Årsmelding 2014 - Utdanningsforbundet

Årsmøte
i
Utdanningsforbundet Vanylven
17. mars 2015 klokka 18.00
på Syvde samfunnshus
Årsmelding 2014
Utdanningsforbundet Vanylven
KALLAR MED DETTE INN TIL
ÅRSMØTE
PÅ SYVDE SAMFUNNSHUS
TYSDAG 17. MARS KL.18.00
SAKLISTE:
1.
GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE
2.
KONSTITUERING
3.
ÅRSMELDING 2014
4.
REKNESKAP 01.01.14 - 31.12.14
5.
RETNINGSLINJER FOR ARBEIDET I KOMANDE ÅRSMØTEPERIODE
6.
VAL
7.
BUDSJETT FOR 2015
8.
AKTUELT I UTDANNINGSFORBUNDET
DET BLIR SERVERT BALL, OG VI VIL DIFOR HA BINDANDE
PÅMELDING.
Håper på godt frammøte!
VEL MØTT!
FISKÅ 03.03.15
Geir E. Sandnes
- leiar 1
Styret kjem med framlegg til vedtak etter kvar sak.
Desse framlegga er merka med "styret si innstilling".
SAK 1: GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE
Årsmøteinnkallinga har skjedd ved kunngjering på
arbeidsplassane.
Saklista står på side 1 i heftet.
Styret si innstilling:
Årsmøtet godkjenner innkalling og sakliste.
SAK 2: KONSTITUERING
A) VAL AV MØTELEIAR
STYRET SI INNSTILLING:
Geir E. Sandnes vert vald til møteleiar.
B) VAL AV MØTESEKRETÆR
STYRET SI INNSTILLING:
Silje Nielsen Ruud vert vald til møtesekretær.
C) VAL AV TO TIL Å SKRIVE UNDER MØTEPROTOKOLLEN I LAG MED
LEIAR
Styret kjem ikkje med innstilling her.
2
SAK 3: ÅRSMELDING 2014
1.
INNLEIING.
Det er alltid knytt stor spenning til hovudtariffoppgjera. Tariff- 2014 var ikkje noko unntak i
så måte. Snarare tvert i mot. Særleg for medlemmane heimehøyrande i skuleverket. Dette skuldast
arbeidstidsforhandlingane. Då det vart brot i desse forhandlingane tidlegare på året, kom også
forhandlingane om arbeidstid inn i hovudtariffoppgjeret. Krava var tufta på grundige høyringar, både
når det gjaldt arbeidstid og løn. Etter langvarig mekling godtok Utdanningsforbundet sentralt skissa
frå meklaren 3. juni og sende resultatet til uravrøysting blant medlemmane. Medlemmane uttrykte sin
misnøye med å svare eit klart ”nei”. Sentralleddet hadde bomma, og streiken var eit faktum. Ein
streik som varte gjennom sommarferien og utover hausten, til den vart avslutta 1. september. Då
hadde dei sentrale partar kome fram til ei ny løysing vedkomande arbeidstid; ei løysing som
medlemmane slutta seg til gjennom ny uravrøysting. I Møre og Romsdal var det lokallaget i Molde
som streika på våre sine vegne, og 19. august kl. 18.30 var det stor streikemarkering i Molde. Der
møtte det nærmare 3 000 medlemmar og av desse, seks frå vårt lokallag. Takk til Sølvi, Reidar,
Wivi-Ann, Anne-Lise og Trude for at de tok turen til moldegatene denne regnfulle dagen! No står
skuleringa i den nye avtalen att før den vert tatt i bruk hausten 2015.
