gi meg en lykkelig slutt!

013
2
/2
012
KUNSTEN, FRIDOMEN
OG DEMOKRATIET
Endring begynner med ein tanke, ein idé
– i hovudet på eitt menneske, ofte formidla
gjennom kunst. Difor er kunsten frigjerande
for somme – farleg for andre. Kunsten
kan endra, kunsten kan gjera ein forskjell.
Kunsten er ikkje underlagt lover og reglar
i samfunnet, ikkje eingong naturlovene.
Kunsten kan skildra samfunnet frå nye
vinklar, han kan setja oss i stand til
å reflektera over og kanskje bryta med
eigne vanar og tankegods.
Han skal røra oss, utvikla oss, få oss til
å tenkja, skapa nye bilete og stimulera
fantasien. Men det er ikkje eit mål at alle
skal lika han.
Den kulturelle skulesekken skal presentera
kunst av høg kvalitet til elevar i skulen.
Vi vil at kunsten skal gjera noko med oss.
Kunsten kan ikkje vera underlagt andre
overordna mål eller hensikter. At kunsten
har positive verknader på helse, læring,
Det finst måtar å vurdera kvaliteten på kunst
• kunstnaren må ha ein bodskap, noko han
ønskjer å formidla til andre
• han må kunna sitt fag – i praksis og teori
• og han må treffa noko i samfunnet,
det må vera relevant for publikum.
næringsliv og trivsel, er flott. Men ingen
andre enn kunstnaren sjølv må leggja
premissane.
Då vil vi kunna oppleva kunst som endrar.
Nokre gonger i lite format – ei endring i eit
menneskesinn, andre gonger i stort format
– kunst som endrar samfunnet.
Det finst mange døme. To er Arne Garborgs
roman ”Mannfolk” og Christian Krohgs
“Albertine”. Dei kom ut på slutten av
1800-talet og vekte oppsikt då dei sette
søkjelys på kvinners stilling, dobbeltmoral
og maktmisbruk. Arne Garborg mista
jobben sin i Riksrevisjonen og “Albertine”
vart forboden. Begge forfattarane hadde
ein brennande bodskap, dei meistra faget
sitt og dei trefte noko i samfunnet
– noko som provoserte.
“Albertine” er utgangspunktet for eitt
av tilboda til elevar i vidaregåande skule,
presentasjon av Arne Garborgs språk
og litteratur eit anna.
Ein annan kjend kunstnar som har stått
opp for undertrykte i vår eiga tid, er Mari
Boine. DKS Rogaland kan for skuleåret
2012/2013 presentera fleire produksjonar
med utgangspunkt i samisk kultur,
ein kultur som var forboden i skulen inntil
for ganske få år sidan.
Fridom for kunsten er eitt av kjenneteikna
på eit berekraftig demokrati. Hendingar
det siste året har vist oss at demokrati
ikkje er sjølvsagt, men noko vi stadig må
reflektera over og arbeida for.
2013 og 2014 vil vera prega av demokratiske verdiar på nasjonalt nivå, og vi
skal markera to viktige demokratiske
jubileum: 2013 for kvinneleg røysterett
og 2014 for Grunnlova. Her er vårt
bidrag for neste skuleår og demokratiet.
Måtte det gjera noko med deg!
John Gunnar Johnsen
Kultursjef
Kirsti Sandved
Fagleiar
INNHALD
VISUELL KUNST
6 - 9
MUSIKK 10 - 13
RIKSKONSERTANE 14 - 39
SCENEKUNST 40 - 51
FILM 52 - 55
KULTURARV 56 - 59
LITTERATUR 60 - 69
BARNEHAGE 70 - 73
VIDAREGÅANDE 74 - 95
ANDRE ARRANGEMENT 96 - 99
BESTILLINGSTILBOD 100 -118
KONTAKTINFORMASJON119
Turnéar og tilbod frå Den kulturelle skulesekken i Rogaland skuleåret 2012/2013. Vil du sjå kva for program som kjem til skulen
og når? Gå inn på www.skolesekken-rogaland.no og klikk på
”Velg skole/barnehage” i fana øvst på sida. Finn din skule.
Alle produksjonar har lærarrettleiing eller konsertinformasjon.
Desse finn du ved å klikka på tittelen på den enkelte produksjonen.
Foto side 2: Marius Fiskum | Foto side 5: Trine+Kim Design Studio | Design: playdesign.no
God kunst
kan gjera deg
rasande
eller få deg
til å le høgt
ST
LL
V
E
ISU
N
KU
C.F. Salicath
STREET ART NOW
Målgruppe: 8. - 10. trinn
Medverkande: Formidlar frå Nuart Festival
Produsent:
Nuart Festival
Periode:
Haust 2012
Område:
Lund, Sokndal, Eigersund,
Bjerkreim, Hå, Time
Stad: Tou Scene, Stavanger
Varer: 90 minutt
8
Kvar september kan ein sjå nye spor etter gatekunstnarar på
vegger i Stavanger, både inne og ute. Nuart Festival vart etablert
i 2001 og kombinerer gatekunst i det offentlege rom med storskalautstilling på Tou Scene. Her skapar inviterte kunstnarar
ei dynamisk og alltid fornyande kunsthending i særklasse.
Fleire av kunstnarane har hatt utstillingar i museum for
samtidskunst over heile verda og hausta aksept og lovord
for dei grensesprengande arbeida sine.
Som del av Nuart Festival 2012, og i samarbeid med DKS
Rogaland, får elevar høve til å vitja ei av verdas leiande gatekunsthendingar. Elevane får ei innføring i gatekunst, dei får sjå
filmen Eloquent vandals og omvising i Nuart-utstillinga på Tou
scene. Nuart-tur: Publikum får sjå gatekunst-«pieces» i området,
-kart vert delt ut. Det vert òg høve til å lasta ned sjablongsett
for lærarane til bruk i skulen.
Ikkje
høyr på far din,
opplev det sjølv!
K
M
IK
US
Medverkande: Stavanger Symfoniorkester
Produsent: Foto: Morten Berntsen
5. – 7. trinn
Foto: Anne Lise Norheim
Målgruppe:
Målgruppe:
8. - 10. trinn
Medverkande: Kjell Inge Torgersen,
Arild Schøld, Karl-Dag Kjosavik
Stavanger Symfoniorkester
Produsent: Periode:
DKS Rogaland
Vår 2013
Periode:
Område:
Haust 2012
Sandnes
Område:
Stad: Bokn, Tysvær, Vindafjord, Utsira
Stavanger Konserthus
Stad: Varer: Ei kyrkje nær skulen
45 minutt
Varer: 45 minutt
SYMFONIKONSERT
I NYTT KONSERTHUS
Stavanger Symfoniorkester flyttar inn i nytt konserthus i september 2012, og gler seg
til å kunna ta i mot barn frå Sandnes til lokale i verdsklasse. Konserten er enno under
planlegging.
Til konserten vert det laga ei lærarrettleiing med oppgåver som kan gjerast i klassen på
førehand for å førebu elevane. Det er difor eit godt høve til å knyta konsertopplevinga til
eit tverrfagleg prosjekt i skulen.
12
KJERKÅ – EIN MUSIKALSK ARKITEK-TUR
Når var du sist i kyrkja? Var det på konsert? I bryllaup? I klubben? I konfirmasjon?
Eller kanskje var du i gravferd? Nokre bur til og med i kyrkjer – i kyrkjeasyl. Kanskje du aldri
har vore i ei kyrkje?
Kyrkja er ein arena for kunst og kultur, for musikk og arkitektur. Musikarane Kjell Inge
Torgersen, Aril Schøld og Karl-Dag Kjosavik inviterer publikum til å oppleva vakre tonar
i byggverk med sterk symbolikk. Gjennom ny og gammal musikk, akustikk, arkitektur,
liv og død – ser me på kva for plass kyrkja har i liva våre. For nokre er kyrkja ein tilfluktsstad
i krisetid og for markering av overgongar i livet, for andre ein stad å gå i kvardag og
fest – eller berre noko heilt framand. Og ho står no der. Kjerkå.
13
RIKSKONSERTANE
Alle barn i grunnskulen får to konsertar kvar i året. Halvparten av konsertane
er produserte av Rikskonsertane, dei resterande av Den kulturelle skulesekken i
Rogaland i nært samarbeid med Rikskonsertane.
Vil du ut av
uniformen,
skal du høyra
på nye tonar
S
R
TA
R
E
RIK
S
N
KO
Målgruppe:
Målgruppe:
8. - 10. trinn
8. - 10. trinn
Medverkande: Medverkande: Sidiki Camara, Nasibu Kongoi
Mwanukuzi, Mark Axiak
Daniel Herskedal,
Brynjar Rasmussen
Produsent: Produsent: Rikskonsertane
Stavanger Symfoniorkester
Periode:
Periode:
Vår 2013
Vår 2013
Område:
Område:
Lund, Gjesdal, Hå, Sokndal,
Eigersund, Rennesøy, Klepp,
Randaberg, Bjerkreim, Kvitsøy
Haugesund, Karmøy, Utsira,
Bokn, Tysvær, Vindafjord,
Strand, Finnøy, Forsand,
Hjelmeland, Sauda, Suldal
Varer: Varer: 45 minutt
45 minutt
DOUBLE FOCUS
KLODENS KONTRASTER
Double Focus er ei framsyning som kombinerer afrikansk musikk, song og rytmisk poesi.
Musikken er frå både Aust- og Vest-Afrika og dikta som vert framførte er henta frå diktsamlinga Double Focus, skriven av poeten Nasibu. Nasibu snakkar med ei rå og ærleg røyst
om grunnleggjande tema som urett og livet generelt.
Klodens Kontraster er ei sterk konsertoppleving der to topputøvarar på sine respektive
instrument viser ein visuell og musikalsk versjon av kor utruleg store skilnader det er
på forholda menneska lever under i dag.
Denne kunstforma, som vert kalla rytmisk poesi, er ei av dei mest brukte formene for
munnleg uttrykk i afrikansk kultur. Ho er eldgammal og finst i dag både i storbyane og i
landsbyane. Ho har utvikla seg dei siste 50 åra og har spreidd seg til alle verdedelar i form
av Dub Poetry, Jazz Poetry, Slam Poetry, Toasting, Hip Hop og rap musikk. Musikarane
viser kombinasjonen av poesi og musikk, og dei ønskjer å bidra til å auka interessa mellom
unge menneske for poesi og rytmisk poesi og stimulera til litterær kreativitet.
16
Brynjar Rasmussen og Daniel Herskedal er to unge jazzmusikarar som kombinerer
instrumenta sine med klangboksar og loopar. Gjennom originalmusikk, skriven av
utøvarane, kombinert med improvisasjon, ønskjer dei å fokusera på kontrastar i verda
og skapa engasjement kring viktige tema som naturkatastrofar, miljø og klimaendringar.
Ved hjelp av musikk og bilete presenterer dei skilnader frå ein norsk ståstad – i notid,
via historiske hendingar til eit lite gløtt mot framtida.
17
8. - 10. trinn
Medverkande: Jørgen Munkeby, Torstein
Lofthus, Tor Egil Kreken,
Bernt Moen, Håkon Sagen
Produsent: Rikskonsertane/DKS Rogaland
Periode:
Vår 2013
Område:
Sandnes, Sola, Stavanger, Time
Stad:
Foto: Kim Erlandsen
Målgruppe:
Målgruppe:
1. - 7. trinn
Medverkande: Martin Hagfors,
Håkon Gebhardt
Produsent: Rikskonsertane
Periode:
Vår 2013
Område:
Karmøy
Varer: 45 minutt
Kulturhus
Varer: 45 minutt
SHINING
MEG OG KAMMERATEN MIN
Blackjazz er namnet på Shinings siste album, eit futuristisk vræl, der hissige gitar- og synthriff
kveilar seg under aggressiv vokal og frenetiske utbrot frå hovudmann Jørgen Munkeby
sin saxofon. Shining er eitt av Norges mest spennande band akkurat no. Dei starta som
eit moderne akustisk jazzband for ti år sidan, og har gått gjennom ei forvandling til ein
progmetall-jazz-hybrid der industrimetall og eksperimentell jazz møtast i ein eksplosjon
av mørk energi.
