Reguleringsplan for gang- og sykkelveg Mastrevik – Kilstraumen

Reguleringsplan for gang- og
sykkelveg
Mastrevik – Kilstraumen med
friområde på Ulvøy
Folkemøte 17.11.2015
Bakgrunn
•
Planarbeidet har som føremål å legge til rette for gang- og sykkelveg på strekninga frå brua i
Kilstraumen til og med krysset til nedkjøyring til Austrheim vidaregåande skule.
•
Mange gåande og syklande nyttar denne fylkesvegen som skuleveg og tilkomstveg til
kommunesenteret i Austrheim.
•
Fylkesveg 565 gjennom Austrheim kommune er definert som ein viktig fylkesvegstrekning, og er
difor del av det overordna fylkesvegnett i Hordaland, tidlegare var dette Riksveg 565.
•
Austrheim kommune har tidlegare vedteke «Planstrategi for kommunestyreperioden 2012-2015.» I
planstrategien finn me at desse detaljreguleringane er prioriterte:
–
–
•
Ulvøy friluftsområde – Detaljregulering
Gang og sykkelveg Mastrevik – Kilstraumen – Detaljregulering
Austrheim kommune har vurdert det som teneleg løysing å slå desse to detaljreguleringane saman
til ein detaljregulering. På denne måten kan me planleggja gang- og sykkelvegen i samanheng med
friluftsområde på Ulvøy. Trafikksikring, rekreasjon og bruken av dette strandområde på begge sider
av Fv 565 kan då planleggast i ein heilskap og føra til ein samanhengande gang- og sykkelveg over
ein større strekning i ein plan.
Planprosessen
•
Det vart utarbeidd utkast til planprogram datert 17.09.2010 og oppstart av planarbeid, samt
offentleg ettersyn av planprogram vart kunngjort 23.09.2010 for Ulvøy friluftsområde.
Planprogrammet vart så godkjent 25.03.2011.
•
Detaljregulering av gang- og sykkelveg frå Mastrevik til Kilstraumen vart vedtatt i Austrheim
kommunestyre 29.10.2014. Det vart så kunngjort oppstart av planarbeid 28.11.2014.
•
Desse to plansakene er så slått saman til ein plan for å betre kunne sjå dette i samanheng.
•
Oppstartsmøte vart gjennomført med Austrheim kommune og Statens vegvesen 18.08.2015.
•
Er nå i fasen med utarbeiding av planforslag – opnar for innspel i denne arbeidsfasa gjennom
å vise eit utkast til løysing - Arbeidsteikningar
•
Forventa innsending av planforslag i løpet av 2015
Planområde
Grunnlag for val av vegstandard
• Vegtype (viktig fylkesveg)
• Fartsgrense (50-60 km/t)
• Trafikkgrunnlag
–
–
–
–
Dagens ÅDT
Andel lange kjøretøy
Framskive 2035
Andel kollektivtrafikk
• Mjuke trafikantar syklande og gåande
– Antal gåande og syklande i makstimen
Val av vegstandard
• Kjøreveg U-Hø2
Tverrprofil for U-Hø2, ÅDT 1500 – 4000 og fartsgrense 60 km/t (Kjelde: Statens vegvesen, N100)
• Gang- og sykkelveg
– Tverrprofil 3 m gang og sykkelveg + tosidig skulder
0,25 m
Tilpassa 15-50 gåande pr. time, og 15-50 syklande pr. time i makstimen
Tverrprofil
Tverrprofil
Hovedtrekk i planløysing
• Vegen vert i hovudsak liggande der den er i dag
og sykkelvegen blir bygd på sida
• Tek utgangspunkt i vegkant på vestsida av
fylkesvegen (Mastrevik-Budalen - nordsida ved
Kilstraumen)
• Utviding med gang- og sykkelveg på austsida av
fylkesvegen (Mastrevik-Budalen - sørsida ved
Kilstraumen)
• Arealbeslag på landbruksjord og i hagar i
hovudsak på aust og sørsida av fylkesvegen med
nokre få unntak
Hovedtrekk i planløysing –
Delstrekning Kilstraumen - Renningen
• Tosidig fortau frå
kryss Kilstraumen
Vertshus opp til bru
Kilstraumen
• Utbedring av kurve
ved Kilstraumen
• Friluftsområde Ulvøy
• Bru Renningen
Hovedtrekk i planløysing –
Delstrekning Renningen- Budalen
• Kurve Toftegård ikkje
ihht. standard
• Stenging av avkjørsler
i kurve
• Utbedring av kryss
Toftegård og
Skotneset
• Utbedring av kurver
Kansardalen/Ilneset
Hovedtrekk i planløysing –
Delstrekning Budalen - Sætre
• Tverrprofil med 1,5 meter
skille gjennom Budalen
• Trangt parti i Budalen
med fleire hus og tomter
tett på fylkesvegen
• Klarer å få fram gang- og
sykkelvegen utan rive
hus men det er så vidt.
Konsekvensar for hagar.
Hovedtrekk i planløysing –
Delstrekning Sætre Mastrevikane
• Utbedring av kurve
ved kryss
Mastrevikane
• Kryssløysing for kryss
Fylkesveg 565 Mastrevikane
• Ny bussløysing for
Mastrevikane