Tilleggsnotat støyvurdering

NOTAT
OPPDRAG
OPPDRAGSLEDER
DATO
Støyvurdering Andr. Olsen kvartalet
Marita Sørbø
05.02.2015
OPPDRAGSNUMMER
OPPRETTET AV
KONTROLLERT AV
10293002
Marita Sørbø
Frode Atterås
Vurdering av støy frå framtidig bybane til Fyllingsdalen
Dette notatet er eit tillegg til tidlegare rapport Støyvurdering Andre Olsen kvartalet. Sweco
Norge AS, 17.9.2014. Den første rapporten omhandla støy frå veg, bybane og bybanedepot ved
foreslått reguleringsplan for André Olsen kvartalet. I merknad frå kommunen vart det etterspurt
støynivå ved bygg C ved framtidig bybanetrafikk på trasé til Fyllingsdalen. I dette notatet er
dette vist.
For å vurdera om planlagt bygg C ligg i raud eller gul støysone ved framtidig bybanetrafikk til
Fyllingsdalen er det gjort antakingar om trasé og trafikk på denne, og gjort støyberekningar ut i
frå dette.
Bybanetraséen frå sentrum til Fyllingsdalen består av tre delstrekningar der berre den midtre,
del 2 Mindemyren er regulerti. Dei to andre delane, del 1, Nonneseter – Kronstadii, og del 3,
Mindemyren – Fyllingsdaleniii er ikkje ferdig regulert, men frå planprogrammet er det likevel klart
at traséen på Kronstad vil følgje eksisterande godsspor som går gjennom bybanedepotet.
Også plankartet til områdeplanen for Mindemyren, viser kor framtidig bybanetrasé vil gå, sjå
Figur 1.
André Olsen kvartalet
Depot
Bybanetrasé til Fyllingsdalen
Figur 1. Utsnitt frå plankart for områdereguleringsplan for Mindemyren som viser framtidig trasé for bybanen til
Fyllingsdalen.
memo02.docx 2012-03-2814
1 (3)
Sw eco Norge AS
SM p:\519\10293001 støyvurdering andr. olsen kvartalet\08 rapporter og notater\10293001_riaku02_andreolsenkvartalet_notat m bybane til
fyllingsdalen_a.docx
Trafikkmengder, vognlengder og hastigheit på bybanetrafikken på traséen til Fyllingsdalen er
ukjend og for støyberekningane er det difor anteke dei same parametrane som for bybanen i
Inndalsvegen lista i første støyrapport.
Traséen er lagt på nordsida av rampen som i dag går ned i depotet. Det er laga eitt spor som
følger eksisterande godsspor og eitt spor mellom dette sporet og bygningen. Det er nytta
hastigheit 50 km/t sjølv om dette sannsynlegvis er for høg hastigheit sidan det skal vera ein
haldeplass på linja i dette området. Det er likevel nytta den hastigheita for ikkje å undervurdera
støyen.
Det er nytta same metodikk for sumstøy (veg + bane) som i første støyrapport.
Figur 2. Støynivå frå bybanetrafikk til Fyllingsdalen.
Figur 2 viser støy ved uteområder i høgde 4 m og støynivå ved mest støyutsatte etasje til Bygg
C ved bybanetrafikk til Fyllingsdalen. Bygget ligg i gul støysone (NB merk at gul støysone for
bane går frå Lden = 58 - 67 og raud støysone frå og med Lden = 68 dB).
memo02.docx 2012-03-28
2 (3)
NOTAT
05.02.2015
SM p:\519\10293001 støyvurdering andr. olsen kvartalet\08 rapporter og notater\10293001_riaku02_andreolsenkvartalet_notat m bybane til
fyllingsdalen_a.docx
Figur 3. Støynivå ved fasade frå veg og bane, og støysone i 4 m høgd.
Figur 3 viser støynivå ved fasade når alle støykjelden er aktive, dvs. veg, bybane i Inndalsvegen
og bybane til Fyllingsdalen. Høgaste støynivå ved fasade til Bygg C er Lden = 61 - 62 dB mot
traséen til Fyllingsdalen og Lden = 62 - 63 dB mot Inndalsvegen.
Konklusjon
Støynivå ved fasade er berekna for ein framtidig situasjon der depotet er flytta og bybanetrafikk
til Fyllingsdalen går i to spor nær framtidig Bygg C. Med trafikkmengder og hastigheit lik dagens
trafikk på bybanenetraséen i Inndalsvegen vert støynivået ved fasade mot dagens depot opp til
Lden = 63 dB og bygget ligg i gul støysone.
i
PlanID 61140000. Delstrekning 2: Mindemyren, Bergen kommune.
PlanID 64040000. Delstrekning 1: Nonneseter – Kronstad, Bergen kommune.
iii
PlanID 64050000. Delstrekning 3: Mindemyren-Fyllingsdalen, Bergen kommune.
ii
memo02.docx 2012-03-28
3 (3)
NOTAT
05.02.2015
SM p:\519\10293001 støyvurdering andr. olsen kvartalet\08 rapporter og notater\10293001_riaku02_andreolsenkvartalet_notat m bybane til
fyllingsdalen_a.docx