Meg og kammeraten min speler ”trash-grass-musikk”. Dei vart kasta ut av musikkbarnehagen fordi dei bråka for mykje. Dei måtte slutta i koret fordi dei song for høgt.
Dei prøvde å spela songane for andre, men klarte det ikkje. Men å spela og synga ville
dei ikkje slutta med.
Bandet har vunne Alarmprisen to gonger for beste jazzplate, og fekk i 2010 A-ha sitt
stipend på éin million kroner. Dette stipendet er oppretta for å hjelpa lovande norske artistar
å satsa internasjonalt. I 2011 vann dei Spelemannsprisen i klassen “Årets innovatør”.
18
Sidan Meg og kammeraten min ikkje hadde andre å spela og synga i lag med, begynte dei å
spela saman. Songane har dei laga sjølv og instrumenta dei speler på er mange, både rett
og gale, opp og ned, fram og tilbake med banjo, gitar, mandolin, fele, kazoo, leikepiano,
bass, rytmeinstrument, eggdelar, ukulele, radio, kassettspelar og mykje, mykje meir.
19
20
Målgruppe:
Målgruppe:
1. - 7. trinn
1. - 7. trinn
Medverkande: Medverkande: Thomas Dahl, Per Jørgensen,
Frank Jacobsen
Frode Berntzen, Helge Harstad,
Trond Augland
Produsent: Produsent: Rikskonsertane
Rikskonsertane
Periode:
Periode:
Haust 2012
Haust 2012
Område:
Område:
Sandnes 1
Sandnes 2
Varer: Varer: 45 minutt
45 minutt
TOMLANE OPP!
BACK TO BASIC
Tomlane opp! er både leiken og musikalsk alvorleg. Musikarane skapar musikken
i augneblinken, men dei spelar også musikk dei har komponert tidlegare. Med hjelp av
elevane får ord og tonar ny drakt. Dei tre musikarane som kjem på besøk, er alle prislønna
improvisatørar og kjende som nokon av dei fremste i norsk jazzliv. Tomlane opp for
kreativitet på ståande fot!
Skulekonserten Back To Basic speler seg gjennom dei viktigaste gruppene og artistane
i rockens historie. Det er ikkje berre musikken det handlar om når ein ser på rocken slik han
har arta seg i meir enn 50 år. Ein får også læra om korleis ein ekte rockar bør sjå ut, korleis
ein dansar og rører seg til musikken, og ein del om ungdomskulturen som blomstra kring
fenomenet rock. Og ikkje minst: – Her blir det rikeleg høve til å synga med! Velkommen til
ein hardtsvingande og morosam konsert med tre energiske og svært dyktige utøvarar!
21
Målgruppe:
Målgruppe:
1. - 7. trinn
1. - 7. trinn
Medverkande: Medverkande: Jørun Bøgeberg,
Bernt Åge Nyborg
Benedikte Narum Jensen, Jon
Anders Narum, Lars Christian
Narum
Produsent: Rikskonsertane
Produsent: Periode:
Rikskonsertane
Haust 2013
Periode:
Område:
Vår 2013
Tysvær, Bokn, Vindafjord
Område:
Varer: Haugesund, Utsira
45 minutt
Varer: 45 minutt
22
BASSOVERSVEIS
NARUM – SAMMA HEN DU FÆR
Bassoversveis handlar om guten Lilleputt, som eigentleg er ein litt mutt og lat fyr, men med
kreative krefter under huda. Lilleputt oppdagar etter kvart ein bassgitar som blir den beste
kameraten hans. Saman dreg dei på reiser rundt i verda og opplever masse rart, dei får rett
og slett bassoversveis av og til. Desse opplevingane blir skildra gjennom Jørun Bøgebergs
songar, framført av Jørun sjølv og den magiske gitarbassen hans. Artistar som
Lynni Treekrem, Jonas Fjeld, Tom Russell, Jørn Hoel, Savoy, A-ha og Anne Grete Preus,
har hatt god hjelp av Jøruns feite groovar på plater og konsertar gjennom meir enn 30 år.
Historia om bandet Narum handlar om tre sysken, eit dårleg piano og ein demo på
avvegar. Syskena Benedikte, Jon Anders og Lars Christian har alle halde på med musikk
sidan 7-8- årsalderen. Lars Christian sat ein dag ved tangentane, men det låt ikkje heilt
som det skulle. Det var noko med tekstane som var skrivne på bokmål som ikkje stemte.
Då Benedikte føreslo at dei skulle synga på totning, fall alle bitane på plass. Det varte ikkje
lenge før Jon Anders kom med i bandet. Dermed vart trioen komplett. Sidan då har
Narum gitt ut to kritikarroste album, Samma hen du fær og Ælt som var søkk borte.
23
Målgruppe:
Målgruppe:
1. - 7. trinn
1. - 7. trinn
Medverkande: Medverkande: Sigrun Rogstad Gomnæs,
Wendy Greenberg,
Ane Marthe Sørlien Holen
Edgar Albitres, Hector Meriles
Produsent: Periode:
Produsent: Rikskonsertane
Rikskonsertane
Haust 2012
Periode:
Område:
Vår 2013
Stavanger 1
Område:
Varer: Stavanger 2
45 minutt
Varer: 45 minutt
24
HANDS OFF!
RADIO MUSIKAL
Hands off! er ein konsert som presenterer slagverk i ulike former og utrykk. Utgangspunktet
for konserten er hendene, som er slagverkarane sine reiskapar. Pinquins slagverktrio
presenterer samtidsmusikk med hender i fokus – hender som slår, stryk, klappar og knipsar.
Dei speler på tradisjonelle slagverkinstrument som trommer, treblokkar og marimba.
Musikarane flyttar seg mellom stasjonar som inneheld ulike instrument. Konserten vert
framført utan ord, men musikarane kommuniserer gjennom ulike former for slagverk.
Dette gir ei konsertoppleving med drivande rytmar, rare klangar og dramatiske uttrykk som
vil vera spennande både for øyret og auget, alt presentert av tre unge norske slagverkarar.
Musikarane tek oss med tilbake til barndommen i Bolivia og Peru, den gongen radioen var
den viktigaste kjelda til informasjon – ein sterk kontrast til informasjonsflyten i vår tid med
TV, iPod, mobilar og datamaskinar. Gjennom historia flyttar vi oss frå Bolivia til Norge,
og musikarane presenterer eit repertoar med ulike sjangrar frå begge kulturane. Det er
likevel ingen tvil om kvar dei har dei musikalske røtene sine.
Ved å fokusera på felles referansar, på musikk og det fine ved å ha vener, prøver konserten
å illustrera at avstanden ikkje treng å vera så stor mellom ulike land og kulturar.
25
Målgruppe:
Målgruppe:
1. - 7. trinn
1. - 7. trinn
Medverkande: Medverkande: Alex Rinde, Rune Berg,
Ronnie MAG Larsen
Amund Maarud, Henrik Maarud,
Erik Harstad
Produsent: Produsent: Rikskonsertane
Rikskonsertane
Periode:
Periode:
Vår 2013
Haust 2012
Område:
Område:
Stavanger 3
Strand, Hjelmeland, Suldal,
Sauda, Finnøy, Forsand
Varer: Varer: 45 minutt
45 minutt
THE MARGARETS
FRA DELTA TIL POP
Rune, Alex og Ronnie utgjer over halvparten av gutane i gruppa The Margarets.
Dei vil presentera tekstane, melodiane og historiene sine på ein malerisk måte!
Amund og Henrik er brør. Amund speler gitar og Henrik trommer, og saman med Erik på
gitar og bass er dei Norges tøffaste bluestrio. I Fra delta til pop speler dei låtar frå bluesens
historie, og viser korleis denne musikken er viktig for korleis rock, pop og jazz har utvikla
seg gjennom tidene, og korleis bluesen framleis påverkar dagens musikk.
Alle gutane i The Margarets er frå Giske på Sunnmøre og har spelt i lag heilt sidan
ungdomstida. No er dei vaksne og bur rundt om i landet, men av og til møtast dei
og spelar konsertar med bandet.
Det handlar om speleglede, rytme og energi, for blues kan spelast med heile kroppen.
Den kan trampast med føtene, klappast med hendene, og syngast både på amerikansk
og norsk.
Velkommen til ein heidundrande konsert med ekte blues!
26
27
Målgruppe:
Målgruppe:
1. - 7. trinn
1. - 7. trinn
Medverkande: Medverkande: Celio de Carvalho,
André Bongard,
Kristoffer Kompen
Halvdan Nedrejord,
Terje Tretnes
Produsent: Rikskonsertane
Rikskonsertane
Periode:
Haust 2012 – Vår 2013
Område:
Eigersund, Hå, Sokndal, Lund,
Randaberg, Klepp, Rennesøy,
Kvitsøy, Bjerkreim
Produsent: Periode:
Haust 2012
Område:
Sola, Time
Varer: 45 minutt
Varer: 45 minutt
FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO
JOIK HAR STØRRE KRAFT ENN KRUTT
Eventyr, tango og samba frå Argentina til Brasil framført av ein brasilianar og to norske
musikarar. Veteranen Celio de Carvalho er perkusjonist frå Rio de Janeiro, der choro- og
bossanovamusikken vart fødd. Denne gongen har han med seg to “young bloods” på
laget: Pianisten André Bongard, som er ekspert på klassisk argentinsk tangomusikk,
og jazzmusikaren Kristoffer Kompen, som er ei ny stjerne på trombone i Norge.
Joiken vert rekna som ei av dei eldste nolevande musikkformene i Europa, og elevane
vil her få møta to av dei mest rutinerte formidlarane av samisk kunst og kultur i Norge:
Terje Tretnes og Halvdan Nedrejord. På nært hald og heilt akustisk får publikum ei direkte
oppleving av joik. Utøvarane vil formidla kunnskap om i kva for samanhengar joik vert
nytta og om ulike former for denne urgamle musikktradisjonen. Joiken kan ha både alvor
og skjemt i seg, og tradisjonen er i stadig utvikling.
Publikum får mellom anna høyra lidenskapeleg tango og dansa til energiske sambarytmar
med allsong. Alt formidla med ekte søramerikansk speleglede!
28
29
1. - 7. trinn
Medverkande: Caroline Eidsten Dahl,
Katarina Widell, Kate Heame,
Per Gross
Foto: Morten Berntsen
Målgruppe:
Målgruppe:
1. - 7. trinn
Medverkande: Hans Martin Austestad,
Mattis Myrland,
Nils Christian Fossdal
Produsent: Produsent: Rikskonsertane
Lucky 3/DKS Rogaland
Periode:
Periode:
Haust 2012
Haust 2012 – Vår 2013
Område:
Område:
Gjesdal, Hå
Stavanger 3, Lund, Gjesdal, Hå,
Sokndal, Eigersund
Varer: 45 minutt
Varer: Stunt á 10 minutt
BEVINGET BACH
LUCKY 3 RURAL HARMONY FLASH
I programmet Bevinget Bach presenterer blokkfløytekvartetten Woodpeckers musikk heilt frå
1400-talet og fram til vår eiga tid. Programmet kretsar kring Bachs siste verk, Die Kunst Der
Fuge, blanda med verk inspirerte av fugle- og dyreverda. I stykket Sitting Ducks møter vi fire
individ som er lette mål med krangling, maskingeværskot og dramatikk – men det endar
godt! Det vert òg ein tur innom ville vesten i stykket Smoking Guns, der vi treff på cowboyar,
hestar, kyr og bandittar. Og alt dette vert skapt av fire blokkfløyter! Publikum skal også få
vera med på litt av kvart...
