MØRE-NYTT LAURDAG 25. APRIL 2015 9 Rundbaneritt i Hovdebygda i juni Ørsta sykkelklubb skal søndag 28. juni arrangere rundbaneritt for terrengsykkel i Hovdebygda. Løypa går ut på vegen på Ytrestøylen og langs Hovdevatnet frå opninga av Helgehorntunnelen til Hovden Møbel. – Det vert turklasse for alle over 17 år, og eiga trimklasse for alle, seier Kjetil Myklebust. Farkvamen med byggjeplanar Vil opne treningssenter i Ørsta Farkvamen barnehage har planar om utviding og søkjer no dispensasjon frå reguleringsplanen til kommunen. Det vert søkt om dispensasjon frå både byggjeliner, gesimshøgd og mønetak. Det skal m.a. etablerast flatt tak som gir bygningsmassen eit moderne uttrykk, går det fram av ein søknad. Turker Sayar ønskjer å opne treningssenter i Ørsta. Han har skrive brev til kommunen der han leitar etter lokale. – Eg vil starte «gym» med styrkeløft og «strongman»-trening som også kan kombinerast med crossfit. Eg er ute etter lager utan glasvegger, seier Sayar i brevet til kommunen. Møtte snøfriske geiter Nyleg var elevane i arbeidslivsfaget 9. trinn ved Ørsta ungdomsskule på besøk på Bueide gard i Volda kommune. Kring 200 mjølkegeiter og bonde Anders Bueide tok i mot Ørsta-gjengen. Geitefjøsen var ny i fjor og er tilpassa miljøvennleg og moderne drift. – Det var ei sterk lukt frå geitebukkane, fortel elev Håvard Urkegjerde Åmås. – Å vere saman med geitene var veldig gøy. Dei var søte, seier Andrea Hovden. Leverer til Ørsta Då elevane kom inn i fjøsen, såg dei først mjølkestasjonane, der det er plass til 40 geiter samtidig. Mjølka frå mjølkestasjonen går til mjølketanken to gongar i døgnet, og seinare kjem det ein tankbil og fraktar geitemjølka til meieriet i Ørsta. Der vert Volda-mjølka brukt til både Snøfrisk-produksjon og brunostar. Anders Bueide leverer to hundre tonn geitemjølk til meieriet i året. – Å få lov til å mjølke geitene var interessant og kjekt. For meg såg det ut til at geitene hadde god trivsel, konstaterer Dawit Abebe. – Geitene kunne nappe oss litt, men berre for å vere godslege, trur Emilie Follestad Ørstavik. I fjøsen fekk elevane sjå at geitene hadde gode tarmar der mykje avføring kom ut. Dei fekk mat via samleband, og det medførte at den maten som vart fordelt i eit måltid, vart ført ut av lokalet etter avslutta måltid. Fleire millionar Elevane var imponert over at bonden ville satse fleire millionar på geitedrifta si. – I denne fjøsen var det veldig reint. Det var mange fine geiter, men då dei kom samla i flokk i full fart mot oss inni fjøsen, var det nesten litt skummelt. Like fullt var det fint å kunne få halde nokre av killin- I fjøsen: Bonde Anders Bueide tok i mot ørstaelevar i geitefjøsen sin på Bueide i Volda kommune. gane, seier Nadja Tharai Skarstein. – Om sommaren må bøndene jobbe meir enn om vinteren. Geitene var snille, fortel Bhumika Subba. – Gutekillingar vert oftast sendt til slakteriet, fordi bøndene har ikkje bruk for så mange bukkar kvar, opplyser Arthur Bueide Gulla. – Dei nyfødde kjea var søte og gode kosedyr, uttalar Liza Bisrat Tesfai. – Dei minste geitene var dei kjekkaste å kose med, meiner Ingrid Eiken. Leikerom i fjøsen Når det gjeld lydnivået hjå geitene, vart elevane imponerte over kor stille dei eigentleg var. Dei var også danna då dei stilte seg fint på rekke og gjekk til dei ulike stasjonane i bustaden sin; mjølkestasjonen, matstasjonen, drikkestasjonen og ikkje minst leikestasjonen ... gang, seier Markus Andre Engeseth. Paddeliv På veg heim frå gardsbesøket nytta ørstaelevane høvet til å stoppe ved den store padda i Austefjorden. – Eg hadde høyrt om den store padda, men ho var endå større enn eg hadde trudd på førehand, konstaterer Khaled Khaliqi. Det vart ein del klekkeri ved padda, då fleire nytta høvet til å ta «paddefiar». Elevane i arbeidslivsfaget likte seg godt i geitefjøsen. - Geitene leikte seg ved å hoppe litt, springe litt og klatre oppover nokre pallar som var lagt ut over, poengterer Ingrid Myklebust Brautaset. – Det var kjekt å gjere noko utanfor skulen. Det var artig å vere i ein geitefjøs for første Tekst og foto: Faglærar Hjørdis Almelid Vikenes og elevane i arbeidslivsfaget 9. trinn ved Ørsta ungdomsskule
© Copyright 2024