
korleis dette påverka arbeidet med det dramatiske diktet Peer Gynt.
Aktuelle lenkjer:
www.chairmanmoen.com
Uttrykk: Kunstartar i samspel (litteratur, visuell
kunst)
Ekstra relevant for m.a. norsk, drama, design
og handverk
Medverkande: Geir Moen
Produsent: Geir Moen
Arena: Klasserom, auditorium, bibliotek
Tid: 45 minutt
Maks deltakartal: 200
1
Håkon Mathias Vassvik / Ferske Scener: Nok en Same
På knappe 100 år forsvann så samisk
språk og kultur nesten heilt frå Gamvik.
Korleis skjedde det?
Eigne notatar:
I denne framsyninga tek Håkon Mathias
Vassvik deg med inn i historia om staden
han kjem frå. Då han vaks opp på 80-talet
blei han fortalt at han var norsk og at nesten ingen der var samisk. Jo eldre han blei,
jo meir endra historiene seg.
Samisk kultur formidlast ofte som noko
eksotisk og homogent i norsk offentlegheit.
Reindrift, kofte, samisk språk, joik og duodji
er dei mest kjende teikna på samisk kultur,
men dette er bortimot ikkje-eksisterande i
den kystsamiske kulturen i dag. «Nok en
same» er historia om korleis ein mislukkast
i å fornorske ein ekte blandingskultur.
Uttrykk: Kunstartar i samspel (scenekunst,
musikk, kulturarv)
Ekstra relevant for m.a. historie, samfunnsfag,
musikk, drama
Medverkande: Håkon Mathias Vassvik, Torgeir
Vassvik, Kari Rønnekleiv
Produsent: Ferske Scener / Annika Ostwald
Arena: Gymsal, kulturhus, samfunnshus
Tid: 50 minutt
Maks deltakartal: 100
Aktuelle lenkjer:
www.ferskescener.no
KUNSTARTAR I SAMSPEL
Bli med til Gamvik, eit gamalt,
samisk fiskevær yttarst på Finnmarkskysten. I tusenvis av år har
samane levd godt av havet her.
Foto: Jiri N. Jelinek
Foto: Danielle Liljeqvist
Ein same som ikkje veit kor
samisk han er, ein som joikar
og ein nordmann med fiolin.
Alle bragt saman for å snakke
om noko som det ikkje er berre,
berre å snakke om til framande.
Minner er skapt av eit forunderleg materiale;
bedragersk og likevel tvingjande, maktfullt og
skuggeaktig. Vi kan ikkje stole på minna våre, og
likevel eksisterer det ikkje nokon anna røynd enn
den vi ber i hukommelsen vår.
Teater NIE: Minnenes Museum
Eigne notatar:
Kvar augneblink vi opplever få si menining
takka vere den føregåande. Notid og framtid
ville misse all meining dersom fortida var viska
ut av medvitet vårt. Mellom oss sjølv og ingenting står vår evne til å minnast. Eit problematisk
og skrøpeleg vern, og ei fantastisk mogelegheit!
I eit rom fylt av minner rekonstruerer fem menneske det som er tapt. To brødre, ein lærar, ein
nabo, ein kjærast. Med varme, musikk og humor fortel dei historia om ein dei har mista. Ein
bror, ein elev, ein nabogut, den fyrste kjærleiken...
Aktuelle lenkjer:
www.nie-theatre.com
Uttrykk: Kunstartar i samspel (scenekunst,
kulturarv, visuell kunst)
Ekstra relevant for m.a. religion, samfunnsfag,
historie, engelsk, norsk, drama, psykologi, sosiologi
Medverkande: Kieran Edwards, Arturo Tovar,
Charlotte Grundt, Jennifer Breitruck, David
Hlavac, Jan Shanel, Vojtech Svejkar
Produsent: Stiftelsen NIE Teater
Arena: Stort, blendbart rom med flatt golv
Tid: 80 minutt
Maks deltakartal: 70
2
Produksjonen «Riff!» er bygd rundt eit heilt
sentralt fenomen i den vestlege musikkhistoria: rockemusikken.
Eigne notatar:
Konserten har funne si form på bakgrunn
av at skuleungdom i dag ikkje nødvendigvis
har mykje erfaring med rockeband og
rockemusikk. Filmmusikk, spelmusikk og
«one-hit-wonders» utgjer kjenrerepertoaret
i born og unge sin musikk, medan det tradisjonelle rockekonseptet faktisk er ganske
perifert.
1) 17.september: Dai Fujukura: Rare Gravity, Tsjaikovskij: Rokokkovariasjoner, C.Nielsen: Symfoni nr. 4, det uudslukkelige. Dirigent: Kazuki
Yamada, solist: Harriet Krijgh (cello)
MUSIKK
Riff: Riff!