Trioen Lucky 3, som er sett saman av habile songarar innan eit utal av sjangrar, har lagt sin
elsk på rural, amerikansk harmonisong: Bluegrass, Old-Time, Southern gospel og Jubilee
song. Dei akkompagnerer seg sjølv med gitar og banjo og syng imøtekomande songar om
kjærleik og tap. Stemmene spenner frå det buldrande bassregisteret til lysare lengsler.
Ein spennande konsert litt utanom det vanlege!
30
31
Målgruppe:
Målgruppe:
1. - 7. trinn
1. - 7. trinn
Medverkande: Medverkande: Kjell Inge Torgersen, Aril Schøld,
Leif Arild Steen
Petter Frost Fadnes,
Chris Sharkey, Ståle Birkeland
Produsent: Produsent: Kjell Inge Torgersen, Aril Schøld,
Leif Arild Steen/DKS Rogaland
DKS Rogaland
Periode:
Haust 2012 – Vår 2013
Periode:
Haust 2012 – Vår 2013
Område:
Område:
Karmøy, Stavanger 1
Haugesund, Utsira, Tysvær,
Bokn, Vindafjord
Varer: Varer: 45 minutt
45 minutt
MUSIKKMAT
BRÅKEBØTTA
Utan mat og drykk...? Matglade musikarar serverer ei melodisk gryte av musikk og allsong
– og publikum er med og spelar på grytelokk. Det blir både kjende songar, nye songar og
songar som kokast saman der og då saman med publikum.
…noises are as useful to new music as so-called musical tones, for the simple reason that they are sounds.
John Cage.
Med utgangspunkt i lyd, stemmer og ”bråk” (?) set trioen The Geordie Approach kursen mot
rytme, melodi og kanskje meir velkjende musikalske element. Ved hjelp av improvisasjon
vert det skapt musikalske strukturar – og publikum får sjølvsagt vera med.
32
33
1. - 7. trinn
Medverkande: Britt-Synnøve Johansen,
Johan Egdetveit, John Lilja
Målgruppe:
Foto: Egil Rundberget
Målgruppe:
1. – 7. trinn
Medverkande: Carl Petter Opsahl,
Åsmund Reistad
Regi:
Produsent: Arild Støfring, Zoomin
Rikskonsertane/DKS Rogaland
Produsent: Periode:
Rikskonsertane
Vår 2013
Periode:
Område:
Haust 2012 – Vår 2013
Finnøy, Forsand, Hjelmeland,
Sauda, Strand, Suldal
Område:
Varer: Kvitsøy, Rennesøy, Klepp,
Randaberg, Bjerkreim,
Sola, Time
45 minutt
Varer: 45 minutt
34
SKAKKE SANGER
MUSIKK FRA EN BLÅ DAL
Tre av dei mest etterspurde musikarane i Stavanger har funne songar om lunefulle dyr
og andre småskumle skapningar. Og dei songane dei ikkje fann, skreiv dei sjølv.
Og dei vart nok dei aller skumlaste! Den allsidige sceneartisten Britt-Synnøve Johansen
inviterer publikum inn i ei litt rar verd, med morbid humor, vampyrar og roller som blir
snudd på hovudet. Litt morosamt, litt alvorleg, litt stille, litt uhyggeleg. Fleire av melodiane
opnar for at publikum syng med.
Langt, langt borte, dit du berre kan koma med fantasiens venger, ligg ein blå dal – dalen
der alle verdas melodiar blir til. Hit kjem musikarar frå alle fire verdshjørne og set seg ned
ved elvekanten for å høyra elva synga. Elva syng om det ho har sett, der ho snor seg mellom
menneske og natur gjennom den blå dalen. Åsmund og Carl Petter har vore i den blå dalen
og tatt med seg alle slags låtar: Triste, lystige, nokre veldig vakre og nokre litt stygge
melodiar – swingleikar, springbluesar og polkalypsoar.
35
8. - 10. trinn
Medverkande: Pål Granum, Andreas Karlsen
Produsent: Foto: Arild Danielsen
Målgruppe:
Målgruppe:
8. – 10. trinn
Medverkande: Kjetil Grande, Gunnar Sæter,
Morten Øvensen
Rikskonsertane
Produsent: Periode:
DKS Aust-Agder/Rogaland
Haust 2012
Periode:
Område:
Haust 2012
Lund, Gjesdal, Hå, Sokndal,
Eigersund, Rennesøy, Klepp,
Randaberg, Bjerkreim, Kvitsøy
Varer: 45 minutt
Område:
Haugesund, Tysvær, Bokn,
Karmøy, Vindafjord, Utsira,
Strand, Finnøy, Hjelmeland,
Sauda, Suldal, Forsand
Varer: 45 minutt
FREVO – GITARHELTAR…
TRIO GRANDE – FRÅ BLUES TIL ROCK
Kva er det som kjenneteiknar ein ekte gitarhelt? Eit kjent riff? Må ein vera ein god gitarist
eller held det å ha langt hår? Uansett sjanger er nitid øving og terping på dei same tinga
om og om igjen eit kjenneteikn for gitarheltar. Andreas og Pål har spelt gitar sidan dei var
små, og har lagt ned uendeleg mange timar til øving på guterommet. Begge er frå Moss og
er over gjennomsnittet interessert i gitarar, men er dei då gitarheltar?
Kva skjedde då bluesen kom ut av bomullsmarkene, og inn til storbyane i USA?
Kva skjedde då musikken vart elektrifisert…? På eit eller anna tidspunkt vart impulsane
som bluesen bidrog med til rock i hendene til Beatles, Jimi Hendrix og Led Zeppelin,
for så å utvikla seg vidare til punk på slutten av 70-talet. Dette påverka igjen heavymetal
på 80-talet, musikken ”grunga” seg til på 90-talet og vart til den rocken vi kjenner i dag.
Trio Grande spelar oss gjennom utviklinga, blir du med?
Pål og Andreas legg ut på skulekonsertturné med eit variert program som spenner frå
samtidsmusikk via country og gitarriff til brasiliansk musikk. Dei vil dela nokre historier om
kjende og ukjende gitarheltar, og kanskje finn dei potensielle gitarheltar mellom elevane?
36
37
THE BEATLES
The Beatles var eit engelsk rockeband frå Liverpool, danna i 1959/1960, og som vart ei
av dei fremste populærmusikkgruppene heilt fram til ho vart offisielt oppløyst i 1970.
Bandet var samansett av Paul McCartney, John Lennon, George Harrison og Ringo Starr.
Dei debuterte i 1962 med singelen Love Me Do, men gjennombrotet kom i 1963
med Please Please Me, som gjekk til topps på dei engelske hitlistene.
The Bjorvands er ikkje som andre coverband, som prøver å likna på utsjånaden til førebileta
sine. I staden prøver dei å ta tak i essensen av musikken til The Beatles.
No er The Bjorvands klar for skulekonsertar i Rogaland. Erik, Mark, Scott og Per skal igjen
få oss tilbake til 60-talet og den fantastiske musikken som vart skapt. Det er berre å gle
seg til eit rocka og underhaldande Beatles-show som aldri går av mote.
38
Målgruppe:
1. – 7. trinn
Medverkande: Erik, Mark & Scott Bjorvand,
Per Finnstad
Produsent: The Bjorvands/DKS Rogaland
Periode:
Haust 2012 – Vår 2013
Område:
Stavanger 2, Sandnes
Varer: 40 minutt
39
T
N
CE
EK
S
Dans,
er det rytme
eller forteljing?
S
UN
5. - 7. trinn
Medverkande: Guandaline Sagliocco, Anette
Röde Hagnell/Nadine Esteve
Målgruppe: Foto: Steinar Engelsen
Foto: Dag Jensen
Målgruppe: 5. - 7. trinn
Medverkande: Alain Morales, Geldys Morales
Feito/Reidun Svabø
Produsent:
Produsent:
Sagliocco Ensemble
DKS Rogaland
Periode:
Periode:
Haust 2012
Haust 2012
Område:
Område:
Haugesund
Tysvær, Bokn,
Vindafjord, Utsira
Varer: Varer: 50 minutt
3,5 timar
TONE! ART – BILDER FRA ET PIANO
RITMOS DEL CARIBE
Tone Klang er lidenskapeleg oppteken av komponisten Modest Mussorgskijs kjende verk
Bilder fra en Utstilling. På scenen møter vi Tone saman med verdas beste pianist, russiske
Natasha Pavlova. Saman tek dei publikum med inn i eit forrykande musikalsk og visuelt
univers, der skuggespel og videoanimasjon fører Tone og Natasha gjennom fortid og notid
der verket blir spelt, tolka, gestikulert, tulla med, gråte og sunge.
Det kubanske søskenparet Geldys og Alain Morales kjem til skulen med karibisk livsglede
og dans. Ritmos del Caribe er ein danseverkstad der elevane får læra grunntrinna i merengue,
cha cha cha, salsa, conga og mambo. Elevane blir delte i to grupper for å læra dansestega,
og så vert det felles dansefinale for alle.
Framsyninga ønskjer å bryta førestellingar om klassisk musikk, som for mange er knytt til dei
vaksnes tunge og alvorlege verd – keisam, krevjande og ikkje kul i det heile. Tone! Art - bilder fra
et piano er ei framsyning som overraskar, gleder og vekkjer interesse på ein intelligent og finurleg
måte som gjer klassisk musikk like enkel å ta imot som... barnemat!
42
I løpet av dagen får elevane også innblikk i karibisk historie og samfunn, geografi, kultur
og språk – som er spansk. Uno, dos, tres…
43
1. - 4. trinn
Medverkande: Gudrun Glette,
Hallgrim Bratberg
Produsent:
Målgruppe: Foto: André Sahlman Hanssen
Foto: Georg Buljo
Målgruppe: 1. - 4. trinn
Medverkande: Erikk McKenzie,
Gerardo Gonzales
Produsent:
DKS Rogaland
Regional Arena for Samtidsdans
(RAS)/DKS Rogaland
Periode:
Vår 2013
Periode:
Område:
Haust 2012
Forsand, Hjelmeland, Strand
Område:
Varer: Haugesund
Varer: 45 minutt
50 minutt
LURVEHETTE
KLATREPLANTEN
Lurvehette er eit norsk folkeeventyr som vert formidla gjennom ord, klangbilete og song.
Lurvehette handlar om mot, vilje, styrke og sjølvstende, om å våga å bli sett og å ta sin
plass. Forteljar Gudrun Glette og musikar Hallgrim Bratberg formidlar med humor og
innleving eventyret om den barnlause dronninga som til sist ved hjelp av trolldom fekk
to døtrer – den eine vakker, den andre stygg og lurvete.
Benni er ikkje som andre. Han er eit skjelett, difor kjenner han seg litt tom av og til.
”Hvis du vil at barna dine skal utmerke seg, fortell dem eventyr. Hvis du vil at de skal
bli enestående dyktige, fortell dem enda flere eventyr.” Albert Einstein.
Gerardo, Erikk og Benni reiser gjennom kroppen og finn mange underlege organ.
Har du forresten møtt fordøyinga før?
På leit etter eit hjarte til Benni, møter vi merkverdige vesen og stemningsfulle lydbilete.
Denne framsyninga er ikkje berre ein hyllest til det å ha ein kropp, men også til naturen
som finst i og omkring oss – og som gir oss livsvilkår.
Klatreplanten er ei framsyning for barn og ungdom i alderen fem til 15 år, med musikk,
dans og – Benni.
