DEN NORSKE KYRKJA Finnås Prestegjeld Bremnes kyrkjelyd Årsmelding 2014 BREMNES SOKNERÅD Soknerådet si samansetjing: Leiar: Berit Hallaråker Nestleiar: Odd Kåre Sakseid Kasserar: Magnar Andreas Økland Sekretær: Målfrid Stautland Medlemer: Karl G Mæland, Kari Hellen, og Asbjørn Gundersen. Varamedl: Bjarte Aartun, Leif Røyrøy, Elin Nesse Jordal Representantar i Bømlo Kyrkjelege Fellesråd: Karl Mæland, leiar og medlem av fellesrådet sitt administrasjonsutval og –arbeidsmiljøutval. Målfrid Stautland, medlem og 2. vara til fellesrådet sitt administrasjonsutval Vararepresentantar: Odd Kåre Sakseid 1.vara og Kari Hellen 2. vara Møte/tilskipingar: Det har gjennom året vore 11 ordinære rådsmøte. 1 samrådingsmøte med bedehuskrinsane og ungdomsheimen, i okt. Arbeidsutvalet har hatt 11 møte for å førebu saker for rådet. Kyrkjelyden sitt årsmøte vart gjennomført 30.03.14, i samband med ei gudsteneste. Det har vore gjennomført konsertar både med soknerådet og kantoriet som arrangør, og kyrkja har vore utleigd til andre konsertutøvarar. Soknerådet var også medarrangør for ungdomsarrangementet på Bømlohallen den 16.mai.2014 G2-gudstenester 1 soknemøte Saker som ligg fast i perioden er: Gjennomføring av fasteaksjonen med deltaking av konfirmantane Tildeling av offer Godkjenning av gudstenesteoppsettet i samarbeid med gudstenesteutvalet Arbeid i samband med konfirmasjonsgudstenestene Godkjenning av andre arrangement i kyrkja, m.a. konsertar i samarbeid med kantor Oppnemning av kyrkjevertar Utarbeide budsjett Behandle saker som vert oversendt soknerådet frå utvala og andre innkomne saker. Andre saker: Innføring av den nye salmeboka. ”Hundre gir 100” er ei fast gjevartenesta. Det har vore arbeid med å få med fleire faste gjevarar til diakonistillinga. Oppgradering av kyrkja: o utbygging av galleri o nytt golv og stolar o malt vegger og søyler o nye trekk på stolane i koret, på knelering og kneleskammel o nytt trekk på og rundt alteret o nytt golvbelegg inni altarringen I oppgraderingsperioden vart Rubbestadneset bedehus nytta til gudstenester og andre kyrkjelege arrangement. Visjon for vidare arbeid: Arbeide for å gjere gudstenestene opne og inkluderande. Jfr utdrag frå biskopen sitt visitasføredrag: Mi viktigaste melding til dykk er: Ta vare på den gode tradisjonen, tilpass han til vår tid og gje han vidare til nye generasjonar. Frå Trusopplæringsplanen: Me vil at barn og ungdom på Bømlo skal møta ei raus og tydeleg kyrkje slik at dei får hjelp til å leva livet i tru, håp og kjærleik. Målgruppa skal etter gjennomført plan kunna seia: "Eg er døypt, eg er ein del av kyrkja." Følgje opp dei frivillige medarbeidarane i kyrkjelyden. Setje av tid på nokre soknerådsmøte til å drøfte det indre livet i kyrkjelyden, m.a. utfordringane biskopen gav kyrkjelydane i visitasføredraget. Soknerådet har det overordna ansvaret for at ”kirkelig undervisning, kirkemusikk og diakoni innarbeides og utvikles i soknet” slik det står i kyrkjelova av 7. juni 1996, men dei ymse utvala har fått delegert ansvar for den delen av det kyrkjelege arbeidet mandatet tilseier, og utvala arbeider svært godt. Utval Arbeidsutval: Oppnemnde medlemmer: Berit Hallaråker, Magnar Økland og Målfrid Stautland