Hardanger folkeblad 15. mai side 8 og 9

8
Fredag 15. mai 2015
Fredag 15. mai 2015
9
Framtidsvisjon om sportsfiskedestinasjon
Optimist: – Sportsfisketurisme kan gje arbeidsplassar, livskvalitet og vekst dersom ein satsar profesjonelt og forvaltinga erkjenner potensialet, sa Lars Brinch Thygesen frå Danmarks
sportsfiskerforbund. Han viste til storstila satsing på naturbetringsprosjekt i heimlandet.
Kva skal til for å gjera
Hardanger til ein europeisk
sportsfiskedestinasjon?
Det kan høyrast ut som ein
uoppnåeleg framtidsvisjon
med dagens situasjon for
villaks- og sjøaurestammene i regionen, men
miljøkonsulent i Danmarks
sportsfiskeforbund, Lars
Brinch Thygesen, peikar på
ein veg ut av uføret.
Lars Arvid Oma
[email protected]
I føredraget sitt på Hardangerfjordseminaret i Norheimsund i
helga, presenterte Thygesen ei
oppskrift som har fungert godt i
Danmark, og som truleg kan ha
overføringsverdi til ei eventuell
framtidig satsing i Hardanger.
– For det første må ein ha eit
godt grunnprodukt. Folk vil ikkje bli lurt. Skal ein fiska laks
og sjøaure er folk interesserte i
den opphavlege villfisken, ikkje
oppdrettsfisk. I tillegg må folk få
tilgang til attraktive og ekte naturopplevingar, sa Thygesen.
I tillegg til det første trinnet
på ”femtrinnsraketten”, grunnproduktet, lista Thygesen opp
fire andre punkt som må vera på
plass i ei målretta satsing på ein
sportsfiskedestinasjon: Sørvis, digital infrastruktur, organisasjon og
partnarskap, og marknadsføring
og sal.
Stort potensial
– Gjestene skal ha fine opplevingar i sportsfisket, men folk ynskjer også moglegheiter til sosialt
samvær og kjekke opplevingar på
”fritida”. Ein sportsfiskedestinasjon må vera prega av profesjonalisme, god sørvis og interesse for
gjestene. Det kostar ikkje å smila,
eller yte ekstra god sørvis. Tilhøva
i Danmark er ikkje perfekte, men
me er på veg mot noko som fungerer, sa han.
Thygesen framheva at Noreg
har eit stort potensial med dei naturkvalitetane landet rår over. Når
ein lukkast med ei slik satsing i
Danmark, med langt «enklare» og
mindre spektakulær natur, bør Noreg ha store moglegheiter, meiner
han.
”Blinde” nordmenn
Han teikna eit bilete av to land
med ulike utfordringar i forhold til
natur og villfisk.
– Danmark og Noreg har både
likskapar og ulikskapar når det
gjeld rammevilkåra. I Noreg er det
så mykje vill og vakker natur at eg
kanskje provoserer når eg seier at
nordmenn verkar blinde for desse
ressursane, sa han.
Den danske miljøkonsulenten
meir enn antyda at nordmenn ikkje alltid er klar over naturherlegdomane sine, og moglegheitene
knytt til dei naturtilhøva som finst
rett framfor nasetippen.
– Men det finst også likskapar.
Norge har ein stor produksjon av
sjømat, mellom anna i oppdrettsnæringa. Me har høyrt mykje om
lakserømming og lakselusproblem. Danmark har på si side ein
stor landbruksproduksjon, og me
har miljøutfordringar knytt til denne næringa når det gjeld utslepp
og arealbruk. I mitt land er om
lag 64 prosent av arealet nytta til
landbruk. Det er avgjerande med
eit samarbeid med denne næringa
når me skal gå i gang med naturbetringsprosjekt, sa han.
– Sportsfisketurisme har ei
framtid
Han peika på villfisk som ein
fornybar ressurs som kan utnyttast
i reiselivssamanheng.
– Natur- og sportsfisketurisme
har ei framtid, særleg dersom også
politikarane erkjenner det. Det
har me erfart i Danmark. Det kan
gje arbeidsplassar, livskvalitet og
vekst, sa han.
Milliardbutikk
Thygesen viste til fleire prosjekt
der vassdrag er blitt rusta opp og
kultiverte. I Skjern Å, det største
laksevassdraget i Danmark, er det
investert 400 millionar kroner i
planmessig kultiveringsarbeid og
utbetringar for å auka det haustbare overskotet i elva. Ifølgje miljøkonsulenten er dette ei god og
fornuftig investering.