44
45
Medverkande: Annika Ostwald,
Hilde Bjerkeskaug, Ida Uvaas,
Torgrim Mellum Stene
Produsent:
Målgruppe: Foto: Trine+Kim Design Studio
5. - 6. trinn
Foto: Nadia Frantsen
Målgruppe: 8. - 10. trinn
Medverkande: Panta Rei Danseteater
Produsent:
Panta Rei Danseteater
Periode:
Pernille Nonås Mogensen
Vår 2013
Periode:
Område:
Haust 2012
Haugesund
Område:
Varer: Finnøy, Forsand, Hjelmeland,
Strand, Suldal, Sauda
3-6 dagar per skule
Varer: 60 minutt
I VESTERLED
Ein fastgrodd fyrvaktar. To fortapte fiskarar. Ein levande løyndom på havets botn. Alle har dei gløymt,
men når ei gruppe barn oppsøkjer dei, kjem minnet tilbake.
I Vesterled er eit interaktivt eventyr for barn frå åtte til elleve år. Dette vandreteateret tek
utgangspunkt i den gamle grønlandske legenda om Sedna, havets mor. Publikum blir med
på ei oppdagingsferd på, over og under vassoverflata, der dei får ta i bruk alle sansar.
Framsyninga rører seg i grenselandet mellom fleire kunstartar og er et samarbeidsprosjekt
mellom dansekunstnarane Annika Ostwald og Ida Uvaas, skodespelar Hilde Bjerkeskaug,
forteljar Torgrim Mellum Stene og den færøyske komponisten Jens L. Thomsen.
46
WEFICTION/PRIVATE RITE
Smak av dans er korte verkstader på 45 min som vert gjennomførte i kvar klasse.
Elevane får leika og læra spenstige løft og akrobatiske øvingar, og dei får bruka eigen
kreativitet. Dette er noko alle kan vera med på – utan forkunnskapar. To grupper på
ca 20 elevar i kvar jobbar vidare ein dag med koreografi saman med dansarane.
Resultatet av dette vert vist saman med den profesjonelle dansen.
WeFiction – vakker energi i minne. Dette er ein koreografi som har vakse fram i nær dialog
med dansarane. Nyskapte tonar inspirerte av norsk folkemusikk kjem frå England,
gjennom Nathaniel Reeds spesialskrivne musikk. I denne energiske og vakre framsyninga
møter vi tre dansarar som byr på seg sjølv og fører minne frå eigne liv inn i koreografien.
Private Rite – eit søk etter den perfekte framsyninga – er laga av ein av Canadas mest anerkjende
koreografar, Hélène Blackburn. Ho har laga ei stram, men samtidig humoristisk og
underhaldande framsyning som inneheld overraskande element. Publikum får vera med
inn i dei daglege rituala til dansarane – eit evig søk etter den perfekte framsyninga.
47
Medverkande: Nils Christian Fossdal,
Gerd Elin Birkeland
Målgruppe: Foto: Marius Fiskum
1. - 4. trinn
Foto: Morten Berentsen
Målgruppe: 8. - 10. trinn
Medverkande: Simone Grøtte Pedersen,
Johanne Eltoft
Produsent:
Produsent:
dybvikdans
Periode:
Simone Grøtte Pedersen,
Johanne Eltoft
Haust 2012
Periode:
Område:
Vår 2013
Tysvær, Bokn, Vindafjord, Utsira
Område:
Varer: Rennesøy, Randaberg,
Kvitsøy, Sola
30 minutt
Stad: Kulturhus
Varer: 35 minutt
DEN STYGGE ANDUNGEN
REINDANS – BOAZODÁNSA
Eventyret av H.C. Andersen er ei fantastisk historie som dei fleste kjenner. Dette er
den klassiske historia om svaneungen som veks opp i ein andegard. Han blir misforstått
og håna fordi han er annleis enn dei andre, og til slutt rømmer han. Han går gjennom
mykje vondt før han til slutt blir forvandla til ei vakker svane som alle beundrar. Ei historie
om motgang, om det å vera annleis og også om siger og glede.
Vinteren 2009 fekk to dansarar mot til å stilla seg midt i ein kaotisk reinflokk for å dansa.
Dette uvanlege møtet med reinflokken og det kalde landskapet har resultert i framsyninga
Reindans – Boazodánsa. Ved hjelp av filmopptak frå dette møtet, samt stemningsskapande
lys og musikk, ønskjer dansarane å ta publikum med på opplevinga av å vera i reinflokken
og den energien dei vart kasta inn i.
I dybwikdans sin versjon møter barna ein dansar og ein forteljar/musikar, og framsyninga
inviterer til et nært samspel mellom utøvarar og publikum.
48
49
Foto: Stig Håvard Dirdal
Målgruppe: 8. - 10. trinn
Produsent:
Haugesund Teater/
Rogaland Teater
Periode:
Vår 2013
Område:
Finnøy, Forsand, Hjelmeland,
Strand, Suldal, Sauda
Stad: Varer: scen
gRaf
:
av
50
koReo
Regis
søR:
a
mar
ius l
ekn
75 minutt
Gi m
eG e
lykk
eliGn
slu
TT
udn
es s
y Ch
nekk
r
siGr
evåG
id ed is holse
ogR
af: a
n
vard
rne
sson
nøs
T
Kulturhus
GI MEG EN LYKKELIG SLUTT!
UNGE NYE
Vi har alle kjent det: Sommarfuglane i magen, klumpen i brystet, hjartet som hamrar laus
i tredobbel takt, sveitte hender. Gi meg en lykkelig slutt! handlar om menneskets følgjesvenn
gjennom heile livet: Angsten. I ein leiken, alvorleg, humoristisk, undrande og ekspressiv framsyning møter vi menneske i alle aldrar som er i brytekamp med angstane sine. Èin ting er sikkert:
Vi er ikkje aleine om å vera redde. Vi leiter alle etter eit svar: Kjem det til å gå bra til slutt?
Gi meg en lykkelig slutt! er ny norsk dramatikk skrive spesielt til dette teatersamarbeidet
av dramatikar Marius Leknes Snekkevåg.
Unge Nye er fellesnamnet på framsyningar som vert produserte ved Universitetet i Stavanger, avdeling for musikk og dans, i samarbeid med DKS Rogaland. Det er tredjeårsstudentane som
turnerer enkelte skular i fylket med ei framsyning som dei har laga under rettleiing
av lærarane.
Innhald og målgruppe vert bestemt i løpet av hausten. Desse turnéane kjem i tillegg til
det ordinære programmet og etter avtale med dei utvalde skulane.
51
Korleis kan me vita
om det er sant
om me ikkje ser det?
M
FIL
54
Målgruppe: Målgruppe: 1. - 4. trinn
1. - 4. trinn
Medverkande: Medverkande: Grethe Bekkevold, formidlar
Produsent:
Carl Eltervaag, filmprodusent
og formidlar
DKS Rogaland/KINOKINO
– senter for kunst og film, Sandnes
Produsent:
DKS Rogaland
Periode:
Periode:
Haust 2012
Haust 2012 - Vår 2013
Område:
Område:
Sola
Kvitsøy, Rennesøy, Randaberg
Varer: Varer: 90 minutt
90 minutt
DEN RØDE BALLONGEN
MUSIKKVIDEOSKOLEN
Den røde ballongen er ein barnefilmklassikar om vennskapen mellom ein liten gut og ein
magisk ballong. Filmen, laga av Albert Lamorisse, har vunne Gullpalmen i Cannes og vert
rekna som ein av dei store klassikarane i filmhistoria. Han vart ein stor publikumssuksess
på 1950-talet. Handlinga går føre seg i Paris på 50-talet og startar med at guten løyser ein
ballong som har festa seg til ein lyktestolpe. Ballongen følgjer guten gjennom gatene i Paris
og viser utsøkte bilete frå gatelivet i Paris.
Filmen blir vist i klasserom/auditorium og blir presentert med aktivitetar og samtale kring
tema i filmen. Elevane får saman med formidlaren lesa utvalde delar av boka basert på
filmen og sjå på illustrasjonane. Dei skal få leika seg med hattar og rekvisittar og
dramatisera situasjonar frå filmen med raude ballongar.
Musikkvideoskolen er ein praktisk dramabasert produksjon der elevane i ein klasse
får vera skodespelarar i ein musikkvideo til ein poplåt dei sjølv har valt ut på førehand.
Målet er å få barna interessert i å bruka video som uttrykksform. I etterkant får skulane
tilsendt ein DVD med resultatet av eige arbeid. Då får elevane sjå at dei gjennom
samarbeid har fått til å laga ein musikkvideo der alle i klassen har ei rolle.
55
Du har arva
kulturen din
– vil du ha
større arv?
RV
KU
LT
A
UR
...HUS MÅ ME HA
Målgruppe: 1. - 7. trinn
Medverkande: Formidlar
Produsent:
Vitengarden,
Jærmuseet/DKS Rogaland
Periode:
Vår 2013
Område:
Eigersund, Sokndal,
Lund, Bjerkreim
Varer: Ein halv dag
58
Kva er eigentleg arkitektur? Korleis byggjer ein eit hus og kvifor
har ein valt akkurat desse materiala til husbygging akkurat her?
Kvifor vert hus brukt på ulike måtar? Korleis kan me sjå på eit
hus kva det vert brukt til?
Hus kan vera bygde på mange ulike måtar og med ulikt materiale. Elevane skal ut på tur og sjå etter ulike typar hus. Dei vert
kanskje kjende i lokalmiljøet på ein annan måte enn før, og får
betre kjennskap til lokale byggetradisjonar. Dei skal til og med
få lov til å vera med på å byggja eit helt hus i lag…!
Når du les,
er det du som er
biletregissøren
R
LIT
TE
TU
RA
Målgruppe: Målgruppe: 1. - 4. trinn
1. - 4. trinn
Medverkande: Medverkande: Ole Tellefsen, Leif Fjelldal
Unn Catodotter Fyllingsnes
Produsent:
Produsent:
Scenekompaniet
Nynorsk kultursentrum
Periode:
Periode:
Haust 2012 - Vår 2013
Haust 2012 - Vår 2013
Område:
Område:
Finnøy, Suldal, Sauda, Klepp,
Time, Gjesdal
Sandnes, Hå
Varer: 45 minutt
Varer: 45 minutt
62
1-2-3
KATTA I SEKKEN
Musikalsk matematikkteater for barn om alt det forunderlege, spennande, nyttige og
praktiske ein kan bruka matte til. Felix kjem inn i salen med gardintrapp og megafon.
Han klatrar opp på gardintrappa og kallar på eit fly. Snart høyrer publikum støy bakfrå.
Med blinkande lys kjem Finken stormande inn mellom publikum, kledd i flydrakt med
venger. Farten er stor, avstanden er kort og Finken gjennomfører eit ukontrollert flykrasj.
Dermed må ein setja ned ein hurtigarbeidande flyhavarikommisjon. Frivillige mellom elevane
får utdelt refleksvest, lommelykt og måleband. Heile publikum vert involvert i etterforskinga
av det viktige spørsmålet: Kvifor gjekk det gale? Og på 1-2-3 er galskapen i gang.
Dette er ei framsyning der opplesing, musikk og gjøgling rettar merksemda mot den gode
teksten og inviterer elevane til å delta aktivt. Ein formidlar har med seg tunkatten Lurivar
på nye vegar inn i språk og litteratur.
Lurivar er oppteken av bøker. Han har med seg ein koffert full av nynorske barnebøker og
fortel om nokre av dei. Han er også interessert i ulike dialektar og prøver ut kva for dialektuttrykk som finst i elevgruppa. Forfattar Hilde Myklebust har skrive manus til produksjonen,
som har form som ein mellomting mellom ei teaterframsyning og eit forfattarbesøk.