Trondheim symfoniorkester er, med si over 100-årige historie, ein
av dei største kulturinstitusjonane vi har. Kvalitet, breidde og vitalitet er stikkord som kjenneteiknar orkesteret. No gjentek dei suksessen frå i fjor, og inviterer elevar inn som publikum ved eit utval av
generalprøvene hausten 2015. Skulane kan velje mellom følgjande:
Trondheim symfoniorkester: Orkesterprøve
Eigne notatar:
Publikum får gjennom «Riff» ei stor musikals oppleving. I tillegg forsøkjer konserten
å gje ei større og breiare forståing av at
gitar-riffet som musikalsk byggjestein har
skapt og definert den kanskje mest utbreidde musikksjangeren i den vestlege verda.
Uttrykk: Musikk
Ekstra relevant for m.a. engelsk, historie,
musikk
Medverkande: Asgeir Skrove, Dag Skevik,
Morten Reinås, Roger Olsen
Produsent: Asgeir Skrove
Arena: Kulturhus, samfunnshus, gymsal
Tid: 40 minutt
Maks deltakartal: Etter storleik på lokale
Aktuelle lenkjer:
www.dksnordtrondelag.no
Foto: Christian Nilsen
Foto: Morten Røsrud
Med utgangspunkt i kjende
og sjangerdefinerande gitarriff og gitaristar
har bandet Riff
skapt ein solid
rockekonsert,
full av energi og
trøkk!
Aktuelle lenkjer:
www.tso.no
2) 24.september: Trondheim Kammermusikkfestival: Dessner: Quartett Tenebre, Maja Ratkje: Concert for voices, Mahler: Lieder eines
fahrende Gesellen og Adagio fra den ufullførte
Symfoni nr. 10. Dirigent: André de Riider, solister: Marianne Beate Kielland (alt), Maja Ratkje
(vokal)
3) 3.desember: Dvorak: Heroisk sang for orkester, Sjostakovitsj: Klaverkonsert nr. 1,
Beethoven: Symfoni nr. 1. Dirigent:: Krzysztof
Urbanski, solister: Dejan Lazic (klaver), Hans
Petter Stangnes, (trompet)
4) 28.januar: Musorgskij: Natt på Bloksberg,
Sjostakovitsj: Cellokonsert nr.1, Prokofjev:
Symfoni nr.7. Dirigent: Lukasz Borowicz, solist:
Bartholomew LaFollette (cello)
5) 10.mars: Schumann: Klaverkonsert,
Tsjaikovskij: Symfoni nr. 6, Pathétique. Dirigent: Han-Na Chang, solist: Christian Ihle
Haadland (klaver)
6) 14.april: Tsjaikovskij: Suite fra Svanesjøen.
Dirigent: Walter Weller, solister: 2 unge solister
valgt etter prøvespill.
Uttrykk: Musikk
Ekstra relevant for m.a. musikk
Medverkande: Trondheim Symfoniorkester
Produsent: Trondheim Symfoniorkester
Arena: Olavshallen i Trondheim
Tid: 10.00-13.00
Maks deltakartal: Full sal
3
Kamera kan brukast til å vise motiv slik
dei er. Men kamera kan også vere eit
framifrå verkty til å få fram motiv vi ikkje
ser med det blotte auge, og til å «plukke
ut», vinkle eller fokusere på motiv som
vi elles ikkje ville ha sett.
Eigne notatar:
I denne produksjonen legg fotograf og fotolærar Reidulv Lyngstad vekt på korleis ein
med enkle metodar kan lage fotokunst med
meir eller mindre grad av abstraksjon av
elles «vanlege» motiv, der det visuelle uttrykket tel meir enn dokumentasjon.
Følgjande to versjonar av produksjonen
kan veljast:
Alt.1: Eit foredrag som er ein kombinasjon
av forklaring og motivering, og som tek i
bruk mange bildeeksempel.
Alt.2: Innleiande foredrag (som alt.1) med
påfølgjande praktisk workshop i nærmiljø
inne og ute. Deltakarane på denne versjonen må disponere kamera og bør kjenne
elementær kamerateknikk.
Uttrykk: Visuell kunst
Ekstra relevant for m.a. design og handverk,
mediefag
Medverkande: Reidulv Lyngstad
Produsent: Reidulv Lyngstad
Arena: Klasserom, auditorium og utandørs
Tid: Alt.1: 45 minutt, alt.2: Ein halv skuledag
Maks deltakartal: Alt.1: 30, alt.2: 12
Aktuelle lenkjer:
www.fineartphoto.no
VISUELL KUNST
Reidulv Lyngstad: Frå knips til kunst
Ill.: Amalie Marie Selvik
Kunstnarane Marius Engh og Daniel Jensen let
seg fascinere av spor etter tapt stordomstid,
mytologi, subkulturar, science-fiction og populærkultur. I 2016 byggjer dei ein totalinstallasjon
kor skulpturar, fotografi og teikningar isceneset
eit scenario som antydar mystiske overlevingsmetodar i eit framtidig samfunn.
Trøndelag Senter for Samtidskunst:
Hermit’s Kingdom - Et møte med en totalinstallasjon
Eigne notatar:
Engh og Jensen er inspirert av dei såkalla
«survivalistane» i dette arbeidet; eksentriske
menneskje som lever isolert i øydemarka, og
som bur seg på å overleve potensielle katastrofar, nedgangstider eller pandemiar ved å hamstre mat og drikke, lære fyrstehjelp og byggje
gøymestadar.
