Sakspapir med vedtak møte i Formannskapet

Lærdal kommune
Sakspapir
Saksnr.
099/15
Sakshandsamar: Knut Fredrik Øi
Utval
Formannskapet
Arkiv: K2 - K40
Møtedato
09.06.2015
Arkivsaksnr. 15/431 - 18
Søknad om oppretting av Lærdal Bestandsplanområde og bestandsplan for hjort i
perioden 2015-2017
Kort samandrag:
Lærdal hjorteutval søkjer om etablering av Lærdal bestandsplanområde og bestandsplan for
hjort i perioden 2015-2017. Søknaden er eit resultat av deltaking i Prosjekt forvaltning av
hjortebestand. Begrepet bestandsplanområde er nytt av 2012 og opnar for samarbeid mellom
vald som har ein felles bestand av hjort.
Bestandsplanområdet er avgrensa av Lærdal kommune sine grensar. Bestandsplanen har som
hovudmål i planperioden å stabilisera bestanden av hjort som i området har vore, og truleg er i
vekst. Lærdal hjorteutval skisserar ein auke i årleg uttak på 25%.
Totalt 22 vald, med ein samla andel av teljande areal i planområdet på om lag 54% har signert
samarbeidsavtala og vil ved godkjenning av planen få tildelt løyva sine samla for
planperioden. Signering av avtalen opnar for samarbeid mellom medlemsvald. Dei valda som
ikkje har signert avtala kan kvart år melda seg inn. Dei valda som ikkje har signert vil få løyva
sine årleg frå kommunen (som før), men med utgangspunkt i avskytningsmodellen i
bestandsplanen.
Rådmannen si tilråding:
I medhald av Forskrift om forvaltning av hjortevilt, § 12, godkjenner Lærdal kommune
føreliggjande bestandsplanområde for hjort i Lærdal.
I medhald av Forskrift om forvaltning av hjortevilt, § 19, godkjenner Lærdal kommune
omsøkt bestandsplan for hjort i perioden 2015-2017.
Tiltaket er vurdert etter Naturmangfaldlova
09.06.2015 Formannskapet
Tilleggsforslag:
Tilleggsforslag:
Formannskapet ber om ei sak der det blir vurdert likt bakgrunnsareal for tildeling av
hjorteløyve i heile kommunen.
Røysting:
Tilrådinga frå rådmann med tillegg vart samrøystes vedteken
FS-099/15 Vedtak:
I medhald av Forskrift om forvaltning av hjortevilt, § 12, godkjenner Lærdal kommune
føreliggjande bestandsplanområde for hjort i Lærdal.
I medhald av Forskrift om forvaltning av hjortevilt, § 19, godkjenner Lærdal kommune
omsøkt bestandsplan for hjort i perioden 2015-2017.
Tiltaket er vurdert etter Naturmangfaldlova
Formannskapet ber om ei sak der det blir vurdert likt bakgrunnsareal for tildeling av
hjorteløyve i heile kommunen.
Vedlegg:
Søknad godkjenning av bestandsplanområde hjortevilt i Lærdal 2015-2017
Lærdal bestandsplanområde - bestandsplan 2015 - 2017
Vedtekter for Lærdal bestandsplanområde
Signatur og løyve
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.
·
·
·
Forskrift om forvaltning av hjortevilt (heretter Hjorteviltforskriften)
Avtale om Felles landbrukskontor
Naturmangfoldlova – (heretter NML)
Saksutgreiing og vurdering
Lærdal hjorteutval v/Jarle Molde søkjer Lærdal kommune om følgjande:
1. Oppretting av Lærdal Bestandsplanområde for hjort
2. Godkjenning av bestandsplan for hjort 2015-2017
Innleiing
Dette er ein omfattande søknad. Difor vert saksutgreiing og vurdering gjort saman.
Det er sentrale målsetjingar at forvaltninga av hjort skal vera kunnskapsbasert,
målbar og grunneigarstyrt. Alt vilt bør forvaltast etter ein plan. Kommunen skal setja
overordna målsetjingar som òg tek omsyn til dei andre samfunnsinteressene
(landbruk, trafikk, biologisk mangfald m.m.).