Utvalet har ansvaret for å setje opp sakliste for soknerådsmøta, og gjera vedtak i enkle saker og hastesaker. Gudstenesteutvalet: Oppnemnde medlemmer: Arnfinn Norheim (leiar) , Karsten Nesse, Asbjørn Gundersen, Jostein Molde, Eivind Innvær, Synnøve Nilsen Ådnanes, Leif Røyrøy og Berit Hallaråker. Hovudansvaret er å vera rådgjevande organ for soknerådet i saker som vedkjem gudstenestelivet. Utvalet har hatt eitt møte og handsama fem saker i 2014. Trusopplæringsutval (TOL-utval): Undervisningsutvalet gjekk i 2014 over til Trusopplæringsutval (TOL-utval) og har då i lag med kyrkjelydspedagogane ansvaret for å innføra og gjennomføre tiltaka i Trusopplæringsplanen i vårt sokn. Oppnemnde medlemmer er: Liv Tveit Sæverud, Eva Høviskeland Gloppen, Målfrid Stautland. Kyrkjelydspedagogane møter når saklista tilseier det. Utvalet har hatt 1 møte i 2014, men delteke ved fleire arrangement: Deltaking ved Tårnagenthelga for 9 åringar Deltaking ved o innskriving av konfirmantar o konfirmant- og foreldresamling for heile Bømlo Saman med kyrkjelydspedagogane drøfta utvalet Plan for trusopplæring, tiltaka som er i gang og korleis innføre dei nye tiltak i kyrkjelyden vår. Trusopplæringstiltak som er i gang 2014: o Babysong o 4-årsbok o 6-åringane får barnebibel o Tårnagenthelg (9-åringane) o Lys vaken (11-åringane) o Open kyrkje for fjorårskonfirmantar. Diakoniutvalet: Oppnemnde medlemmer: Bjarte Aartun, leiar, Randi Hillesøy Kallevåg, Olga Fylkesnes, Jan Inge Nord, Aud Risøy, Reidun Vikne Molde og Magnar Andreas Økland (referent). Diakonimedarbeidar Sissel F. Våge har møtt på alle møta. Utvalet har hatt 4 møte i 2014 og har arbeid med: o miljøtiltak på asylmottaket på Svortland o kristne interkulturelle treff på Ungdomsheimen med bibelhistorie, mat, prat og litt om samfunnet. Har vore på utflukter til Moster, Hiskjo, Ersland og til Stord KIA. Dei frå Stord deltok på arrangementet på Hiskjo. o helsingar til jubilantar i soknet som har runda 80, 90 og 100 år o blomehelsingar til dei som har mist ektefelle eller born i løpet av året o besøksteneste. Det er seks nye besøkjarar i Bremnes sokn i 2014 o fellesmøte med alle utvala med info om arbeidet diakoniutvalet gjer, m.a. diakoniplanen o delteke på 16.mai-arrangementet i Bømlohallen o er støttande i det arbeidet som kyrkjediakonen gjer o nytt samlivskurs o sorggruppekurs for dei som har mista ektefelle o delteke på felles minnegudsteneste med Moster og Bremnes o seks treffkveldar/forenkla gudsteneste tilpassa utviklingshemma i kyrkja o songstund på sjukeheimen i saman med trekkspelklubben o åtte andakter på BBR Kyrkjemusikalsk arbeid. Kyrkjemusikalsk kontakt for soknerådet: Berit Hallaråker, fagleg ansvarleg: Jostein Molde. Det vart i 2014 arrangert seks konsertar/salmekveldar o.l. i kyrkjelyden sin regi og to konsertar i regi av andre. Samla frammøte var i overkant av 2.500 menneske, noko som gjev eit svært høgt gjennomsnitt. Den tradisjonelle julekonserten i soknerådet sin regi var truleg den beste nokon gong. Det nystarta Bømlo Gospel hadde ein vellukka og fin debutkonsert i romjula. Bremnes kantori hadde 45 medlemer i jubileumsåret. 