Organisasjonane har etterlyst meir openheit i gjennomføringa av dei lokale forhandlingane og
har tatt dette opp i drøftemøte ved fleire høve. I haust fekk vi gehør for kravet vårt, og ei ny ordning
vart skissert. Alle organisasjonane fekk vite alle sine tilbod og endring av tilbod undervegs i
forhandlingane. Evalueringa i etterkant viser at både arbeidsgjevarsida og arbeidstakarsida var godt
nøgde med den nye måten å organisere forhandlingane på. Dermed vert nok dette malen også for
komande forhandlingar. Når det gjeld sjølve resultatet av forhandlingane, så har
Utdanningsforbundet grunn til å vere nøgde. Om ikkje vi fekk gjennomslag for alle krav, så fekk vi i
alle fall noko utteljing for alle vi stilte krav for. Og då må vi vere fornøgde. Det vi derimot ikkje
likar like godt er mangelen på lønspolitisk plan i kommunen. Dette har vi etterlyst i årevis utan at vi
kjem noko lenger med saka. Hovudtariffavtalen slår fast at ein lønspolitisk plan er ein føresetnad for
lokale forhandlingar. Den lokale lønspolitikken skal tydeleggjere kriteria for lokal lønsdanning og
gjere desse kjende blant dei tilsette slik at arbeidstakarar kan innrette seg i høve til lønspolitikken.
Som nemnt i tidlegare årsmeldingar finn vi att om lag same ordlyden i arbeidsgjevarstrategien til
Vanylven kommune. Difor er det særleg ille at ting går så sakte på dette området.
Grunna trongare økonomiske tider vart det hausten 2014 innført kjøpe- og tilsetjingsstopp i
kommunen. I slike vanskelege tider er det viktig å ta godt vare på arbeidsmiljøet. Alle opplever at
ein må ta i litt ekstra; strekkje seg litt lenger. Det er difor med stor undring vi registrerer at AMUmøta uteblir. Arbeidsmiljølova slår fast at det skal vere minst fire møte i året, men i Vanylven har
det kun vore eitt i 2014. Og mangel på saker er det vanskeleg å skulde på. Kanskje har statusen til
dette utvalet minka? Utdanningsforbundet vil jobbe for å få Arbeidsmiljøutvalet opp å gå igjen. Det
er eit særs viktig utval og vert nok ikkje mindre viktig i prosessen med kommunereforma som vi no er
midt inne i.
Som de ser er det nok å ta tak i for organisasjonane. Då kan ein ikkje få understreka sterkt
nok kor viktig det er med fagforeiningsmedvit i medlemsmassen. Å få auka fagforeiningsmedvitet
må alltid stå høgt på agendaen. For hugs: Det er saman vi er sterke!
Fiskå 03.03.15
Geir E. Sandnes - leiar -
3
2. TILLITSVALDE I LAGET
Skiftet av tillitsvalde skjer 1. august. I parentes står
namnet på dei personane som hadde vervet før 1. august 2014:
2.1. Styret
Funksjon:
Leiar:
Nestleiar:
Styremedlem:
Styremedlem:
Styremedlem:
Leiarrepr.:
Styremedlem VGO:
Geir E. Sandnes
Dagmar Vikebakk (Synnøve Hånes Forsmo)
Silje Nielsen Ruud (Synnøve H. Forsmo)
Ellen Stoltz
Heidi Marie Løvold (Karianne Taklo)
Dagmar Vikebakk
Knut Warberg
1. vara:
2. vara:
3. vara:
Kjell Helge Nordal (Grunnskule)
Marta Bøstrand (Barnehage)
Liv Ingunn Vada (VGO)
2.2. Tillitsvald etter hovudavtalen
Geir E. Sandnes har vore tillitsvald etter Hovudavtalen. Tid
til å utføre dette vervet skal framforhandlast med kommunen.
Men kjem ein ikkje fram til nokon avtale, regulerer
Hovudavtalen eit minimum av frikjøp for den hovudtillitsvalde.
I Vanylven har den hovudtillitsvalde siste åra hatt eit
frikjøp på 22%. Heidi Marie Løvold har hatt vervet som
hovudtillitsvald II.
2.3. Klubbtillitsvalde/kontaktpersonar
Myklebust skule:
Trygve Grevle
Fiskå skule:
Wivi-Ann J. Koppen
Åheim skule:
Geir Nielsen
Syvde barnehage:
Karianne Taklo
Åheim barnehage:
Heidi Marie Løvold (Anita Petersen)
Solsikka bhg.(PBL):
May-Kristin Sandnes Krøvel
Rovde oppvekstsenter:
Vanylven kulturskule:
Rådhuset:
Van. kirkelege fellesråd:
Vaksenopplæringa:
Van. aktivitetssenter:
Åram barnehage:
Camilla Holmeset Aure
Sølvi E. Sjåstad
Gunvor M. Strand
Brit Irene Kvamme
Edel Sandnes
Anne-Lise Lillebø
Dagmar Vikebakk
2.4. Medlemsgruppe barnehage
Heidi Løvold har vore barnehagelærarane sin kontaktperson i
styret.
