Programhefte VGS 2013-14 - DKS Nord

Den kulturelle
skolesekken
for videregående skole
Skoleåret 2013 – 2014
Avdeling for videregående opplæring
D E N K U LT U R E LLE S KO LE S E K K E N - v i dere g å ende skole 20 13 – 20 1 4
Forsidefoto: Kollasj av nokon av bileta frå denne brosjyra
Tilbodet frå Den kulturelle skolesekken
for skuleåret 2013-2014
Den kulturelle skolesekken (DKS) er no inne i sitt tredje
år i den vidaregåande skulen i Nord-Trøndelag, og er
eit tilbod som skulane har teke godt imot. DKS er ei
varig ordning som, med finansiering frå spelemidlane,
er heilt gratis for elevane.
Vi vonar at den enkelte tek seg god tid til gjennomgang
av programtilbodet i denne katalogen, og melder sine
produksjonsynskjer til kulturkontakten i god tid før
bestillingsfristen. På denne måten kan kvar enkelt av
dykk sikre at de får besøk av dei produksjonane de
opplever som mest relevante og interessante det
komande skuleåret.
Anne Marit Mevassvik,
Fylkesråd for utdanning
Meir utfyllande informasjon om
tilbodet kan de finne på nettsidene
våre www.dksnordtrondelag.no.
Klikk på fana merka «videregående»
nedst til venstre, og du vil få opp ein
oversikt over programmet. Det meste
av tilbodet blir også presentert på
Møteplassen på Stiklestad, slik at
lærarar og elevar får eit godt grunnlag
for å gjere sine val for komande
skuleår. Det er viktig at skulane gjer
val og prioriteringar som medfører
at kvar enkelt elev får minimum ei
oppleving i løpet av skuleåret.
Føremålet med DKS er, i følgje
Stortingsmelding nr. 8, 2007-08:
-- å medverke til at alle elevar i
grunnskulen og den vidaregåande
skulen får eit profesjonelt
kulturtilbod.
Anne
2 Lena Underland,
Koordinator DKS
-- å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få
tilgang til, gjere seg kjend med og utvikle forståing
for kunst- og kulturuttrykk av alle slag.
-- å medverke til at kunst- og kulturuttrykk bidreg til å
realisere skulen sine mål, slik dei kjem til uttrykk i
læreplanverket.
Innhald:
Side 3 Anita Jacobsen: «Fjærlett»
Side 4 Kari Stai: «Jakob og Neikob»
Dans i Nord-Trøndelag: «Stjerne*»
Side 5 Karen Rotmo m.fl.: «Minner som forsvinner» /
«Mens du er her»
Nord-Trøndelag teater & Kristofer Grønskag:
«Demokratikk»
Side 6 Alan Drop: «Roads less travelled»
Tom Roger Aadland: «Blod på spora»
Tilbodet for neste skuleår er blitt til gjennom møter
med kulturkontaktane ved den enkelte skule, samt
representantar frå rektorkollegiet. Tilbodet omfattar
scenekunst, film, litteratur, musikk, visuell kunst og
kulturarv. I denne katalogen blir tilbodet presentert
innan desse seks kategoriane, samt ein kategori
kalla kunstartar i samspel, kor produksjonane er ein
symbiose av fleire forskjellige kunstuttrykk. I tillegg
har vi også eit utval av tilbod som er spesielt tilpassa
elevar med særskilde behov.
Side 7 Bjørn Jegerstedt & EstherOrkester: «Tilgi, men aldri
glemme»
Namdalsmuseet: «Fra barokk til rock»
Programmet famnar vidt, her skal vere noko for ein
kvar smak, representert både gjennom skulebesøk
og besøk på eksterne arenaer som kulturhus, kino
og museum. Elevane får møte kunsten gjennom
framsyningar, verkstadar, museumsbesøk, samtalar
og foredrag. Fundamentet for ein god produksjon er
det gode møtet mellom eleven og kunstnaren. For at
dette møtet skal bli vellykka, har kvar skule ein eller
fleire kulturkontaktar, som legg eit stort arbeid i å
tilretteleggje for besøka frå DKS.
Side 11 Kosmorama: «The Disintegration»
Kosmorama: «Festivaloppleving»
Vi ynskjer dykk
eit godt Skolesekk-år
Viktige datoar: Møteplassen: 16. og 17. april – Frist for bestilling frå tilbodet: 1. mai
 Anita Jakobsen: Fjærlett
Side 8 Tore Strand Olsen: «Tegneseriekurs»
Sigmund Kveli: «Humor i teksten»
Side 9 Ragnhild Lund Ansnes: «Fotball: Lidenskap og
galskap»
Kristin Fridtun: «Ivar Aasen: Rota til alt vondt?»
Side 10 Kjersti Wold og Geir Vang: «Rapport fra et sandkorn»
Jon Vatne: «Nesten helt sant – et krasjkurs i
dokumentarfilm»
Side 12 Trondheim Symfoniorkester: «Orkesterprøve»
Einar Olav Larsen Trio: «Pols og Blues»
Side 13 Falstadsenteret: «Kvinneliv i krig»
Eivind Lentz: «Se(e) me(g)»
Dette er eit spesialtilpassa kunstnarleg tilbod til
elevar med nedsett funksjonsevne, og for elevar
med åtferdsvanskar.
Opplegget har i utgangspunktet to delar; ein sansedel
og ein workshop, men tilpassingar og justeringar
i programmet blir gjort etter behova i den enkelte
gruppa. Alle individuelle behov skal ivaretakast
gjennom opplegget, og det er difor viktig med dialog
mellom utøvar og skule i god tid før turnestart.
I sansedelen brukar ein fjør saman med
gjennomsiktig, florlett stoff. I workshopdelen får
elevane måle til musikk. Det ferdige uttrykket er prega
av den enkelte eleven sine evner. «Fjærlett» kan også
tilpassast slik at heile klasser kan delta i fellesskap,
kor både elevar med funksjonsnedsetjingar og øvrige
elevar får skape ut frå eigne føresetnadar.