Eit besøk i utstillinga, med omvising, vil bidra til
å styrkje din eigen visuelle kompetanse og
evne til refleksjon rundt tematikk, uttrykk og
teknikkar i møte med samtidskunst og installasjonskunst. I collageverkstaden blir du invitert
til å setje saman «funne tekstfragment», for å
spinne vidare på historier og teoriar ikring
«Hermit’s Kingdom». Å klippe og lime ord og
setningar frå gamle bøker skaper kombinasjonar med ord som kanskje ikkje står øvst i ditt
eige skriftlege vokabular.
Aktuelle lenkjer:
www.samtidskunst.no
Uttrykk: Visuell kunst
Ekstra relevant for m.a. norsk, mediefag, samfunnsfag, design og handverk, drama
Medverkande: Amalie Marie Selvik
Produsent: Trøndelag Senter for Samtidskunst
Arena: Trøndelag Senter for Samtidskunst
(Trondheim)
Tid: 90 minutt
Maks deltakartal: 30
4
Dokumentarfilmen «Belle Gunness - en seriemorder fra Selbu» fortel historia om fattigjenta frå
Selbu som drar til Amerika under den store utvandringa på 1800-talet, og oppnår «den amerikanske draumen» på ein heilt særeigen og relativt makaber måte. Filmskapar Anne Berit Vestby
tilbyr no visning av filmen, inkludert to forskjellige typar foredrag, tilpassa ulike fag.
Verda står overfor eit paradigmeskifte når det
gjeld krigføring. Fleire og
fleire land tek i bruk dronar, og den klassiske slagmarka vik for asymmetrisk
krigføring som føregår
mellom sivile.
Alt. 1, for historie: I 1881 reiste Belle Gunness til Amerika saman med tusenvis av andre nordmenn.
Gjennom research til filmen, og den påfølgjande boka, har Vestby erverva seg brei kunnskap om denne
tida, og vil fortelje noko om kvifor folk reiste, og kva som møtte dei der dei kom.
Alt. 2, for mediefag: Vestby utviklar idear, skriv manus, regisserer og fotograferer filmane sine sjølv, og
kan dermed snakke om alle ledd i ein filmproduksjon. Ho formidlar at ein ikkje treng eit stort apparat
rundt seg, dersom ein har ein ide ein brenn for.
Eigne notatar:
FILM
Anne Berit Vestby: Belle Gunness - En seriemorder fra Selbu
Tonje Hessen Schei: Drone
Eigne notatar:
Unge gutar som har vakse opp med videospel
blir verva for å skyte menneske på andre sida
av jordkloden med ein joystick. Statstilsette
advokatar utvidar stadig sine definisjonar av
kven som kan betraktast som legitime mål. Har
verda blitt ein stad kor allstadsnærverande
dronar er stormaktene sin dommar, jury og
bøddel?
To forskjellige versjonar av dokumentarfilmproduksjonen «Drone» kan veljast:
Alt.1: Kinovisning av filmen med påfølgjande
møte og samtale med filmskapar Tonje Hessen
Schei. Filmskapar samtaler med elevane om
innhald og tema i filmen og/eller filmproduksjonen.
Alt.2: Kinovisning av filmen. Skulane får tilsendt studiemateriale, som faglærarar kan
nytte i så stor eller liten grad dei ynskjer etter å
ha sett filmen.
Uttrykk: Film
Ekstra relevant for m.a. historie, mediefag
Medverkande: Anne Berit Vestby
Produsent: Subrosa Film
Arena: Klasserom, auditorium
Tid: 120 minutt
Maks deltakartal: 60
Aktuelle lenkjer:
www.subrosafilm.no
Aktuelle lenkjer:
www.dronethedocumentary.com
Uttrykk: Film
Ekstra relevant for m.a. samfunnsfag, teknologiske fag, mediefag, psykologi, sosiologi
Medverkande: Tonje Hessen Schei
Produsent: Flimmer Film
Arena: Kino / bygdekino
Tid: Alt.1: 120-150 minutt, alt.2: 85 minutt
Maks deltakartal: Etter storleik på lokale
5
Solveig Melkeraaen er ein ressurssterk og humørfylt filmskapar.
Ho har vore vand med å klare alt,
men ein dag seier det stopp. Solveig blir lagt inn på akuttpsykiatrisk med diagnosen alvorleg depresjon.
Foto: Bente Haarstad
Malersvenneriet har i ei
årrekkje drive målarfagleg
bygningsvern, kor intensjonen har vore å finne
tilbake til den handverksmessige delen av faget, frå
den tida då materiala var
ferskvare, og tilbereidd og
tilpassa på staden.
Ein feelgood-film om depresjon!
Elektrosjokkbehandling blir redninga for Solveig. Ho får livet tilbake, men «flinkismønsteret» sit i ryggmargen. Vil ho miste alt igjen?
«Flink Pike» er ein film om Solveig og familien hennar. Ein film om å vere perfekt og
uperfekt, om kontroll og tap av kontroll. Den
handlar om angst for angsten og det å le
når alt er svart.