2.5. Leiarkontakt
I følgje vedtektene til Utdanningsforbundet, skal
lokallagsstyret alltid ha ein leiarrepresentant i styret.
Dagmar Vikebakk har hatt dette vervet sidan 1. august 2012.
4
2.6. Medlemsgruppe grunnskule
I det noverande styret kan både Ellen Stoltz, Silje Nielsen
Ruud og Geir E. Sandnes representere grunnskulen.
2.7. Representant frå VGO
Frå 1. august 2012 har Knut Warberg vore VGO-representanten i
lokallagsstyret. Lokallagsstyret ser det som viktig at den
vidaregåande skulen også er representert i styret.
2.8. Valkomite
Leiar:
Medlemmar:
Vara:
Aage Strand (John Willy Klungre)
Sølvi M. Gjerde
Gunn-Toril Stubbmo
Margareth Solheim Sandnes
Marte Myklebust
2.9. Forhandlingsutval:
Geir E. Sandnes, Dagmar Vikebakk og Heidi Marie Løvold
Vara: Ellen Stoltz og Silje Nielsen Ruud
2.10. Kontaktperson pensjonistane
Geir E. Sandnes har vore kontaktperson mellom fylkesleddet og
lokallaget. Det har vore liten aktivitet i 2014. Det er litt
synd, for talet på pensjonistmedlemmar er aukande.
2.11. Utval av tillitsvalde
Fungeringstida er på 1 år med oppstart 1. august kvart år.
Inneverande arbeidsår har Geir E. Sandnes (Hovudtillitsvald
I), Heidi Marie Løvold (Hovudtillitsvald II) og Silje Nielsen
Ruud sete i utvalet.
3. MEDLEMSTAL
Pr. 31.12.14 var det 119 medlemmar i lokallaget, same som ved
førre årsskifte. Medlemsmassen var fordelt på medlemsgruppene
barnehage (14), fagleg administrativ støttesystem (5),
grunnskule (57), vidaregåande skule (7) og pensjonistar(36).
4. AKTIVITETEN I LAGET:
Utifrå debatten på førre årsmøte i Årsmøtesak 5:
Retningslinjer for komande årsmøteperiode, utarbeidde styret
eit program for kva saker lokallaget skulle jobbe spesielt med
i inneverande periode. I tillegg vil der alltid dukke opp
ulike saker som vi må ta oss av etter kvart.
4.1. Styret
Lokallagsstyret handsama 48 saker på dei 9 styremøta i 2014.
To av styremøta var utvida styremøte; dvs at plasstillitsvalde
tar del i møta. Kontoret sender utskrift frå styremøta til
klubbane, kontaktpersonane og styremedlemmane.
5
4.1.1. Leiar/nestleiar
Medlemstalet i lokallaget avgjer storleiken på det sentrale
frikjøpet frå Utdanningsforbundet. Siste åra har dette
frikjøpet vore på 24 %. I tillegg har lokallaget kjøpt
styremedlemmane fri med 0,5 t/v. Leiaren utfører
kontorarbeidet og er ansvarleg for den daglege drifta av
laget.
Det er leiaren som førebur sakene som vert lagde fram og
handsama i styret. Kontoret er i kjellaren i Rådhuset, og
Utdanningsforbundet har i 2014 hatt kontortid delar av onsdag,
heile torsdag og heile fredag.
Lokallaget får ein del informasjon frå sentralleddet, men
først og fremst kjem informasjonsskriv og andre skriv frå
fylkesstyrekontoret.
All e-post kan ikkje vidaresendast. Leiaren prøver å gjere eit
utval og sender det han til ei kvar tid meiner er nyttig og
viktig informasjon til styremedlemmane og klubbane. Elles kan
alle medlemmar finne god informasjon gjennom heimesidene til
Utdanningsforbundet, både frå fylket og sentralt.
