Rutinar for vurdering av skader på inventar – og ev

Rutinar for vurdering av skader på inventar – og ev. erstatning på
Gullingen leirskule
Til heimeskulen/medfølgjande lærarar.
Dette er ordensreglementet på leirskulen. Under har me sett opp punkt for vurdering av
erstatningsansvar for elev/skule.
Ordensreglar på leirskulen
På Gullingen skal me leva tett innpå kvarandre i fleire dagar. For å gjera opphaldet så
hyggeleg og trygt som mogleg, er det naudsynt at du rettar deg etter leirskulen sitt
ordensreglement.
1. Ver høfleg, hjelpsam og omgjengeleg slik at alle får eit godt opphald på
leirskulen.
2. Hald god orden. Det gjer det trivelegare på rommet.
3. Sørg for at inventar blir handtert med varsemd, og meld straks frå om noko skulle bli
øydelagt. Ved hærverk må inventar/utstyr erstattast.
4. Røyking og bruk av fyrstikker/open eld er forbode i bygningane på leirskulen eller i
nærleiken av desse. Alle rusmiddel er forbode.
5. Det skal vere ro nattetid: 6: trinn; kl.22.00, 7. tr.; kl. 22.30, U-skule; 23.00. Fram til
vekking kl. 07.00, skal alle vera på sitt rom utan å forstyrra andre.
6. Tenk tryggleik. Meld frå om du må forlate gruppa på tur, eller leirskulen sitt område på
kveldstid.
7. Vis naturvett. Ha respekt for alt liv i naturen, rydd opp etter deg.
Punkt for klargjering av ev erstatningsansvar:
 Dersom eleven kjem og melder frå om ein skade, og vertskap / medf. lærar saman
kjem fram til at dette skuldast eit uhell, blir det normalt ikkje kravd erstatning.
 Dersom det blir oppdaga øydelagt inventar som klart skuldast hærverk, bør
samarbeidsutvalet(Leirskulelærar/Medf. Lærar/Vertskap i leirskuleveka finne fram til
kven som har gjort dette. Eleven bør så forklare kva som skjedde.
 Ved ev. erstatning skal vertskap og heimeskulen kome fram til ein passende sum for
dette. Vertskapet lager eit skriftleg notat på dette som heimeskulen tek med seg til
skulen.
o Det bør gå fram korleis skaden blir erstatta/utbetra
o Slitasje på inventar bør takast med i utrekning av erstatning. Godt fungerande
utstyr må erstattast med nytt.
o Det skriftlege dokumentet bør signerast av dagleg leiar og lærar for
heimeskulen.
o Heimeskulen må vurdera om eleven sjølv/føresette skal stå erstatningsansvarleg, eller om skulen skal dekkje dette.
o I grove/gjentekne tilfelle av hærverk av same elev, må samarbeidsutvalet på
leirskulen vurdere heimsending.
På side 2 finn de ein oversikt over kva ymse inventar og utstyr vil koste ved hærverk.
Hva skjer på Gullingen når noko blir ødelagt.
Dette koster det å erstatte ødelagt utstyr etter hærverk.
Leselampe over seng
Sengebunn pr. stk.
Rullegardin soverom
Taklampe soverom
Bord / benk soverom
Knaggrekke på soverom
Lys over speil
Speil på soverom
Dørhåndtak
Taklampe i korridorer
Speil i dusjer/WC
Dusjer
Dorullholdere
Brannkopper nødutgang
Panelovn
Kr. 450,Kr.
50,Kr. 450,Kr. 900,Kr. 650,Kr. 450,Kr. 650,Kr. 250,Kr. 600,Kr. 1.900,Kr. 350,Kr. 650,Kr. 200,Kr. 600,Kr. 1.400,-
Skriblerier med penn, tusj eller liknende må erstattes ut fra omfanget av
dette. Erstatningsansvaret starter på kr. 300,- og beregnes videre ut fra
timepris på kr. 500,- inklusive mva. pr. påbegynt time.