Byklaren november 2015

Byklaren formidlar
kommunal informasjon
Vi tek også med informasjon frå lokale lag om
arrangement og aktivitetar. Send tekst og bilde til:
[email protected]
Medieplan for Byklaren 2015:
07.01, 02.02, 02.03, 09.04, 05.05, 03.06, 01.07,
03.09, 01.10, 02.11, 01.12
www.bykle.kyrkja.no
Facebook: Kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad
KINO
Tysdag 10.november - Hovden grendehus
Kl. 18:00 - Hotell Transylvania 2 (2D) - 6 år)
Kl. 20:00 - James Bond: Spectre (11 år)
Onsdag 11. november - Bykle samfunnshus
Kl. 18:00 - Hotell Transylvania 2 (2D) - 6 år)
Kl. 20:00 - James Bond: Spectre. (11 år)
Tysdag 24.november - Hovden grendehus
Kl. 18:00 - Julekongen - Full rustning (Familie-/barn)
Kl. 20:00 - The Hunger Games: Mockingjay Part 2
(11 år)
Onsdag 25. november - Bykle samfunnshus
Kl. 18:00 - Julekongen. Full rustning
Kl. 20:00 - The Hunger Games: Mockingjay Part
NOVEMBER 2015 | 26. ÅRGANG | OPPLAG 600
Reisebrev frå Bykle-speidarar i Japan
Nabobesøk på Kulturkaféen i november!
Kultur & fritid har invitert gjestar frå Vinje kommune. Denne
gongen kjem Inger Lien, fødd og oppvaksen på Møsstrond. Ho
har tilknyting til Hovden i og med at ho var lærar der for nokre
år sidan. Gøril Ramo Håve kjem opprinneleg frå Trøndelag,
men har budd i Vinje sidan 1991. Inger er kvedar og visesongar
og er også innom country og bluegrass. Gøril spelar på diverse
strenge-instrument som langeleik, gitar og også fløyter.
Velkomen til ein variert konsert!
Gudstenester og møte
__________________________________________
Familiemesse i Fjellgardane kyrkje
Sundag 8.11 kl. 11:00
Kva skjer frametter ...

11. desember: Luciafest på Hovden grendehus
Familiemesse i Bykle kyrkje
Sundag 29.11 kl. 11:00. 1. sundag i advent.

11. desember: Jolekonsert ”Velkommen hjem” med
familien Akselsen, Valle kyrkje kl. 19:00.
Ljosmesse i Bykle kyrkje
Sundag 13. 12 kl. 17:00

12. og 13. desember: Hovdenrennet - Tradi-sjonelt
opingsrenn for langrenn i Aust Agder og Rogaland skikrets. Tidlegare år har vi hatt opp mot 400 deltakarar
frå fleire skikretsar i Sør-Norge!
Fjellgardane sundagsskule har samlingar:
Sundag 11. og sundag 25. oktober.
Tid: Kl. 10:30 - 12:00 i kyrkja.
Trydal bedehus
Møte tysdag 24. november kl. 18:00. Vi får besøk av Filadelfia
omsorgssenter, Landeskogen v/Egil Oseberg. Dei deltek med
song, musikk og vitnesbyrd. Kveldsmat - kollekt.
Du er velkommen - Trydal Misjonslag
Sundagsskule på Klippen
kl.10 desse dagane: 08.11,22.11 og 13.12.
_____________________________________
Bøker til sals på Hovden Grendehus og
i resepsjonen på Rådhuset: Jolegåvetips!
Ny og revidert utgåve av ”Bykleblomen” og matboka ”Rune &
Margit & Moi”. Andre bøker til sals:
”Heimar og folk i Bykle”, ”Bykle kultursoge”, ”Nordbygdi slik ho
var”, ”Svein Knutson Hovden”, ”Underet i Breive”,
”Eventyrleg”, ”Gamle mat-tradisjonar”, ”Bli kjent med heiane”,
”Bykle under krigen”og ”Det var inkje hobby”.

Menyen denne kvelden er ikkje klar enno. Kanskje kan ditt lag
eller du sjølv ta på deg å stå for serveringa? Meld i så fall frå til
Unn på Grendehuset. Vel møtt i Bykle samfunnshus onsdag
18.11 kl. 18:00. Konserten startar ca kl. 18:45.
Arr: Kultur & fritid.
___________________________________________
Adventsfest - sundag 29. 11
Bykle samfunnshus kl. 17:00.
Underhaldning, sal av kake, kaffi og brus.
Vi har og invitert nissen - trur du han kjem?
Arr: Adventskomitèen
___________________________________________
Jolekonsert med Sondre Bratland
20. desember: ”Me syng jola inn”. Allsong og orgelmusikk v/organist Henrik West, Bykle kyrkje

30. desember. Konsert med Inger Lise Stulien, Fjellgardane kyrkje.kl. 19:00.

