29.05 - Sandøy kommune

Sandøy kommune
Ordføraren
MØTEREFERAT UKS
Arkivsaksnr. i WebSak Fokus:
Namn på utval:
Møtestad:
Møtedato:
Desse møtte:
15/15
Ungdomens kommunestyre
Rådhuset
29.05.2015
Åse Kristin Ask Bakke, Jørn Håvard Strand,
Joakim Harnes, Andreas Liabø, Dorthe Helen
Myklebust, Kayla Astrid Sandøy Surowiec, Silje
Husøy Sandøy, Marie Finnøy Vasstein, May Britt
Haugen, Andreas Brunvoll, Sander Harnes
1. Kommunereforma
Status så langt v/Ordførar og UKS-leiar.
Ordførar informerte om Status så langt og kva som vidare er forventa skal skje
fram til ny kommunestyreperiode. Fleire folkemøte og rapportering til
innbyggjarane er milepelar som kjem til fram til september. Viktig at
innbyggarane får vere ein del av prosessen vidare. Det er vanskelig å få ungdomen
til å vere interessert på noverande tidspunkt. Treng noko meir tydlegare signal på
kva som er kan bli konsekvensar for ny kommunestruktur.
2. Ungdomsklubben Kvalen – status og tankar for neste år.
Det har gått greitt i den siste tida, og det fungerer godt med dei vaktene som har
vore der. Det er siste gongen i dag før sumarferien, og det er viktig at «Kvalen»
kjem i gong igjen så tidleg som mulig til hausten. Det er for lenge å vente heilt til
haustferien med å opne igjen. Det er fint om lærlingar frå Skule/barnehage kan
vere aktiv med oppgåver inn mot ungdomsklubben også i framtida. Fleire turar og
andre arrangement er kjekt å få til gjennom «Kvalen».
3. Flyktningar. Noreg har tatt på seg å ta i mot fleire flyktningar og det er eit sterkt
behov for at fleire kommunar hjelper til med å ta i mot dei. Også Sandøy har fått
nye førespurnadar om å ta i mot. Korleis skal vi no sjå på dette. Har vi noko
muligheiter til å vere med, eller er vi framleis ”for små”. Kva meiner UKS at Sandøy
kommune bør gje som signal tilbake til storsamfunnet om kva vi er i stand til å gjere
for å hjelpe til.
Sandøy kommune har også eit moralsk ansvar til å vere med på å hjelpe
flyktningar frå andre land. Det er forståelig at økonomi og ressursar er viktig for å
få til eit godt nok tilbod til dei som kan kome som flyktningar. Vi er små og det må
tilsettast personar i nye stillingar som kan ta seg av flyktningar. Det er viktig at vi
ikkje får nye utfordringar med eiga drift dersom det vert for vanskelig økonomisk å
Postadresse:
Steinshamnvegen 112
6487 HARØY
Besøksadresse:
Ordføraren
Rådhuset, Steinshamnvegen
112
6487 HARØY
Telefon:
+47 71 27 75 00
Telefaks:
+47 71 27 75 01
E-post:
[email protected]
Org.nr.:
964 981 248
Internett:
www.sandoy.kommune.no
ta på seg ei slik oppgåve. Vi veit for lite om konsekvensane for Sandøy kommune
dersom vi seier ja til å ta i mot flyktningar.
Vedtak i ungdomens kommunestyre er difor som følgjande:
Sandøy kommune bør også kunne ta i mot flyktningar i framtida på lik linje med
andre kommunar.
UKS ønskjer at kommunen først kartlegg kva som må til både økonomisk og kva
ressursar vi treng for å klare eit slikt arbeid, før det blir gitt eit klarsignal.
Den statlige støtta må stå i samsvar med dei reelle utgifta som må til for at vi kan
ta godt imot dei flyktningane som kjem og gje dei som kjem eit verdig tilbod.
4. Eventuelt
4.1. Fylkesmannen inviterer til regionmøte med ungdomsråda på nordre
Sunnmøre – 22.06.15 på Ørskog rådhus kl 17:30 -19:30.
Det er sendt ut invitasjon til UKS om å møte ungdomsråda angåande
kommunereforma og ungdomsmedverknad. UKS i Sandøy vedtek at Åse Kristin
Ask Bakke og May Britt Haugen reiser dit på vegne av UKS i Sandøy
4.2. Nytt folkemøte i regi av Telemarksforsking i forbindelse med LUKprosjektet om Nordøyvegen i lag med Haram den 22.06.15 i Sandøyhagen
kl 17:00-19:00. «Informasjonsmøte om Nordøyvegen og sette samfunnet i
stand til å «møte Vegen» når den kjem»
Det er spesielt ønskje om at lag og organisasjonar, næringsliv, UKS,
idrettslag og andre i Sandøy deltek i dette møtet. UKS vedtek at Jørn Håvard
Strand og Silje Husøy Sandøy representerer UKS i dette møtet.
Det er eit ope møte, så det er ønskjeleg at fleire frå UKS også kan vere med på
dette møtet i Sandøyhagen.(Oppslag og annonser kjem om dette seinare)
4.3. Vedtak frå mai 2013 om innkalling av varamedlemar til alle møta i UKS.
Vedtake frå 2013 er ikkje blitt praktisert, og det er heller ikkje noko som UKS
har behov for på noverande tidspunk. Dei faste medlemane som ikkje kan møte
til oppsett møte har plikt til å gje beskjed til leiar eller referent om dette, slik at
vara kan bli underretta om å møte i staden.
Nytt møte er foreslått til 12.06.15 kl 19:30 på rådhuset på grunn av gjennomgang av sak til
kommunestyret om årsmelding - 2014 og rådmannens 1.tertialrapport - 2015.
Innkalling m/dokument må sendast ut tidsnok for å rekke dette.
Alternativ kan bli 19.06.15.
Innkalling vil kome så snart dette er avklart
03.06.2015
Åse Kristin Ask Bakke
Leiar
Hans Endre Sæterøy
ordførar
Side 2 av 2