Side 14 ADGE & TNT: «Dr. Jekyll and Mr. Hyde»
Freestyle Phanatix: «Bust da Breakz»
Side 15 Blendwerk teater: «Å leve på kode 6»
Trøndelag teater: «Peer Gynt»
Side 16 Riksteatret: «Each One Teach One»
Riksteatret: «Vildanden»
Side 17 Riksteatret / Wakka Wakka: «Saga»
Riksteatret: «Folkestyre!»
Uttrykk: Kunstartar i samspel
Relevans for m.a. Elevar med særskilde behov
Medverkande: Anita Jakobsen
Produsent: Anita Jakobsen og DKS Rogaland
Turnéperiode: Oktober 2013 eller mars 2014
Arena: Stort rom / gymsal til sansedel,
klasserom til workshop
Tid: 180 minutt
Maks publikumstal: 15 (25)
For elevAr med særskilde behov
DEN K U LT U R E LLE S KO LE S EK K EN - v i dere g å ende skole 2 0 13 – 2 0 1 4
3
4
 Kari Stai:
Jakob og Neikob
D E N K U LT U R E LLE S KO LE S E K K E N - v i dere g å ende skole 20 13 – 20 1 4
 Dans i Nord-Trøndelag:
Stjerne* - en lydinstallasjon
Foto: Stein Anders Larsen
Kari Stai er illustratør og forfattar, og har mellom
anna skrive dei prisvinnande biletbøkene om
Jakob og Neikob.
Ved dette skulebesøket vil Kari lese frå ei av bøkene
sine, samstundes som bileta blir vist på lerret. Etterpå
har ho ein samtale med elevane, kor ho opnar for
filosofiske spørsmål ikring JA og NEI. Ein ordleik med
desse orda, samt ei enkel teikneoppgåve blir også
med som ein workshop.
Er dans eit språk? Når startar kroppslege
rørsler å bety at det blir dans? «Stjerne*» er ei
danseframsyning i moderne språkdrakt, ein
produksjon med tøffe uttrykk som vender seg mot
fleire av tilskodaren sine sansar.
Framsyninga kan sjåast som ei reise, kor tilskodaren
kan assosiere fritt frå rørsle til rørsle, og frå lyd til
lyd. Vi står sjølve fritt til å leggje vår eiga meining i
uttrykket.
Etter framsyninga vil dansarane halde ein workshop
for elevar med ulike utfordringar eller handikap.
Målsetjinga vil vere å stimulere den enkelte eleven
til rørsle og medskaping på hans eller hennar eigne
premissar. Workshopen vil bli skreddarsydd frå gong
til gong, etter den enkelte eleven sine behov og evner,
det er difor viktig med god dialog mellom utøvarane og
skulen forut for besøket.
Uttrykk: Litteratur
Relevans for m.a. elevar med særskilde behov
Medverkande: Kari Stai
Produsent: Kari Stai
Turnéperiode: 19. september 2013 eller
23. januar 2014
Arena: Klasserom, bibliotek
Tid: 45 minutt
Maks publikumstal: 15
Uttrykk: Scenekunst (dans)
Relevans for m.a.elevar med særskilde behov
Medverkande: Victoria Huseby, Kine Kvarme og Ole
Aleksander Hansen
Produsent: Dans i Nord-Trøndelag
Turnéperiode: Haust 2013
Arena: Gymsal eller anna stort rom med tregolv /godt
dansegolv
Tid: Framsyning: 40 minutt - Workshop: 20-30 minutt
Maks publikumstal: Framsyning: 100 - Workshop: 10-15
 Karen Rotmo m.fl.:
Minner som forsvinner/
Mens du er her
Mange veit kva
alzheimer fører til,
men med dagens
diagnostikk får
fleire og fleire
menneske i ung
alder høyre at dei
har alzheimer.
Fleire av desse ber
med seg denne
diagnosen i årevis
før ein kjem til dei
stadia som dei fleste
av oss kjenner att; når ein er komen på sjukeheim, og
ikkje klarer å ta vare på seg sjølv.
Dette er ein produksjon som består av utstillinga
«Minner som forsvinner» og framsyninga «Mens du er
her». Kunstnarane forsøkjer, gjennom ei unik blanding
av dans, teater, musikk og visuell kunst, å formidle
tankar og kjensler som det er vanskelege å setje ord
på, ikring det å leve med alzheimer, både for ein sjølv
og for pårørande. Elevane får sjå framsyninga, og blir i
etterkant invitert ned på scena og inn i utstillinga, som
også fungerer som scenografi.
Uttrykk: Teater, dans, musikk, visuell kunst
Relevans for m.a.Helse og omsorg, religion,
formgjevingsfag, musikk, dans, drama
Medverkande: Marte Hallem, Ole Aleksander Hansen,
Øyvind Engen, Karen Rotmo, Arne Espen Dillan,
Børge Johnsen, Ninni Rotmo Olsen, Merete Haseth
Produsent: Kristine Schille og Karen Rotmo
Turnéperiode: Opent
Arena: Kulturhus, gymsal
Tid: 90 minutt
Maks publikumstal: 75
 Nord-Trøndelag teater &
Kristofer Grønskag:
Demokratikk
Ein scenekunstproduksjon som,
i høve Grunnlovsjubileet i 2014, set
fokus på koplingane som eksisterer mellom språk,
ytringsfridom og
demokrati.
Forut for besøket får
elevane ei skriveoppgåve innan sjangeren dialog. Dei
ferdige tekstane blir sendt til skodespelarane, som
dernest kjem på besøk til klassa, og isceneset utdrag
frå tekstane.
Nokre av scenene blir framført fleire gongar, slik
at ein kan danne grunnlag for ein diskusjon ikring
korleis teaterskaparane si styring av scena endrar ei
utsegn. Dialogar frå kjende verk blir også framført
for å eksemplifisere språket si makt. I etterkant av
besøket vil særskilt interesserte elevar få mogelegheit
til å delta på skrivekurs ved Nord-Trøndelag teater,
med fokus på teatertekstar.