Eigne notatar:
FILM /
Solveig Melkeraaen: Flink Pike
Malersvenneriet: Malerfaglige grunnteknikker og bygningsvern
Eigne notatar:
To forskjellige versjonar av dokumentarfilmproduksjonen «Flink Pike» kan veljast:
Alt.2: Kinovisning av filmen. Skulane får
tilsendt studiemateriale, som faglærarar
kan nytte i så stor eller liten grad dei ynskjer etter filmvisning.
Uttrykk: Film
Ekstra relevant for m.a. helsefag, psykologi,
mediefag, generell læreplan
Medverkande: Solveig Melkeraaen
Produsent: Solveig Melkeraaen
Arena: Kino / bygdekino
Tid: Alt.1: 120-150 minutt, alt.2: 75 minutt
Maks deltakartal: Etter storleik på lokale
Dette er ein praktisk målarfagleg aktivitet sett i
ei kulturell ramme, då vi skal sjå på målarfaget
frå eit historisk perspektiv. Elevane får framstille eigen måling på staden, og skal nytte denne
målinga til eit større, reelt arbeid.
KULTURARV
Alt.1: Kinovisning av filmen med påfølgjande møte og samtale med filmskapar Solveig Melkeraaen. Filmskapar samtaler med
elevane om innhald og tema i filmen og/
eller filmproduksjonen.
Aktuelle lenkjer:
www.dksnordtrondelag.no
Målar Jorunn S.G. Moslet har gjennom høgskulestudiar og praktisk erfaring skaffa seg inngåande kjennskap til gamal materialbruk og eigenskapar i dei ulike målingskomponentane,
samt innsikt i underlaget si beskaffenheit og
behov.
Føremålet med denne produksjonen er å belyse forskjellen mellom det moderne forbrukarsamfunnet sine byggjemetodar, kontra den
gamle byggjetradisjonen, kor kvalitet og varigheit stod i høgsetet.
Aktuelle lenkjer:
www.malersvenneriet.no
Uttrykk: Kulturarv
Ekstra relevant for m.a. byggfag, design og
handverk
Medverkande: Jorunn Synnøve Garberg Moslet
Produsent: Malersvenneriet AS
Arena: Klasserom, museum, utandørs
Tid: To skuledagar
Maks deltakartal: 30
6
I 2015 er det 70 år sidan andre verdskrigen enda. Kulturelle uttrykksformer som litteratur, utstillingar og
film bidreg til å forme vårt kollektive
minne knytt til den historiske epoken. Samstundes er tidsvitna, og
dermed mogelegheita til å møte
menneske med personlige erfaring
frå krigen, i ferd med å forsvinne.
Korleis snakkar vi om krigen i dag?
Kva historier blir fortalde, og kva
historier blir ikkje fortalde?
Dette tilbodet tek utgangspunkt i Nasjonal Samling sin bruk av Stiklestad som
politisk markeringsstad og arena for
Olsokmarkeringa si under andre verdskrigen.
KULTURARV
Stiklestad Nasjonale Kultursenter:
Bruk og misbruk av historien
Innleiingsvis får elevane ei orientering om
NS-historia på Stiklestad. Det blir drøfta
kvifor det var viktig for NS å bruke akkurat
Stiklestad, og elevane får sjå bilete samt
ein filmsnutt frå opninga av NS-anlegget i
1944.
Eigne notatar:
Deretter går ein opp til Olavsstøtta og viser
dei fysiske forholda i kulturlandskapet, samt
at ein får sjå kor NS-støtta er nedgreven.
Falstadsenteret:
SS Strafgefangenenlager Falstad - minner og memoarer
Eigne notatar:
På Falstad finst mange ulike kjelder som fortel
om fangane sine opplevingar. I løpet av
undervisningsdagen får elevane mogelegheit
til å ta eit djupdykk i brev og bøker, minner
og memoarar.
Det opnast så for breiare deltaking gjennom
at elevane i grupper drøfter problemstillingar knytt til kor vidt støtta skal gravast opp
eller ei. Dagen blir avslutta med presentasjon av gruppearbeidet.
Elevane skal også trekkje liner til dagsaktuell
tematikk, og reflektere ikring korleis erfaringar
frå krig og konflikt blir handtert i dag.
Dersom besøk på Stiklestad er uaktuelt,
kan ein eventuelt vurdere mogelegheitene
for å ta med ein modifisert versjon av opplegget på turne.
Uttrykk: Kulturarv
Ekstra relevant for m.a. historie, samfunnsfag
Medverkande: Formidlar frå SNK
Produsent: Stiklestad Nasjonale Kultursenter
Arena: Stiklestad Nasjonale Kultursenter
Tid: 135 minutt
Maks deltakartal: 40
Okkupasjonen av Noreg under andre verdskrigen utgjer eit dramatisk kapittel i norsk historie.
Forteljingane om krigen er mange og mangfaldige. Motstandarar av regimet blei forfylgde, og
mellom 1941 og 1945 sat rundt 4200 menneskje fengsla i Falstad fangeleir. Fleire var politiske fangar, nokre blei arrestert som gislar,
medan andre blei tekne til fange på bakgrunn
av nazistane sine raseteoriar.