4.2. Tillitsvald etter Hovudavtalen
Storparten av arbeidet som hovudtillitsvald føregår gjennom
drøftingar med kommunalsjef for kultur og oppvekst, og med
kommuneadministrasjonen elles. Alle hovudtillitsvalde i
kommunen har faste ”Samhandlingsmøte” med rådmann og
personalrådgjevar ein gong kvar månad. Kanskje vert det ikkje
møte kvar månad, men vi ser på desse møta som viktige og
ønskjer såleis at kommuneleiinga prioriterer samhandlingsmøta.
Hovudtillitsvald representerer lokallaget i alle nemnder og
utval. Det vert stadig oppretta ”grupper” av kortare eller
lengre fungeringstid der den hovudtillitsvalde skal forfekte
Utdanningsforbundet sine synspunkt.
Elles førekjem det ein del spørsmål frå enkeltmedlemmar;
spørsmål om lov- og avtaleverk, løn, arbeidstid, ferie,
pensjon o.l.
Personalansvaret for medlemmane ligg hjå kommunalsjef for
kultur og oppvekst. Ein del saker, som t.d. permisjonar ein
har rett til etter lov- og avtaleverk, har etter kvart vorte
delegerte til mellomleiarane. Men ”tyngre” saker skal alltid
drøftast med den hovudtillitsvalde på kommunenivå.
4.4. Medlemsmøte
Dato
Stad
24.04.
Syvde samfunnshus
15.09.
Fiskå skule
Tema
___________
Årsmøte (Sindre Sandbakk)
Tariff PBL (Lokallagsleiaren)
Grunna mykje arbeid i høve tariffoppgjeret, påfølgjande streik
og lokale forhandlingar, vart det dessverre ikkje arrangert
andre medlemsmøte i 2014. Styret kan ikkje anna enn beklage
dette, men håper å kome sterkare att i 2015.
6
4.5. Klubbar
Aktiviteten på dei ulike arbeidsplassane vil alltid variere.
Men dersom lokallaget krev svar på høyringar og liknande,
brukar klubbane å vere flinke til å svare.
Elles føregår det sikkert klubbmøte som styret ikkje veit om
rundt om på arbeidsplassane. Styret vil svært gjerne ha
referat frå desse møta slik at vi er orienterte om kva dei
ulike klubbane er opptekne av.
4.6. Medlemsgrupper
Medlemmane skal no, så langt det er naturleg, tilhøyre ei av
følgjande medlemsgrupper: Barnehage, grunnskule, vidaregåande
opplæring/fagskule, høgskule og universitet, fagleg og
administrativt støttesystem og pensjonistar. Valnemnda prøver
å få dei ulike medlemsgruppene representerte i styret. I
vedtektene er det nedfelt at ein leiarrepresentant skal vere
medlem i lokallagsstyret.
5. MØTE/KURS I ORGANISASJONEN
Kursa og møta vi har delteke på vert vanlegvis arrangerte av
fylkeslaget, men det er òg sentrale kurs der lokallaget er
representerte.
5.2. Kurs/møte på fylkesplan
I løpet av eit år vert det arrangert fleire kurs og møte av
fylkeslaget. Skuleringa Utdanningsforbundet gir sine
tillitsvalde på alle plan er svært god. Alle nye
tillitsvalde, anten dei sit i styret eller som
arbeidsplasstillitsvalde, får tilbod om ei grunnskulering i 3
modular. Første kurset vert arrangert av lokallaget, dei to
andre av fylkeslaget. I tillegg vert det halde
oppfølgingskurs for røynde plasstillitsvalde kvart år.
Når det gjeld møte på fylkesplan, er det leiar og
hovudtillitsvald som stort sett møter på desse. Slike møte
kan det vere fleire av kvart år.
6. REPRESENTASJON I KOMMUNALE ORGAN
Som organisasjon har Utdanningsforbundet Vanylven vore
representert i fleire kommunale organ:
6.1. Livsløpsutvalet
Den tillitsvalde etter hovudavtalen har møte- og talerett i
Livsløpsutvalet.