Uttrykk: Litteratur, scenekunst (teater)
Relevans for m.a.norsk, samfunnsfag, drama, religion
Medverkande: To skodespelarar
Produsent: Nord-Trøndelag teater i samarbeid med
dramatikar Kristofer B. Grønskag
Turnéperiode: Vår 2014
Arena: Klasserom, gymsal
Tid: 90 minutt
Maks publikumstal: 60
K U N STA RTA R I S A MS P EL
For elevAr med særskilde behov
DEN K U LT U R E LLE S KO LE S EK K EN - v i dere g å ende skole 2 0 13 – 2 0 1 4
5
6
D E N K U LT U R E LLE S KO LE S E K K E N - v i dere g å ende skole 20 13 – 20 1 4
 Alan Drop:
Roads less travelled
 Tom Roger Aadland:
Blod på spora
Foto: Jon Danielsen
Foto: Marcel Leiliënhof
Imagine you arrive on the streets of London with
no job, no accommodation, enough money to last
2 weeks and no return ticket to Africa. Decisions
have to be made and risks must be taken.
Ei konsertoppleving med fokus på songtekstane
til ein av dei viktigaste litterære profilane i verda
i dag.
Alan Drop shares his collection of real life stories in a
way that is entertaining, funny, sad, thought provoking
and inspiring. Having lived in 8 different countries and
visited over 40, Alan has collected experiences. He
claims that ”life becomes interesting when we step
outside our comfort zones. Travel doesn’t broaden
the mind. Using your brain, being open to new
experiences and being free of prejudice does.”
Tom Roger Aadland framfører sine kritikarroste
nynorske gjendiktingar av Bob Dylan i ei enkel og
klar ramme, med fokus på musikken og tekstane.
Songane blir knytt saman av anekdotar og refleksjonar
som plasserer Dylan i ein kulturhistorisk samanheng.
Konserten kan seiast å liggje i skjeringspunktet
mellom vise, rock og litteratur.
Frå frigjeringa i Buchenwald. Leo Eitinger, Assor Hirsch,
Samuel Steinmann, Julius Paltiel og Pelle Hirsch
Konsert med Esther Orkester og visning av filmen
“Tilgi men aldri glemme”.
I filmen fortel tidsvitnet Julius Paltiel si historie som
offer for Holocaust. Han var ein av fem norske jødar
som overlevde opphald i fangeleirane Auschwitz –
Birchenau og Buchenwald.
Filmskapar Bjørn Jegerstedt er til stades og diskuterer
filmen med elevane. Hendinga blir innleia og avslutta
med ein konsert. Esther Buchmann og Ole Storli
framfører klezmer- songar, med ein biletserie frå
Auschwitz-Birchenau i bakgrunnen.
Alan does not lecture or patronize his audiences. He tells
stories and lets them hang there for people to take from
them whatever they want. Audiences are encouraged to
engage with questions, comments and criticism. Alan is a
successful stand-up comedian but claims that his natural
skill lies in storytelling and ultra-marathon
Uttrykk: Scenekunst, kulturarv
Relevans for m.a.Engelsk, samfunnsfag
Medverkande: Alan Drop
Produsent: Alan Drop
Turnéperiode: Januar 2014
Arena: Opent
Tid: 90 minutt
Maks publikumstal: Etter storleik på arena
 Bjørn Jegerstedt &
Esther Orkester:
Tilgi, men aldri glemme
Uttrykk: Musikk, litteratur
Relevans for m.a. norsk, musikk
Medverkande: Tom Roger Aadland
Produsent: Tom Roger Aadland
Turnéperiode: Oktober - november 2013
Arena: Klasserom, gymsal, kulturhus, bibliotek
Tid: 45 minutt
Maks publikumstal: 90
Uttrykk: Film, musikk, kulturarv
Relevans for m.a.historie, musikk, medier og
kommunikasjon
Medverkande: Bjørn Jegerstedt, Esther Buchmann
og Ole Storli
Produsent: Bjørn Jegerstedt, EstherOrkester
Turnéperiode: Opent
Arena: Kino, kulturhus, gymsal, klasserom
Tid: 135 minutt
Maks publikumstal: 30
 Namdalsmuseet:
Fra barokk til rock
Bli med på ei spanande reise gjennom 400 års
stilhistorie.
I fyrste del blir ungdommen, med hjelp av musikk,
bilete, gjenstandar og forteljingar, teken med på ei
stilhistorisk reise.
Museumspedagog Bjørnar Sellæg presenterer
gjenstandar og bygg som er typiske for sin epoke,
med tydelege kjenneteikn, slik at elevane klarer å
skilje dei ulike stilartane frå kvarandre. I andre del av
økta er det lagt opp til eigenaktivitet. Klassa blir delt
i grupper som får utdelt eit sett gjenstandar. Desse
skal elevane ved hjelp av diskusjon plassere i rett
stilepoke.
Uttrykk: Kulturarv, visuell kunst
Relevans for m.a.historie, design og handverk
Medverkande: Bjørnar Sellæg
Produsent: Bjørnar Sellæg, Namdal fylkesmuseum
Turnéperiode: Mars 2014
Arena: Auditorium, klasserom
Tid: 90 minutt
Maks publikumstal: 30
K U N STA RTA R I S A MS P EL
K U N STA RTA R I S A MS P EL
DEN K U LT U R E LLE S KO LE S EK K EN - v i dere g å ende skole 2 0 13 – 2 0 1 4
7
8
 Tore Strand Olsen:
Tegneseriekurs
Tore Strand Olsen
er profesjonell
serieskapar, og har
mellom anna har
jobba for blad som
Pyton, Pondus og
Nemi, i tillegg til å ha
gjeve ut fleire bøker.
Tore tilbyr eit kurs i
teikneserieskaping,
kor alle elevane får
høve til å prøve seg
som teiknarar og manusforfattarar, samt at dei får ei
innføring i nokre av dei mest sentrale prinsippa ved
visuell forteljarteknikk.
Ein teikneserie er eit godt døme på ein samansett
tekst, då den er ein kombinasjon av tekst og teikning,
og ligg uttrykksmessig i kryssingspunktet mellom
ei rekkje media, som film, litteratur, animasjon,
illustrasjon, grafisk design og kalligrafi.