Aktuelle lenkjer:
www.snk.no
Aktuelle lenkjer:
www.falstadsenteret.no
Uttrykk: Kulturarv
Ekstra relevant for m.a. historie, samfunnsfag
Medverkande: Formidlar frå Falstadsenteret
Produsent: Falstadsenteret
Arena: Falstadsenteret
Tid: 10.00-14.00
Maks deltakartal: 30
7
Foto: Finn Ståle Feldberg
Eigne notatar:
Nasjonen Noreg fekk si sjølvstendigheit
med Grunnlova i 1814, men kvinnene hadde enno ei uhyre svak stilling. Dei mangla
dei fleste rettigheiter, og lovene som heldt
dei nede blei fyrst endra mot slutten av
1800-talet.
Ei av dei som gjekk i bresjen for lovendringane, var nettopp Camilla Collett. Ho var den
fyrste kvinnesakskvinna i Noreg. Forteljinga
om livet hennar er nært knytt opp mot dei
kjende, historiske begivenheitene i Noreg
på 1800-tallet, men er også ei spanande og
dramatisk forteljing i seg sjølv.
Uttrykk: Litteratur
Ekstra relevant for m.a. historie, norsk, samfunnsfag
Medverkande: Line Baugstø
Produsent: Line Baugstø
Arena: Klasserom, auditorium, bibliotek
Tid: 45-60 minutt
Maks deltakartal: 60 (ynskjer helst 30)
Aktuelle lenkjer:
www.dksnordtrondelag.no
LITTERATUR
Line Baugstø: Camilla Collett, født Wergeland
Camilla var dotter av Eidsvollmannen Nicolai Wergeland, som i 1817 også blei prest
på Eidsvoll. Her vaks Camilla opp saman
med storebroren Henrik.
Ungdata-undersøkinga i 2014 avslører at
heile 24% av jentene i alderen 13-16 år,
som deltok i undersøkinga, oppga at dei
slit med depressive symptom som stress,
angst og tomheit. Dette er ei markant auke.
Talet for gutar er noko lågare, og står på
staden kvil, men er likevel urovekkjande.
Samstundes minkar rusmisbruken mellom
norske ungdommar, dei er meir nøgde med
familien sin, og skulkar mindre; dei tradisjonelle forklaringsmodellane på ungdomsdepresjon. Noko nytt har skjedd!
I januar 2013 kom boka
«Camilla Collett, født Wergeland» ut i samband med stemmerettsjubileet og 200års markeringa av Camilla Collett sin
fødselsdag. Forfattar Line
Baugstø tilbyr foredrag kor ho
fortel om livet til Camilla Collett (1813-1895), og set det inn
i ein historisk kontekst.
Oda Faremo Lindholm: Bullshittfilteret
Eigne notatar:
I vår nye kvardag poengterer ungdom sjølv at
eit valdsamt perfeksjonsjag og venleikstyranni i
stor grad er rota til deira tungsinn. Presset kjem
frå alle kantar, men særleg frå den konstante
straumen av særdeles lite kvalitetssikra informasjon frå nettaviser, bloggar, blad, TV-seriar,
musikkvideoar og sosiale media. Den enorme
tilgangen på denne type media gjer heilt openbert noko med kva dei forventar av seg sjølv,
frå svært ung alder.
Forfattar Oda Faremo Lindholm sin produksjon
«Bullshittfilteret» er sett saman av direkte formidling og elevmedverknad. Den er basert på
boka med same namn, og handlar om å gje
ungdom eit bullshittfilter i møte med media og
populærkultur, og set søkjelyset på forholdet
mellom media sin bruk av snevre, stereotype
framstillingar av kjønns-, kropps- og livsstilsideal, og korleis vi tenkjer om oss sjølve.
Aktuelle lenkjer:
www.dksnordtrondelag.no
Uttrykk: Litteratur
Ekstra relevant for m.a. samfunnsfag, norsk,
psykologi, sosiologi, generell læreplan
Medverkande: Oda Faremo Lindholm
Produsent: Oda Faremo Lindholm
Arena: Klasserom, auditorium, gymsal, bibliotek
Tid: 45 minutt
Maks deltakartal: 100
8
This stand up comedy show deals with issues facing yrkesfag students. Alan Drop, an international comedian living in Norway, talks about how to behave during an interview. He also digs into
the yrkesfag English textbook for comedy material.
Markus Lindholm er seniorforskar ved NIVA, kor han jobbar med
biodiversitet og klima. Tidlegare har han jobba som naturfaglærar
i 20 år. Han står bak boka «Evolusjon - Naturens kulturhistorie»,
som var nominert til Kritikarprisen i 2012 og vann Bokhandelens
faglitterære forfattarpris i 2013.
Markus Lindholm: Evolusjon- naturens kulturhistorie
Lindholm si bok har sett sinna i kok hos
ihuga biologistar, medan den blir rosa frå
andre hald over evna til å sjå at organismar
ikkje kun er genstyrte automatar.
