Salthamaren - Helleristning

SALTHAMAREN
HELLERISTNINGAR / ROCK-PICTURES / FELSZEICHNUNGEN
N
GB
D
«Salthamaren» har namnet sitt fordi det ein gong i tida vart brent salt
her. Men dei var neppe saltbrennare dei fyrste som gav seg til her.
Nokre av dei rita figurar inn i berget. På toppen av hamaren, yst på
stupet, hogg ein flokk steinalderjegerar dyrebilete. Meir enn 1500 år
seinare teikna bronsealderbønder skipsfigurar ved bergfoten. Begge
desse «kunstverka» er mellom dei eldste i Hordaland og ein kan
framleis sjå dei, innhogne i berget på Salthamaren. Ristningane på
toppen av berget høyrer til hovedgruppa veideristningar. Ein meiner
dei er frå steinalderen, og at dei kan vera 5000 år gamle eller meir.
Her er fleire dyrefigurar, men berre to av dei er no fullstendige. Den
eine tykkjest vera ein elg, den andre ein hjort. Figurane ved foten av
hamaren er av eit heilt anna slag og høyrer til eit anna folk. Dette er
jordbruksristningar frå bronsealderen. Dei er kring 3000 år gamle.
Her skal vera 22 figurar i alt, mest skip. Av desse er 11 sikre og
tydelege, medan 8 no berre er restar, der delar av kjølliner,
relingsliner eller «mannskapsstrekar» kan skimtast. Vidare finst eit
par enkle ringfigurar og ei einaste skålgrop. Det er heilt uvanleg i vårt
land at eit og same berg har ristningar frå begge dei to
hovudtradisjonane i «bergkunsten».
I så måte er Salthamaren eit sjeldsynt unnatak.
The name “Salthamaren” stands from that fact that salt was once
burnt here. However, the salt-burners were hardly the first people
here. Some of the earliest visitors scratched figures into the rock. On
the top of the cliff, at the edge of the drop, a group of Stone Age
hunters carved animal pictures. More than 1500 years later Bronze
Age farmers carved ships at the foot of the rock. Both these
«artworks» are among the oldest in Hordaland and are still to be seen
in the rockwall at Salthamaren. Those at the top of the rock belong to
the main group “hunters' petroglyphs”. It is thought that they are
from the Stone Age, 5000 years old or more. There are several animal
figures, but only two are now complete. The ones thought to be an
elk (moose), the other a stag. The figures at the foot of the cliff are of
totaly a different type and were made by a different people. These are
“farmers' petroglyphs” from the Bronze Age. They are about 3000
years old. There are probably to be 22 figures in all, mostly ships. Of
these 11 are clear and definite, while 8 are only fragments in which
we can discern keels, railings or “crew strokes”. There are also a
couple of simple ring figures and a single concave bowl. It is
extremely unusual in Norway that one and the same rock has glyphs
from both the two main traditions of “rock art”. Salthamaren is a rare
exception.
Der Name »Salthamaren« stammt daher, daß hier in früheren Zeiten
Salz gebrannt wurde. Es waren jedoch kaum die Salzbrenner, die
zuerst hier waren. Die ersten Menschen, die hier sieldelten, ritzten
Figuren ins Gestein. Ganz oben auf dem Gipfel, am äußersten Rand
des Abhangs, schlug eine Gruppe von Steinzeitjägern Tierbilder in
den Fels. Mehr als 1500 Jahre später, in der Bronzezeit, arbeiteten
Bauern Schiffsfiguren in den Fels am Fuße des Bergs. Beide
Kunstwerke gehören zu den ältesten in der Provinz Hordaland. Was
damals in den Stein des Salthamaren geschlagen wurde, ist heute
noch gut zu erkennen. Die Felszeichnungen auf dem Felsgipfel
gehören zur Hauptgruppe »Jagdzeichnungen«. Man nimmt an, daß
sie aus der Steinzeit stammen, und ihr Alter wird auf 5000 Jahre oder
älter geschätzt, Mehrere Tierfiguren sind zu sehen, doch nur zwei
davon sind vollständig. Bei der einen Zeiehnung scheint es sich um
einen Elch zu handeln, bei der anderen um einen Hirsch. Die Figuren
am Fuße des Felsens gehören zu einer anderen Gruppe und stammen
von einem anderen Volk. Dies sind «Ackerbauzeichungen» aus der
Bronzezeit. Sie sind etwa 3000 Jahre alt. Insgesamt sollen 22 Figuren
hier dargestellt sein, wobei die meisten Schiffe sind. Von diesen sind
11 sicher und deutlich zu sehen, während 8 nur in Resten erkennbar
sind. Teile von Kielen, Relingseiten oder «Besatzungsstriche» lassen
sich herauslesen. Weiterhin sieht man ein paar einfache Ringfiguren
und nur eine einzige Muschelschalc. In Norwegen ist es äußerst
ungewöhnlich, daß ein und derselbe Felsen mit Zeichnungen der
beiden wichtigsten Richtungen in der »Felskunst« geschmückt
wurde. Der Felsen Salthamaren ist eine seltene Ausnahme.