63
Målgruppe: Målgruppe: 5. - 7. trinn
5. - 7. trinn
Medverkande: Medverkande: Vera Micaelsen, forfattar
og formidlar
Tor Arve Røssland, forfattar
og formidlar
Produsent:
Produsent:
Litteraturbruket
DKS Rogaland /
Tor Arve Røssland
Periode:
64
Vår 2013
Periode:
Område:
Haust 2012
Rennesøy, Randaberg,
Kvitsøy, Sola
Område:
Hå, Time
Varer: Varer: 45 minutt
60 minutt
KUA SOM FALT NED FRA HIMMELEN
SVARTE-MATHILDA
Korte, rare forteljingar om korleis prinsar og prinsesser i gamle dagar sende små handmalte miniportrett av seg sjølv rundt om i verda, om verdas største bok som brann opp før
nokon rakk å lesa ho, om sjømennene som fekk ei ku i hovudet, om ho som festa så mange
gassballongar til campingstolen sin at han letta og måtte skytast ned med hagle, og mykje,
mykje meir.
Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklåra. Husværet som
var åstaden for mordet, står tomt i 20 år. Når Elisabeth flyttar inn, byrjar ho å grava i historia
om drapet, med god hjelp frå den nye klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo.
Dei kjem over legenda om den demoniske Svarte-Mathilda, som gøymer seg i ein spegel,
og som kjem dersom du kallar på henne...
Elevane møter den fargerike forfattaren Vera Micaelsen. Dei får vera med på spennande
reiseskildringar og forteljingar frå boka Kua som falt ned fra himmelen som illustrerer det
å kjenna igjen eigne og andre sine kjensler. Ho snakkar engasjert om kjensler og om korleis
vi reagerer på stress o a. Og ikkje minst korleis vi kan prøva å laga eigne grenser, trena på
å meistra stress og vera ein støttande venn. Ho kjem med mange gode og nyttige tips!
Heilt frå forfattar Tor Arve Røssland var ung har han vore oppteken av skrekklitteratur
og – filmar. Når han no kjem på besøk, vil han lesa frå og fortelja om boka og kvifor han
likar å skriva om ting som skremmer oss. Formidlinga inneheld korte videosekvensar og
illustrerande fotografi kombinert med høgtlesing. Svarte-Mathilda er den første grøssaren
Tor Arve Røssland har skrive for ungdom. Han vart nominert til U-prisen for 2010.
65
Foto: Ann Christin Nordberg
SADJI
Målgruppe: 8. - 10. trinn
Medverkande: Ann Christin Nordberg,
Asbjørn Unor Forsøget
Produsent:
Troms fylkesbibliotek
Periode:
Haust 2012 - Vår 2013
Område:
Sadji er samisk for spor/å setja merke etter noko. Framsyninga
er inspirert av to kunstnarar sitt møte med den samiske multikunstnaren Nils-Aslak Valkeapää. Han fekk i 1991 Nordisk
råds litteraturpris og er ein god ambassadør for samisk kunst
og kultur.
Sadji inviterer til ei mytologisk reise der animistisk symbolikk, poesi,
surrealistiske bilete og ritual søkjer å formidla det spirituelle
samspelet mellom menneske og natur.
Klepp, Gjesdal, Sandnes
Varer: 45 minutt
66
Ann Christin Nordberg er scenekunstnar, skodespelar, teaterpedagog og norsklærar. Ho arbeider med kreative prosessar,
idéutvikling og kommunikasjon innan kunst og kultur. Asbjørn
Unor Forsøget er biletkunstnar. Han arbeider med måleri,
skulptur, performance, installasjon og keramikk. Desse to
utgjer kunstnargruppa 2eina.
Målgruppe: Målgruppe: 5. - 7. trinn
7. trinn
Medverkande: Medverkande: Arild Rossebø, forfatter
og formidlar
Morten Hovland, manusforfattar og formidlar
Produsent:
Produsent:
DKS Rogaland /
Arild Rossebø
DKS Rogaland
Periode:
Haust 2012
Periode:
Vår 2013
Område:
Område:
Klepp, Gjesdal
Finnøy, Forsand, Strand,
Hjelmeland, Suldal, Sauda
Varer: Varer: 90 minutt
90 minutt
LITTERATUR OG RULLEBRETT
STIKK!
Boka Davis skater handlar om ein gut som skatar. Tema i boka er mot. Forfattar Arild
Rossebø kjem med bok og rullebrett. Han fortel litt om skating og viser nokre triks i klasserommet. Han går deretter over til boka, fortel frå handlinga og les eit par utdrag frå boka.
Han er heile tida open for spørsmål frå elevane.
Stikk! handlar om å våga å stola på kjærleiken til seg sjølv og andre. Molly er i ferd med å flytta
inn hos nye fosterforeldre. Ho har budd i fosterheim tidlegare, men det har aldri gått særleg
bra. Molly vil gjera alt for at det skal lukkast denne gongen, men fortida kjem stadig tilbake.
Elevane får ta del i ei fartsfylt, spennande og morosam framsyning
– eit annleis forfattarbesøk.
Vi følgjer Truls og Molly, to tolvåringar i ferd med å finna ut kven dei er. Dei må ta eit oppgjer
med redsla for å bli svikta. Begge har lært seg strategiar, forma av det miljøet dei kjem frå.
Stikk! Er basert på ein tv-serie som vart sendt på NRK hausten 2011. Manusforfattar Morten
Hovland viser ein filmsnutt frå tv-serien og les frå boka med same namn. Elevane vert presenterte
for skilnaden mellom det filmatiske og det litterære språket og vert inviterte til spørsmål
og dialog.
68
69
Må songar alltid
vera på rim?
E
R
BA
NE
G
HA
I DET VILLE VESTEN
Songar og historier kring leirbålet. Johan Egdetveit og
Dag Sindre Vagle er moderne kåbboiar som reiser rundt
i barnehagane i Rogaland og fortel om kåbboiar og
indianarar. Johan og Dag Sindre har på seg kåbboihattane
sine og lurer på om det finst nokre kåbboiar eller indianarar
i barnehagane òg...?
Då dei var ungar og gjekk i barnehage, leikte dei ofte kåbboi
og indianar. Men dei er ikkje heilt sikre på om ungane i dag
veit kva det er. Johan og Dag Sindre kan mange tøffe
kåbboisongar, og dei kan spela kjempefort på trekkspel
og gitar. Kanskje kjem det til og med ein og annan indianarsong innimellom kåbboiskrønene, kven veit?
Målgruppe: 3-6 år
Medverkande: Johan Egdetveit,
Dag Sindre Vagle
Produsent:
DKS Rogaland
Periode:
Haust 2012 - Vår 2013
Område:
Ryfylke, Sandnes, Dalane, Jæren
Stad: Barnehagen
Varer: 30 minutt
73
Viss det du
opplever får
deg til å rista
på hovudet,
får du i alle fall
litt mosjon
DE
EG
N
ÅA
V
R
IDA
Kjetil Grande, Gunnar Sæter,
Morten Øvensen
Produsent:
DKS Aust-Agder/Rogaland
76
Medverkande:
Foto: Arild Danielsen
Medverkande: Ingrid Kjosavik, Svein Olav
Hyttebakk, Knut Aabø
Produsent:
DKS Rogaland
Tidspunkt:
Tidspunkt:
Haust 2012
Veke 4-6, 2013
Stad: Stad:
På skulane
På skulane (gymsal/aula)
Publikum per konsert:
Publikum per framsyning:
500
120
Formidlingar per dag:
Formidlingar per dag:
To
To
Varer: Varer:
45 minutt
45 minutt
TRIO GRANDE – FRÅ BLUES TIL ROCK
SONGBIRD
Kva skjedde då bluesen kom ut av bomullsmarkene og inn til storbyane i USA? Kva skjedde
då musikken vart elektrifisert..? På eit eller anna tidspunkt vart impulsane som bluesen
bidrog med til rock i hendene til Beatles, Jimi Hendrix og Led Zeppelin, for så å utvikla seg
vidare til punk på slutten av 70-talet. Dette påverka igjen heavymetal på 80-talet, musikken
”grunga” seg til på 90-talet og vart til den rocken vi kjenner i dag. Trio Grande spelar oss
gjennom utviklinga, blir du med?
Eva Cassidy er den amerikanske songfuglen med den klokkeklåre røysta. Ho slo gjennom
som artist først etter at ho døydde i 1996, berre 33 år gammal. Eigenarta tolkingar av
kjende låtar var det som var hennar store styrke. I dag er det kanskje først og fremst hennar
versjon av Over the rainbow som er kjend, ikkje originalen med Judy Garland. I denne konserten gjev songaren Ingrid Kjosavik liv til Eva Cassidy sine musikalske tolkingar av eit knippe
kjende låtar, akkompagnert av musikarane Svein Olav Hyttebakk og Knut Aabø.
77
Foto: Kim Erlandsen
Medverkande: Arthur Kisenyi, Stavanger
symfoniorkester, Josse de Pauw,
Rolf Wallin
Produsent: Stavanger symfoniorkester
Jørgen Munkeby, Torstein Lofthus,
Tor Egil Kreken, Bernt Moen,
Håkon Sagen
Produsent: Rikskonsertene
og DKS Rogaland
Tidspunkt: 24.-25.10.2012
Tidspunkt: Stad: Haust 2012 - Vår 2013
Stavanger Konserthus,
Fartein Valen-salen
Stad: Kulturhus
Publikum per konsert: Publikum per konsert: 1 200
500
Formidlingar per dag: Formidlingar per dag:
To
To
Varer: Varer:
45 minutt
45 minutt
AFRIKANSKE BARNESOLDATER
SHINING
Konsert med film, skodespelar og symfoniorkester. Konserten startar med ein nyhendereportasje om barnesoldatar i krig. Vi får ei sterk historie frå Uganda om då opprørshæren kom til landsbyen og om livet etterpå med krig og traumar, men også om
rehabilitering og tilgjeving.
Blackjazz er namnet på Shinings siste album, eit futuristisk vræl der hissige gitarog synthriff kveilar seg under aggressiv vokal og frenetiske utbrot frå hovudmann Jørgen
Munkeby sin saxofon. Shining er eitt av Norges mest spennande band akkurat no.
Dei starta som eit moderne akustisk jazzband for ti år sidan, og har gått gjennom ei
forvandling til ein progmetall-jazz-hybrid der industrimetall og eksperimentell jazz møtast
i ein eksplosjon av mørk energi.
Barn vert trekte med i krigen gjennom kidnapping og truslar, men også av di samfunnet
kring dei har brote saman og hæren kan tilby ei form for stabilitet. Gutar vert soldatar
straks dei kan bera våpen, medan jentene ofte vert utnytta seksuelt.
78
Medverkande:
Bandet har vunne Alarmprisen to gonger for beste jazzplate, og fekk i 2010 A-ha sitt stipend
på éin million kroner. Dette stipendet er oppretta for å hjelpa lovande norske artistar
å satsa internasjonalt. I 2011 vann dei Spelemannsprisen i klassen Årets innovatør.
79
Ståle Birkeland, Petter Frost
Fadnes, Chris Sharkey
Produsent:
DKS Rogaland
Tidspunkt: Veke 6, 2013
Stad:
På skulane
Publikum per konsert: 200
Formidlingar per dag:
To
Foto: Karina Gytre
Medverkande: Medverkande:
Anita Jakobsen
Tidspunkt:
Haust 2012 - Vår 2013
Stad:
På skulen
Publikum per formidling: Etter avtale med skulen
Formidlingar per dag:
Ei
Varer:
Ein til to dagar,
tre–fire timar per dag.
Varer:
45 minutt
80
SPEIL
FJÆRLETT FARGEN RABBEL LYDBILDE
I denne konserten er det elevane sitt eige skuleområde som fungerer som det fjerde
medlemmet i trioen The Geordie Approach. Til det brukar utøvarane audiovisuelt
materiale frå den enkelte skulen som er spela inn på førehand. Det er Dag Egil Njaa som
manipulerer og strukturerer bilete og lyd inn i ein musikalsk-visuell samanheng ved hjelp
av eit dataprogram. På ei eiga nettside kan elevane lasta opp bilete, film og lydfilar
frå skulen sin.