25-årsjubileet vart feira m.a. med vellukka konsertar i Bremnes, Stord og Bømlo kyrkjer, saman med innleigde musikarar. Koret har delteke ved 16 gudstenester i Bremnes kyrkje/Rubbestadneset bedehus (grupper og samla kor) og ei gudsteneste i Moster Amfi. Soul Children øver fast i kyrkja og har delteke ved to gudstenester. Medlemstalet har auka gjennom 2014. Havdur har delteke med forsongarar. Instrumentalistar har delteke i nokre gudstenester. Tekstelesarar: Berit Hallaråker, Anders Stavland, Randi Hillesøy Kallevåg og Håkon Staveland Dei gjer teneste som tekstlesarar ved gudstenester og er med for å formidla bibeltekstane på ulike måtar for kyrkjelyden. Kreativ tenestekomite: Medlemmer: Ingebjørg Dale Madsen, leiar, Målfrid Stautland og Elisabeth Kvelland Komiteen har ansvar for å pynte i kyrkja ved spesielle høve, t.d. konfirmasjonsgudstenester. Ved nokre høve er målet med utsmykkinga at kyrkjelyden skal få oppleve bibelteksten eller temaet for gudstenesta, med andre sansar enn høyrsla. Kyrkjekaffikomite: Medlemmer: Jorunn Glittenberg, Aud Risøy og Marit B. Hollund. Kyrkjekaffien er eit viktig innslag for å skapa og ta vare på fellesskapet i kyrkja. Dei har laga til trivelege stunder etter gudstenesta, der kyrkjelyden kan ta seg tid til ein prat, kaffi og noko å bita i. I 2014 har dei 9 gonger servert kyrkjekaffi etter gudstenesta og dekka kveldsmåltid etter forbønsgudstenester. Komiteen har også ansvar for at det vert servert frukt ved hausttakkegudstenesta. Mange stoppar for ein prat og kaffi. Video-overføring til BBR og sjukeheimen. Det er 8 personar som syt for at gudstenester og anna som soknerådet har ansvar for i kyrkja, vert video-overført til BBR og Bømlo sjukeheim. Hermann Økland har hovudansvaret. Dei andre er som er med er Jens Steinsbø, Oddvar Pedersen, Borghild Hjelmeland, Kjell Rolfsnes, Lars Ersland, Nils A Stautland og Sverre Håvik. Ei viktig teneste til glede for dei som sjølv ikkje kjem seg til kyrkje. Videooverføringa har for ein stor del av 2014 berre gått til BBR. Ymse kontaktpersonar. Odd Kåre Sakseid – KN-kontakt. Han har ansvaret for å koordinera innsamlingsarbeidet for KN som er konfirmantane sitt vårprosjekt. Håkon Staveland er soknerådet sin representant i styret for Gjevartenesta for soknediakonstillinga. Medlem av Estlandskomitéen er Håkon Staveland og Halldis Bjørkum. Komitéen har ansvar for kontakt med vennskapskyrkjelyden vår i Sangaste. Statistikk: Bremnes Døypte Konfirmerte Kyrkjeleg vigsel Gravferder Gudstenester Musikkand./Konsertar Innmelde DNK Utmelde DNK Takkoffer/Kollekt Givartenesta Andre innsaml.i soknet Deltaking v/ alle gudst. Bremnes 2014 86 78 5 50 69 8 3 1 327398 74500 109190 12562 2013 65 91 8 54 68 12 2 10 376341 60 000 88 413 12 834 Økonomi: Det vert vist til rekneskapen. Strukturen i det arbeidet som soknerådet har ansvar for, fungerer godt, men innsatsen dei mange trufaste frivillige gjer kvart einaste år, er heilt avgjerande. Soknerådet takkar alle medlemene av utvala og alle andre som gjer ein stor og viktig innsats for at kyrkjelydslivet skal kunna veksa. Me takkar også for det gode samarbeidet me har med dei tilsette på kyrkjekontoret. Årsmelding 2014 er godkjend i Bremnes sokneråd 17.02.2015 Berit Hallaråker leiar Sak 03-15-15 Målfrid Stautland sekretær
© Copyright 2024