Uttrykk: Visuell kunst, litteratur
Relevans for m.a.norsk, formgjeving, design og
handverk, mediefag
Medverkande: Tore Strand Olsen
Produsent: Tore Strand Olsen
Turnéperiode: Opent
Arena: Klasserom, kulturhus
Tid: 90 minutt
Maks publikumstal: 60
D E N K U LT U R E LLE S KO LE S E K K E N - v i dere g å ende skole 20 13 – 20 1 4
 Ragnhild Lund Ansnes:
Fotball - lidenskap og galskap
 Sigmund Kveli:
Humor i teksten
Ragnhild Lund
Ansnes er
forfattar,
programleiar,
føredragshaldar, konferansier og bloggar.
Sigmund Kveli har
over 30 års erfaring
som tekstforfattar,
revyartist og kåsør,
og har turnert
for DKS fleire
gongar tidlegare
med humor og
humoristiske
tekstar som tema.
I år tilbyr han to
ulike skrivekurs for
elevar i vidaregåande
opplæring, kor
fokuset i begge er
Foto: Espen Storhaug
å hjelpe elevane til
å utvikle tekstar med god og gjennomtenkt bruk av
humor. Skulane kan velje mellom følgjande kurs:
1. «Kåseritimen»: Eit opplegg som er tenkt å vere
til inspirasjon for den som ynskjer å forsøkje seg
på sjangeren kåseri. Sigmund vil framføre eigne
kåseri, og kome med skrivetips til elevane basert
på desse.
2. «Fra idé til ferdig revynummer»: Eit opplegg
som hjelper elevane i gong med å skrive gode
revytekstar basert på eigne utkast og idear.
Uttrykk: Litteratur, scenekunst
Relevans for m.a.norsk, drama
Medverkande: Sigmund Kveli
Produsent: Sigmund Kveli
Turnéperiode: Vår 2014
Arena: Klasserom, gymsal, kulturhus
Tid: 60 minutt
Maks publikumstal: 100
 Kristin Fridtun:
Ivar Aasen – rota til alt vondt?
Foto: Tony Woolliscroft
Dessutan
har ho skapt
bokhistorie
som den
første kvinna i
verda som har
skrive offisielle
klubbøker
for Liverpool
Football Club.
Ho inviterer til ei engasjerande og lidenskapeleg reise
inn i korleis landet vårt består av fotballgalskap og
fotballavsky, og alt i mellom. Her får ein høyre korleis
relasjonsbygging mellom internasjonale toppolitikarar
og rikshumoristar, så vel som narkomane og
mobbeoffer, skjer gjennom fotball. Dette er rett og slett
eit nytt perspektiv på kva fotball gjer for samfunnet
vårt, og kvifor det er meir enn underhaldning for veldig
mange.
Uttrykk: Litteratur
Relevans for m.a.norsk, samfunnsfag
Medverkande: Ragnhild Lund Ansnes
Produsent: Ragnhild Lund Ansnes
Turnéperiode: September - oktober 2013
Arena: Klasserom, bibliotek, auditorium, kulturhus
Tid: 60 minutt
Maks publikumstal: Etter storleik på arena
2013 er utpeika
til nasjonalt
språkår, med
grunnlag i
200-årsjubileet
for Ivar Aasen.
Men kven var
Ivar Aasen,
eigentleg? Den
kjennskapen
som elevar
flest har til
Aasen, er
varierande
og ofte nokså
bakvendt og
fordomsfull.
LI TT ER AT U R
K U N STA RTA R I S A MS P EL
DEN K U LT U R E LLE S KO LE S EK K EN - v i dere g å ende skole 2 0 13 – 2 0 1 4
Foto: André M. Reite
Kristin Fridtun er aktuell med «Nynorsk for dummies»,
ei innføringsbok som rettar seg særleg mot skuleelevar med bokmål som hovudmål. Gjennom ein
kvikk og humoristisk presentasjon vil ho korrigere og
utdjupe synet på Aasen og arbeidet hans. Slik gjev
ho elevane eit betre grunnlag for å forstå språksituasjonen i Noreg i dag, både når det gjeld bokmål,
nynorsk, minoritetsspråk og dialektar. Føredraget vil
mellom anna innehalda anekdotar og «fun facts» om
Aasen, lettskjønlege utgreiingar om kvifor og korleis
han reiste landsmålet. Føredraget vil korrigere seigliva mytar om Aasen og nynorsk, og gje merknadar til
språksituasjonen på hans tid og i vår tid.
Uttrykk: Litteratur
Relevans for m.a.Norsk
Medverkande: Kristin Fridtun
Produsent: Kristin Fridtun
Turnéperiode: September 2013
Arena: Klasserom, bibliotek
Tid: 60 minutt
Maks publikumstal: 40
9
– et krasjkurs i dokumentarfilm
 Kosmorama:
The Disintegration
 Kosmorama:
Festivaloppleving
Foto: Jorunn Solli
Romanen «Rapport fra et sandkorn» av Kjersti
Wold og Geir Vang var vinnar i konkurransen
ROMANTIKK – FYSIKK – MYSTIKK, initiert
av Nasjonalt senter for realfagsrekruttering,
RENATEsenteret, og Gyldendal Norsk Forlag.
I romanen møter vi Thea, som nyst har flytta. Ho blir
kjend med pensjonisten Lundstrøm, som tilfeldigvis
er grandonkel til den svært kjekke Johannes. Etter
ei dramatisk oppleving inviterer Lundstrøm Thea og
Johannes med på ei spanande reise til Egypt...
Forfattarane har utvikla eit sett ulike føredrag for
elevar i vidaregåande skule, med ulike fokus og
innfallsvinklar. Det blir utdelt eit gratis klassesett av
boka, som skulen får behalde. Den enkelte klasse/
lærar vel mellom følgjande tema for besøket:
1. Eit norskfagleg opplegg med vekt på litterære
verkemiddel
2. Eit realfagleg opplegg med vekt på
naturvitskapeleg metode og vitskapshistorie
3. Eit litteraturhistorisk opplegg titulert «forelskelse og
fortvilelse», med vekt på relasjonane mellom mann
og kvinne i litteraturen.