Fjærlett Fargen Rabbel Lydbilde kan kvar for seg, eller sett saman, bli eit spesialtilpassa kunstnarisk tilbod. Produksjonen vender seg til elevar med ulike funksjonshemmingar, klassar/
grupper med åtferds- og lærevanskar, grupper av elevar innan barne- og ungdoms-psykiatriens skuletilbod, eller kan leggjast til rette i klassar der dei kan ha glede og utbytte av ein
annleis skuledag. Ramma for verkstadene er klåre og målretta. Kommunikasjon er hovudfokus i tilboda. Her er stort rom for tilrettelegging for deltakande elevar og grupper. Målet
er å møta elevane der dei er og gje dei nye utfordringar.
81
Indie Film as
Tidspunkt:
Haust 2012 – Vår 2013
Stad: ssen
m.no)
Kino/skulevising i aula/
auditorium (DVD, Bluray)
Medverkande:
CF Salikath
Produsent:
Carsten Aniksdal, Alen Grujic
NFO
Formidlarar frå Nuart Festival
Produsent: Nuart Festival
Tidspunkt: 1.–4.10.2012 og 12.–16.11.2012
Stad: Publikum per framsyning: Tou Scene, Stavanger
Individuelt tilpassa etter lokale
Publikum per formidling: Varer: sted
60
73 minutt
Formidlingar per dag: To
Varer: 90 minutt
euforia.no)
egian Film Institute
82
PUSHWAGNER
STREET ART NOW
Dokumentarfilmen Pushwagner (2011) er eit portrett av den kontroversielle norske
samtidskunstnaren Pushwagner. Terje Brofos er mannen bak kunstnarnamnet Hariton
Pushwagner, eit namn han tok på 70-talet. Pushwagner/Terje Brofos er ein samtidskunstnar
med ein stor kunstproduksjon bak seg. Han har rusa seg i lange periodar av livet sitt og på
slutten av 1990-tallet var han i djup gjeldskrise og utan bustad. På dette tidspunktet gav
han råderetten over kunstverka sine til samarbeidspartnaren Morten Dreyer. Etter å ha
kome i gang med kunstnarisk verksemd att, gjekk Pushwagner rettens veg for å få tilbake
eigarskapet til kunstverka sine. Dokumentaren Pushwagner skildrar rettssaken så vel som
kunstnarens fargerike liv og brokete karriere.
Kvar september kan ein sjå nye spor etter gatekunstnarar på vegger i Stavanger, både inne
og ute. Nuart Festival vart etablert i 2001 og kombinerer gatekunst i det offentlege rom
med storskalautstilling på Tou Scene. Her skapar inviterte kunstnarar ei dynamisk og alltid
fornyande kunsthending i særklasse. Fleire av kunstnarane har hatt utstillingar i museum
for samtidskunst over heile verda og hausta aksept og lovord for dei grensesprengande
arbeida sine.
Som del av Nuart Festival 2012, og i samarbeid med DKS Rogaland, får elevar høve til
å vitja ei av verdas leiande gatekunsthendingar. Elevane får ei innføring i gatekunst,
dei får sjå filmen Eloquent vandals og omvising i Nuart-utstillinga på Tou Scene.
Nuart-tur: Publikum får sjå gatekunst-«pieces» i området, -kart vert delt ut.
Det vert òg høve til å lasta ned «stencil-kits» for lærarane til bruk i skulen.
83
Medverkande: Medverkande:
Valborg Sirnes
Formidlarar frå Stavanger
Kunstmuseum
Produsent:
84
Akershus fylkeskommune
Tidspunkt kunstmuséet:
Tidspunkt: Veke 2 – 6, 2013
Oktober, november,
desember 2012
og mars, april 2013
Tidspunkt turné:
Veke 48–50, 2012
Stad: Klasserom på skulen
Stavanger Kunstmuseum/
på skulane
Publikum per formidling: Publikum per formidling: 60
Inntil 30
Formidlingar per dag: Formidlingar per dag:
To
To
Varer: Varer:
60 minutt
90 minutt
Stad:
ALBERTINE
BILDE SOM TEKST
Christian Krohg sitt målarstykke Albertine i politilegens venteværelse og romanen
Albertine er utgangspunkta for denne produksjonen. Valborg Sirnes, biletkunstnar,
kunstformidlar og forteljar, skapar eit tidsbilete av 1880-åras Christiania, og forsøkjer
å trekkja tråden fram til vår eigen tid gjennom datidas – og notidas – tenking om kvinners
stilling, prostitusjon og etikk. Christian Krohg kjempa for rettferd for dei undertrykte,
han sloss for jamstilling mellom kjønna uansett klassebakgrunn, og han sloss for fri
kjærleik og kvinners sjølvrespekt. Kva gjer vi i dag for å avsløra dobbeltmoral og urett
i samfunnet?
Sjå og les kunst og litteratur på nye måtar! Dette undervisningsprogrammet brukar den
digitale teknologien som sentralt verkemiddel i formidlinga. Elevane får sjå bilete samstundes som dei høyrer ulike typar tekstar og musikk. Samansette tekster viser til eit utvida
tekstomgrep, der tekst kan vera sett saman av skrift, lyd og bilete. Målet er å gje elevane ei
oppleving av originalkunst på ein kunstarena og å gjera dei medvetne om korleis blikket,
tekstane og lydane påverkar tolkingane. Dei litterære tekstene og musikken som vert brukt
spenner over både tid og sjangrar og forsøker på den måten å overraska elevane med nye og
ulike innfallsvinklar til kunsten. Det er laga ein versjon som vert vist i Stavanger Kunstmuseum,
og ein turnéversjon til bruk i skulane.
85
Medverkande: Medverkande: Susanne Christensen,
Pål Asle Pettersen
Torbjørn Dahl, Ivar Atle Fjordheim,
Alain Morales
Produsent: Produsent: Susanne Christensen, Anne Klovning,
Pål Asle Pettersen.
DKS Rogland
Tidspunkt: Haust 2012 – Vår 2013
Tidspunkt: November-desember 2012,
april-mai 2013
Stad: Stad: Publikum per formidling:
På skulane
På skulane, i auditorium
90
Publikum per formidling: Formidlingar per dag: 45
To
Formidlingar per dag: Varer: To
45 minutt
Varer: 45 minutt
IKKE-STEDER
RYTMEDSPILL
– Ei moderne historie om å skapa. Dette er ein installasjon basert på undersøkingar av
stader som er under etablering, det vil seia før dei er konstituert som “steder”. Dei vert
kalla “ikke-steder”. Det er her snakk om både fysiske stader eller stader som omgrep.
I grenselandet mellom oppbygging og destruksjon opplever vi eit potensiale for noko nytt.
Det er her sjølve skapinga har sitt utspring.
RytMEDspill er ein interaktiv produksjon, der deltakarane får oppleva korleis rytmisk
musikk i dag er påverka av afrikansk og latinamerikansk musikk og kultur. To slagverkarar
og ein dansar inviterer til å delta med spel og rørsler. Deltakarane får bruka eigen kreativitet
i eit rytmisk orkester med repertoar frå rituell afrikansk musikk til svingande sambarytmar,
rock og hip-hop. Uansett forkunnskapar vil deltakarane oppleva at dei er med i eit samspel,
både musikalsk og sosialt.
Desse “ikke-stedene” dannar grunnlaget for historia i ein videofilm. Vi følgjer to figurar som
gjennom ei ytre og indre reise prøver å forstå verda. Filmen vert projisert over 15 skjermar.
86
Produksjonen byggjer på trommesirkelprinsippet.
Utøvarane har med seg instrument til alle elevane.
87
Haugesund Teater/
Rogaland Teater
Tidspunkt: Februar 2013
Sverre Magnus Heidenberg,
Mikkel Are Olsenlund,
Jan Nikolai Wesnes,
Maria Henriette Nygård
Produsent: Stad:
Kulturhus
Jo Strømgren Kompani
Publikum per framsyning:
Tidspunkt:
Formidlingar per dag: To
Varer: scen
av
gRaf
:
koReo
Regis
søR:
a
mar
ius
75 minutt
Gi m
eG e
lykk
eliGn
slu
TT
lekn
udn
es s
y Ch
nekk
r
siGr
evåG
id ed is holse
ogR
af: a
n
v
ard
rne
sson
nøs
T
300
Veke 40, 2012
Stad: Kulturhus
Publikum per framsyning:
500
Formidlingar per dag: To
Varer: 55 minutt
GI MEG EN LYKKELIG SLUTT!
A DANCE TRIBUTE TO PING PONG
Vi har alle kjent det: Sommarfuglane i magen, klumpen i brystet, hjartet som hamrar laus
i tredobbel takt, sveitte hender. Gi meg en lykkelig slutt! handlar om menneskets følgjesvenn
gjennom heile livet: Angsten. I ein leiken, alvorleg, humoristisk, undrande og ekspressiv framsyning møter vi menneske i alle aldrar som er i brytekamp med angstane sine. Èin ting er
sikkert: Vi er ikkje aleine om å vera redde. Vi leiter alle etter eit svar: Kjem det til å gå bra
til slutt?
Bordtennis er ikkje berre ein sport. Det er ein filosofi. Ein asiatisk guru leier elevane sine
gjennom det minefeltet det moderne tilveret kan vera og viser vegen til lukka i ei anna verd.
A Dance Tribute to Ping Pong er eit sjølvstendig framhald av A Dance Tribute to the Art
of Football frå 1997. Denne gongen vert ei anna kjent sportsgrein trekt fram. Ei dokke speler
hovudrolla som åndeleg coach.
Gi meg en lykkelig slutt! er ny norsk dramatikk skrive spesielt til dette teatersamarbeidet av
dramatikar Marius Leknes Snekkevåg.
88
Medverkande: Foto: Knut Bry
Foto: Stig Håvard Dirdal
Produsent:
Bordtennis kan verka som eit enkelt spel, men det kan visa seg vanskelegare og meir
samansett enn du har tenkt deg på førehand. Omtrent som livet sjølv. Framsyninga byr
på assosiasjonar over langt djupare tematikk enn tittelen tilseier, men også eit overskot av
underhaldande dans og finurlege situasjonar.
89
Foto: Marius Fiskum
REINDANS – BOAZODÁNSA
Medverkande: Simone Grøtte Pedersen,
Johanne Eltoft
Produsent: Simone Grøtte Pedersen,
Johanne Eltoft
Tidspunkt: Veke 8 og 9, 2013
Vinteren 2009 fekk to dansarar mot til å stilla seg midt i ein
kaotisk reinflokk for å dansa. Dette uvanlege møtet med
reinflokken og det kalde landskapet har resultert i framsyninga
Reindans – Boazodánsa. Ved hjelp av filmopptak frå dette møtet,
samt stemningsskapande lys og musikk, ønskjer
dans-arane å ta publikum med på opplevinga av å vera
i reinflokken og den energien dei vart kasta inn i.
Stad: Kulturhus
Publikum per framsyning:
300
Formidlingar per dag: To
Varer: 35 minutt
91
Tidspunkt: Haust 2012 - Vår 2013
Stad: Medverkande: Foto: Anders Beer Wilse
Nick Hegreberg, forfattar
og formidlar
Foto: Thomas Barstad Eckhoff
Medverkande: Formidlar knytt til produksjonen
Produsent: Garborgsenteret
Tidspunkt: Haust 2012 - Vår 2013
På skulane
Stad: Publikum per formidling:
30
På Garborgsenteret, Bryne/
på skulane
Formidlingar per dag: Publikum per formidling:
To
30 Varer:
Formidlingar per dag: 90 minutt
To
Varer: 90 eller 180 minutt
ARNE GARBORG OG SPRÅKETS MUSIKK
SE FILM SKRIV BEDRE
Produksjonen tek sikte på å gje elevane eit inspirerande blikk inn i dramaturgiens univers
og i det å skriva filmmanus. Manusforfattar Nick Hegreberg fortel frå eige virke og viser
elevane korleis favorittfilmane deira kan vera til hjelp når dei til dømes skal skriva ein norsk
stil. Dei vil sjå at godt språk i seg sjølv ikkje alltid er det einaste som skal til for å formidla
ei fengande historie. Etter formidlinga får elevane utdelt eit eksemplar av Nicks ”10 tips for
å bli en bedre historieforteller”.
