Reguleringsføresegner for Detaljregulering for E134 Gang- og sykkelveg Ølen og Ølensvåg – planid. 1160-13-12. § 1 Generelt § 1.1 Formålet med reguleringsplanen er å legge juridisk grunnlag for bygging av gang- og sykkelveg mellom Ølen og Ølensvåg. § 1.2 Saman med plankart, tekniske teikningar og planomtalen, er desse føresegnene bindande etter endeleg vedteken plan. § 2 Reguleringsformål § 2.1 Arealet innanfor reguleringsplangrensa skal nyttast til følgjande formål, jf. plan- og bygningslova (pbl.) § 12-5: Bygningar og anlegg (§ 12-5 nr. 1) - Bustadområde - Uthus/naust/badehus Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (§ 12-5 nr. 2) - Veg - Kombinert formål for samferdselsanlegg og/eller teknisk infrastruktur - Fortau - Gang- og sykkelveg - Anna veggrunn – tekniske anlegg - Anna veggrunn – grøntareal - Leskur/plattformtak - Kollektivanlegg - Kollektivhaldeplass Grønstruktur (§ 12-5 nr. 3) - Badeplass/-område Landbruks-, natur- og friluftsområde (§ 12-5 nr. 5) - Landbruksformål § 2.2 Omsynssoner Innafor planområdet er følgjande omsynssoner fastsett, jf. pbl. § 12-7: - Frisiktsone § 2.3 Føresegnsområde Innafor planområdet er følgjande føresegnsområde fastsett, jf. pbl. § 12-7 nr. 2: - Midlertidig anleggs- og riggområde § 2.4 Byggegrenser er ikkje fastsett i reguleringsplanen. Veglova § 29 vil derfor gjelde. § 3 Fellesføresegner § 3.1 Generelt (§ 12-7 nr. 1) Mindre avvik i skråningsutslag innanfor område Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (pbl. §125, nr. 2), vil kunne skje som følgje av uventa tilhøve, som t.d. grunntilhøve eller manglar i kartgrunnlaget. Det kan medføre at areal som skal disponerast til vegføremål vil fråvike noko frå det som går fram av føremålsgrensene i planen. Areal som ikkje vert disponert til vegføremål er føresett brukt som tilstøytande føremål. Ved større avvik frå føremålsgrensene som vist i planen vil det vere trong for å søke om løyve etter pbl. (§ 20-1 bokstav m), eventuelt dispensasjon, eller gjennomføre mindre endring av reguleringsplanen etter pbl. § 12-14. Om fråvik frå reguleringsplanen er så betydelig at det krev løyve etter pbl. § 20-1 bokstav m) eller mindre endring av reguleringsplan, vert avgjort av kommunen. § 3.2 Utforming og estetiske krav (§ 12-7 nr. 1 og nr. 2) Arkitektonisk kvalitet og heilskap skal vektleggast i prosjektet. Prinsipp for utforming av sideareal og revegetering skal gå fram av byggeplan. Eksisterande vegetasjon skal, så langt råd er, takast vare på. Utforming og materialval knytt til tekniske anlegg og -element, skal gå fram av plan og teikningar. Alle inngrep som vert gjort i samband med veganlegget skal vurderast opp mot kringliggande terreng og landskapselement. Terrenghandsaming skal gjerast ferdig samstundes med resten av anlegget. § 3.3 Matjord (§ 12-7 nr. 2) Matjord som eventuelt blir overflødig som følgje av utbygginga skal sikrast ein forsvarleg gjenbruk i nærområdet, primært til jordbruksformål. § 3.4 Terrenginngrep (§ 12-7 nr. 2) Det må ikkje gjerast terrenginngrep som har verknad på veganlegget (køyreveg, gang- og sykkelveg, fortau og busslommer) og som kan gi dette dårleg stabilitet. § 3.5 Støy (§ 12-7 nr. 3 og nr. 12) Anbefalingane i T-1442/2012 Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging og rettleiaren til denne (TA-2115), skal så