10
 Jon Vatne: Nesten helt sant
F ILM
 Kjersti Wold og Geir Vang:
Rapport fra et sandkorn
D E N K U LT U R E LLE S KO LE S E K K E N - v i dere g å ende skole 20 13 – 20 1 4
F ILM
LI TT ER AT U R
DEN K U LT U R E LLE S KO LE S EK K EN - v i dere g å ende skole 2 0 13 – 2 0 1 4
Uttrykk: Litteratur
Relevans for m.a.matematikk, naturfag, norsk
Medverkande: Kjersti Wold og Geir Vang
Produsent: Kjersti Wold og Geir Vang
Turnéperiode: 30.september-4.oktober 2013 og 7.-11.
april 2014
Arena: Auditorium, klasserom, bibliotek
Tid: 45 minutt
Maks publikumstal: 30
Gjennom TV og Internett blir vi kvar dag eksponert
for ulike former for dokumentar; nyheiter, naturprogram, brennpunkt, amatøropptak på YouTube
osv.
Dette kurset vil gje elevane ei forståing av kva det
inneber å lage dokumentarfilm, og kor verkeleg
sanninga vi blir presentert for eigentleg er. Kva makt
har dokumentarfilmskaparen når det kjem til å vise
fram røynda? Finst det ein objektiv representasjon av
røynda? Kurset vil trene elevane sitt kritiske auge til
kva som eigentleg er sant i ein dokumentarfilm, og gje
dei større innsikt i det å drive kjeldekritikk.
I tillegg til den teoretiske delen vil det kunne gjennomførast ein praktisk workshop over 1 til 2 dagar, kor
elevane får bryna seg på skreddarsydde oppgåver.
Her får dei skape eigne dokumentarfilmar, med profesjonelt utstyr og vegleiarar frå bransjen.
Uttrykk: Film
Relevans for m.a.samfunnsfag, historie, norsk, medier og kommunikasjon
Medverkande: Jon Vatne + evt. ein medarbeidar i
workshop
Produsent: Jon Vatne, Midtnorsk filmsenter
Turnéperiode: november 2013 eller vår 2014
Arena: Klasserom, samt grupperom til evt. workshop
Tid: Foredrag: 90 minutt - Workshop: 1-2 dagar
Maks publikumstal: Foredrag: 30 - Workshop: 20
Vi er mellom arabiske innvandrarar i Frankrike. Ali
har vakse opp i Frankrike, og har tilpassa seg det
franske samfunnet.
Han er dyktig på skulen, men blir likevel aldri tatt
seriøst, og blir aldri innkalla til jobbintervju. Etter kvart
kjem Ali i kontakt med Djamel, en karismatisk, religiøs
muslim, som sakte men sikkert trekkjer guten til seg.
Sjølv ressurssterke Ali gir etter kvart opp trua på
det franske samfunnet, og byrjar tru på Djamel sine
ekstreme visjonar.
DKS tilbyr elevane ein opplevingsrik dag på
Kosmorama internasjonale filmfestival våren 2014.
«The Disintegration» viser med all si gru og enkelhet
eit konkret døme på kor langt røyndomsfjerne og
forkvakla individ kan gå. Det var dette vi trudde
skjedde 22. juli i fjor, heilt til alle fekk røynda i fleisen,
og fanatismen fekk et nytt stygt ansikt. Filmen blir vist
på kino eller i anna eigna lokale, og er utstyrt med eit
omfattande forslag til for- og etterarbeid som lærar kan
nytte etter eige ynskje.
Elevane får eit festivalpass som gjev inngang til to
filmar. Transport og festivalpass betalast av DKS.
Programmet for festivalen er ikkje klart, men filmane
blir plukka ut i samråd med DKS, samt elevar og
lærarar i ei spesielt nedsett referansegruppe. På ei
av dei to filmvisningane vil elevane også få møte
regissør, skodespelar eller filmkomponist, og får høve
til å gå i dialog med vedkomande om produksjon av
filmen.
Uttrykk: Film
Relevans for m.a.samfunnsfag, religion
Medverkande: Norsk Kino og Bygdekinoen i NordTrøndelag
Produsent: Kosmorama internasjonale filmfestival
Turnéperiode: Haust 2013
Arena: Kino, visningslokale for film (alt. i auditorium)
Tid: 80 minutt
Maks publikumstal: Etter storleik på arena
Uttrykk: Film
Relevans for m.a.medier og kommunikasjon
Medverkande: Kosmorama internasjonale filmfestival
Produsent: Kosmorama internasjonale filmfestival
Turnéperiode: 29. eller 30.april 2014
Arena: Nova kinosenter, Trondheim
Tid: 1 skuledag
Maks publikumstal: Uavgrensa
11
 Einar Olav Larsen Trio:
Pols & Blues
Trondheim symfoniorkester er, med si over
100-årige historie, ein av dei største kulturinstitusjonane vi har.
Kvalitet, breidde og vitalitet er stikkord som kjenneteiknar orkesteret. No gjentek dei suksessen frå i fjor,
og inviterer elevar inn som publikum ved eit utval av
generalprøvene hausten 2013:
1. Torsdag 5. september: Brahms Symfoni no 2. Dirigent: Krzysztof Urbanski.
2. Torsdag 26. september: Musikk av russiske Lera
Auerbach + Mozart klaverkonsert. Auerbach er festivalkomponist under årets Kammermusikkfestival,
og vil også vere klaversolist på Mozart.
3. Torsdag 3. oktober: Mahler Symfoni no 4. Dirigent:
Aldo Ceccatto.
4. Torsdag 24. oktober: Grieg a- moll klaverkonsert og
Stravinsky Ildfuglen. Solist: Jan Lisecki. Dirigent:
Krzysztof Urbanski.
5. Torsdag 21. november: Unge Talent. Konsert
med unge norske solisttalent mellom 18 og 28 år.