Eigne notatar:
Foredraga spesialtilpassast etter den enkelte skule sine ynskje og behov. Nokre døme
på type foredrag kan vere:
- Kor kjem menneska frå? Mennesket si
evolusjonshistorie, gjerne også i venleg
diskusjon med skapelsesmytane frå Bibelen og Koranen.
- Kultur og evolusjon. Korleis åtferd og tradisjon skaper nye evolusjonære mogelegheiter og fører til at nye artar blir danna.
- Kvifor finst ulike kjønn? Kjønn og danning
av kjønn i naturen, homofili, hermafrodittar
og jomfrufødsel.
Uttrykk: Litteratur
Ekstra relevant for m.a. naturfag, biologi
Medverkande: Markus Lindholm
Produsent: Markus Lindholm
Arena: Klasserom, auditorium
Tid: Etter avtale
Maks deltakartal: Etter storleik på lokale
(a) Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Teknikk og industriell produksjon
(b) Helse- og oppvekstfag, Design og håndverk
(c) Restaurant- og matfag, Service og samferdsel
(d) Naturbruk
(e) Medier og kommunikasjon
Alan Drop: Face yrkesfag with comedy
Eigne notatar:
SCENEKUNST
Lindholm tilbyr eit tematisk opent foredrag
for elevar i vidaregåande skule, kor han
knyt fagspesifikke spørsmål til kulturelle,
historiske eller filosofiske problem.
LITTERATUR /
I boka argumenterer han for at kulturelle faktorar bidreg til evolusjonære endringar. Dette er viktig å få fram, då det viser at organismar ikkje
berre er passive «offer» for evolusjonen, men sjølv deltek og bidreg til
endringane gjennom læring og aktiv fortolking av verda. Boka byggjer
ned dei tradisjonelle motsetnadane mellom humanisme og biologi.
The hour long show (alt. 1) has the option of a short interval followed by 30 minute serious discussion on
the topic of job interviews (alt. 2). Alan offers multiple perspectives since he has experience on both
sides of the interview process. There are 5 different versions of the show, for students of:
Aktuelle lenkjer:
www.dksnordtrondelag.no
Aktuelle lenkjer:
www.alandrop.com
Uttrykk: Scenekunst (stand-up)
Ekstra relevant for m.a. yrkesfag, engelsk
Medverkande: Alan Drop
Produsent: Alan Drop
Arena: Klasserom, auditorium
Tid: Alt.1: 60 minutt, alt.2: 100 minutt
Maks deltakartal: 50
9
Foto: Anna C.N. Hegdahl
I installasjonen «We are still. In
love» spør og utforskar Kenneth
Bruun Carlson kva vi kan gjere
med kroppen for å uttrykke kjærleik. Kan vi gjennom fysiske metodar oppnå ekstase? Kva skjer med
oss fysisk når vi veit at vi elskar
nokon? Kva kjensler gjev det oss
når ekstasen er over, og korleis
reagerer vi fysisk på det? Postekstatisk-stress-syndrom?
Målet med framsyninga er ikkje fyrst og fremst
å gje svar på spørsmåla, men å stille så
mange spørsmål som mogeleg. Det vil forhåpentlegvis gje et kaotisk bilete for publikum.
Betraktaren sitt ynskje om å forstå kva det er
som skjer, vil bli utfordra, og kunne erstattast
av ei kjensle av å ha vore med på ei emosjonell og fysisk reise hinsides konklusjonar.
Eigne notatar:
Til framsyninga høyrer to forskjellige samtalepakkar, tilpassa ulike fag i vidaregåande skule:
Alt. 1, for estetiske fag: Samtale med koreograf, dansar og komponist, kor dei deler erfaringar knytt til utviklinga av den tverrfaglege
produksjonen «We are still. In love».
Alt. 2, for samfunnsfag og religion: Framsyninga utforskar om det er mogeleg å finne eit
kjønnsnøytralt univers. Korleis vel vi å representere kroppane våre? Finst der ein samanheng mellom det valet, og alt som påverkar
oss i dagleglivet?
Uttrykk: Scenekunst (dans, performance, installasjon)
Ekstra relevant for m.a. dans, musikk, drama,
estetiske fag, samfunnsfag, religion
Medverkande: Kenneth Bruun Carlson, Live
Strugstad, Stian Westerhus
Produsent: Dans i Nord-Trøndelag
Arena: Nils Aas Kunstverksted (Inderøy) eller
Kunstmuseet Nord-Trøndelag (Namsos)
Tid: Forestilling 40 minutt, samtale 30 minutt
Maks deltakartal: 30-90, etter arena
Aktuelle lenkjer:
www.dansinordtrondelag.no
«The Uncanny Valley» is a romatic science-fiction story
about a man who falls in love with a robot. The story is
told by their descendants - from the future.
SCENEKUNST
Dans i Nord-Trøndelag: We are still. In love
Wilson is trapped. The city leaves him lost between
the lines. Until the moment he discovers Her. Eyes
light up, connections are made, and deep inside a
dormant chest a battery heart starts beating.
Superbolt Theatre: The Uncanny Valley
Eigne notatar:
Wilson has recently lost both his parents, and
he is moving in to the house where they lived.