22. januar. Bykle hotell, konsert med Jon Solberg (frå Ni
Liv), Anders Røine m.fl.

21.— 24. januar: Hovden i farta, alpint.
___________________________________________
Bykle Idrettslag Innkalling til årsmøte
Tysdag 17. november kl. 18:00. i
Bykle samfunnshus
Saker:
• Ordinære årsmøtesaker, • Framsyning av film for barn ,
• Premieutdeling, • Servering
Styret i Bykle IL ynskjer velkomen
4
Onsdag 2. desember blir det konsert
med Sondre Bratland i Bykle kyrkje.
Konserten er bygd på songane frå CD’en
«Rosa frå Betlehem». Sondre Bratland
har med seg tre dyktige musikarar:
Iver Kleive på orgel, Knut Reiersrud på
gitar og Paolo Vinaccia på trommer.
Desse var med då plata
«Rosa frå Betlehem» blei laga i 1992; ei
plate mange enno held som noko av det ypperste som er gjeve
ut, knytta til jola sin bodskap. Difor er det sikkert ein del også i
Bykle som har fått det som fast tradisjon å lytte til denne musikken i jola. Songar som «Mitt hjerte alltid vanker», «Et barn
er født» og «Det hev ei rosa sprunge» blir tolka på Sondre sin
vakre og fredfulle måte.
Vel møtt til ein vakker og høgtidsstemt jolekonsert i Bykle
kyrkje onsdag 2.12 kl. 19.00. Billett vaksne kr. 200.-.
Barn gratis.
Arrangørar: Soknerådet og Kultur & fritid.
1
Laurdag 7. november kl. 16:00 - 17:30. skal Olav Magnus
Egeland og Jon Olav Skinnarland, fortelje og vise bilete frå Jamboree-turen dei hadde til Japan i sommar. På arrangementet
deltok 34.000 speidarar frå meir enn 200 land! Ein verdensjamboree får ein berre delta på ei gong i livet og er ei stor oppleving. Det arrangerast kun kvart 4. år på forskjellige stadar i
verda. Dette blir eit ope arrangement for alle som vil høyre, sjå
og lære litt om Japan og speidaren. Vi ynskjer difor velkomen
til Fjellgardane kyrkje denne laurdagen. Det blir sal av nysteikte
lappar, saft og kaffe. Inntektene går til prosjektet til familien
Repstad: ”Gateborn i Tallinn”.
Bilde er frå Kretsbanner-konkurransen
i Mandal i september. Vi ser frå høgre: Trym, Knut Hallvard og Tarjei.
Det er plass til fleire i speidaren. Det
er opplegg annankvar sundag. Blant
anna er det planlagt utandørs overnattingstur i november. Om nokon vil vere med, så ta kontakt
med Heidi Repstad (911 72 729) eller Olav Skinnarland
(993 34 572).
Bykle KFUK-KFUM Speidarar
Velkomen til næringsfrukost!
03.12.2015 kl.08:00 – 10:00 vil vi invitere næringsdrivande i Bykle kommune til næringsfrukost ved
Bykle hotell.
PROGRAM:

Ordførar Jon Rolf Næss ynskjer velkomen

Orientering v/ næringssjef Svein Hjorth-Olsen

Foredrag om næringsutvikling i hyttekommunar v/ Stein
Birger Johnsen

Presentasjon av nyetablerte bedrifter i kommunen:
Contentio v/ Morten Johan Narvestad