– Kvar laks som vert fiska har
ein totalverdi på om lag 3.500
kroner for næringslivet som er
knytt til sportsfisket. Vert det fiska
4.000 laks, gjev det ei årleg inntekt på om lag 14 millionar kroner.
Doblar ein talet aukar inntektene
tilsvarande, fortalde Thygesen.
Det vert omsett for om lag tre
milliardar kroner årleg i den danske sportsfiskesektoren. Reiselivsnæringa oppnår tre millionar
overnattingsdøger årleg for utanlandske sportsfiskarar. Det dryp
store summar på sportsbutikkar,
serveringsstader og andre næringar. Næringa gjev arbeid til 2.500
personar.
– Skremmer fisketuristane
– Det er synd å seia det, men når
europeiske sportsfiskedestinasjonar vert vurderte i Danmark, er
ikkje Noreg eit alternativ når det
gjeld laks og sjøaure, seier han.
Informasjon om laksestammer
i tilbakegang, lakselusproblem og
andre miljøutfordringar skremmer
sportsfiskarane bort.
Thygesen oppmoda den norske forvaltinga, oppdrettsnæringa
og villfiskinteressene til å samarbeida om å gjenreisa dei norske
laksefjordane og vassdraga som
Positiv: Sjølv om sportsfisketurismen ikkje viser igjen i marknadsføringa
til Reisemål Hardangerfjord, meiner dagleg leiar Hans Jørgen Andersen
at fisketurisme og Hardanger passar som hand i hanske.
Offensiv: Direktør Dag Aksnes i Norwegian center of expertice (NCE) åtvara mot øydelegginga av den unike
naturen i dei norske fjordane, eit landskap folk frå heile verda kjem for å oppleva.
sportsfiskedestinasjonar. Men det
krev innsats.
– Passar me litt på fisken, så
kan me hausta. Investeringar i naturbetringar gjev god avkastning.
Dette har me brukt lang tid på å
forklara politikarane våre, sa han.
Thygesen kunne fortelja at
nordmenn reiser til Danmark for
å fiska laks, noko han meiner bør
vera ein tankevekkjar i eit land
som Noreg, med mange flotte
vassdrag og med ei lang og stolt
sportsfiskehistorie.
vassdraga i Rogaland, sa Walle.
Kva gjer ein for å koma tilbake
til gamle høgder? Dei om lag 28
sjøaurevassdraga i regionen er
stort sett greie, men nokre tiltak
kan ein setja i verk. Mellom anna
fjerna ureining, leggja ut gytesand
og hindra øydeleggingar av vassdraga. Eit viktig tiltak kan til dømes vera utfisking av røye i Granvinsvassdraget.
– Arbeidet med den nye genbanken er særs viktig, sa Walle.
Det står ikkje like ille til i alle
vassdraga i Hardanger. Tilhøva
for sjøauren er best i indre delar
av Hardangerfjorden, som til dømes i Eidfjord, der det er langt til
næraste oppdrettsanlegg, – noko
mange peikar på som ei mogleg
forklaring.
Strenge EU-direktiv
Danmark har mellom anna innført ei rekkje strenge EU-direktiv,
som skal sikra god økologisk balanse både i vassdraga, på land,
og i grunnvatnet. Desse direktiva
gjev føreseielege rammer for kva
ein får lov til når det gjeld miljøpåverknad. Målet er å gje landbruket i Danmark dei same rammene
som i til dømes Tyskland.
I forvaltinga av naturmiljøet
blir det teke i bruk eit ”forsik-
tigheitsprinsipp”. Dette har vore
brukt fleire gonger, i kampen for
å styrkja dei danske laksestammene. Berekraft og føre var-prinsippet er i ferd med å få fotfeste.
– Stort potensial
Før Thygesen entra talarstolen tok
fiskeforvaltar Gry Walle frå Fylkesmannen i Hordaland for seg
potensialet for laks- og sjøaurebestandane i Hardangerfjorden.
Ho ville ikkje talfesta potensialet
for villfiskstammene i Hardanger,
men gav uttrykk for at vassdraga
har eit stort potensial. Ho peika
mellom anna på at fisket etter laks
og sjøaure har ein lang og rik tradisjon i regionen. Dersom ein klarar å snu utviklinga, kan ein koma
tilbake til gamle tider.
Det vart eksempelvis fiska 10
tonn sjøaure i 1974.
– No er overlevinga for sjøauren i store delar av Hardangerfjorden svært låg, under éin prosent.