Prøvespel for utveljing i byrjinga av juni. Dirigent:
Anna-Maria Helsing.
12
Uttrykk: Musikk
Relevans for m.a.musikk
Medverkande: Trondheim Symfoniorkester
Produsent: Trondheim Symfoniorkester
Turnéperiode: Hausten 2013
Arena: Olavshallen i Trondheim
Tid: 10.00-15.00
Maks publikumstal: Uavgrensa
Einar Olav Larsen Trio set i denne konserten
fokus på møtet mellom trøndersk folkemusikk og
amerikansk blues.
Bakgrunnen for trioen er møtet mellom folkemusikar
Einar Olav Larsen frå Verdal og bluespianist Daniel
Trustrup Røssing frå Levanger. Dei representerer og
vidarefører den sterke tradisjonen for samspel mellom
fele og piano på trøndelagsbygdene, ikkje minst
inspirert av Hilmar Alexandersen og hans samspel
med pianisten Sturla Hallås. Samstundes som Einar
Olav Larsen Trio vidarebringer sterke trønderske
musikktradisjonar, skaper deira sjangeroverskridande
musikalske uttrykk noko heilt unikt og nytt.
Uttrykk: Musikk
Relevans for m.a.musikk, historie
Medverkande: Einar Olav Larsen Trio: Einar Olav
Larsen, Daniel Tustrup Røssing, Audun Larsen
Produsent: Hilmar AS
Turnéperiode: Opent
Arena: Alt frå klasserom til kulturhus, så lenge lokalet
inneheld piano
Tid: 45 minutt
Maks publikumstal: Etter storleik på arena
 Falstadsenteret:
Kvinneliv i krig
 Eivind Lentz:
Se(e) me(g)
Korleis
blei krig og
okkupasjon
opplevd av
kvinner i
Noreg under
andre verdskrigen?
Ill.: Åshild Karevold
Kvifor kjem kvinnene sine perspektiv og erfaringar så
ofte i bakgrunnen når historia om krigen blir fortald?
Hausten 2013 markerer Falstadsenteret stemmerettsjubileet ved å fokusere på kvinnene sine historier
frå andre verdskrigen. Temaet blir her sett i samanheng med sosiale og kulturelle rettar, ytringsfridom,
likestilling og demokratisk deltaking.
Under besøket på Falstadsenteret får elevane møte
personlige historier frå Falstad fangeleir og Trøndelag, i krigsåra og i umiddelbar etterkrigstid. Gjennom
historiske kjelder får elevane studere kvinnene sine
handlingar og mogelegheiter i krigssituasjonar, og
byggje forståing for korleis enkeltpersonar sine forteljingar heng saman med viktige historiske hendingar.
Uttrykk: Kulturarv
Relevans for m.a.historie, samfunnsfag
Medverkande: Falstadsenteret
Produsent: Falstadsenteret
Turnéperiode: Haust 2013
Arena: Falstadsenteret
Tid: 4 klokketimar
Maks publikumstal: 40
I klasseromsbesøk møter elevane bildekunstnar
Eivind Lentz. Saman med elevane vil han utforske
bildesjangeren mobiltelefonfotografering, og sjå
på korleis populærteknologien flyttar etablerte
kulturelle grenser, samstundes som den skaper eit
nytt bildespråk.
V i s u e ll Kun st
 Trondheim Symfoniorkester: Orkesterprøve
D E N K U LT U R E LLE S KO LE S E K K E N - v i dere g å ende skole 20 13 – 20 1 4
K U LT U R A RV
M U SIKK
DEN K U LT U R E LLE S KO LE S EK K EN - v i dere g å ende skole 2 0 13 – 2 0 1 4
Gjennom ein presentasjon av eige kunstnarleg arbeid,
diskusjon, bevisstgjering og praktiske fotografiøvingar
blir elevane gjort merksame på dei kommunikative,
moralske, etiske og juridiske utfordringane som fyl
den offentlege bruken av sjølvpublisert bildemateriale. Etter dette møtet fortel elevane om seg sjølve
gjennom å ta fire bilete. Ungdommane blir oppfordra
til å vere kreative, samstundes som dei tenkjer på
konsekvensane av det dei viser.
Uttrykk: Visuell kunst
Relevans for m.a.Religion og etikk, samfunnsfag,
mediefag, design og handverk
Medverkande: Eivind Lentz
Produsent: Eivind Lentz
Turnéperiode: Opent
Arena: Klasserom
Tid: 140 minutt
Maks publikumstal: 30
13
14
 ADGE & TNT:
Dr. Jekyll and Mr. Hyde
D E N K U LT U R E LLE S KO LE S E K K E N - v i dere g å ende skole 20 13 – 20 1 4
 Freestyle Phanatix:
Bust da Breakz
 Blendwerk teater:
Å leve på kode 6
 Trøndelag teater:
Peer Gynt
Foto: Henning Sjøstrøm
How tempting wouldn’t it be, to be “bad” when
no one can see? How dangerous is it really, to let
your negative sides run wild?
It is very rare that a novel is so influential that it
surpasses fiction and becomes a myth. Dr. Jekyll
and Mr. Hyde is one of the select few. The American
Drama Group Europe has dramatized Robert Louis
Stevenson’s dark book in their well-known dynamic
and physical style.
Freestyle Phanatix er den største profesjonelle
breakdance-truppen i Skandinavia, med utøvarar
frå heile verda, og fleirfaldige turnear i heile
Europa å vise til.
The audience will be introduced to the friendly
scientist Dr. Jekyll, who by night takes on his vicious,
crippled alter ego, Mr. Hyde. This is a gripping thriller,
a horror story, a tragedy, and above all a complex
study of man’s dual nature.