92
Korleis greier nokre tekstar å fenga og inspirera? Kva var det med Haugtussa som fekk
Edvard Grieg til å seia at ”musikken allerede er komponert. Man behøver bare å skrive
den ned”? Arne Garborg og språkets musikk handlar om dei musikalske strukturane i god litteratur.
Opplegget er todelt, og skulane kan velja éin eller begge delane, kvar på ca 90 minutt.
•
•
Presentasjon av forfattar og verk som skal byggja på diktarens tekstar og Garborgsenterets kjeldemateriale av adaptasjonar. Garborgs litteratur tek oss gjennom slutten
av 1800-talet (det moderne gjennombrotet).
Skrivekurs der elevane, med utgangspunkt i Garborg sin lyrikk og prosalyrikk,
får eksperimentera med verkemiddel som rytme og klang.
93
Medverkande:
Medverkande:
Fleire forfattarar
To formidlarar/filmskaparar
Produsent:
Produsent:
Tysvær kommune
KINOKINO
Tidspunkt:
Tidspunkt:
5. – 9.11.2012
28.11.2012
Stad:
Stad: Tysværtunet kulturhus/
på skulane
KINOKINO – senter for kunst
og film, Sandnes
Publikum per framsyning:
Publikum per framsyning: I Tysværtunet: 200 stk
175
Formidlingar per dag:
Formidlingar per dag: Tre
To
Varer:
45 minutt
94
Varer: 145 minutt
BLEST LITTERATURFEST I TYSVÆR!
KORT PÅ KINOKINO – FILMFESTIVAL
bLEST ynskjer å skapa merksemd og engasjement rundt ny og aktuell litteratur – både lokal,
nasjonal og internasjonal. Festivalen tilbyr arrangement over heile kommunen,
for alle aldersgrupper, og har ei klar målsetting om også å nå grupper som ikkje definerer
seg som bokelskarar. Fokus er på alle former for litteratur, frå romanar til fagbøker,
men også på meir moderne uttrykksformer som blir brukt av ungdom og unge vaksne.
Litteraturfesten bLEST starta i 2006, og vert i år altså arrangert for sjuande år på rad.
Tidspunktet er alltid første heile veka i november, i år er det 5.-11. november.
KORT viser det beste og mest nyskapande innan norsk og nordisk kortfilm. Festivalen er
ein møtestad for profesjonelle og ferske filmskaparar, ein kreativ og pulserande arena for
alle som arbeider med film og video. KORT på KINOKINO tilbyr spennande føredrag av
internasjonale utøvarar innan filmbransjen, aktuelle debattar, verkstader m.m.
Tema for festivalen 2012 er Regi. Festivalen går føre seg 29. november – 2. desember.
KINOKINO, senter for kunst og film, tilbyr vidaregåande elevar smakebitar frå festivalen.
Elevane vert inviterte til VORSPIEL KORT på dagtid før sjølve opningskvelden. Eitt av
kortfilmprogramma blir vist som eit VORSPIEL. Elevane vert inviterte til samtale om kva
som kjenneteiknar ein god kortfilm.
95
Ser du det
frå den andre sida,
vil du oppdaga
mange nye sider
T
GE
N
ME
AN
E
DR
AR
N
RA
Januar/februar
Fylkesmønstring:
15. - 17. mars 2013
i Sandnes
Foto: Oskar Johnsgård
Kommunemønstringar:
Landsmønstring:
23. - 27. juni 2013
UKM-festivalen i Larvik
Påmelding/info:
www.ukm.no
UKM
– UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING
Regjeringa har peika ut UKM, DKS og kulturskulane som dei viktigaste satsingane
på barne- og ungdomskultur. Gjennom lokale mønstringar får dei unge vist fram ulike
kunstuttrykk til eit publikum og ein jury, dei får faglege tilbakemeldingar og dei får møta
likesinna. UKM omfattar eit breitt spekter av tenkelege – og utenkelege – kunstformer.
Fylkesmønstringa og landsmønstringa vert begge organiserte som festivalar, der
deltakarane er samla – i fylkesmønstringa frå fredag til sundag og i landsmønstringa
frå fredag til måndag. Dei får delta i kunstverkstader og sosiale arrangement i tillegg
til sjølve mønstringa.
Påmelding til kommunemønstringane opnar rundt 1. desember.
98
Leseprosjektet Hele Rogaland leser vert arrangert for femte gong. I 2012 er det Utvalgte dikt
av Kolbein Falkeid som vert trykt opp i minst 40.000 eksemplar og delt ut gratis til
innbyggjarane i fylket. Målet med prosjektet er å gje folk i Rogaland ei felles leseoppleving
og auka interessa for litteratur. Alle kan stikka innom det lokale biblioteket sitt frå
15. september og henta eitt eller fleire gratiseksemplar. Det vert i tillegg utarbeidd eit
pedagogisk opplegg, i hovudsak berekna på elevar i vidaregåande skule, som vert
publisert på heimesidene til DKS.
Kolbein Falkeid, f. 1933 i Haugesund, debuterte med diktsamlinga Gjennom et glass-skår
i 1962 og har sidan skrive ei rekkje diktsamlingar. Han har fått fleire prisar for forfattarskapen, seinast Brageprisen (heidersprisen) i 2011. Falkeid har nådd eit stort publikum
ikkje berre med eigne bøker, men også i kraft av samarbeidet med vise-rockgruppa Vamp,
som har sett musikk til fleire av tekstane hans. Utvalgte dikt, utgitt i 2005, inneheld høgdepunkt frå forfattarskapen og gir lesaren god oversikt over Falkeids lyriske univers.
Hele Rogaland leser er eit samarbeid mellom Sølvberget, Stavanger Kulturhus, Rogaland
fylkeskommune, LO Rogaland og Næringsforeninga i Stavangerregionen.
99
Sanninga
ligg langt utanfor
skulesekken,
gjengen
og Facebook
OD
S
B
TIL
S
BE
TIL
G
LIN
JÆRMUSÉET
Jærmuséet er eit regionalt vitensenter for Sørvestlandet og regionmuseum for
kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå.
Heimeside:
www.jaermuseet.no
Kontakt:
[email protected]
Alle tilboda er gratis dersom ikkje anna er oppgitt. Besøk anlegga våre, og bli kjend
med jærsk historie, kultur og næringsliv i fortid og samtid.
Telefon:
51 79 94 20
Vitengarden på Nærbø
Vitensenter og museum med vekt på aktivitetar og opplevingar, interaktive læringsmetodar
og tverrfaglege perspektiv som integrerer kulturhistorie, naturvitskap og teknologi.
Vitenfabrikken på Sandnes
Vitensenter og museum med vekt på aktivitetar og opplevingar, interaktive læringsmetodar
og tverrfaglege perspektiv som integrerer kulturhistorie, naturvitskap og teknologi.
Undervisningsopplegg knytt til fyr og elektrisitet, livet i fjøra, navigasjon og geofag.
Science Circus
Undervisningsopplegg med aktivitetar med utgangspunkt i jærsk byggeskikk og levesett
kring 1850 - 1900-talet, kystkultur og kulturlandskap.
Omreisande vitensenter. Elevane kan prøva interaktive eksperiment innan naturfag,
matematikk, kvardagskjemi og energi. Dagen sluttar med eit lærarkurs med tips og idéar
til realfagsundervisning. Pris: Avhengig av opplegg og omfang.
Vistnestunet
Undervisningsopplegg med aktivitetar som er knytt til gardsdrift, byggeskikk på Jæren
og det maritime.
102
Tungenes Fyr
Grødaland i Hå
Flyhistorisk Museum Sola
I mai gjennomfører flymuseet undervisningsopplegget Leik med luft. Gjennom ei rekke
praktiske eksperiment får elevane innsyn i luftas magiske verd. Kva er luft, korleis kan
eit fly letta, og kva er det som gjer at det held seg i lufta? Leik med luft er primært retta
mot 3.-5. klasse.
103
Nordvegen Historiesenter
HAUGALANDMUSÉENE
Haugalandmuséene er Karmsund folkemuseum, Haugesund Billedgalleri,
Nordvegen Historiesenter, Bokn bygdemuseum, Nedstrand bygdemuseum,
Vikedal bygdemuseum, Arquebus krigshistoriske museum, Hiltahuset på Røvær
og Stiftelsen Haugesjøen. Muséa er ulike i både innhald og storleik. Det er
utarbeidd eit eige ressurshefte/formidlingsplan til bruk i muséa.
Heimeside: www.haugalandmuseene.no
E-post: [email protected]
Avaldsnes, tusenårsstaden i Rogaland, har vore sete
for kongar og fyrstar gjennom fleire tusen år. Senteret
tilbyr ulike formidlingsopplegg knytt til over 10.000
år med historie. I det interaktive rollespelet Maktspillet
får elevane vera Tinget, og må døma i vanskelege
saker. I den nye utstillinga Forskarrommet kan du læra
om korleis ein finn ut ting om fortida. Kanskje vil du
prøva deg som forskar sjølv?
Pris: Gratis
Målgruppe: Har tilbod til alle trinn.
Heimeside: www.avaldsnes.info
Lenke: www.facebook.com/avaldsnes
E-post: [email protected]
Telefon: 52 81 24 02
Karmsund folkemuseum
Karmsund folkemuseum har utstillingar, magasin,
foto, film og fagfolk til disposisjon for skulebesøk
heile året. Museet kan skreddarsy undervisning som
passar tematisk. Faste utstillingar: Haugesunds
historie, landbruk og mattradisjon på Haugalandet,
sjøfart og fiske, heim og nærmiljø. Skiftande
utstillingar. Nettutstillinga Byggeskikk og arkitektur
i Nord-Rogaland sjå: www.banr.no.
Pris: Gratis
Adresse: Skåregt. 142, 5527 Haugesund
Heimeside: www.karmsundfolkemuseum.no
Epost: [email protected]
Telefon: 52 70 93 60
Haugesund Billedgalleri
Haugesund Billedgalleri er Nord-Rogalands kunstmuseum og galleri for Haugesund Kunstforening.
Kunstmuseet har ei samling på nærare 2000 verk
frå 1800-talet og fram til i dag. Haugesund Kunstforening arrangerer salsutstillingar heile året.
Museet samarbeider med DKS regionalt og lokalt
om ulike formidlingstilbod. Opplegget kan
tilpassast ulike alderstrinn.
104
Heimeside: www.haugesund-billedgalleri.net
E-post: [email protected]
Telefon: 52 74 41 80
105
MUST – Museum Stavanger tilbyr varierte undervisningsopplegg på ti anlegg:
Stavanger museum, Stavanger kunstmuseum, Stavanger maritime museum,
Stavanger skolemuseum, Norsk hermetikkmuseum, Norsk barnemuseum,
Norsk grafisk museum, Ledaal, Breidablikk og Utstein kloster. Sjå nettsidene
eller ta kontakt for oversikt over undervisningstilbod.
Pris: Gratis for elevar i grunnskulen og SFO i skuletida.
Heimeside: www.stavanger.museum.no
E-post: [email protected]
Telefon: 51 91 23 93
Stavanger kunstmuseum
Stavanger kunstmuseum har ei rekke formidlingsprosjekt og tilbyr
omvisingar i utstillingane og samlingane. Skulane kan òg laga
samarbeidsprosjekt med Stavanger kunstmuseum.
Til enkelte utstillingar vert det lærarseminar med råd og tips til
førebuingar og etterarbeid til museumsbesøket. Meir informasjon,
lærarrettleiingar og oppgåver finn du på heimesida.
E-post: [email protected]
Telefon: 51 84 27 00
Utstein kloster
Utstein kloster er Noregs einaste bevarte mellomalderkloster.