Orientering frå NAV v/ Anna Lise Væting

Pågåande planer og framtidig utvikling v/ rådgjevar areal
og plan Hanne Heieraas Evju
Har de spørsmål eller ynskje til kommunen så avsluttar vi med
ei drøfting rundt dette.
For påmelding send mail til: [email protected]
Påmeldingsfrist måndag 30. november.
Helsing Bykle kommune; næring og plan.
Politiske møte
Møtekalender, sakspapir og protokollar for møte i planutvalet, formannskapet og kommunestyret finn du på
www.bykle.kommune.no || Innsyn
Dei neste møta:
Formannskapet : 10.11, 17.11
Planutvalet : 09. 11, 07.12
Kommunestyret: 18.11, 3.12 og 10.12
__________________________________________
Tømekalenderen
Matavfall, glas/metall, papir og plast: 11.11 og 9.12
Rest- og matavfall: 25.11 og 23.12
Desse er valt inn i kommunestyret, i
formannskapet og i planutvalet
valperioden: 2015 - 2019
Ansvarlege entreprenørar for vintervedlikehald på kommunale vegar/plasser i
Bykle kommune 2015/2016
Ein oppfriskande og
hyggeleg start på
dagen. For kun kr. 80.– får du svømme i 30 graders vatn
Bykle kyrkjebygd inkludert ny veg til Stavenes:
slappe av i boblebadet, ta ein kaffe og hente energi før
Bygdeservice Åsmund Hoslemo
dagens plikter startar. I tillegg får
Trydal/Moen: Bygdeservice Åsmund Hoslemo
du ein deilig frokost servert i
KONTAKTTELEFON:
911 45 603
resepsjonen før du går. Har du
——————————————————————————
Hovd
årskort, betaler du bare kr. 40.
en
Hovden/Bjåen/Breive: Hovden Hytteservice AS
– for frokosten.
B
a
dela
KONTAKTTELEFON:
475 92 183
nd
——————————————————————————
Vanngymnastikk
25 år
MIDTREGIONEN ( F.o.m Hartevatn industriområde t.o.m.
50 minutters treningsprogram der
Glidbjørg/Smylemoen): Hovden Hytteservice AS
vi trener styrke og kondisjon til
KONTAKTTELEFON:
957 73 925
musikkk. Torsdagar kl. 18:15, pris
——————————————————————————
kr. 120.-. Påmelding innan
VINTERSTENGTE KOMMUNALE VEGAR 2015/2016
kl. 17:00 same dag til
- Vegen mellom Tverrfjell hyttefelt og Ørnefjell golfbane
[email protected]
- Vegen fra Rv. 9 til Stavenes .
(Ny vinteropen veg frå Bykle industriområde over
Jubileumsprisar: Vi feirer vårt 25 års jubileum med same
Sarvsdammen til Stavenes)
prisar som i 1990. Kvar sundag i heile november kostar
Kommunestyret:
AP - Jon Rolf Næss, Anne Karin Blix Grimestad, Lars
Erik Domaas, Jan D. Dalen, Kari Hovden Hoslemo,
Hans Blattmann
H - Kay Arne Jeiskelid ,Bjørn Einar Andersen
V - Bjarte Haugsgjerd, Tone Lise Avdal
SP - Tor Hallvard Mosdøl, Ragnhild Bjåen
Krf - Thoralf Hildebrandt
!
Gjenvinningsstasjonen på Tykkås har ope:
- Kvar torsdag: 12:30 - 18:30.
- Den 1. laurdagen i kvar månad: 09:00 - 15:00.
Kontaktinfo: Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS.
T: 37930040 [email protected] Sjå www.smg-iks.no
Formannskapet:
Jon Rolf Næss (AP), Hans Blattmann (AP), Anne Karin
Blix Grimestad (AP), Tone Lise Avdal (V),
Kay A. Jeiskelid (H)
__________________________________________
Tannlegar
Planutvalet:
Bykle tannklinikk, Bykle helsesenter - T: 37938617
Klinikken er open frå kl. 08:00 - 15:15:
Oddetalsveker: Måndag, tysdag, torsdag, fredag
Partallsveker: Tysdag, onsdag
Hans Blattmann (AP) leiar, Bjarte Haugsgjerd (V), nestleiar, Olav Skinnarland (Krf), Agnes Fosse Hovden (V),
Anne Karin Blix Grimestad (AP), Nina Skiftenes (H), Tor
Hallvard Mosdøl (SP).
Hovden Tannklinikk, Hovdetun - 378 85 588
Tannklinikken er open kvar fredag og laurdag frå
kl. 08:00 - 15:00.
Vi har telefonvakt heile veka - 378 85 588
Saksdokumenta til alle møte finn du her:
www.bykle.kommune.no/innsyn
__________________________________________
Informasjon frå NAV Bykle
Mangfoldsfest
Velkomen til Mangfoldsfest på Hovden Grendehus
laurdag 21.11. kl. 17:00 - 22.00. Her blir det mat frå
mange land og fin underhaldning!
Kontaktperson: Randi Steinsholt,
FA Bykle tlf. 90576488
__________________________________________
Til alle frivillige lag og organisasjonar!
Kultur og fritid inviterar til dialogmøte tysdag 17. november
kl. 18:00 på Hovden grendehus. Her vil vi informere om tilbud
og ordningar vi har. Vi ynskjer å drøfte samarbeid med dykk
og vil gjerne høyre kva som er viktig å tilretteleggje for eit fortsatt rikt og mangfoldig kulturliv i Bykle.