Framsyninga «Bust da Breakz» bryt kjensla av
samanheng, og er eit sprang inn i hip hop’en
sin fødeepoke; postmoderniteten. Framsyninga
speglar storbyen si oppbrotne, kvervlande, flimrande
og spektakulære røynd. Ambisjonen er å bruke
dansen som ei opning inn til ei hyper-røynd, kor
sinnstilstanden blir kroppsleg uttrykt, og sosialiteten
blir fysisk. Framsyninga er ein hyllest til den
mangfaldige dansekulturen som starta i gettoane i LA
og NY på 70-talet. Om ynskjeleg, kan det også haldast
workshop for elevane i samband med framsyninga.
Uttrykk: Scenekunst
Relevans for m.a.engelsk, drama
Medverkande: The American Drama Group Europe &
The New Theatre
Produsent: The American Drama Group Europe
Turnéperiode: 20.-24.januar 2014
Arena: Kulturhus, samfunnshus
Tid: 2 timar
Maks publikumstal: Etter storleik på arena
Uttrykk: Scenekunst (dans)
Relevans for m.a. dans, kroppsøving
Medverkande:Adam Stefanski, Karsten Mathiesen, Manuel
Baricaua, Mohamad Sweilem, Temu Devi Bacot, Tahir
Dalager, Bobby Obeng Atiebu
Produsent: Freestyle Phanatix
Turnéperiode:Veke 36-37 eller mars 2014
Arena: Kulturhus, gymsal, utandørs
Tid: Framsyning: 40 minutt - Workshop: 45 minutt
Maks publikumstal: Framsyning: 300 - Workshop: 40-110
Vi kallar det bråk; husbråk, familiebråk. «No bråkar
dei igjen der borte». Ja, vald gjev ofte lyd frå seg.
Blåmerker, sår og skadar. Nokon som gror, andre
som ikkje gror.
«Å leve på kode 6» er historia om XXX, og dottera
hennar, XXX, som lever i skjul for overgriparen sin.
Framsyninga er basert på verkelege hendingar i
Noreg i dag, manus er utarbeidd etter intervju med
kvinner og born.
Kode 6 er den strengaste forma for hemmeleg
adresse vi har i Noreg, og den blir kun innvilgja når
liv og helse er i fare. Å leve på kode 6 inneber at
dine personalia er hemmelegstempla, og berre nokre
få, sikringsklarerte personar kjenner identiteten og
adressa di. Erfaring viser likevel at dette ikkje gjev full
sikring...
Uttrykk: Scenekunst (teater) Relevans for m.a. samfunnsfag, helse og omsorg, psykologi
Medverkande:Monica Borg Fure, Terje Ranes, Tora Nilsen,
Kristjan Belgau
Produsent: Blendwerk teater
Turnéperiode:Mars-april 2014
Arena: Kulturhus, samfunnshus, gymsal
Tid: 70 minutt
Maks publikumstal: 250
DKS tilbyr billettar og gratis bussreise til
Trondheim for å sjå «Peer Gynt» av Henrik Ibsen.
Heime er Peer Gynt nasjonalromantikar på sin hals.
Ute i den store verda spelar han kapitalist, og sel seg
inn som fredsmeklar og velgjerar. Rollene beherskar
han godt, inntil forventningane blir for store. Då går
han utanom. At verda flirar av han, ser han ikkje. Det
er han for sjølvoppteken til. «Peer Gynt» er ein satire
over nasjonal sjølvtilfredsheit, samstundes som den er
ei eventyrleg reise inn i det indre liv, ein tragikomedie
og ein sviande harselas.
S C E N EK U N ST
S C E N EK U N ST
DEN K U LT U R E LLE S KO LE S EK K EN - v i dere g å ende skole 2 0 13 – 2 0 1 4
I 1874 blei Edvard Grieg førespurd om å komponere
scenemusikken til «Peer Gynt», og også for han blei
ironi og satire viktige verkemiddel. Trøndelag teater
har i denne produksjonen inngått eit samarbeid
med Trondheim Symfoniorkester, som vil gjere
ei nyinnspeling av musikken som skal brukast i
framsyninga.
Uttrykk: Scenekunst (teater)
Relevans for m.a. norsk, drama, musikk
Medverkande:Trøndelag teater
Produsent: Trøndelag teater
Turnéperiode:10.september 2013
Arena: Trøndelag teater - hovudscena
Tid: Kl. 12.00
Maks publikumstal: Uavgrensa
15
 Riksteatret:
Each One Teach One
 Riksteatret:
Vildanden
 Riksteatret / Wakka Wakka:
Saga
Iceland. Family. Crisis...
Også i år tilbyr Den kulturelle skolesekken billettar
til Riksteatret sine framsyningar som er planlagde
for regionen i løpet av skuleåret.
Framsyningane blir spela på kveldstid, ved eit utval
av dei faste spelestadane i fylket (Kolvereid, Namsos,
Steinkjer, Verdal og Stjørdal) Eksakte datoar og stadar
er førebels ikkje fastsett; meir informasjon blir lagt ut
på nettsidene våre www.dksnordtrondelag.no, så snart
dette føreligg.
Etter ein strabasiøs kamp til toppen er det no Navid
Rezvani sin tur å føre tradisjonen og inspirasjonen
vidare. Danseframsyninga «Each One Teach One»
skal, gjennom historia til Navid, fortelje historia om at
alle ungdommar har mogelegheit til å skape si eiga
framtid.
16
D E N K U LT U R E LLE S KO LE S E K K E N - v i dere g å ende skole 20 13 – 20 1 4
Uttrykk: Scenekunst (dans)
Relevant for m.a. dans, kroppsøving, samfunnsfag
Turnéperiode: Haust 2013
På scena: Navid Rezvani med 3 hip hop dansarar og
Andreas Bratlie (musikar)
Regi: Jon Tombre
Koreografi: Navid Rezvani med fleire
Forfattar/Dramaturg: Toril Solvang
Komponist og multimedia: David Chocron
Scenograf og lysdesignar: TBA
Også i år tilbyr Den kulturelle skolesekken billettar
til Riksteatret sine framsyningar som er planlagde
for regionen i løpet av skuleåret.
Framsyningane blir spela på kveldstid, ved eit utval
av dei faste spelestadane i fylket (Kolvereid, Namsos,
Steinkjer, Verdal og Stjørdal) Eksakte datoar og stadar
er førebels ikkje fastsett; meir informasjon blir lagt ut
på nettsidene våre www.dksnordtrondelag.no, så snart
dette føreligg.