Lærdal kommune har delteke i Hordahjort-prosjektet for å skapa kunnskap om
hjortens arealbruk. Som eit produkt av dette er det utarbeidd forslag til avgrensing av
bestandsområde i Hordaland og sørsida av Sognefjorden som ein på fagleg grunnlag
kan forsvara at inneheld ein bestand av hjort. Med ein bestand av hjort meinar me ei
gruppe hjort som man ved ein gitt avskytning vil kunna styra mot ein gitt målsetjing
knytt til storleik og demografi. Vidare har Lærdal kommune/Lærdal hjorteutval delteke
i Prosjekt forvaltning av hjortebestand som har hatt som formål å etablera
bestandsplanområde og laga bestandsplan for dette. Søknaden frå Lærdal
hjorteutval om etablering av bestandsplanområde og godkjenning av bestandsplan er
eit produkt av desse prosessane som har gått føre seg no i nokre år. Parallelt med
dette har forvaltninga i lag med jaktrettshavarane jobba for å heva avgjersgrunnlaget
slik at det eksisterer truverdige parameter som er målbare og som kan nyttast til å
styra bestandsutviklinga (til dømes tettleiksmål, strukturmål, kondisjon- og
aldersmål). Det er no også god oversikt over trafikkproblematikken.
Kunnskapsgrunnlaget knytt til søknaden kan difor vurderast til å vera godt, jamfør
NML § 8 og det vert difor ikkje relevant å nytta § 9 i NML, føre-var-prinsippet.
1. Lærdal bestandsplanområde
Hjorteviltforskriftens §§ 14-15 stiller krav til bestandsplanområde og søknad om dette.
Dei formelle krava er tilfredsstilt. Omsøkt avgrensing følgjer kommunegrensa.
Grensene har vore diskutert med nabokommunane og ilag med Prosjekt forvaltning
av hjortebestand. Noko fasit på kvar grensa skal gå er ikkje mogleg å finna, og me lyt
vera opne for å justera grensa i framtida. Dette gjeld i grunnen både mot Aurland og
Årdal, men også i aust. Rådmannen meinar uansett at arealet som planen omfattar
er godt eigna til å kunna styra utviklinga i hjortebestanden i Lærdal, jamfør NML § 10.
Søkjar skriv i planen at dei er positive til å justera grensene om ny kunnskap skulle
syna at dette er rasjonelt. Innafor den omsøkte geografiske avgrensinga for
hjortebestand i Lærdal er det 22 vald (inkl omsøkte vald) som har signert på
søknaden om bestandsplanområde og bestandsplan pr 2015. Dette er ei god
oppslutning og utgjer om lag 54% av teljande areal i det omsøkte
bestandsplanområdet. §15 i Hjorteviltforskriften sett som vilkår at alle jaktrettshavarar
i bestandsplanområdet har gjeve sin tilslutning til søknaden. Jamfør Rundskriv 2012
Viltloven– forvaltning av hjortevilt §11 punkt e, skal søkjar kunna dokumentera at
underskriftene representerar eigedommane på lovleg vis. Viss det syner seg at
heimelshavarar ikkje har signert, vil det aktuelle valdet kunna trekkjast ut frå
bestandsplanområdet.
Konklusjon
Rådmannen tilrår å godkjenna omsøkt bestandsplanområde for hjort i Lærdal. Som
vedlegg ligg liste over dei valda som har signert samarbeidsavtala og som vert
medlem av Lærdal bestandsplanområde pr. 2015. Nye vald kan melda seg inn kvart
år, jamfør vedtektene til bestandsplanområdet. Søknad om dette skal leverast
kommunen samla frå styret i bestandsplanområdet seinast 1. mai gjeldande år.
2. Bestandsplan
Lærdal bestandsplanområde har i bestandsplanen hovudmål i planperioden å
stabilisera bestanden på dagens nivå (2014), målt i sett-hjort pr jegertime og
vårteljing. Delmåla er som følgjande:
·
·
·
·
·
Halda på det gode kjønnsforholdet i bestanden (ikkje over 1,7 kolle/bukk i sett-hjortmaterialet).
Leggja til rette for eit uttak lokalt i valda som tek omsyn til lokale ynskje og behov.
Auka alderen på dyra i bestanden.
Leggja til rette for betre avgjerslegrunnlag i hjorteforvaltninga.
100% oppslutnad om sett-hjort, årleg bruk av vårteljing og registrering av slaktevekter.
Avskytningsmodellen som det argumenterast for, legg opp til felling av minimum 60%
kalv/ungdyr og maksimum 40% vaksne dyr. Kjønnsfordelinga i uttaket er planlagt å
vera 50% hanndyr og 50% hodyr.
