Info om lokallaget.pub

ÅRGANG 1, NUMMER 1
Informasjon om
lokallaget
Telefon: 57 72 20 40
Kjære medlemmer
Postadresse: Boks 332, 6801 Førde
Godt nytt skule- og barnehageår. I samband med oppstart av nytt
skule- og barnehageår ynskjer vi å sende ut informasjon om Utdanningsforbundet Førde. Nedanfor har vi skrive nokre ord om oss slik at
medlemmer får litt kunnskap om lokallaget og Utdanningsforbundet
som dei er ein del av.
Lokallagsleiar og hovudtillitsvald
Besøksadresse: Kommunehuset, 3. etg
E-postadresse:
[email protected]
Nettadresse: www.udf.no/forde
Ei viktig oppgåve er å
hjelpe medlemmer med
spørsmål om organisasjonssaker og medlemskap.
- Vi er det største lokallaget i fylket, men ynskjer
alltid nye medlemmer
velkommen!
Tor Inge er fast medlem i
arbeidsmiljøutvalet og
vara til administrasjonsutvalet.
Frå venstre: Steinar Strømsli og Tor Inge Brenne
Tor Inge Brenne har vore
lokallagsleiar i tre år. Han
har det overordna ansvaret for alle organisasjonssaker i kommunen og har
ansvaret for økonomi og
drift av lokallaget. . Han er
leiar for medlemmer i offentlege og private arbeidsplassar i kommunen.
- Eg trivst veldig godt i
vervet og ser på jobben
som meiningsfull og viktig, seier han.
Steinar Strømsli er hovudtillitsvald for tilsette i
Førde kommune som har
sin arbeidsplass i skule og
PPT. Han har og ansvar
for einingsleiarane i kommunen.
- Eg er ofte i møte med
arbeidsgjevar om saker
som vedkjem arbeidssitu-
asjonen til tilsette. Det er
viktig at profesjonen si
røyst vert høyrd når ulike
saker skal avgjerast, seier
han.
Til hausten er det lokale
forhandlingar og mykje
tid og krefter vil gå til det.
- Vi skal ha ei runde med
alle klubbane om kva
prioriteringar dei har, så
får vi krysse fingrane og
håpe på gode resultat,
avsluttar han.
Steinar sit som fast medlem i administrasjonsutvalet og arbeidsmiljøutvalet.
Tor Inge er hovudtillitsvald for tilsette i barnehagane i Førde kommune.
Visste du at...
… Utdanningsforbundet er den suverent største og mest betydningsfulle organisasjonen for pedagogar?
… Førde lokallag har 506 medlemmer?
… fylkeslaget har i ca. 3900 medlemmer?
… at Utdanningsforbundet har 147 000 medlemmer?
… Førde lokallag har medlemmer på 42 arbeidsplassar (kommunale, fylkeskommunale, Helse Førde, statleg og
private arbeidsplassar)?
… vi har 28 arbeidsplasstillitsvalde og 3 kontaktpersonar?
… vi organiserer førskulelærarar, lærarar, leiarar og tilsette i fagleg og administrative støttesystem?
… vi er det største lokallaget i Sogn og Fjordane?
… lokallaget har årsmøte kvart år?
… fylkeslaget har årsmøte kvart tredje år?
… Utdanningsforbundet vart samanslått av Norsk lærarlag og Lærerforbundet i 2002?
… lokallagskontoret ligg i 3. etasje i kommunehuset?
Side 2
INFORMASJON OM LOKALLAGET
Hovudtillitsvald fylkeskommunen
Rune Hovland har vore
hovudtillitsvald i snart fire
år. Han er fast medlem i
fylkesstyret og har ansvar
for kontakt med arbeidsgjevar i fylkeskommunen.
Som HTV sit han i ei rekkje
utval; hovudsamarbeidsutvalet, fagoplæringsnemda og tilsettjingsutvalet for vidaregåande
opplæring. I tillegg har han
møte og talerett i Hovudutval for opplæring. I hovudutvalet sit det politikarar som skal styre arbeidet
med utdanningsspørsmål
som fylkeskommunen er
ansvarleg for.
- Det vert ein del reising i
dette vervet sidan eg sjølv
har kontor i Førde og fylkesadministrasjonen sit i
Leikanger, men det er
spennande og mange utfordringar som ikkje gjer
ein dag lik, seier Rune.
Ei viktig oppgåve for Rune
er å hjelpe dei plasstillitsvalde omkring på dei ulike
skulane i fylkeskommunen.
- Vi har ein god kommunikasjon. Eg får viktig informasjon om kva som rører
seg ute i skulane og eg
gjev råd og hjelp tilbake til
dei tillitsvalde.
Rune har sin opphavlege
arbeidsplass på Hafstad
vgs og har lang fartstid
som tillitsvald. Før han vart
HTV sat han fleire periodar
i lokallagsstyret til Førde
lokallag.
Rune Hovland, HTV i
fylkeskommunen
Struktur
Utdanningsforbundet er
delt inn i fire nivå:
Sentralt nivå
Landsmøtet er det øvste
organet i heile Utdanningsforbundet. Landsmøtet vedtar viktige politiske
retningar og økonomiske
prioriteringar. Landsmøtet
vert gjennomført kvart
tredje år. I tillegg har vi
representantskapet som er
det øvste nivået mellom
landsmøta. Sentralstyret
er organisasjonen sitt øvste utøvande organ.
Fylkeslag
Fylkesstyret er øvste utøvande myndigheit på fylkesplan. Fylkesstyret arbeider på oppdrag frå fylkesårsmøtet som vert
gjennomført kvart tredje
år. Fylkeslaget har hovu-
dansvaret for skulering av
tillitsvalde rundt om i kommunar og arbeidsplassar.
Lokallag
Årsmøtet er det høgste
organet i lokallaget og vert
gjennomført kvart år. Lokallagsstyret er øvste utøvande myndigheit i lokallaget og arbeider på oppdrag frå årsmøtet.
Klubb
På ein arbeidsplass utgjer
alle medlemmene ein
klubb. Klubben skal vere
ein møteplass der alle
medlemmer skal ha ein
direkte innverknad på politiske prosessar og på val
av tillitsvalde. Kvar arbeidsplass skal ha ein tillitsvald.
Styret i Førde lokallag
Leiar: Tor Inge Brenne, Halbrend skule
Nestleiar: Hans Otto Holme, Hafstad vgs
Styremedlemmer: Hege Skarvøy, Øyrane vgs, Karin Svoen, Mo og Jølster vgs, Sissel Karin Sande, Førde u.sk., Steinar
Strømsli Halbrend sk., Ingerid Grane, Førde fam.bhg., Ann Mari Støldal, Vieåsen bhg, Hallgeir Hamre, Førde u.sk.
Vara: Lisbeth Lauritsen, Halbrend sk., Trude Horne, prestebakken bhg, Anne Brit Sande, Mo og Jølster vgs.