6.2. Arbeidsmiljøutvalet
Laget har ein representant i utvalet (Geir E. Sandnes).
Aktiviteten i AMU har dessverre ikkje vore så stor i kommunen
vår siste åra. I 2013 vart det halde to møte og i 2014 eitt
møte. Etter at arbeidsgjevar overtok leiarvervet våren 2014,
har det ikkje vore møte i utvalet.
7
6.2.1. Vernetenesta elles
Desse fungerer som verneombod:
For Rovde Oppvekstsenter
For Myklebust skule
Syvde barnehage
Fiskå skule
For Åheim skule
Åheim barnehage
Rådhuset
Åram oppvekstsenter/barnehage
Vernepleietenesta
:
:
:
:
:
:
:
:
:
Hovudverneombod i kommunen
Eli Hånes
Trygve Grevle
Heidi Velsvik
Reidar Vidnes
Ellen Stoltz
Hilde-Bjørg Hermansen
Sigurd Rovde
Marina Sandvik
Jofrid Øyra
: Trygve Grevle (Reidar
Vidnes)
6.3. Administrasjonsutvalet
Laget har ein representant i utvalet. For tida er dette Geir
E. Sandnes. Det har ikkje vore møte i dette utvalet i 2014.
6.4. Personalsaker:
Det er kommunalsjef for kultur og oppvekst og
personalrådgjevar som handsamar sakene (delegert frå
Rådmannen). Den hovudtillitsvalde har drøfterett. Ankeinstans
er Administrasjonsutvalet og/eller Formannskapet. Vanskelege
saker kan òg drøftast med rådmannen og personalrådgjevar.
Rektor og barnehagestyrar handsamar permisjonssøknader som ein
har rett til etter lov- og avtaleverket.
7. TILTAK VI HAR STØTTA
Utdanningsforbundet Vanylven støtta årets TV-innsamling med
3000 kr.
8. LITT OM SAKER VI HAR ARBEIDD MED
Utifrå skrivet om satsingsområde og referata frå styremøta kan
medlemmane halde seg orienterte om saker det vert jobba med i
styret.
I tillegg til dette, vil det alltid vere ein del høyringar som
det skal svarast på, både frå sentralt hald og frå
fylkeslaget. Fleire av høyringane kan vere arbeidskrevjande,
og det tar mykje tid før alle opplysningar er på plass.
Høyringar dette året har først og fremst omhandla tariff,
lokale forhandlingar, arbeidstid i skule og barnehage,ny
barnehagelov, kommunebudsjett osv.
Fiskå 3. mars 2015
Heidi Løvold
Silje Nielsen Ruud
Knut Warberg
Ellen Stoltz
Dagmar Vikebakk
Geir E. Sandnes
STYRET SI INNSTILLING:
Årsmøtet godkjenner årsmeldinga for 2014.
8
SAK 4: REKNESKAP FOR PERIODEN 1.1.14 - 31.12.14
Rekneskapen er lagt ved som eige dokument, og vert gått
gjennom på årsmøtet på vanleg måte. Det vert då høve til å
stille spørsmål til dei ulike postane.
Rekneskapen vert ført av fylkeskontoret og revidert av ekstern
revisor.
STYRET SI INNSTILLING:
Årsmøtet godkjenner rekneskapen for 2014.
SAK 5: RETNINGSLINJER FOR ARBEIDET KOMANDE
ÅRSMØTEPERIODE
I vedtektene til Utdanningsforbundet heiter det at
retningslinjer for arbeidet i komande årsmøteperiode skal opp
som sak på lokallagsårsmøtet. Overordna arbeidsfelt vil
alltid vere å betre medlemmane sine vilkår vedkomande løn og
arbeidstilhøve; noko som kan vere vanskeleg nok i tronge
økonomiske tider og med kraftig press på arbeidstidsavtalar.
Styret tar gjerne imot innspel frå årsmøtet i tillegg til det
forslaget som ligg føre.
STYRET SI INNSTILLING:
Årsmøtet godkjenner styret sitt forslag til retningslinjer for
arbeidet komande årsmøteperiode.