Hjorteviltforskriftens § 19 omhandlar sjølve bestandsplanen. For at kommunen skal
godkjenna ein bestandsplan, skal den vera i samsvar med kommunen sin overordna
målsetjing for hjortebestanden. Gjeldande forvaltningsplan for hjortevilt i ÅLA har
følgjande målsetjing:
"Årdal, Lærdal og Aurland har som mål å ha ein bestand av hjortevilt som er tilpassa
naturleg næringstilgong, har god kondisjon og som skal føra til minimal skade på
jord, skog og andre samfunnsinteresser. Hjorteviltbestanden skal vere til nytte og
glede for grunneigarar, jegerar og ålmenta"
Spørsmålet er difor om hjortebestanden i dag er innafor dei kommunale
målsetjingane og korleis den omsøkte avskytnings- og samarbeidsmodellen vil
påverka situasjonen. Lærdal kommune har flest hjortepåkøyrsler i Noreg. Trenden er
aukande (!), og jaktåret 2014-15 vart det registrert 57 påkøyrde hjort i Lærdal.
Samfunnskostnaden pr hjortepåkøyrsle er av Vegdirektoratet rekna ut til kr 50 000.
Det gir ein samla samfunnskostnad sist jaktår på omlag 3 millionar kroner i Lærdal, i
tillegg til den omfattande lidinga dyra vert påført. Den aukande trenden med
hjortepåkøyrsler er truleg årsaka av større tettleik av hjort saman med aukande
trafikkmengd. Det skal gjerast store, og på kort sikt urealistiske, tiltak langs vegnettet
for å dempa påkøyrslemengda. Kommunen har ansvar for å handtera ettersøk knytt
til påkøyrsle, og den mengda som me no opplever er på grensa til kva som kan
handterast gjennom ettersøksringen. Vårteljingstala (figur 1) syner maksimumstala
for talt hjort i Lærdal i perioden 1996-2015.
Vårtelljingstala syner ein vekst (jamfør lineært tilpassa linje) på rundt 60 % frå 1996 til
idag. Fellingstala syner i same periode ein auke i felling på om lag 100 %. Med andre
ord har auka uttak ikkje redusert veksten. Kvota på om lag 600 dyr har vore tilnærma
uendra dei siste 8 åra, og likeeins fellinga.
Felles landbrukskontor ÅLA hadde i 2014 ei spørjeundersøking med tanke på å
kartleggja kva fordelar og ulempar landbruket opplevde knytt til hjorten, jamfør
målsetjinga til kommunen om ” minimal skade på jord, skog og andre
samfunnsinteresser”. Til slutt i undersøkinga vart dei respektive bedt om å
konkludera med eit ønskje om bestandsutvikling. Me fekk 29 svar, frå ulike deler av
kommunen. Låg svarprosenten gjer at me diverre ikkje kan konkludera. Det gir likevel
ein pekepinn på kva grunneigarane meinar. Ein overvekt oppgir eit ønskje om uendra
bestandsstorleik. Nokre ønskjer svak reduksjon eller auke og nokre få oppgir ønskje
om betydeleg bestandsreduksjon. Dette bilete samsvarer godt med oppfatninga til
viltforvaltninga om belastningsnivå og ønskje om utvikling. Opninga for å flytte
fellingsløyve mellom vald i eit bestandsplanområde vil kunna bidra til auka felling der
kor det er ønskjeleg å redusera opplevd skadebelastning. Samstundes kjem me ikkje
bort ifrå at det truleg er den samla bestandsstorleiken som gjer det store utslaget på
oppfatta skadenivå. Dette grunngjeve med at hjorten i stor grad samlast i dalbotn
vinterstid og gjer skade på landbruk, trafikk og bustadfelt der, medan hjorten i stor
grad oppheld seg ute i terrenget om sumaren.
I Lærdal kommune har avskytninga vorte vridd mot meir beskatning av tilvekst
(kalv/ungdyr), jamfør tabell 5. i søknaden. Dette gir ein vinterbestand med fleir
produktive individ, og ein kan anta at dette vil gi ein auka tilvekst. Gode slaktevekter
og eit høgt kolle/bukk-forhald i sett-hjort-materialet tydar på ein god/høg
reproduksjon. Auka reproduksjon i bestanden har ikkje vorte kompensert for med
auka avskytning. Avskytningsstatistikken syner at det vert skote noko meir hodyr enn
hanndyr i Lærdal. Samstundes vert det observert mykje meir kolle enn bukk i
bestanden (sett-hjort). Ein legg til grunn at det vert født om lag like mykje hanndyr
som hodyr. Observasjonane av kjønnsforhold er difor ikkje gode å forklara.