There he finds a defective robot. Lightning
strikes, and suddenly an electric current appears…
Wilson’s entire life is about to change. Without
knowing it, Wilson and Phoebe the robot, will
change the destiny of the entire mankind.
Superbolt Theatre are an international ensemble based in the UK and Norway. In «The Uncanny Valley» they wish to challenge their audiences established thoughts and norms. They
ask us what kind of love we are willing to accept. How tolerant are we really in today’s society, or rather, in tomorrow’s society?
Aktuelle lenkjer:
www.superbolttheatre.com
Uttrykk: Scenekunst (teater)
Ekstra relevant for m.a. engelsk
Medverkande: Frode Gjerløw, Maria Askew,
Simon Maeder
Produsent: Superbolt Theatre
Arena: Samfunnshus, kulturhus
Tid: 70 minutt
Maks deltakartal: 200
10
Fortel meg korleis den riktige kjærleiken skal vere! To klovnar, ei kjærleiksboble, ein veranda,
eit forhold, Hawaiiskjorte, englevingar og heroiske kjærleiksløfte. Utilfredsheit, tomheit, misforståingar og kranglar.
Kva om Romeo og Julie fekk kvarandre og flytta saman? Hadde det funka? To klovnar vil vere Romeo og Julie, den ultimate romantiske perfeksjon. Stykket snur opp ned på Shakespeare sitt kjærleiksdrama og undersøkjer vår tids store kjærleiksideal og kjærleiksklisjear. Korleis påverkar ideala
identiteten vår? Og kva skjer når ideala og ideane om det perfekte samliv blir det viktigaste?
Gjennom klovnen si leikenheit kan ein snu opp ned på gjevne sanningar, normer og ideal. Klovnen
er ei forstørring av ein sjølv, som leikent og usensurert lever impulsane sine fullt ut. Klovnen brukar
leiken til å løfte fram paradoksa i det å vere menneske.
Eigne notatar:
Paul-Ottar Haga skal regissere framsyninga, og er oppglødd over oppdraget. Framsyninga går inn i siste
del av forteljinga om Juvikfolke, der den nye tida avløyser mørke og svartmakt. Sentralt står Laurits og
Odin, begge med djupe røter i fortida, og med kjennskap til slektssamanhengen, krav og forventningar.
Det er lett å forbinde Duun med gamle støvete bøker om ei fjern fortid, men Duun skriv om mennesket: Om
det å ha forventningar hengjande over seg, om å ta val, stå i mot forventningar og press, og om lengsel
etter ein stad, og etter kjærleiken.
SCENEKUNST
Katja Brita Lindeberg: Julie + Romeo
Nord-Trøndelag teater sin påtroppande sjef, Nora Evensen, hentar fram ein «nordtrøndersk skatt»
til si fyrste premiere ved Nord-Trøndelag teater: «Juvikfolke var det fyrste eg gjekk til då eg skulle
leggje program for Nord-Trøndelag teater. Det er nesten som om den har lege og venta på å kome
ut på vegen akkurat denne hausten».
Nord-Trøndelag teater: Juvikfolke
Eigne notatar:
Foto: Theodor With
Uttrykk: Scenekunst (teater, klovning)
Ekstra relevant for m.a. samfunnsfag, religion,
kroppsøving, drama, dans
Medverkande: Katja Brita Lindeberg, Frode
Eggen
Produsent: Katja Brita Lindeberg
Arena: Kulturhus, samfunnshus
Tid: 55 minutt
Maks deltakartal: 150
Aktuelle lenkjer:
www.katjalindeberg.com
Aktuelle lenkjer:
www.nordtrondelagteater.no
Uttrykk: Scenekunst (teater)
Ekstra relevant for m.a. norsk, historie, samfunnsfag
Medverkande: Hanna Børseth Rønning, Evy K.
Røsten Haga, Lavrans Haga, Tore B. Granås,
Edvard Hægstad
Produsent: Nord-Trøndelag teater
Arena: Norveg kystkultursenter, kulturhuset i
Namsos, Inderøy kulturhus, Kimen kulturhus
Tid: Ca. 120 minutt, inkl. pause
Maks deltakartal: Etter storleik på lokale
11
Handels- og ferdavegane frå Trøndelag og austover til Jamtland er godt over 1200 år gamle.
Snorre skildrar dei brukt allereie før Harald Hårfagre si tid. Om vinteren gjekk vegane til Levanger og Marsi-martnan, eller Marsnesen (marsnen) som jamtane sa. Sommarsdag gjekk
handelsvegane til Trondheim og Sankt-Hans-martnan (Hestmartnan).
Som tidlegare år tilbyr vi også for skuleåret 2015-16 billettar til Riksteatret sine framsyningar som er på turne i
fylket. Det er viktig å notere seg at framsyningar i regi av
Riksteatret kun blir spela på kveldstid, og at alle framsyningar føregår ved deira faste spelestadar i fylket.