Det er ikkje nok gytefisk, tilhøva
er langt dårlegare enn til dømes
– Som hand i hanske
Reiselivsdirektør Hans Jørgen Andersen i Reisemål Hardangerfjord
kunne fortelja om stor internasjonal interesse for hardangernaturen. Takka vera sosiale medium,
Internett og store reportasjar frå
Hardanger i internasjonale fagtidsskrift er det aukande interesse
for dei norske fjordane.
– Moralen må vera at det som
er interessant for turistane, kan
spreia seg svært fort via Internett,
sa han.
Ifølgje Andersen genererer næringa i regionen 1.200 årsverk og
over éin milliard kroner i omsetnad.
– Hardanger ser veldig bra ut
som reisemål for aktive turistar, sa
Andersen.
Ein av deltakarane på seminaret, Frode Strønen frå Jondal,
undra seg over at Reisemål Hardangerfjord ikkje nemner fiske og
fisketurisme med eit einaste ord
eller foto i brosjyren Hardanger
ferietips 2015, som vart delt ut på
seminaret.
Ifølgje Andersen handlar manglande fokus på fisketurisme først
og fremst om at ein treng konkrete
produkt og tilrettelegging for å
kunna tilby sportsfiske som reise-
livsprodukt.
– Det er ikkje tvil om at fisketurisme og Hardanger passar som
hand i hanske, sa reiselivsdirektøren.
Forplikting
Også direktør Dag Aksnes i Norwegian center of expertice (NCE),
understreka i sitt innlegg at det
er viktig å ta vare på det unike i
fjordnaturen, både på land og i
fjorden, i ei tid med enorm utvikling i reiselivsbransjen.
– Ikkje alle er klar over at reiselivsnæringa er verdas største
næring, og den tredje største næringa på Vestlandet. Det ligg ei
stor forplikting i å ta vare på naturen og landskapet vårt. Er vi i
staden i ferd med å øydeleggja
den unike naturen vår, som folk
frå heile verda ynskjer å oppleva?
spurde Aksnes.
Flaggmånad
Ein HF-lesar meiner kvemmingane
treng ei påminning om reglar for
flagging. Lova seier at ein kan heisa
flagget kva dag ein vil. Det er vanleg å flagga til dømes i samband
med bursdagar, konfirmasjon, bryllaup, dåp eller store festar.
Privatpersonar er ikkje pålagde
å flagga på offentlege flaggdagar,
men gjer ein det, er regelen å heisa
flagget klokka 08.00 i tida mars til
og med oktober. Frå november til
og med februar klokka 09.00. Flagget skal firast ved solnedgang, men
ikkje seinare enn klokka 21, sjølv
om sola går ned etter det tidspunktet.
Forvaltings-, drifts- og vedlikehaldsleiar Jostein Neteland i Kvam
herad seier at så godt som alle
kommunale institusjonar har flaggstong. På flaggdagane tek dei fleste
sjølve ansvar for å få flagget både
opp og ned, men FDV-avdelinga
står for flagginga ved rådhuset og
på Straumhaugen i Norheimsund.
Dei offentlege flaggdagane:
• 1. nyttårsdag (1. januar)
• 21. januar, åremålsdagen til prinsesse Ingrid Alexandra
• 6. februar, samefolkets dag
• 21. februar, åremålsdagen til kong
Harald
• 1. mai, offentleg høgtidsdag
• 8. mai, frigjeringsdagen
• 17. mai, grunnlovsdagen
• 7. juni, til minne om unionsoppløysinga
• 4. juli, åremålsdagen til dronning
Sonja
• 20. juli, åremålsdagen til kronprins
Haakon Magnus
• 29. juli, olsok
• 19. august, åremålsdagen til kronprinsesse Mette-Marit
• 25. desember, 1. juledag
• Rørleg dag, 1. påskedag
• Rørleg dag, 1. pinsedag
• Rørleg dag, stortingsvaldagen
Departemental hast
Fjellstrand AS ynskjer utsett frist
for reguleringsplanen i Hansvågen på Nes-halvøya. Planen om
å byggja nytt verft vart ikkje
realisert innan femårsfristen frå
godkjenninga. Kvam herad har
difor bede departementet om
å utsetja foreldingsfristen.
I fjor sommar sa statssekretær Per-Willy Amundsen i Kom-
munal- og moderniseringsdepartementet til HF at ein skulle
prioritera saka så snart som råd.
23. april i år sa han akkurat det
same då HF spurde korleis saka
står.
– Det er ikkje noko nytt å
melda frå departementet, sa
kommunikasjonsrådgjevar Heidi Egede-Nissen til HF onsdag.