Besøk på Utstein kloster passar best for 6. trinn i grunnskulen,
som har mellomalderen som tema i historieundervisninga.
106
Kontakt: Stiftelsen Utstein kloster,
4156 Mosterøy
Heimeside: www.utstein-kloster.no
E-post: [email protected]
Telefon: 51 72 00 50
Foto: Karen Blindow © Munch-museet/Munch-Ellingsen gruppen/ BONO 2012
MUST – MUSEUM STAVANGER
Heimeside:
Heimeside:
www.stavanger-kunstforening.no
www.hagamleprestegard.no
E-post:
E-post:
[email protected]
[email protected]
Telefon:
Telefon:
51 56 41 20
51 79 16 60
STAVANGER KUNSTFORENING
HÅ GAMLE PRESTEGARD
Stavanger Kunstforening tilbyr skiftande utstillingar som er gratis for alle under 18 år.
Frå 6. september til 7.oktober 2012 står dei fire spennande utstillingane prikk-prikk-strek
– teikningar av Milda Graham, Anne Rolfsen, Heidi Kennedy Skjerve og Tina Jonsbu
(Tegnerforbundet). Boliggjeld er dagens rock’n roll – grafikk av Annette og Caroline Kierulf
(Norske Grafikere). Minna H. Lappalainen – maleri (Landsforeningen Norske Malere).
Salte Kyss, I og II – filmar av Shwan Dler Qaradaki (Kulturbyrået Mesén)
Ute i havkanten ligg Hå gamle prestegard, ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt
og verna anlegg. Dei skiftande utstillingane femnar om norsk og nordisk samtidskunst,
både biletkunst, installasjon/skulptur og kunsthandverk.
Det er mogleg å avtala gratis omvising i opningstidene dersom det er ledig kapasitet.
Sjå heimeside for program, lærarrettleiing og informasjon om nye utstillingar.
108
Plasseringa av prestegarden, midt i Jærstrendenes landskapsvernområde, gjer dette til eit
unikt utgangspunkt for turar med vekt på geologi, botanikk eller kulturhistorie. På staden
finst det spor og funn både frå steinalderen og folkevandringstida.
Hå gamle prestegard tilbyr opplegg som kan tilpassast ulike tema og til alle klassetrinn.
Ta kontakt for meir informasjon om komande utstillingar, aktuelle opplegg og prisar.
109
Pris:
Pris:
Gratis
Gratis
Heimeside:
Målgruppe:
www.dalanefolke.museum.no
Alle klassetrinn
E-post:
Heimeside:
[email protected]
www.arkeologiskmuseum.no
Telefon:
E-post:
51 46 14 10
[email protected]
Telefon:
51 83 26 25
DALANE FOLKEMUSEUM
ARKEOLOGISK MUSEUM, UIS
Dalane Folkemuseum er regionmuseum for Dalane. Hovudanlegget på Slettebø ved
Egersund sentrum tilbyr formidlingopplegg for alle alderssteg innafor ulike kulturhistoriske
tema. Muséet kan tilpassa formidlingsopplegg til dei enkelte skulane. For nærare informasjon,
sjå heimesidene.
Grunnskulen: Vi tilbyr spennande undervisningsopplegg om steinalderen, bronsealderen,
den eldre jernalderen, den yngre jernalderen og mellomalderen. Kvart opplegg varer ca. 1 ½
time og vert tilpassa klassetrinn.
Egersund Fayancemuseum, Egersund sentrum, tilbyr skuleopplegg innan kulturhistorie
og design. Det er òg mogleg å besøka muséet på eiga hand i opningstida.
Vidaregåande skule: Generell forhistorie, historie og filosofi, Gravskikk i Rogaland,
Død og gravlegging frå steinalder til mellomalder. Kvart av opplegga varer ca. ein time.
Teknologi og design: Ly og varme, Forhistorisk byggeskikk i Rogaland. Begge varer ca. ein time.
Besøk på utgravingsfelt: I samband med større utgravingar er det høve for skuleklassar
frå nærområdet å komma på besøk i utgravingsfeltet. For meir info; kontakt via
e-post: [email protected]
110
111
Pris:
Pris:
Gratis
kr. 4500,- pr. dag
Heimeside:
Kontakt:
www.norskolje.museum.no
Husflidskonsulent
Anna Halsne
E-post:
[email protected]
E-post:
Telefon:
[email protected]
Telefon:
51 93 93 00
51 89 13 40/ 950 73 710
NORSK OLJEMUSEUM
HUSFLID I SKOLEN
Norsk Oljemuseum tilbyr spennande og aktiviserande utstillingar for barn og ungdom på
alle klassetrinn. Alle undervisningstilboda våre er utvikla i samsvar med gjeldande læreplanar.
Barn og unge skal få kjennskap til lokal kultur og tradisjon og møta handlingsbåren kunnskap.
Dei får gjera eigne erfaringar med naturmateriale, læra ulike teknikkar og møta skaparglede. Nye generasjonar får opplæring i å ta vare på vår felles kulturarv!
I år har vi to nye undervisningstilbod. Vi har laga eit nytt undervisningsopplegg i
samfunnsøkonomi, som vi har kalla Sort Gull. Opplegget er eit rollespel, der elevane er
deltakarar i ein pressekonferanse. Sort Gull er eit tilbod til ungdomsskulen og til den
vidaregåande skulen.
To formidlarar fortel om ulike materiale og teknikkar, og elevane får laga ein liten ting.
Ein kan velja mellom: Ull (toving), tre (spikking), snorer og band og fritt broderi.
Opplegget varer tre skuletimar og tek 60 elevar om gongen fordelt på to grupper.
For mellomtrinnet har vi laga eit pedagogisk kjemishow. Opplegget er laga for å fascinera
og engasjera, men også for å skapa forståing for partikkelmodellen og enkel kjemi.
112
113
Heimeside:
www.iolab.no
E-post:
[email protected]
Kontakt:
Dagleg leiar Hege Tapio Gaare
Telefon:
976 01 087
ROGALAND TEATER
Rogaland Teater tilbyr alle elevar i Rogaland billett til 100
kroner per elev dersom det er ei gruppebestilling på minimum ti billettar. Lærarar som følgjer elevane får fribillettar
dersom dei sit mellom elevane i salen. I forkant av enkelte
framsyningar inviterer teateret til lærarkurs som er direkte
knytt til stykket. Følg med på DKS Rogaland si nettside.
Billettar:
www.rogaland-teater.no
Informasjon:
Kontakt salsavdelinga på e-post:
[email protected]
Telefon:
51 91 90 96/97
Det er òg mogleg å avtala omvising på teateret og
eit møte med skodespelarane dersom det er kapasitet
til dette.
I/O/LAB – ROGALANDS SENTER FOR
ELEKTRONISK KUNST
Konsulenttenester/prosjektutvikling/føredrag. i/o/lab bidreg gjerne til å auka kompetansen
hjå både elevar og lærarar når det gjeld web, foto, multimedia, kulturjamming, videokunst,
interaktive applikasjonar, digitale forteljingar, genteknologi, digital biletredigering,
samtidskunst, elektronisk kunst, biokunst og mykje anna kjekt.
Kontakt i/o/lab for meir informasjon og tilbod.
114
HAUGESUND TEATER
Haugesund Teater er regionteateret for Haugesundsregionen. Vi har tilbod til skuleelevar på alle framsyningane
våre og kan setja opp ekstra framsyningar på dagtid etter
avtale. Det er svært viktig for oss at alle barn og ungdom
i regionen vår får oppleva teater på teaterets eigen arena,
og vi tilbyr difor billettar heilt ned til 20 kroner per elev
på utvalde framsyningar. Via vår Facebook-side kan
lærarar og elevar koma med innspel og vera med
og forma teateret.
Heimeside:
www.haugesund-teater.no
www.facebook.com/#!/haugesundteater
Telefon:
52 74 37 20
115
Heimeside:
Målgruppe:
lesesenteret.uis.no/lesegledere
Vidaregåande skule
E-post:
[email protected]
Telefon:
51 50 74 65
12
DET FINST EI BOK FOR ALLE!
LESEGLEDARAR PÅ VEG!
Med glede og engasjement presenterer lesegledarane spennande, aktuell og ny barne- og
ungdomslitteratur. De får ein bokmiks med action, spenning, fakta, humor, forelsking
og kjærleik – rett og slett ei bok for einkvar smak!
Målet med lesegledarbesøket er å gjera elevane nyfikne på ny litteratur. Vi vil vekkja leselyst
og leseglede! Lesegledarane er lærarar og førskulelærarar med spesialisering på leseutvikling og lesestimulering, og som har stor interesse for ny og aktuell barne- og ungdomslitteratur. Bestill ein lesegledar til presentasjonar for elevar i klasseromet, for foreldre på
eit foreldremøte eller for skulens tilsette på eit personalmøte.
116
KAPITTEL
Kapittel, Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom, vert i 2012
arrangert 19.–23. september, og vil ha temaet ARR.
Årets Kapittel skal handla om alle former for arr, fysiske og mentale, arr på folk og arr
i naturen. Nokre arr minner om dramatiske hendingar, andre arr er positive signal og
minner oss om kven vi er. Som alltid på Kapittel vert det forfattarsamtalar, opplesingar
og debattar med utgangspunkt i årets tema.
Bestillingstilbod via Sølvberget
Forfattarfesten Demo, i år på Rogaland teater! Fredag 23. september blir det litteraturshow
for elevar i vidaregåande skular. På scenen står forfattarar, musikarar, teikneserie-skaparar
og skodespelarar. Programmet er komponert av elevar i vidaregåande skular
i samarbeid med Sølvberget.
117
Heimeside:
www.myspace.com/arnehovda
Kontakt:
Kurt Lisø
E-post:
KONTAKTINFORMASJON
[email protected]
Telefon:
51 51 68 61
Sølvi Andersen
Anne Kristin Høiland
Produsent scenekunst
e: [email protected]
t: 51 51 67 34
Produsent visuell kunst, turnékonsulent
e: [email protected]
t: 51 51 68 64
Gudrun Karina Arntsen
Kurt Lisø
Produsent film, litteratur
t: 51 51 68 52
Produsent musikk, UKM-kontakt
e: [email protected]
t: 51 51 68 61
Vigdis Birkevold
SONGWRITERS CIRCLE
Songwriters Circle er ein låtskrivingsverkstad med musikaren Arne Hovda, der målet er å
læra elevane korleis ein byggjer opp ein låt og å gi elevane råd og vink i eigen låtskrivingsprosess. Hovda har arbeidd med mange kjende musikarar i inn- og utland, m.a. Thomas
Dybdahl, Robbie Williams, Morten Abel og Trang Fødsel.
Hovda gir elevane ei innføring i emnet med hjelp av musikalske eksempel. Etterpå vert
elevane inndelte i grupper, der målet er å skriva ein heilt ny låt! Hovda og eventuelle andre
låtskrivarar han har med seg, gir rettleiing og gode tips undervegs der det trengst. Den siste
delen av verkstaden er ein minikonsert der alle dei nye låtane vert framførte.
For meir utfyllande informasjon, sjå: www.skolesekken-rogaland.no under bestillingstilbod.
118
Turnékonsulent
e: [email protected]
t: 51 51 66 99
Kirsti Sandved
Fagleiar
e: [email protected]
t: 51 51 68 27
Elin Hetland
Produsent kulturarv, turnékonsulent
e: [email protected]
t: 51 51 68 79
Den kulturelle skulesekken
Rogaland Fylkeskommune, kulturseksjonen
Postboks 130, 4001 Stavanger
t: 51 51 68 70
w: skolesekken-rogaland.no
119
Den kulturelle skulesekken
Rogaland Fylkeskommune, kulturseksjonen
Postboks 130, 4001 Stavanger
t: 51 51 68 70
w: skolesekken-rogaland.no