Monologen «Västmannen» er ei dikterisk skildring av ein forbonde si martnasferd i 1877. Det er
vinter og ferda går til Levång, som jamtane sa. Denne forbonden frå Undersåker legg ut på si ferd
over vinterfjellet med eit brennande hat til Staværingen som lurte han med ei tønne roten spekesild
førre året. No skal rotesilda hemnast! På ferda over Skalstufjellet råkar denne forbonden ut for fleire
uhell, men kvar gong er det ei hjelpande hand der. Desse hjelpsame hender og gode tankar gjer
noko med forbonden sitt hat, fram til hans møte med Staværingen.
Monologen
blir framført
på jamska, ei
trøndsk dialekt som i
motsetnad til
bokmål og
rikssvensk
tilhøyrer den
vest-nordiske
språkgruppa,
der m.a.
nynorsk og
islandsk
høyrer heime. I dag er
jamskan eit
sterkt truga
Foto: Espen Storhaug
språk.
«Västmannen» er slik ikkje berre ein hyllest
til forbonden si djerve vinterferd, men og til
det jamska språket.
Uttrykk: Scenekunst (teater)
Ekstra relevant for m.a. historie, samfunnsfag,
norsk
Medverkande: Tore B. Granås
Produsent: Nord-Trøndelag teater
Arena: Kulturhus, samfunnshus
Tid: 60 minutt
Maks deltakartal: Etter storleik på lokale
Eigne notatar:
SCENEKUNST
Nord-Trøndelag teater: Västmannen
Aktuelle lenkjer: www.riksteatret.no
Samfunnets støtter av Henrik Ibsen
Riksteatret vil gjerne gje sitt unge publikum mogelegheit til å oppleve ein klassikar, men at klassiske
skodespel skal tolkast og formidlast slik at dei betyr noko i dag. Tom Remlov er Riksteatret sin nye sjef,
og han har valt «Samfunnets støtter» som si fyrste framsyning. Framsyninga handlar om kjærleikssvik,
løgn og løyndommar, og ikkje minst om ære, karriere og slue forventningar. Riksteatret spelar denne
framsyninga på kveldstid i Stjørdal, Verdal og Namsos.
Førstereis av og med Helge Jordal
«Førstereis» tek utgangspunkt i den store sjøfartstida i Noreg etter andre verdskrigen. Femten år gamle
Martin rømer frå ein guteheim, han mønstrar på under falskt namn og legg ut på si førstereis. Her blir
han «døypt» av mannskapet, og må bli vaksen fort. Vi blir med på vakttørnar på brua, raggadis i Antwerpen, julefeiring om bord, og møtet med vakre Christiana frå Rio. Riksteatret spelar denne framsyninga
på kveldstid i Verdal, Steinkjer og Kolvereid.
Kalvø av og med Are Kalvø
Visste du at vi nyttar om lag 3,5 år av liva våre til å pusse tennene og stelle oss? At vi søv i gjennomsnittleg 27 år? Ser på TV og er på nett i 10 år? Ikkje det? Are Kalvø har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbrukundersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting vi brukar utruleg mykje tid på.
Er vi som lever her og no i det heile i stand til å gjere noko stort? Eller har vi for mykje anna å gjere?
Kalvø leitar etter svar og nyttar skamlaust eksempel frå eige liv og oppvekst, frå vener, kvardagsmenneske, politikarar, idrettsstjerner og andre kjendisar. Til å hjelpe seg på scenen har han eit lite husband, i
tillegg til ein ny gjest kvar kveld. Riksteatret spelar denne framsyninga på kveldstid i Stjørdal, Steinkjer
og Namsos.
Pinocchio av Carlo Collodi
Pinocchio er ein kjend klassikar for born, som finst i mange versjonar. I Riksteatret si framsyning møter
vi både den lure katten, den sleipe reven, den snille feen og den rare grashoppa. Pinocchio legg ut på ei
farefull ferd, og lærer mykje undervegs. Vil han bli gjenforeina med far sin til slutt? Riksteatret spelar
denne framsyninga på kveldstid i Stjørdal, Steinkjer, Namsos og Kolvereid.
En Midtsommernattsdrøm av William Shakespeare
«En Midtsommernattsdrøm» er den mest spela komedia i verda. Den vart skriven for over 400 år sidan,
og har vore like populær heilt sidan den gong. Dette er eit skodespel som har alt: romantikk og
ablegøyer, skjemt og alvor, eventyr og ettertanke. Regissør Jo Strømgren satsar på å lage ei spanande,
gøy og magisk framsyning! Riksteatret spelar denne framsyninga på kveldstid i Stjørdal, Namsos og
Kolvereid.
Aktuelle lenkjer:
www.nordtrondelagteater.no
Enskilda Samtal av Ingmar Bergman, ny bearbeiding ved Liv Ullman
Liv Ullman vender tilbake til Riksteatret som regissør, med ein teaterversjon av Ingmar Bergman sin
roman «Enskilda Samtal», som ho allereie har filmatisert med stor internasjonal suksess. Historia handlar om Anna, ei kvinne frå fyrste halvdel av førre århundre, som på meir enn ein måte må betale
12
prisen for sanninga. Riksteatret spelar denne framsyninga på kveldstid i Steinkjer og Verdal.