Foreløpig agenda:
- Kulturkafe – vi har rammene og er støttespelarar om nokon
vil bidra med program og/eller mat.
- Samarbeid i forhold til andre kulturarrangement
- Arrangementskalender
- Førehandssal av billettar til ditt arrangement
- Annonsering under «Dette skjer i Bykle»
- Lån av lokaler
- Leige av utstyr (lyd, lys, scene m.m. eventuelt personell
- Prisar (kopiering, leige av utstyr)
- Treningsrom, gratis å bruke
- Spørsmål / Eventuelt
Helsing kultur & fritid - Unn Hovden
Morgon-bading!
Sigbjørn Åge Fossdal
__________________________________________
Kan du tenkje deg å vera frivillig flyktningkontakt?
Bykle Kommune har vedteke å ta imot 10 nye flyktningar
i år og 15 til neste år. Har du tid og lyst til å fylgje opp
ein familie, ein eller to timar i veka, i busetningsperioden?
Det du t.d. kan gjera er:
• Invitere heim på kaffe?
• Ta med ut på tur?
• Informere litt om oss og bygda?
• Eller gjere det du meiner er viktig.
For meir informasjon ta kontakt med:
Inger Lise Garry - NAV Bykle
Tel: 379 38 610 (tysdag og torsdag) eller e-post
[email protected]
- Tenesteleiar
__________________________________________
det kr. 70,.– for vaksne og kr. 25.– for barn!
Våre opningstider: Torsdag 13.00-18.00, fredag 12.0019.00, laurdag og sundag 11.00 - 19.00
Snøskuterløyve
Velkomen!
Det er no tid for å søkje
om snøskuterløyve. Dei
som har hatt løyve i perioden 2012 – 2015, må
søkje for 4 nye år. Dei
gamle løyva gjeld inntil
nytt løyve vert gjeve, men ikkje lenger enn til 31. januar
2016. Alle som skal søkje om snøskuterløyve må fylle ut
søknadsskjema og leggje ved godt leseleg kart der
køyreruta er teikna inn tydeleg i kartet.
Det er to ulike søknadsskjema:
- skjema for motorferdsel innanfor Setesdal Vesthei /
Ryfylkeheiane landskapsverneområde (SVR) og
- skjema for motorferdsel elles i kommunen.
Søknad om leigekøyringsløyve (ervervsløyve) må leverast
seinast 8. januar 2016. Desse søknadane vert handsama
politisk. Du finn meir informasjon og søknadskjema på
heimesida til Bykle kommune. Søknaden sendast pr. post
til Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, eller til
[email protected]
___________________________________________
NM I DUGNAD?
Om det hadde blitt arrangert NM i dugnad er me temmeleg sikre på at Bykle og Hovden hadde vunne. Her stiller
folk villig opp, smiler og gjer ein strålande innsats på ei
rekke ulike arrangement! Me står framfor ein vinter med
ei rekke store og små arrangement, og treng frivillige til
desse. Vil DU vere med på nokon av dei? Frivillig arbeid
er sosialt og hyggjeleg, og du kan bidra til å oppretthalde
det gode aktivitetstilbodet for idrettslaga i kommunen.
• 12. desember - Hovdenrennet, langrenn
• 21. - 24. januar - Hovden i farta, alpint
• 5. - 7. februar - Norgescup Slopestyle, snowboard
• 12. - 14. februar - Statoil Norgescup junior, langrenn
• 5. mars - Støyledalslåmi, turrenn
• 2. april - HovdenTour, turrenn
• 6. - 10. april - NM Slopestyle & Big Air
• 9. - 11. april - FIS-renn, alpint
Rådgjevar Kristian Kvaalen Herregården
_______________________________________________ • 28. mai - Color Line Setesdal Tour, sykkel
__________________________________________
Kommunal bustad skal klargjeras for ny
familie frå Syria
Har du utstyr som er nødvendig i ein bustad (t.d. møblar,
kjøkkenreiskap, servise, gardiner, sengetøy) som du ynskjer å gje vekk eller selje? Vinterklede, sko og skitutstyr
til små born (barnehagealder) er også av interesse. Ta
kontakt med Inger Lise Garry - Nav Bykle
Tlf. 379 38 610 (tysdag og torsdagar)
Eller på e-post [email protected]
Jolemarknad i Lislestog - 4. 5. og 6. desember
Her får du kjøpt: Lefser, bakverk, bilete av Olav Bjørgum, Aloe
Vera produkter, handarbeid, snurrepiperier, antikvitetar og
stakkelist/belte. Det vert òg sal av kaffi, lappar og vårruller.
Vi håper mange tek turen innom i løpet av denne helga!
Arr: Bykle husflidslag.
2
3
Størst behov for frivillige er det på arrangement med utheva skrift. Om du kan tenke deg å hjelpe til med eitt eller
fleire av arrangementa, kan du gjerne sende ein e-post til
Ingvild på [email protected].
Med helsing Bykle Idrettslag, Hovden Sportsklubb og
HovdenTour.