langt det er teknisk mogeleg og økonomisk forsvarleg etter kost-/nyttevurderingar, overhaldast. Vidare gjeld Vegdirektoratet sine retningslinjer for praktisering av støy i Statens vegvesen. Desse, skal så langt det er teknisk mogleg og økonomisk forsvarleg etter kost/nyttevurderingar, tilfredsstillast. Reguleringsplanen for gang- og sykkelvegen er definert som eit miljø- og sikkerheitstiltak. Det endelige omfanget av støytiltak vert vurdert i forbindelse med gjennomføring av vegprosjektet. § 3.6 Universell utforming (§ 12- 7 nr. 4) Prinsippet om universell utforming skal leggast til grunn ved utforming av trafikkanlegg, slik at det kan nyttast på like vilkår, av så mange brukarar som mogleg. § 3.7 Sikring av kulturminne (§ 12-7 nr. 6) Om det vert gjort funn av automatisk freda gjenstandar eller konstruksjonar under arbeid med tiltak i planområdet, må arbeidet straks stansast og rette kulturstyresmakt varslast for nærare gransking, jf. kulturminnelova § 8 andre ledd § 4 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (§ 12-5 nr. 2) I området skal det etablerast samferdselsanlegg med veg, gang- og sykkelveg, fortau og kollektivanlegg. Området omfattar areal for riksveg, kommunal veg samt privat veg. Anlegget skal utførast i samsvar med gjeldande statlege og kommunale vegnormer avhengig av vegklasse, jf. veglova § 13. Ved opparbeiding av trafikkområda kan det gjerast justering av grensene mellom dei ulike trafikkformåla. § 4.1 Veg (§ 12-7 nr. 2 og nr. 14) Områda skal nyttast til vegformål. Veg er vegbane inkludert skulder. Veg skal utformast i samsvar til vegnormalene, dette gjeld ikkje private vegar. Sekundærvegnettet får følgjande status: - FA1 - tilkomstveg/avkjørsle, felles privat veg - FA2 - tilkomstveg/avkjørsle, felles privat veg - FA3 - tilkomstveg/avkjørsle, felles privat veg - FA4 - tilkomstveg/avkjørsle, felles privat veg - PV1 - tilkomstveg/avkjørsle, privat veg - PV2 - tilkomstveg/avkjørsle, privat veg - PV3 - tilkomstveg/avkjørsle, privat veg - PV4 - tilkomstveg/avkjørsle, privat veg - VEG1 - kommunal veg - VEG2 – felles privat veg § 4.2 Gang- og sykkelveg (§ 12-7 nr. 1, nr. 7 og nr. 14) Gang- og sykkelveg skal opparbeidast som vist i planen og skal vere offentleg. Dette gjeld også for kombinertveg KMBV1, KMBV2 og KMBV3 og KMBV4. KMBV1 kan nyttast av gnr. 292/bnr. 1 og gnr. 293/bnr. 18 som tilkomst til eigne eigedomar. KMBV2 kan nyttast av gnr. 291/bnr. 1, gnr. 291/bnr. 53, gnr. 291/bnr. 59, gnr. 291/bnr. 60, gnr. 291/bnr. 62, 291/bnr. 65, gnr. 291/bnr. 67, gnr. 291/bnr. 85, gnr. 291/bnr. 90, gnr. 291/bnr. 131, gnr. 292/bnr. 2, gnr. 292/bnr. 5 som tilkomst til eigne eigedomar. KMB3 kan nyttast av gnr. 291/bnr. 3, gnr. 291/bnr. 7, gnr. 291/ bnr. 11, , gnr. 291/bnr. 44, gnr. 291/bnr. 48, gnr. 291/bnr. 116 og 47 som tilkomst til eigne eigedomar. KMBV4 kan nyttast av gnr. 291/ bnr. 18, gnr. 291/bnr. 24 og 99, gnr. 291/bnr. 26, gnr. 291/bnr. 27, gnr. 291/bnr. 28, gnr. 291/bnr. 33, gnr. 291/bnr. 43, gnr. 291/bnr. 68, gnr. 291/bnr. 69 og gnr. 291 / bnr. 121 som tilkomst til eigne eigedomar. Utvida bruk av gang- og sykkelveg der denne er regulert til kombinert formål - KMBV1, KMBV2, KMBV3 og KMBV4, krev søknad. Dette vil vere ein dispensasjon frå reguleringsplanen og handsamast av kommunen med heimel i pbl. §§ 19-1 og 19-2. Statens vegvesen