AUTOMATISK FREDA KULTURMINNE («LOV OM KULTURMINNER §4G)
HELLERISTNINGANE ER EIN DEL AV VÅR FELLES KULTURARV.
VIS RESPEKT OG OMTANKE, FIGURANE TOLAR IKKJE TRAKK
HORDALAND FYLKESKOMMUNE, KVAM HERAD
Jordbruksristningane (utsnitt)
Veideristningane (utsnitt)
0
Religion og
kultus eller
overlevering av
kunnskap?
Figurane er hogne inn i
bergflata ved hjelp av metall
eller hard stein.
Helleristningane har ikkje
vore malte opphaveleg. I dag
vert dette gjort for å
tydeleggjere motiva. Slik
oppmaling må kun gjerast av
fagfolk.
Bergbileta er gjort av
menneske som levde lenge
før oss. Gjennom bileta får vi
innsyn i desse menneska si tru og kunnskap, deira tankar og kjensler.
Vi kan ikkje berre sjå på ristningane som ei avbilding av det synlege
livet og landskapet. Det er grunn til å tru at dei einskilde symbola i
bileta er viktige og at bileta har hatt ein funksjon i samband med
seremonielle handlingar.
Bergbileta vart truleg brukt når menneske i steinalderen og bronsealderen søkte kontakt med maktene Steinalderjegaren ba nok om hell
og lykke på jakta, eller grøderikdom i naturen, medan bronsealdermennesket ba om god avling. Bileta kan ha vore lekk i meir samansett
religiøs verksemd som vi i dag ikkje kjenner.
Ei anna tolkning av helleristningane er at desse figurane var ein måte å
markera og minnast for ettertida noko som var viktig i samfunnet og
kulturen. Helleristningane var kommunikasjon og kunnskapsoverlevering, gjerne knytt til stader med særskild tydning for ei
gruppe. Dei ville først og fremst avbilda samfunnsform og
samfunnsverdiar.
Helleristningane gir rom for ulike tolkningar. Difor representerar dei
framleis ei spanande utfordring for oss.
0
1m.
Menneskefigurar:
Her framføres truleg ein
eller annan form for dans,
kan hende ser vi ein sjaman
i ei rituell handling. Mannspersonar som tilber ein
guddom vert i bergkunsten
ofte avbilda med opprekte
hender.
Figurane
NORD
Jordbruksristningane
Veideristningane
INFORMASJONSTAVLE
Veideristningane:
Elg:
Gevir, hakeskjegg
og nakkepukkel
tyder på at denne
figuren er meint å
illustrera ein elg.
Elg er det største
landdyret i
Skandinavia. Ein
vaksen okse kan
vega ca. 500 kg.
Elgen er først og fremst eit skogsdyr. I bratte
fjordtrakter og på høgfjellet er elgen meir sjeldan. På
vestlandet er det funne få bergbilete av elg. Det er
funne restar av elg i beinmateriale frå Skipshelleren i
Bolstadfjoren, datert til yngre steinalder.
Hjort:
Den flotte
reisninga og den
lange, kraftige
halsen, den
markerte bakparten
og det greinforma
geviret tyder på at
dette er meint å
illustrera ein hjort.
Hjorten er tilpasningsdyktig både når det gjeld klima
og tilhøve til menneske. Hjort er mest vanleg på
Vestlandet og i Trøndelag. Slaktevekten på ein stor okse
er ca. 200 kg. Hjorten følgjer faste trekk mellom
beiteområda.
50 cm
Jordbruksristningane:
Skip:
Vatn er symbol på
grøderikdom og avlarkraft.
Skip kan fortelja om ferda
på livets hav; ferda frå
denne verda til den neste.
Skip kan dessutan vera
uttrykk for makt og
materielle resursar. Kan
henda har slike skip segla på Hardangerfjorden til
seremoniar ved bergbileta på Vangdal.
Ringfigurar
kan symbolisera
solsyklusen eller andre
sykliske forløp og vitna
om tida og det
uendelege.
Skålgroper:
Dette er det vanlegste motivet i ristningane frå
bronsealderen.
Kvam herad, kulturkontoret
Hordaland fylkeskommune, kulturetaten/Kulturlandskapssenteret
Fagkonsulent: Bergen Museum, UiB
Grafisk formgjeving, kart og illustrasjoner: Geir Goosen
Produksjon: Artic Reklamebyrå