Situasjonen er til samanlikning motsatt i Årdal og Aurland. Kanskje er det inn- og
utvandring som kan forklara forskjellane. Den omsøkte avskytningsmodellen
argumenterar for å skyta 50 % hanndyr og 50% hodyr. Samstundes er det eit delmål
å ikkje ha eit kolle/bukk-forhold på meir enn 1,7. Me har kun 2 verkeleg gode år med
sett-hjort data. Desse tydar på eit kolle/bukk forhold på mellom 1,7 og 1,9, og trenden
verkar å vera stigande. I kalveavskytninga kan ein reikna med at uttaket er temmeleg
kjønnsnøytralt. Uttaket av ungdyr har erfaringsvis ein tendens til å vera høgare på
spissbukk enn på ungkolle. Viss beskatninga av vaksne dyr vert balansert på kjønn,
er det ein fare for at den totale beskatninga i bestanden vil vera noko høgare på
hanndyr på grunn av spissbukkpreferansen. Dette igjen vil potensielt påverka
kolle/bukk-forholdet i feil retning. Det vil verta sentralt å følgja med på utviklinga
gjennom planperioden for å sjå korleis utviklinga vert som følgje av
avskytningsmodellen. Viss ikkje kolle/bukk-forholdes vert lågare, lyt ein vurdera å
skyta ein høgare andel hodyr for å stabilisera.
Omsøkt bestandsplan legg opp til eit auka uttak med 100 hjort årleg. Det
argumenterast altså for å skyta omlag 500 hjort årleg, med ein fordeling på 60%
kalv/ungdyr og 40% vaksne. Dette vil potensielt gi ein auke i felling på 25%.
Avskytningsmodellen legg opp til å skyta mykje kalv og ungdyr, og såleis ha ein
relativt lågare vinterbestand som likevel vil reprodusera mykje. Søkjar vil soleis
redusera vinterstamma som i all hovudsak er den ”skadegjerande” delen av
bestanden, medan det jaktbare overskotet ikkje vert minka. Avkytningsmodellen
forutsett eit høgt jakttrykk. Viss ikkje jaktrettshavarane no skyt monaleg fleire dyr, vil
bestanden truleg veksa meir. Det vert difor forutsett at fellingstala i perioden no vert
vesentleg høgare enn i 2014. Viss ikkje dette skjer, må avskytninga vriast meir over
på produksjonsdyr i tillegg til at talet løyve lyt aukast meir.
Hovudmålsetjinga i planen legg opp til ein stabilisering av bestanden rundt dagens
nivå. Slik skadepresset er i Lærdal i dag, med hovudvekt på trafikkproblematikken,
kan me vanskeleg seia at bestandsstorleiken er innafor dei kommunale
målsetjingane. Samstundes er det truleg at ein hjortebestand i Lærdal som
produserar 400 felte hjort med ein avskytningsmodell som den omsøkte, vil kunna
vera berekraftig. Dette fordrar at me finn balansepunket med ein bestandsstorleik og
samansetjing som på sikt vil gje denne avkastninga. Me må følgja nøye med på tala
no framover, og vera viljuge til å justera tildeling, både i kategori og tal for å finna det
rette nivået.
Konklusjon
Rådmannen ser positivt på samarbeidet som Lærdal hjorteutval har skipa og trur
dette er vegen til ein effektiv, rettmessig og forutsigbar hjorteforvaltning. Rådmannen
tilrår å godkjenna omsøkt bestandsplan for hjort i perioden 2015-2017. Viss ikkje
auka felling bidreg til ein lågare påkøyrslerate framover vil me måtta justera
avskytningsmodell og tal fellingsløyve. Sjølv om planen vert godkjend for 3 år, vil
rådmannen vurdera endring i planperioden viss ikkje jaktrettshavarane aukar fellinga
monaleg i tråd med planen.
Rådmannen nyttar Hjorteviltforskriftens § 9 og avvikar minstearealet i Lærdal
kommune med 17% i planperioden. Dette gir eit minsteareal for tildeling i
planperioden på 664 daa for valda frå Husum og oppover dalen, og 498 daa for vald
frå Husum og nedover dalen. Fråviket frå minstearealet gjeld alle vald, uansett om
dei har signert eller ikkje.
Fellingsløyva vert gjeve som frie dyr for heile planperioden til dei valda som har
signert søknaden. Fellinga skal gjerast i tråd med avskytningsmodellen. Dei valda
som ikkje har signert, får løyva årleg frå kommunen etter § 21 i Hjorteviltforskriften –
målretta tildeling. Desse løyva vert gjeve i tråd med den omsøkte planen sine
målsetjingar om uttak.
Det er nokre valdsøknadar inne for 2015. Ein oppdatert oversikt vil liggja føre før
løyva vert sendt ut.