skal vere høyringspart i sak om dispensasjon frå reguleringsplanen, jf. § 19 -1. § 4.3 Fortau (§ 12-7 nr. 1, nr. 7, nr. 10 og nr. 14) Fortau skal opparbeidast som vist i planen og ferdigstillast samstundes med veganlegget. Alle fortau skal vere offentlege. § 4.4 Annan veggrunn – teknisk anlegg (§12-7 nr. 1) Annan veggrunn – teknisk anlegg er areal som støttemurar og trafikkøy. Utforminga av teknisk anlegg skal gjerast etter vurderingar eller handbøker utforma av Statens vegvesen. Eventuelle avvik til desse er det Statens vegvesen sjølv som gir naudsynte løyve til. § 4.5 Annan veggrunn – grøntareal (§ 12-7 nr.1) Annan veggrunn - grøntareal er areal til grøfter og skråningar. Grøntareal omfattar veggrunn som er nødvendig for å ivareta etablering av vegen og vegen sin funksjon, utanom sjølve trafikkarealet. Dette inkluderer areal for sikring av eksisterande vegetasjon og område for revegetering. Det kan lagast oppstillingsplassar der abonnentane til renovasjonsselskapet kan plassere avfallsbehaldarar for tømming. Oppstillingsplassane skal lagast etter avtale med renovasjonsselskapet, der renovasjonsbilar kan stanse for å tømme behaldarane. § 4.6 Leskur/plattformtak (§ 12-7 nr. 1) Leskur er regulert inn ved busshaldeplassane i planen. Innanfor dette område kan det oppførast leskur/plattformtak. § 4.7 Kollektivanlegg (§ 12-7 nr. nr. 1 og nr. 4) Kollektivanlegg er regulert inn på begge sider av E134, i alt 6 busshaldeplassar. Kollektivanlegg skal utformast i tråd med vegnormal N100. § 4.8 Avkjørsle (§ 12-7 nr. 7 og nr. 14) Avkøyrsle til private eigedomar er vist med pil i plankartet. Innanfor planområdet er det ikkje høve å opparbeide andre avkøyrsler enn det som er vist på plankartet. Eigedomen gnr. 291 bnr. 91 vil ha ein biloppstillingsplass ved tilgrensande busslomme på E134. Dette vil vere ei mellombels løysing til tilkomstvegen til naustområdet (VEG2 i planen for Hiljesteinsvika / VEG 2 i planen for gang- og sykkelvegen) blir realisert. Når denne vegen er bygd, skal gnr. 291 bnr. 91 ha avkøyrsle via den. Nemnde biloppstellingsplass vert då fjerna. Utvida bruk av avkjørsler til E134 krev søknad og løyve. Dette vert handsama av Statens vegvesen med heimel i veglova § 41. § 5 Omsynssoner § 5.1 Frisiktsoner (§ 12-6 nr. 2) I frisiktsoner skal det vere fri sikt i ei høgde på 0,5. Kommunen og Statens vegvesen kan krevje sikthindrande vegetasjon og gjenstandar fjerna, jf. veglova § 31. § 6 Føresegnsområde § 6.1 Midlertidig anleggs- og riggområde (§ 12-7 nr. 2) Områda kan nyttast til anleggsområde så lenge anleggsarbeida er i gang. Områda kan også nyttast som mellombelse omkjøringsvegar, anleggsområde inkl. riggplass, anleggsvegar og mellombels lagerplass for bygningsmateriell, maskiner og brakker så lenge anleggsarbeida er i gang. Anleggs- og riggområda skal framstå som ryddige og vere minst mogleg til sjenanse for omgjevnadane. Midlertidig anleggs- og riggområde er regulert til bustadformål og LNF-formål. Etter ferdigstilling av veganlegget opphøyrer mellombels reguleringsformål og arealet går over til underliggande formål som vist i planen. Etter avslutta anleggsperiode og seinast eit år etter vegopning, skal området vere tilbakeført og revegetert, i samsvar med byggeplan. Areala skal tilbakeførast til opphavleg stand. 27.05. 2015
© Copyright 2024