«Tek du livslygnene frå eit gjennomsnittsmenneske,
tek du lykka frå det med det same»
Sanning og lygn er sentrale tema i «Vildanden».
Får menneska det betre av å bli konfrontert med dei
ubehagelege sanningane? Ibsen let sitt persongalleri
vere forkjemparar for ulike oppfatningar av dette
vanskelege spørsmålet.
Uttrykk: Scenekunst (teater)
Relevant for m.a. norsk, drama
Turnéperiode:Haust 2013
På scena: Mari Maurstad, Toralv Maurstad, Per Egil Aske,
Beate Eriksen, Jan Gunnar Røise, Joachim Calmeyer, Tov
Sletta, Hilde Stensland
Regi: Stein Winge
Scenografi og kostymedesign: Tine Schwab
Dramaturg/Bearb.: Bibbi Moslet
Lysdesign: Tobias Leira
 Riksteatret:
Folkestyre!
Også i år tilbyr
Den kulturelle
skolesekken
billettar til
Riksteatret sine
framsyningar som
er planlagde for
regionen i løpet
av skuleåret.
Framsyningane blir
spela på kveldstid,
ved eit utval av dei
faste spelestadane
i fylket (Kolvereid,
Namsos, Steinkjer,
Verdal og Stjørdal)
Eksakte datoar og
stadar er førebels ikkje fastsett; meir informasjon blir
lagt ut på nettsidene våre www.dksnordtrondelag.no,
så snart dette føreligg.
Gunnar Oddmunson’s life is in ruins. He is standing
alone with a shovel in his hands, wondering how it
all went wrong. He was feeling lucky, successful, and
had big dreams for the future, before the Icelandic
economy collapsed, setting a new world record in
national bankruptcy. Now he dreams only of justice.
When his family abandons him and the bank takes
his house and car, Gunnar’s ancient Norse desire for
blood revenge awakens. The battle has begun...
Brought to you by the OBIE award winning company
Wakka Wakka, “Saga” features 30 puppets, ranging
from 3 inches to 10 feet, portrayed by an international
cast of puppeteers from Iceland, Norway, Ireland
and the US. A Co-Production with Nordland Visual
Theatre.
Uttrykk: Scenekunst (figurteater for vaksne)
Relevant for m.a. dans, drama, historie, samfunnsfag
Turnéperiode:Vår 2014
Også i år tilbyr Den kulturelle skolesekken billettar
til Riksteatret sine framsyningar som er planlagde
for regionen i løpet av skuleåret.
S C E N EK U N ST
S C E N EK U N ST
DEN K U LT U R E LLE S KO LE S EK K EN - v i dere g å ende skole 2 0 13 – 2 0 1 4
Framsyningane blir spela på kveldstid, ved eit utval
av dei faste spelestadane i fylket (Kolvereid, Namsos,
Steinkjer, Verdal og Stjørdal) Eksakte datoar og stadar
er førebels ikkje fastsett; meir informasjon blir lagt ut
på nettsidene våre www.dksnordtrondelag.no, så snart
dette føreligg.
«Folkestyre!» er eit leikent, improvisasjonsbasert
”doku-teater”, laga i høve Grunnlovsjubileet, kor folket
sjølv skal få kome til orde. Vi får oppleve fragment
frå den norske røynda, som avslører kor forskjellig
omgrepet demokrati blir oppfatta av enkeltmenneske
frå ulike generasjonar og lag i den norske befolkninga.
Vi feirar demokratiet med ei demokratisk utvikla
framsyning om demokrati. Ei lettreist, naken og sårbar
framsyning med skodespelarane i sentrum.
Uttrykk: Scenekunst (teater)
Relevant for m.a. drama, norsk, samfunnsfag
Turnéperiode:Vår 2014
17
DEN K U LT U R E LLE S KO LE S EK K EN - v i dere g å ende skole 2 0 13 – 2 0 1 4
D E N K U LT U R E LLE S KO LE S E K K E N - v i dere g å ende skole 20 13 – 20 1 4
2. Finn informasjon om alle
produksjoner:
For en fullstendig liste over alle
produksjoner i DKS-programmet,
klikk “Hjem”, og så “Videregående”
under overskriften “Produksjoner” i
venstremenyen.
Hvordan finne mer informasjon
om DKS-tilbudet?
All informasjon om produksjonene, tekniske krav, lærerveiledninger,
tidspunkter og annet, finner du på www.dksnordtrondelag.no
3. Finn informasjon om en
produksjon:
Klikk på tittelen på produksjonen.
1. Finn din skoles kulturkalender:
Velg skole fra nedtrekksmenyen øverst på siden
og du får opp en liste over alle produksjoner
skolen er tildelt, i kronologisk rekkefølge.
4. Finn informasjon om en turné:
Fullstendige turnéplaner ligger
under hver enkelt produksjon. Klikk
på “Turnéplan” til høyre i bildet.
18
19
SamarbeidspartNerE:
REGIONALT:
Musikk i Nord-Trøndelag
Nord-Trøndelag fylkesbibliotek
Stiklestad Nasjonale Kultursenter
Muséet Midt
Nord-Trøndelag Teater
Midtnorsk Filmsenter
Nord-Trøndelag fylkesgalleri
NASJONALT:
Rikskonsertene
Norsk forfattersentrum Midt-Norge/Litteraturbruket
Nasjonalmuseet for kunst
arkitektur og design
Norsk Kulturråd
Norsk scenekunstbruk
Film og kino
ABM-utvikling
Kontaktinformasjon
for Den kulturelle skolesekken
for videregående skole i Nord-Trøndelag:
Anne Lena Underland
Koordinator for Den kulturelle skolesekken vgs
Avdeling for videregående opplæring
www.designtrykk.no
Avdeling for videregående opplæring
Miljømerket trykksak 241 781
Telefon: +47 954 07 784
Epost: [email protected]
Hjemmeside: www.dksnordtrondelag.no