SAK 6: VAL
Lokallagsleiaren sende skriv til valnemnda ved leiar 15.
januar 2015. Skrivet var ei orientering om oppdraget til
valnemnda i samband med lokallagsårsmøtet 2015; blant anna
kven som står på val i styret og andre posisjonar det skal
skaffast folk til.
På val i år:
Dagmar Vikebakk (nestleiar og leiarrepresentant)
Ellen Stoltz (styremedlem grunnskule)
Knut Warberg (styremedlem VGO).
I tillegg skal det veljast to delegatar med personlege vara
til fylkesårsmøtet; ein frå medlemsgruppa grunnskule og ein
frå medlemsgruppa barnehage.
9
FRÅ VALNEMNDA:
VALKOMITEEN HAR NOMINERT FYLGJANDE KANDIDATAR:
Nestleiar (1 år)
: Heidi Marie Løvold
Styremedlem (2 år)
: Dagmar Vikebakk
Styremedlem (2 år)
: Ellen Stoltz
Styremedlem, leiarrepr. (2 år): Janne-Kristin Torvanger
Utval av tillitsvalde (1 år)
: 1. Hovudtillitsvald I
2. Hovudtillitsvald II
3. Silje Ruud
Delegatar til fylkesårsmøtet:
Medlemsgruppe grunnskule : Silje Nielsen Ruud
Vara grunnskule
: Ellen Stoltz
Medlemsgruppe barnehage : Heidi Marie Løvold
Vara barnehage
: Dagmar Vikebakk
Nytt styre vert då:
Leiar og htv I
Nestleiar og htv II
Styremedlem
Styremedlem
Styremedlem
Styremedlem (leiarrepr.)
Varafolk til styret
:
:
:
:
:
:
Geir E. Sandnes
Heidi M. Løvold
Dagmar Vikebakk
Ellen Stoltz
Silje Ruud
Janne-Kristin Torvanger
: 1. Kjell Helge Nordal
2. Marta Bøstrand
3. Liv Ingunn Vada
(1
(1
(2
(2
(1
(2
(1 år)
(1 år)
(1 år)
FRÅ STYRET:
Kandidatar til nytt fylkesstyre:
Alle som har takka JA til attval. I tillegg Randi Lyngbø
Ottesen (Ulstein) medlemsgruppe FAS og Orlaug Kårstad
(Ørsta)medlemsgruppe grunnskule.
Valnemnd
Leiar: Aage Strand (1 år)
Medlemmar: Sølvi M. Gjerde (1 år), Margareth S. Sandnes
(1 år), Gunn-Toril Stubbmo (1 år)
Vara: Marte Myklebust (1 år)
10
år)
år)
år)
år)
år)
år)
SAK 7: BUDSJETT FOR KOMANDE PERIODE (2015)
Styret handsama budsjettet for komande periode på styremøtet
10. februar 2015.
POST
Kontingentinntekter
Refusjon SPK-midlar
Sum driftsinntekter
INNTEKTER
103.700
16.300
120.000
POST
Møtegodtgjersle u/feriepengar
Arbeidsgjevaravgift
Leige kontorlokale
Revisorhonorar
Frikjøpsordningar
IKT-konsulentar drift
Kontorrekvisita
Datarekvisita
Edb-utstyr over drift
Diverse kontor og adm.kostnader
Bilgodtgjersle – trekk- og avgiftsfri
Passasjertillegg
Andre reiseutgifter
Hotell
Bevertning ved møte
Deltakaravgift møte/kurs
Andre kurs/møte kostnader
Støtte andre organisasjonar
Sum utgifter
UTGIFTER
0
0
2.000
0
78.000
2.000
1.000
0
0
3.000
3.000
0
0
4.500
20.000
2.000
1.500
3.000
120.000
STYRET SI INNSTILLING:
Årsmøtet godkjenner budsjettet for 2015.
SAK 8: AKTUELT I UTDANNINGSFORBUNDET
I år er det nestleiar i fylkesstyret, Anne Marie Bergset, som
vert gjest på årsmøtet vårt. Ho kjem til å snakke om kva som
rører seg i Utdanningsforbundet akkurat no.
11